David Bowie: Low

David Bowie dreg til Berlin i 1977, plaga av dop og kritikk i heimlandet. 1977 i Berlin skulle bli ein fantastisk kreativ periode for han. Han sobrar opp og arbeider masse, og går og køyrer rundt og samlar inntrykk frå byen. Og høyrer meir og meir på tysk elektronisk musikk. Med seg har han den rette mannen til å omforme dette til musikk, Brian Eno. Eno bidrar med ein stor dose eigenart, men er også flink til å la Berlin og Eno finne saman med Bowies unike uttrykk, ikkje skugge over det.

Low er den første plata Bowie lagar i Berlin. Den er dels vokal pop, dels instrumental elektronika. Låtar som «Warszawa» og «Art Decade» er sterkt inspirert av elektronisk musikk som Kraftwerk og prega av Eno. «Speed of Life» er driven av Alomar sin gitar og «Sound and Vision» er Bowie-pop.

Plata er springane, men likevel einskapleg i uttrykket. Den er stillare og meir nedpå enn noko anna han har laga.

Den er også eit brot med Bowie før Berlin. Den har «Berlin-soundet, som skal prege alle platene han er med på dette året. Mange av dei faste musikarane er likevel med, og det er umisskjenneleg Bowie.

Den har til ein viss grad fått status som eit mellomalbum i katalogen hans, eller som ein forsmak til det som skulle kome. Det er synd, for den står sterkt på eigne bein. Eg kjenner dei som meiner den er ei av hans beste.

Under eit gammalt liveopptak av det tøffe opningssporet «Speed of Life», videoen til den kanskje mest konvensjonelle låta «Be my Wife»  og Eno/Bowie-komponerte «Art Decade».

3 tanker på “David Bowie: Low

  1. Tilbaketråkk: Bård Vegar Solhjell sin blogg » Blog Archive » David Bowie: Heroes

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s