I perm1

Karen søv rett utanfor her, og eg skal bruke den ledige stunda midt på dagen til å skrive ein superkort bloggpost medan eg drikk ein kopp kaffe, rydde, vaske opp, dusje, ta eit par telefonar, sette opp liste over julepresangar og ta eit par telefonar. Eller rettare sagt – så mykje av dette eg får gjort (det er truleg ikkje så mykje).

Erfaringa mi frå sist er at den tida eg har kan vere frå ein halv til to timar, er sepnt på å sjå korleis mønsteret er no. Karen søv førebels to gonger, med ei første (og ganske lang) morgonøkt tidleg. Det betyr at eg stort sett kan få dusja og drukke litt kaffe då, med mindre eg har noko eg må gjere (som i dag)

Eg skal ha pappaperm i (minst) tre månedar, og i denne perioden har eg tenkt å trappe litt ned på blogginga for ikkje å ha det hengande over meg sånn. Eg ser på blogging som jobb (sjølv om det er ein del av jobben eg likar godt), og difor er det ein del av det å la jobben (i alle fall i stor grad) ligge att på jobben.

Eg tenkjer likevel at eg sporadisk skal kommentere politikk og samfunn, oppsummere musikkåret 09 og skrive vekas plate. Dessutan skal eg med ujamne mellomrom skrive litt om det å vere i pappaperm. Det er tredje gongen min, og eg tenkjer det kan vere moro for meg (og kven veit; kanskje interessant for ein eller annan anna person) å gjere det. Serien «I perm» er lansert!

4 tanker på “I perm1

  1. Ambisiøs dagsplan du har er min kommentar. Klokken er kvart på to og jeg har fått dusjet, spist frokost, tatt en kopp te og skrevet et brev (og det takket være at pappaen var hjemme). Nå skriver jeg med en hånd mens jeg har en liten pike i den andre (hun liker å være kroppsnær). Ambisjonen er å pynte med nisser, men jeg tror ikke jeg får til det før pappaen er hjemme igjen. Tilværelsen blir sannelig snudd på hodet med en ny sjef i huset – og jeg er så lykkelig fordi jeg får oppleve det 🙂

    Lik

    • @Hilde Eg skal ha sånn ny sjef i mars, og som ambisiøs og glorifiserande fyrstegongsfødande er det sjølvsagt visse Tårnfrid-takter over planane… Men bæresjal (eller mei tai) skal eg iallfall prøve, har du prøvd det? Da kan man skrive med to hender, trur eg. Og drikke iskaffe.

      Pappaens planer er ikkje mindre ambisiøse, eg nikker og smiler. Han skal vere heime i 28 veker, så kanskje han rekk NOKO av det 😉

      Lik

  2. Tilbaketråkk: Pappaperm = flere høyrevelgere? | MadDam

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s