Motorpsycho: Timothy's Monster

Medan eg ventar på å kjøpe den nye plata til Motorpsycho, presenterer eg den plata eg har som ein knapp favoritt frå katalogen deira. Blant 14-20 plater (utan singlar. Og alt etter korleis ein tel) likar eg nok denne best (av dei eg har høyrd).

Men først, om det skulle vere nokon uinvidde; Vi snakkar om Noregs største rockeband nokon sinne, den dominerande nyskapande krafta i norsk rock, prog, heavy og dei fleste andre stilartar dei siste tiåra. Bandet kan synast vanskeleg tilgjengeleg, men veldig mange har likevel funne noko der. Dei har eit variert uttrykk, men samstundes ein utruleg eigenart. I Noreg er dei respektert og populære. I mange europeiske land har dei også ei stor (kult)fanskare.

Timothy’s Monster  peika veg for mange av platene deira seinare. Den er lang, og blandar tung prog, rockeperler og fine rolege songar. Den har også ein x-faktor ved seg. Kvar gong eg spelar plata dukkar det opp noko nytt.

Dette er ein flott introduksjon til Noregs viktigaste band, og ei flott plate å spele igjen og igjen. Under to utypiske låtar. Eit opptak av opningssporet Feel frå ein konsert på Sicilia (som eg mest har tatt med pga setteinga) og deretter rolege «Now It’s Time To Skate»

Nede for blogging

Det vert lite blogging (og andre sosiale medier) i permisjonen. Eg er eigentleg ganske nøgd med det, då det ville stressa meg og tatt vekk litt av permisjonen om eg skulle halde vanleg tempo på dette. Det er trass alt i stor grad jobbrelatert.

Eg har i grunn ikkje fått mange som har klaga heller. Og litt kjem det nok innimellom. Så dette mest som ei lita påminning.

Trykk teikningane

Det nye året byrja med nok eit alvorleg angrep på ytringsfridomen. Den danske teiknaren Kurt Westergård, mannen bak dei etterkvart så berømte Muhammed-karikaturane, vart utsett for eit brutalt angrep.

Eg har i fleire år meint at det rette for norske aviser må vere å trykke teikningane når det er nyhenderelevant. Eg har også sakna politiske stemmer i debatten som seier at dei bør trykkast. Eg har imidlertid ikkje gjort noko med det sjølv, eg har skugga banen.

Eg synest ikkje lenger eg kan la vere å seie kva eg meiner, fordi eg meiner det er viktig. Det sentrale er ikkje kva ein avisredaktør gjer med ei teikning, og det er til di grader ikkje eg som skal bestemme det – eg får vel snarare kritikk av redaktørane for å meine noko om det. Det sentrale er ein større debatt om religion og ytringsfridom. Det er også ein politisk debatt for politikarar, og den er aktualisert av debatten om karikaturane.

Det finst argument i ulik retning. Martin Grüner Larsen og SVs Akhtar Chaudry argumenterer begge (på ulikt vis) godt for seg.  Akhtar får elles heilt urimeleg kritikk i dagens Aftenposten, og vert stempla som ein konservativ muslim. Dei som kjenner det må kjenne han dårleg, og har heller ikkje fulgt med på hans arbeid for likestilling og respekt for homofile. Han er liberal, som dei som kritiserer han er. Hans vurderingar i denne saka er då heller ikkje konservative; Han er tydeleg på ytringsfridomen og at det er greit å publisere teikningane, men konkluderer annleis om klokskapen i det.

La meg også seie dette: Det er ikkje openbart lett å sjå kvifor Jyllandsposten i første omgang trykte teikningane. Ytringsfridomen gjev høve til det, men inga plikt eller oppfordring om å trykke harsellas. Det skal gode grunnar til for å kritisere andre på eit vis dei kan finne krenkande. Konteksten er også viktig her. Den danske debatten om det fleirkulturelle samfunnet har hatt sterke trekk av demonisering av Islam, og som Martin Grüner Larsen i Klassekampen argumenterer for  går teikningane inn i dette biletet.

Men dei er sett på trykk. Og det skal sjølvsagt vere lov å krenke andre på trykk. Ikkje minst skal det vere lov å krenke ein religion. Spørsmålet no er eit heilt anna.  Å trykke teikningane i dag – eller under bråket rett etter publiseringa – er ikkje ein måte å uttrykke støtte til bodskapen i dei på (med mindre ein aktivt presenterer det slik). Det er å vise dei for å illustrere ei aktuell sak. Eller det kan vere eit «statement» for ytringsfridomen.

Eg meiner medier bør setje dei på trykk av begge grunnar. Det er openbart at det å setje dei på trykk no er del av ein ordinær journalistikk. Det å ikkje trykke dei krev grunngjeving no. Dei argumenta som då kjem held ikkje meiner eg. Kva er desse?

Det er ikkje nyhenderelevant, hevdar enkelte. Det er ikkje mitt bord og eg kan for lite om det. Det er den enkelte redaktør som skal bestemme det. Men eg slit med å forstå det. Kor mange trivielle bilete og teikningar vert ikkje trykt i aviser og på nettet dagleg? Kva er nyhenderelevant om ikkje desse omtalte karikaturane er det?

Så er det fleire som argumenterer med at dei ikkje vil krenke muslimar eller religionen Islam. For det første; ein religion er ikkje eit menneske, det er eit livssyn/ideologi/tankesett. Det er avgjerande skilnad på å harsellere med eit menneske sin medfødte eigenskap som kropp eller hudfarge og ein person sine tileigna meiningar. Men det er først og fremst ein avgjerande skilnad mellom enkeltmenneske og religionar.

Det er faktisk særs viktig at politiske ideologiar, religionar, statar og andre delar av maktapparatet skal utsetjast for kritikk og harsellas. Islam er ikkje ein sårbar fugl som treng å voktast mot ytringsfridomen, det er ein religion som har makt over menneske. Slik kristendomen har det. Maktapparat må kritiserast, det bør særleg vi sosialistar vere bevisst på. Muslimar i Danmark (og Noreg) er ei anna sak, mange av dei opplever krenkingar som dei skal ha vern mot.

Dette skiljet må vi halde på. Det kan ikkje vere slik at den som føler seg krenka ved at ein ideologi eller religion får kritikk kan definere ytringsfridomen sine grenser i kritikken av den. SV har i Noreg vore den leiiande forkjemparane for likebehandling av religionar. Vi er for eit livssynsnøytralt samfunn, vi var mot kristen formålsparagraf, vi er mot statskyrkja og vi er for ein likeverdig rett til å uttøve sin religion. Vi (og andre) må også vere religionskritiske mot alle religionar.

Den mest kjende karikaturen viser Mohammed med ein dynamittgubbe på hovudet. Om den er eit angrep på religion eller korleis religion blir brukt av terroristar er tvetydig. Det er uansett krenkande for mange muslimar (men langt frå alle) å avbilde profeten sitt ansikt. Men vi må ikkje akseptere at eit angrep på ein religion (tvetydig eller ikkje) er eit angrep på dei som uttøver den. Vi må heller ikkje akseptere at det ikkje kan trykkast på grunn av at mange religiøse vil kjenne seg støtt.

Men det er også ein politisk begrunnelse eg meiner er viktig. Det å trykke karikaturane i dag er å ta stilling for ytringsfridomen foran omsynet til ikkje å splitte eller krenke. Det er å vise støtte til ytringsfridomen.

Det er i dette tilfellet ikkje slik at ytringsfridomen er formelt truga. Det er derimot eit problem dersom ein legg band på seg i sakleg og journalistisk begrunna kritikk, på grunn av konsekvensane eller på grunn av omsynet til ikkje å krenke enkeltpersonar.

Dette er dessutan ei av fleire saker som utfordrar ytringsfridomen og ser på den som relativ eller opnar for at den skal ta særlege omsyn, slik Kenan Malik argumenterer for. Frå «Sataniske vers» og framover går det ei linje mot at ein legg band på seg i kritikk av religionar for ikkje å støyte menneske. Fleire land har foreslått og innført lovgjeving som har som hensikt å avgrense medlemskap i organisasjonar eller ytringar som kan koblast til terrorisme. I Noreg har vi hatt diskusjonen om blasfemiparagraf. Dette er ulike saker, men dei har det til felles at dei relativiserer ytringsfridomen.

Eg trur det spelar ein rolle for støtten til Kurt Westergård at mange trykkar teikningane med ei eksplisitt grunngjeving i ytringsfridomen, og ei like eksplisitt forklåring som understrekar at dei er for eit inkluderande samfunn og ikkje vil ramme muslimar. Eg trur det spelar ein rolle om politikarar engasjerer seg i denne debatten. Difor gjer eg det no.

Andre som har argumentert i ulike retningar med dei same og andre argument finn du i Dagsavisen her og her, i Aftenposten,  i Stavanger Aftenblad og i det konservative Minerva