Søndag kveld

Her i familien har vi brukt store delar av helga til å vere småsjuke. Men vi har i det minste vore småsjuke i lag.

No er det ny veke med tom dagsorden. Eg har faktisk ikkje hatt så tom dagsorden sidan før eg begynte på skulen i 1978 trur eg. Det er såkalla møtefri veke på Stortinget neste veke. Det betyr at det ikkje er stortingsmøte, komitemøte eller slikt. Desse vekene vert til dømes brukt til reiser og møter i heimfylket. Eg har ikkje fått ordna meg med slikt, då eg nett vart kasta inn i det.

Difor skal eg (mellom anna) bruke neste veke til å ringe enkelte folk (særleg forskarar) eg lenge har hatt lyst til å møte, og forsøke å få til møte med dei der eg kan diskutere ting eg er interessert i. Ein god plan.

4 tanker på “Søndag kveld

  1. Hei Bård Vegar, og gratulerer med vervet som parlamentarisk leiar!

    Du gjer over uttrykk for at du har litt ledig tid denne veka, og me i Norsk Studentunion (NSU) og Studentenes Landsforbund (StL) lurer difor på om du har høve til å treffe oss? Me er for tida i prosessen med å utarbeide våre felles statsbudsjettprioriteringar for 2011, og vil gjerne ha innspel, råd og vink frå deg på det arbeidet.

    Vonar du har høve og lyst til å treffe oss; me har lyst til å treffe deg!

    mvh
    Ingjerd Lindeland
    Nestleiar og velferdspolitisk ansvarleg
    Norsk Studentunion

    Lik

  2. Ein lur plan!
    Me må gjera noko med forskarane.
    – Dei unge må få koma gjennom. Akademia er nådelaus.
    Men me treng nye perspektiv, auge og røyster!

    Lik

  3. Tilbaketråkk: Plastic from plants? Scientists may have found a way | Eurotrip Movie

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s