Datalagringsdirektivet

I morgon vert kampanjen Stopp Datalagringsdirektivet lansert i Fritt Ord sine lokale i Oslo. Ei rekke personar og organisasjonar frå venstre til høgre står bak. Eg skal dit å snakke på opningsarrangementet.

Datalagringsdirektivet er blitt aktualisert i det siste fordi det står for tur til godkjenning (eller avvising) av Stortinget for å bli norsk lov, og fordi Soria Moria 2 opnar for at regjeringspartia vil stille seg ulikt.

Det kan høyrest tungt og kjedeleg ut, men er viktig. Direktivet vil pålegge teleoperatørar og nettleverandørar å lagre informasjon som trafikkdata om oss over ei viss tid. Etter visse vilkår kan desse så bli utlevert og teke i bruk i kampen mot kriminalitet. Ei god hensikt, men er det eit godt middel?

Vi som brukar mobil, kort, PC og andre elektroniske verktøy etterlet oss ei mengde spor i dag. Dette er spor som kan dokumenterast og lagrast på eit heilt anna vis enn dei fysiske spora etter oss på gata eller i marka. Samstundes er mange av spora private. Dei er uttrykk for bruk av viktige og daglegdagse reiskapar. Vi seier mykje privat med nettbruken vår, kanskje og med kortbruken. Mobiltelefonen vert av mange i dag brukt like personleg som ein samtale der den andre er til stades?

Vil vi at slike data skal lagrast og brukast meir? Eg meiner dette er eit stort spørsmål. Det dreier seg om daglegdags og privat informasjon som i framtida kan takast i bruk, men også spreiast og misbrukast på eit heilt anna vis enn i dag. Vi veit lite om kva bruk det kan vere sterke argument for om kort tid, eller kva unnatak for utlevering som kan bli aktuelle.

Eg er mot datalagringsdirektivet.

1) Fordi eg ikkje ønskjer denne utviklinga, og eg ser ikje at dei personvernmessige problema er tilbakevist på ein god måte. Tvert om, potensialet for feil og bruk og seinare endra bruk verkar å vere der.

2) Eg kan ikkje sjå at det er dokumentert at kampen mot kriminalitet vil bli klårt styrka av direktivet, og at dei gode motforestillingane difor må vike. Eg meiner behovet for slik lagring og utlevering av data ikkje er godt nok dokumentert.

3) Datatilsynet, personvernkommisjonen samt ei rekke sentrale personar og aktørar i inn- og utland er kritiske (Vampus har godt gjennom det på ein bra måte). Det vil eg seie gjer bevisbyrda særleg stor for å innføre direktivet.

4) Det er ingen ting som tydar på at EØS-avtalen vil bli truga eller sett ut av spel av eit nei til direktivet. Tvert om meiner to sentrale ekspertar på EØS-rett

AP er, i følge Soria Moria 2, for direktivet dersom det ikkje har negative konsekvensar for personvernet. Då vert det vår oppgåve å overbevise dei om at desse konsekvensane finst.

Med Høgre er det litt annleis. Dei er skeptiske til direktivet, men meiner dei kan påverke det ved å seie ja. For det første vil eg jo seie at det ligg i Høgres konservative grunnhaldning å seie nei til dette. Det erlike naturleg at Høgre skal vere mot som SV. For det andre er det jo slik at Høgre verkeleg kan påverke i denne saka. Ikkje litt, men heilt og fullt. Det kan bli den einaste saka opposisjonspartiet Høgre avgjer i denne stortingsperioden. Ved å seie nei kan dei påverke, ja avgjere saka. Og følge sin eigen ideologi. Dei treng berre å vere det dei er, opposisjonspartiet Høgre.

No treng vi ein grundig debatt om ei sak som er særs viktig. Min nestleiarkollega Audun Lysbakken har tidlegare skrive om det. Vår nye stortingsrepresentant Snorre Valen går truleg inn i styret for kampanjen. Og eg vil gjerne ha synspunkt, hjelp med argument og råd om korleis vi bør gå fram i denne saka.

17 tanker på “Datalagringsdirektivet

  1. Tilbaketråkk: Twitter Trackbacks for Bård Vegar Solhjell sin blogg » Blog Archive » Datalagringsdirektivet [bardvegar.no] on Topsy.com

  2. "Vi seier mykje privat med nettbruken vår, kanskje og med kortbruken."

    1. Vennligst utled hva du mener med "nettbruken"
    2. Men BBS og den massive lagringen av økonomiske transaksjoner får bestå uimotsagt, er ikke det også massiv overvåkning?

    Lik

  3. Tilbaketråkk: TwittLink - Your headlines on Twitter

  4. Bloggen hans George Gooding er ein nettstad eg bruka ein del tid på i det siste. Og det er like greit å spørre George her, tykkjer eg, kva det er du legg i "nettbruk"?

    Eg har jobba ein del med omsetting, og har i yrkessammenheng opparbeidd meg det ein kan kalle ein nettlogg med temmeleg ymist innhald. I tillegg til alle dei bisarre og ekstreme greiene eg har vore innom for eiga regning, sjølsagt. Men eg er overhodet ikkje bekymra for at mine meir eller mindre tvilsame bekjente med jobb i politi eller hos nettleverandøren min skal konfrontere meg med mine meir eller mindre tvilsame nettaktivitetar i festleg lag.

    For eg brukar nemleg proxy. Det samme kan du forbanna deg på at alle som har i sinne å begå det EU kallar "alvorleg kriminalitet" vil gjera. Så kvifor DLD for alle dei som ikkje tek slike enkle forhaldsreglar?

    No er eg fullt innforstått med at ein minimumsimplementering av DLD faktisk ikkje påbyr IP-adresselagring i båe ender. Og det er altså ikkje så frykteleg nyttig for etterforsking av småsaker, dersom ein da ikkje handlar til seg FRA-data frå kjelder som står SÄPO nær. Og det gjer ein jo. Men dersom motivet for å innføre DLD er å samordne med EU-politi, som har IP-adresser i båe ender, korfor nøye seg med minimumsimplementeringa?

    Eg har òg stor sans for sammenligninga George gjer med BBS-transaksjonar. Den prinsipielle forskjellen her, og den er viktig, er at dette IKKJE er ei av styresmaktene pålagt registrering av privatliva våre, som har som einaste grunn at data skal kunne tilgjengeleggjerast politi for etterforsking i to år. Ut frå uttaksdata mine kan ein lesa frykteleg mykje rart om meg, for eg er så dårleg til å gå rundt med kontantar på meg. Men det gjer ikkje noko. (Eg har noko meir tiltru til integriteten i banknæringa enn i telekomnæringa, sidan eg har jobba i sistnemnde.)

    DLD handlar først og fremst om ytringsfridom for meg, skjønar de. Det at vi skal kjenne oss trygge på at kommunikasjonen mellom menneske ikkje blir overhørt eller teke ut av sammenhengen sin. Den såkalla nedkjølande effekten, no sist referert til av Jon Wessel-Aas i Dagbladet-kronikken hans er noko eg oppriktig fryktar. (Spesielt sidan så mange visstnok allereie trur at kvar enkelt nettside og samtale skal lagrast.)

    George har på beundringsverdig vis teke seg tid til å finne fram til fakta, avlive myter og tolke motiva til dei ulike aktørane i strida om DLD. Det er vel verdt å lesa presiseringa hans om overvakning, for eksempel.

    Eg tykkjer imidlertid det er god grunn til å ta slippery slope-argumenta på alvor. DLD-saka har i mine auge alltid vore ei prinsippsak. Ei anledning til å sette ned foten og seie hit, men ikkje lenger. Før det smell i ein verdsmetropol neste gong, altså.

    For det er fullt muleg at dei praktiske endringane av ei DLD-innføring vil vera små i forhald til den faktiske (om ikkje den lovlege) nosituasjonen. Men om det viktigaste motivet for å innføre DLD er å formalisere det vi allereie gjer, tykkjer eg vi heller burde innskrenke åndsverkslovgivninga med det samme.

    Lik

  5. Tilbaketråkk: Medieomtale av stiftelsesmøtet i Stopp DLD! : Liberaleren

  6. Tilbaketråkk: Ukens kampanje: Datalagringsdirektivet

  7. Tilbaketråkk: Juergen: Til deg som er lærer i den norske skolen | Juergen

  8. For politikarar sin del så kan de berre førebu dykk på å litt av kvart ettersom det digitale samfunnet vert stadig meir dominerande i åra som kjem. Folkepartiet i Sverige slo seg opp med ein rasande fart på grunn av at dei alltid var budde på motstandarane sine taktikkar:

    "NRK2, lørdag 10.1.2009 kl. 23.55
    Spionskolen

    Svensk dokumentar. Spionasje på politiske motstandere er neppe noe nytt. I Sverige gikk bølgene høyt da det ble avslørt at medlemmer av Folkpartiet hadde hacket seg inn hos Socialdemokraterna før valget i fjor. Bli med å se hvor galt det kan gå når målet helliger middelet."

    Lik

  9. Tilbaketråkk: Sosialdemokratiske storebrødre « Tåkeprat

  10. Sensurerte du meg, Bård Vegard ?
    Tok du bort innleggene i stedet for å argumentere ? Klarte du ikke argumentere ?
    Haha – slike som deg skal bygge landet, vet du!

    Lik

  11. Hum. . .
    Hvorfor har vi det så travelt med å sluke til oss allverden direktiver?
    Og hva innebærer "alvorlig" kriminalitet ifølge EU ? Hva var kriminelt for 8,15 år siden? Hva blir kriminelt om 10 år? Er vi virkelig så historieløse? Maktsentrerningen = DLD. Når all kommunikasjon kan kobles sammen påtrer man indirekte en munnkurv på folk. Å vite at man potensielt vil kunne bli systematisert gjør noe med den frie ytringen! Finn opp en ny terrorist, gjerne en som har planlagt alt på internett. Og vops!
    La oss scanne og sortere ut nye potensielle kriminelle! Det er jo tross alt for alles best.
    o.s.v. Når makten stadig sentrerer seg mister individet sin handlingsone. Lover er foranderlige. Hvor lang tid vil det ta før en med revolusjonære ideer er en terrorist?

    Lik

  12. "Men dersom motivet for å innføre DLD er å samordne med EU-politi, som har IP-adresser i båe ender, korfor nøye seg med minimumsimplementeringa?"

    Holten, dette stemmer ikke, noe du burde vite som har lest bloggen min. Det står ingen steder i DLD at IP-adresse skal registreres i begge ender av en kommunikasjon.

    "Og det er like greit å spørre George her, tykkjer eg, kva det er du legg i "nettbruk"?"

    Nettbruk er bruk av nettet, da tenker jeg (og de fleste andre vil jeg tro) på det man foretar seg på nettet. DLD krever selvfølgelig lagring av noe av dette (e-post/ip-telefoni hos operatør) – men slike unyanserte begrep bidrar til å skape forvirring og misforståelse.

    Det er litt som når Aftenposten forsvarte deres bruk av "tastetrykk" ift. hva DLD krevde å lagre – fordi de mente at uttrykket var "folkelig" og enklere for mannen i gata å forstå. Eller misforstå grovt da. It's a feature, not a bug.

    Lik

  13. Tilbaketråkk: [OOC] The Darkest Hour « nodidadylury

  14. Tilbaketråkk: Viewpoint: The Value of Leadership in Latin America (Time.com) | Summer Rental Myspace Backgrounds

  15. Tilbaketråkk: Mitt Romney Says Only He Has Lived On The ‘Real Streets Of America’ | Popular Family Vacations

  16. Tilbaketråkk: Beyonce, Chris Brown, Emma Stone Nab NAACP Nods | samurais.us

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s