1 år med blogg

Den 17.november var det eit år sidan eg starta å blogge. Eg har i den samanheng tenkt litt på vegen vidare for bloggen og bruk av sosiale medier, og har tenkt å invitere til diskusjonar og innspel om det.

Men først; ei lita oppsummering. Diverre er kommentarane til innlegga mine  borte på nokre tidlege innlegg, truleg pga nytt kommentarsystem.

Mitt første blogginnlegg var også ei slags programerklæring og forklaring på kva eg ville. Den står seg bra framleis. Det viktigaste tillegget er at eg i dag har eit langt meir utvikla syn på sosiale medier og bruken av desse.

Den første månaden lanserte eg også vekas plate, ein spalte eg veit at mange har hatt mykje glede av (meg inkludert). Den første posten som genererte ein del presseomtale og trafikk var min hyllest til The Black Sheeps.

Den 1.februar starta eg å bygge opp eit register over skulebloggar, altså bloggar som skriv om og frå skulen. Det vart etterkvart utvida til barnehagen.

Den fremste bruken av bloggen min har vore og er politiske innlegg om ulike saker. Eg har naturleg nok skrive mange innlegg om utdanning, men eg har også skrive om andre tema som engasjerer med som internasjonal politikk, klima, finanskrise og teknologi. Eg har dessutan lansert forslag – til dømes om organdonasjon.

Innlegget frå februar der eg lanserte ein ny måte å tenke rundt fildeling på førte til meir enn 60 kommentarar, omtale i ei rekke internasjonale aviser og masse debatt i meir enn eit halvt år etterpå.

I april/mai skjedde to ting som var …vel, ikkje banebrytande, men litt nyskapande i bloggverda.

VGnett sin redaktør la igjen ei årsaking i kommentarfeltet på bloggen min etter at eg hadde skrive dette innlegget (kommentaren frå han ligg eit stykke nedi posten). Eg gjennomførte også den første digitale spørretimen av ein politikar, med om lag 250 spørsmål og i periodar dobbelt så mange som fulgte den på nettet.

I juni ba eg om råd til utforming av den nye vurderingsforskrifta. Eg fekk over 30 råd, og den vart endra som følge av denne runden.

Valkampen var hektisk, men eg rakk ein ny digital spørretime (denne gongen strema live) i samband med SV si valkampopning, samt eit sjakkparti mot Magnus Carlsen.

120 råd (sånn ca) kom det inn då eg ba om innspel til Soria Moria 2. Mange vart fulgt opp, andre vart det ikkje.

Dette var enkelte korte høgdepunkt frå året som gjekk. No skal eg snart i pappaperm, og det vil nok prege innhaldet her på bloggen. Som sagt over har eg tenkt litt på vegen vidare, og vil ikkje minst involvere fleire i det. Følge med på meir om det framover, men legg allereie no igjen ditt synspunkt her.

5 tanker på “1 år med blogg

  1. Tilbaketråkk: Twitter Trackbacks for Bård Vegar Solhjell sin blogg » Blog Archive » 1 år med blogg [bardvegar.no] on Topsy.com

  2. Gratulerer! Ei slik oppsummering var kjkt for meg som er ny lesar. I tillegg oppsummerer du ikkje berre ditt fyrste bloggar-år, men også korleis dei nye medieplatformane endrar politikarkvardagen. Positivt at bloggen inneheld litt meir enn politikk også.

    Lukke til med eitt år til!

    Lik

  3. Gratulerer med et år. Du har vært banebrytende i din måte å blogge på, og i din evne til å holde dialogen gående. Det imponerer meg. Ikke alltid enig med deg, men jeg koser meg alltid med bloggen din for det. Gøy at du også svarer oss med et annet politisk ståsted.

    Også fint at du skriver på nynorsk.
    Igjen, gratulerer – og NYT tiden i pappaperm!

    Lik

  4. Tilbaketråkk: Tordenbloggen » Blog Archive » Tordenbloggen 2009, første runde.

  5. Tilbaketråkk: Bård Vegar Solhjell sin blogg | Sagt om…

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s