Nasjonale prøver

Nasjonale prøver i skulen er gjennomført tidlegare i haust, og no kjem resultata framover. Engelsk-resultata er allereie lagt ut. Prøvene skal gje oss kunnskap om kunnskapane til norske elevar i sentrale fag nasjonalt. Dei skal også vise skilnadar mellom fylke, kommunar og skular, samt brukast til å gje tilbakemeldinga til den enkelte elev og forelder. Dei kjem i tillegg til eksamen, karakterar, andre prøver som til dømes kartleggingsprøver og den vurderinga av og tilbakemeldinga som foregår kontinuerleg.

Prøvene er eit av mange verkemiddel for å få kunnskap om kvaliteten i skulen. Dei vert brukt nasjonalt og lokalt for å sjå kva som fungerer og ikkje fungerer i ein kommune, ein skule og i eit klasserom. Folk som har ansvar for skule over heile landet set seg samvitsfullt inn i reslutata, og brukar dei til forbetring og utvikling.

Det gjer ikkje Gunnar Stavrum i Nettavisen. Det er trist å lese ein så fordummande kommentar som den han har skrive her.

For det første tek han opp ein nokså vanleg påstand, at resultata (på skulenivå) er hemmelege. Det er dei ikkje, det er mellom anna difor Nettavisn kan presentere dei. Dei vert imidlertid ikkje publisert på nett ferdig tillaga med det siktemål at ein skal rangere skular mot kvarandre i avisene. Denne artikkelen i same medium er eit godt døme på kvifor det ikkje er vegen til betre kvalitet i skulen; Nettavisen kan avsløre kva skule som har dei beste resultata i engelsk – ein skule der undervisninga foregår på engelsk! Kanskje ein ide å sjekke bakgrunn og fakta om ein skule før ein konkluderer? Det er systematisk og grundig bruk av prøvene som utviklar kvaliteten. Informasjonen om den enkelte skule vert då også presentert for denne og for dei som har ansvaret for skulen.

Direkte ille vert når Stavrum skriv «Nettavisen har gjort jobben Utdanningsdirektoratet nektes å gjøre, nemlig å gjennomgå tallene fra de nasjonale prøvene – skole for skole.» Trur han på seg sjølv? At dei som har ansvaret for prøvene berre let dei ligge? At han på ein dag har gjort den jobben eit par hundre engasjerte menneske ikkje gjer?

Utdanningsdirektoratet gjer denne jobben heile året – systematisk. Dei presenterer analyseresultata i vår. Dei set sosial bakgrunn, kjønn, størrelsen på skulen, privat/offentleg og ei rekke andre tilhøve i samband med resultata når dei vurderer dei. Dei rettleiar kommunar og fylke som gjer det svakt, dei peikar ut skular og kommunar vi kan lære av. Ikkje minst er det interessant å studere der det er store skilnadar på skular og kommunar med lik elevmasse og andre like kjenneteikn, men ulike resultat. Det er tilfellet mange stader. Kommunane og fylka arbeider også med resultata. Det kan nok gjerast betre mange stader, men det er mange som brukar dei godt.

Dei nasjonale prøvene er etter mitt syn gode og nyttige. Dei må utviklast vidare, mellom anna meiner eg det er viktig at vi betre kan samanlikne skular når vi har kontrollert for bakgrunnsvariablar. Vi må også kunne samanlikne over tid, noko som ikkje går i dag.

Vi må likevel passe på at det ikkje utviklar seg eit test- og prøvehysteri. Det er ikkje slik at fleire prøver gjer ein betre skule. No har vi det vi treng, no er det oppfølginga av resultata frå skule og lærarar som står i fokus. Då meiner eg den seriøse oppfølginga for å forbetre.

Då eg var gjesteredaktør i Nettavisen i august fekk eg eit godt inntrykk av Stavrum (og også journalisten som hadde skrive om skulen eg nemnde). Denne kommentaren er vel eit døme på at sjølv sympatiske og dyktige menneske kan vere heilt på jordet ein gong i mellom!

5 tanker på “Nasjonale prøver

  1. Å publisere statistikk om et emne folk er opptatt av, men samtidig å prøve å gjøre det pludrete å sammenligne tallene ved å legge føringer på hvordan de publiseres, er vel det nærmeste en kan komme en invitasjon til journalister om å lage overforenka sensasjonssaker.

    Dårlig tid, få mattekunnskaper utover ungdomsskolematte og behov for dundrende konklusjoner hos journalistene, fører til at konklusjonene som blir trukket av nasjonale prøver stammer fra journalister som Stavrum, i steden for at dypere forståelse av hvilke faktorer som fører til godt eller dårlig læringsmiljø. Ved å gjøre datasettene med prøveresultater vanskelig tilgjengelige, og uten bakgrunnsvariabler (som kunne forklart variasjonen i resultatene bedre enn variabelen privat/offentlig), blir pressedekning av den typen du kritiserte enerådende. Enklere tilgang ville kunne ført til bedre og mer faktabasert dekning og mindre synsning i dekningen av skole i bloggosfæren og media også.

    Lik

  2. Dette blir nok ein digresjon når det kjem til Nasjonale prøver, men eg postar det likevel i håp om at du kan hjelpe oss å sette fokus på saka! Det gjeld jo tross alt dei framtidige resultata på dei nasjonale prøvene, om eg skal vere litt banal.

    Det gjeld ein svært uheldig konsekvens av lærarutdanningsreformen som nå avdekker seg. Det er ein konsekvens som faktisk kan kome til å ødelegge fire desenniers arbeide med å bygge opp eit kunstpedagogisk fagmiljø innanfor feltet drama/teater i skule- og utdanning. I eit nøtteskall er problemet at reforma legg opp til at man ikkje lenger skal kunne studere fag som ikkje er undervisningsfag i grunnskolen utover nivået 30 sp!! Eg har såpass tillit til utformarane av Stortingsmeldinga om ny lærarutdanning at de ikkje har ”sett” kva katastrofal dominoeffekt dette kan få for fagfeltet drama/dramapedagogikk – eit felt som ironisk nok er meget godt egna til å styrke lærarkompetansen, gjennom feltets fokus på (undervisnings)rolla, stemmebruk, kunstformidling, kulturell danning, tverrfaglig utforsking av innhald og form, med meir. Dominoeffekten kan faktisk bli, om ikkje den foreslåtte endringa modifiserast, at botnen slås ut av heile feltets oppbygging til studie- og vitenskapsfag. Enkelt sagt: Utan muligheit til å ta drama på minst 60 sp i allmennlærarutdanning, kan man ikkje studere faget vidare til mastergradsnivå (og høgare). Ein slik konsekvens kan ikkje være anna enn utilsikta og må endrast!

    Til orientering skal bare kort nevnast at oppbygginga av dette feltet starta i 1971 på Bergen lærarskole med opprettinga av den første fordjupningsenheten i drama i hele Norden (grunnfag/årsenhet). I dag tilbys studie i drama på 30 sp og 60 sp – med påbyggingsmuligheter – ved ein del, men ikkje alle, av landets høgskular med allmenn- og førskulelærarutdanning. Ved dagens Høgskule i Bergen har vi også landets einaste mastergradstilbod på feltet innanfor høgskulesektoren. PÅ NTNU tilbys doktorgradsstudie i drama, ein framtidsamibisjon HiB og har. Drama er med andre ord for lengst solid planta i lærarutdanningane både som studiefag og vitenskapsfag. Det norske fagmiljøet har markert seg positivt internasjonalt på feltet og er representert med publikasjonar i viktige internasjonale fagtidsskrift.

    Problematikken med 30 sp versus 60 sp fordjupning, skissert ovanfor, er nylig behandla i Nasjonalt fagråd for drama/teaterfag, der også universiteta er representert. Leiaren for nasjonalt fagråd, Anne Bjørkvik fra Universitetet i Agder, har på vegne av fagrådet bedt om eit snarlig møte med ministrene Aasland, Halvorsen og Huitfeldt. Som vist gjennom vedlegga ovanfor er også Norsk skodespelarforbund og andre aktuelle instanser tilskrevet, og vi veit at dei er positivt interessert i å få modifisert føringa om å begrense fordjupningsmulighet for dramastudium i de nye ALU-modellene.

    Eg håpar at du også kan bidra til å få gjort noko konstruktivt i denne saka gjennom din politiske ståstad i SV. Eigentlig skal det ikkje meir til at man tar bort begrensninga på 30 sp. for såkalla ”skulerelevante fag” (ein merkelig betegnelse!) – eller subsidiært: at høgskuler som ønskjer kunstfaglig profilering kan få eit signal om at ein kan søke om dispensasjon og få tilby drama også på 60 sp. Profilering er tross alt ein av hovudpoenga i den nye reformen.
    Håpar du kan hjelpe oss å påverke i denne saka!

    Mvh
    Eliane Wergeland, som har fått god hjelp av sin lærar, Stig Eriksson.

    Lik

    • Skoleporten gir informasjon elevenes læringsutbytt til beslutningstagere i grunnopplæringen, det vil si skoleeiere, skoleledere og lærere, samt regionale og nasjonale utdanningsmyndigheter, til foresatte, elever, lærlinger og allmennheten generelt. Den muligheten til å få innblikk i skolens indre liv var ikke tilstedet i samme grad tidligere.
      Nå kan foreldre stille kritiske spørsmål knyttet til resultater og organisering av undervisningen. Når elevene presterer dårlig, er det opplagt for alle parter at det er eleven selv som må lese og arbeide mer, for å forbedre resultatene. Kanskje til og med jobbe annerledes. Nasjonale prøver rokker ved dette mønsteret å tenke på. Les mer om dette på: http:/www.loveleenbrenna.wordpress.com

      Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s