Lush: Spooky

 

Siste plate i shoegazer serien står det jentedominerte, popete og utruleg sjarmerande bandet Lush for. (Dette var perioden i brtisk rock då alle band måtte ha eit kort einstavelsesnamn for å henge med (Blur, Ride, Curve, Cranes, Beef, Moose, Suede mm)).

Dei var tidvis i utkanten av sjangeren, men denne ligg godt innafor. Lush er kjenneteikna av sine to kvinnelege vokalistar, låtskrivarar og gitaristar, begge med lyse draumeaktige stemmer. Det ei bruker dei til å skape flotte harmoniar og ein luftig og drøymande vokal. Det gjer ein særmerkt uttrykk. Baksida er at Miki Berenyi (etter mitt syn) heldt ein langt høgare standard som låtskrivar enn Emma Anderson. Begge er sterkt representert på dette albumet.

Spooky er prega av fine og lett tilgjengelege popsongar med eit gitartungt og drøymande lydbilete. Det er Robin Guthrie som har produsert dette 4ad-albumet.

Lush er lettare enn mange av dei andre shogazing-banda, men gitarsoundet og framtoninga er i same gate. Ulikt My Bloody Valentine høyrest det ikkje like aktuelt ut i dag som det gjorde for 17-18  år sidan, men på sitt beste er det eit fint album.

Under er to dårlege live-opptak med hiten «For Love» og den saktmodige «Covert», to av dei beste spora på plata. Opptaka er gjort ein gong etter ar dei har lært seg å sjå forsiktig opp medan dei står på scena.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s