Bloggpause i jula

Frå mi tilbakelente av-og-på innstilling til bloggen medan eg har pappaperm, tek eg total bloggpause i jula. Ganske enkelt. Skal bli godt å berre tenke på andre ting.

God jul og godt nyttår til alle saman. Nyt den med denne ukjente og julete sviska frå 1986. Virginia Astley «Some Small Hope» (m David Sylvian på vokal i tillegg til Astley)

Iggy Pop: Lust For Life

Iggy Pop sitt andre for året 1977 er det fjerde og siste i min Bowie-serie. Det er ikkje så totalt Bowie-dominert som det forrige, sjølv om han har delprodusert og skrive det meste.

Lust for Life er nok det mest tradisjonell albumet, i den forstand at det er sett saman av ei rad enkeltlåtar. Det er også dermed det mest ujamne. Det opnar med det ihelspelte (Trainspotting++) men veldig tøffe tittelsporet, går via nokre rockarar av ulik kvalitet til den suggerande avslutninga med «Fall In Love With Me». Midt inni, ein kandidat til tidenes rockelåt: The Passenger.

Den har ikkje musikk av David Bowie, men Ricky Gardener. Den har eit monotont og råtøfft riff som går og går, og ein Pop-tekst som alltid gjer meg lyst til å strene ut til nærmaste tyske cabriolet og køyre avgarde. Teksten handlar rett nok om å sitte på S-bahn (den overjordiske delen av Berlin sitt T-bane system).

Denne plata er nærare Pop sine rockerøtter enn nokon av dei andre Berlin-platene. Bowie sin innverknad er der mest som låtskrivar. Det er dette formatet Iggy Pop tek med seg vidare inn i 80-talet. Den er ujamn, men går likevel utan på dei fleste album – ikkje minst fordi toppane er så høgt oppe.

Den avsluttar Berli-tida til Bowie. Han skapte Berlin-soundet, sterkt påverka av Brian Eno (her vil eg i parantes nemne at eg har blitt teke for å hevde at Eno har produsert Bowieplatene frå 77. Det har han jo ikkje) og tysk elektronika, og blanda det med sitt eige. Han tok med seg denne kombinasjonen vidare til Iggy Pop og sprøyta det inn i låtar og soundet på «The Idiot». Resulat; fire fantastiske album på eit år.

Her kan du høyre Bowie og Pop framføre «The Passenger» saman:

Beste plate i 2009?

Kåringane strøymer på, Platekompaniet har ei bra oversikt over kåringar av årets beste plate. Eg presenterer mi liste her.

Apropos gode plater som kom ut i år; Eg var på ein liten slippefest som det lille norske selskapet Hommage hadde. Dei (eller han? Har inntrykk av at det er ein entusiast som står bak) spesialiserer seg på norsk elektropop frå 80-talet. Denne gongen var det ei samleplate med tidlege låtar drå selskapet Temptation Records. Dette selskapet gav ut Matchstick Sun, som etter kvart fekk eit publikum. Men før det gav dei ut fleire singlar med ulike konstellasjonar rundt vokalisten Tor Dybdahl, t.d Horsemen som spelte på sleppefesten. Alt var fin synthpop. Det er også så gløymd i dag at eit søk på vokalist eller bandnavna ikkje gjer treff på Wikipedia.

Ein og anna kan kanskje hugse låta «Sensation Boys» frå 10 i skuddet på 80-talet? Den er ein av desse singlane, og står seg framleis særs godt. Men no lista:

20) Antony And The Johnsons: The Crying Light

19) Ping: Discotheque of Darknes

18) Regina Spektor: Far

17) Volcano Choir: Unmap

16) Grizzly Bear: Veckatimest

15) Le Corbeau: Evening Chill/Montreal Of The Mind

14) Anti-Pop Consortium: Fluorscent Black

13) Fuck Buttons: Tarot Sport

12) Broadcast and The Focus Group: Investigate Witch Cults Of The Radio Age

11) Sonic Youth: The Eternal

10) Son Volt: American Central Dust

9) The XX: XX

8) David Sylvian: Manafon

7) Stein Thorleif Bjella: Heidersmenn

6) Yeah Yeah Yeahs: It’s Blitz

5) Dirty Projectors: Bitte Orca

4) Fever Ray: Fever Ray

3) Hanne Hukkelberg: Blood From A Stone

2) Camera Obscura: My Maudlin Career

1) Jenny Wilson: Hardships

Iggy Pop: The Idiot

Om Iggy Pop er det mykje å seie. Stooges-sjef, punkens gudfar, heroinist, kraftverk på scena. Når ein les om livet hans kan ein lett bli overraska over at han er i live.

David Bowie får han med seg til Berlin. Det første halvåret bruker dei visstnok mest på å vandre rundt i byen, gå på galleri og sitte på kafe. Dei skriv låtar til eit album (Bowie musikk, Iggy tekst) og samlar saman eit band til eit album: The Idiot. Eit kjempesprang frå dei forrige gitarpunkplatene til Pop, over i Berlin-soundet.

I tid var dette albumdet det første Bowie lagde i Berlin, men han fekk utsett det til etter Low (som kom i januar, The Idiot i mars). Det ber preg av det tette og gode tilhøvet mellom dei to, men også at Bowie ausar av sitt overskotshorn som låtskrivar. Perler som «Nightclubbing», «Dum Dum Boys» og China Girl» er her.

For Iggy Pop må det ha vore  som å kome til live på nytt som artist. Kommersielt fekk verda ei ny interesse for han, kunstnerisk fekk stemmen og tekstane hans stå fram med ei heilt anna tyngde.  Dette er er rock, elektrodominansen som traff Bowie finst ikkje her. Den raffinerte pop-følelsen som er Berlin-soundet er likevel klårt til stades. Det er popmelodiar i rockeformat, med ei spesiell røyst oppå.

Iggy Pop syng som ein gud. Han var ein god punk-vokalist i Stooges som med sitt skrik av ein vokal. Men stemmen hans har i seg å dominere ei låt med sin flotte djupe tone, slik han får lov til her.

Her er «Nightclubbing» live med diverse prominente gjestar samt «China Girl»

I perm3 og svar om musikk

Ein del kommentarar til mine topp 20 låtar, både her og på twitter. Mange som etterspør kvar det blir av ulike band og artistar. Fleire av dei kjem attende på LP-lista (t.d Motopsycho), andre har eg aldri tent heilt på (som Susanne Sundfør el John Olav Nilsen). Då har eg allereie røpa at eg kjem med ei ny liste.

Ellers går dagane med mat, bleier, leiking, juleførebuing og litt politiske prosjekter på si. Og henting og levering. Det er utruleg kor mykje tid det er mogeleg å bruke på å kle på, pakke inn i bilen (eller gå i saaakte tempo), pakke ut og få avlevert tre ungar. Og så hente. Det er to lange prosjekt kvar dag.

I perm2

Det ruslar og går her ute. Har stort sett vore inne dei to siste dagane, med eit sjukt barn i tillegg til minstejenta. Rutinane har sett seg, eg syslar med små prosjekt og held litt (for mykje) kontakt med jobben. Skal nok sleppe betre etter kvart, men først skal eg gjennom ein runde Obama på bankett på torsdag.

Kan ikkje for det, men gler meg veldig. Blir utruleg moro å sjå han.

David Bowie: Heroes

Eg hugsar første gongen eg høyrde tittelsporet. Eg kom heim frå London (1988? var om lag 16-17) med ein stor bunke plater. Mellom anna «Heroes», kjøpt på omtale og det mystiske, innsmigrande coveret eg framleis likar så godt.

Ei tøff elektrorockelåt, ein litt seig ein – så Heroes. Tonane som kom ut av høgtalaren festa seg ved første lytting – og festa seg meir og meir i dagane som kom. Den storslåtte, nesten pompøse, melodien og produksjonen. Eit fengande refreng, og eit fengande vers. David Bowie sin desperate stemme. Den ubestemmelege lyden, og dei særs tydelege spora av Brian Eno. Og mest; heilskapen. 6 lange minutt med pop-vellyd, aldri kjedeleg.

Det er ein av dei flottaste poplåtane som er laga, og for meg så er den popmusikk. Det er slik det bør høyrest ut; pent, storslagent og orginalt. Den er ikkje magisk som Good Vibrations, ikkje dansbart som Samba Magic, ikkje desperat som Love Will Tear Us Apart, det er kanskje ikkje den beste låta i 77 eller den beste til David Bowie.  Men for meg har den alt det god popmusikk må ha i seg, som få andre songar.

albumet Heroes er dette høgdepunktet, men resten blir ikkje ein nedtur. Albumet er (som Low) ei blanding av vokale popspor og instrumentale elektrospor. Her er skiljet mellom dei to tydelegare. Bowie har teke inspirasjonen frå Brian Eno (som produserer og skriv også her) og Berlin tilbake til sitt eige univers og framstår tydelegare som Bowie. Samstundes slepp han den tyske inspirasjonen meir fram i enkelte andre spor. Åpnings- og avslutningssporet samt balladen «Sons Of The Silent Age» er døme på det første. Største delen av side er døme på det andre.

Dette er David Bowie på sitt mest nyskapane og mest Bowieske på same tid. Det er kanskje høgdepunktet i karrieren hans, spør du meg.

Samstundes forbind eg albumet og songen Heroes meir enn noko anna plate (også i denne serien) med Berlin. Kanskje er det fordi den vert brukt i filminnspelinga av Christiane F, kanskje fordi eg også har den tyskspråklege innspelinga av tittelsporet («Helden»). Men også fordi den er full av eit unikt uttrykk – Berlinsoundet.

Under: Avslutningssporet «The Secret Life of Arabia» og Heroes, i fall du ikkje har høyrd den før.