David Sylvian: Manafon

For nokre veker sidan fanmelde eg denne plata for Lydverket. Den fekk terningkast 4 av meg. Omtalen kan verke negativ, men det må ein sjå i lys av det høge nivået på alt anna han har gjort.

«For første gong på 30 år skuffar David Sylvian meg skriv The Wires Ian Penman om ”Manafon”. Han sette ord på det eg sjølv føler.

Eg har alltid likt Sylvian, og eg har alltid følt at han går vidare. På ein interessant og god måte. Frå Japan sine siste album rundt 1980 (prøv ”Tin Drum”), via dei banebrytande 80-talls albuma som han vart kulthelt på (du må høyre ”Brilliant Trees” og ”Secrets of the Beehive”), via alle påfunna og samarbeidsprosjekta på 90-talet (”Heartbeat” med Sakamoto, ”Darshan” med Robert Fripp), via spiritismen og eksperimenta det siste tiåret (”Blemish” – og Arve Henriksen-samarbeidet) til eg høyrde han med sin gjennomtrengande stemme og fine backingband på Sentrum scene for to år sidan.

Med “Manafon” er det litt annleis. Plata er spela inn med Austerrikes store lydskapar Christian Fennesz som sentral bakspelar, og med topp jazzmusikarar som John Tilbury og Evan Parker på laget. Den kan tidvis minne om ”Blemish” frå 2003, med det knitrande bakteppet og dei frijazzaktige partia. Den er likevel, som alltid med Sylvian, orginal og ulik dei forrige platene. På det første sporet trer den djupe og varme, ja nesten gjennomtrengande røysta fram. Den har berre blitt betre dei siste åra. Så langt alt vel.

Men det er ikkje så bra som eg er vant med. Låtmaterialet er ikkje av den klassen vi er vande med. Det manglar ein eller to vakre popsongar som du berre vil høyre igjen og igjen. Det manglar ein eller to orginale tonesamansetningar som sakte festar seg og blir til ein nyskapande song. Det er fint, men det er mange ordinære songar.

Det er heller ikkje så interessant som eg er vant til. Dei dyktige musikarane får aldri tre heilt fram og ause av sitt reportoar. Det er noko reservert over bidraga. Dei fleste spora er for korte og gjer ikkje det rommet ein Evan Parker treng, som om songane er for små for sine fantastiske musikarar.

Lydbiletet er fint, men eg føler ikkje at Fennesz sitt bakteppe tilfører nok nytt det heller. Fennesz-samarbeitet har gitt vakre enkeltspor før, til dømes ”A Fire in the Forest”. Her er han meir tilbaketrekt i lydbiletet, og eg får inga kjensle av kva poenget med bidraget hans er.

Ikkje misforstå meg. ”Manafon” er ei bra plate. Kjenner du ikkje Sylvian vil du elske stemma hans, og den vare stemninga han skapar. Kjenner du han vil du alltid høyre på det han har å kome med. Men det er diverre meir sidelengs enn framover her, og det er kanskje David Sylvians svakaste samling låtar.

Du bør høyre plata. Men du bør først og fremst høyre mange av dei andre platene hans.» Her er tittelsporet:

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s