My Bloody Valentine: Loveless

Dette er definisjonen av «shoegazing». Når eg set på denne plata kan eg høyre at dei ser ned på skoa sine. Det er lyden av å sjå ned på skoa sine.

Og lyden av å hamre laus på gitarane med masse ekko og fuzz, og å legge lag på lag av det oppå kvarandre. Det er også lyden av at det bak teppet der ein stad ligg ein nydeleg melodi, og lyden av to syngane stemmer som høyrest ut som dei berre såvidt får ut lyd. Det er lyden av uvant vellyd.

Det er lyden av ei av dei mest banebrytane platene dei siste tiåra. Den har inspirert ei rekke band, men også electronica og andre sjangrar. Eg veit ikkje kor mange gonger eg har lese referansar til denne plata i omtalen av andre artistar.

Det er sagt at det er slik Sonic Youth ville vore om Brian Eno hadde produsert. Godt sagt, men det som gjer denne plata stor er at den faktisk er unik. Eg hadde ikkje høyrt noko liknande då den kom, den traff meg som ein staur. Sjeldant fine songar og eit sjeldant tøft lydbilete opptrer ikkje så ofte i lag. Her er melodiane svøypt i vuggande rytmar og overausa med gitarar. Aktiv bruk av samplaren toppar inntrykket som vert skapt. Det blir flott og spesiell rock i sum.

Den held seg også godt. Det er bra, for My Bloody Valentine kom aldri med fleire album. Ryktene vil ha det til at dei har brukt dagar og år (og millionar) i studio utan å kome opp med noko bandsjef Kevin Shields gjekk god for.

Eg kan framleis få gåsehud når eg høyrer «Sometimes» (sjå under). Til sist har eg lagt inn ein video av «Soon» i den 12″-versjonen som Andy Weatherall produserte, og som ikkje er på plata (der det er ein annan versjon av same låt)

Én tanke på “My Bloody Valentine: Loveless

  1. Tilbaketråkk: Twitter Trackbacks for Bård Vegar Solhjell sin blogg » Blog Archive » My Bloody Valentine: Loveless [bardvegar.no] on Topsy.com

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s