Lofoten-nei

Årsmøtet i Oslo Arbeidarparti sa nei til oljeboring utanfor Lofoten og Vesterålen, melder fleire medier. Kampen om tolkinga av vedtaket er imidlertid allereie i gang. Legge merke til Jan Bøhler sin kommentar i slutten av denne saka; «- Slik jeg leser vedtaket utelukker det ikke oljeutvinning utenfor  Lofoten og Vesterålen, men sier at det skal opprettes petroleumsfrie soner der. Da kan man verne noe, og åpne andre deler, sier fylkesleder i Oslo Jan Bøhler til Dagbladet».

Eit årsmøte eller eit landsmøte har ein spesiell psykologi. Uansett kor god stemning og kor stor semje det er om dei store linjene, skal årsmøtet  alltid på minst eit punkt klart markere seg mot leiinga og vise at det ikkje akepterer kva som helst.

Vedtaket utløyser raseri i Nordland AP, der fylkesrådsleiar for AP Odd Eriksen slaktar det. Miljørørsla og sånne som eg gler oss. Samstundes er nok sanninga at dette vedtaket får lite å seie for utfallet av saka. AP-landsmøtet gjorde eit vedtak om å vente med å ta stilling til forvaltningsplanen for områda skal rullerast. Då det vil kome enno meir kunnskap om oljeforekomstar og miljøsituasjonen. I samband med forvaltningsplanen skal det vurderast om det skal settast i verk ei konsekvensanalyse. Ei slik konsekvensanalyse er den juridiske prosessen som må til for å sette i gang oljeboring i området.

Sidan vi alle veit at AP-leiinga er for, og at dei truleg har eit klårt fleirtal i ryggen, vil dei sikre seg forankring i partiet på eit rett tidspunkt og forhandle med SV og SP om utfallet. Eit splitta AP er ikkje noko nytt, og det vil ikkje endre på standpunkta til dei som skal handsame saka og forhandle med SV. Det er difor to tilhøve som vil avgjere saka; i kva grad det skjer ei stor mobilisering i opinionen som gjer det politisk vanskeleg å opne opp, og kor stor vekt SV legg på å få gjennomslag i saka. Og vi legg stor vekt på det, det kan eg love.

Dagmar Krause: Angebot und nachfrage

Ei av dei store – og spesielle – stemmene i nyare popmusikk er tyske Dagmar Krause. Ho var sentral vokalist i 70-tallets avantgardeorkester Slapp Happy, Henry Cow og Art Bears. På 80-talet tok ho opp ein solokarriere.

Med sin unike stemmeprakt, ein slags kombinasjon av opera og primalskrik, var ho perfekt utstyrt til å synge songar av dei store tyske komponistane Weill og Eisler. Ho gav ut fleire plater med deira musikk, mykje av det til tekst frå Bertold Brecht.

Etter mitt syn er ho ein av dei beste Weill-tolkarane. Ho har meir av det intense, desperate uttrykket som eg meiner ligg i songane enn dei meir klassiske tolkningane. Ho har det rette temperementet. På Angebot und Nachfrage kjem dette aller best til uttrykk.

På 90-talet prøvde ho seg i Slapp Happy igjen, men under har eg klippa inn ein av dei flottaste Weill-låtane i mi favoritt innspeling. Surabaya Johnny.

Retorikk

I går var eg med på å opne eit nytt retorikkstudium ved Universitetet i Oslo. Det var ein morosam seanse, med mange entusiastiske og glade menneske som er opptekne av språk. I daglegtale tenker vi ofte at retorikk betyr å vere veltalande. Det gjer det, men det breiare perspektivet på faget er at det er læra om å overtale andre ved språk og kommunikasjon. Like så mykje som å lære oss å overbevise andre, er det fagets oppgåve å avsløre kva vi gjer for å overbevise eller overtale andre. Ikkje minst vi politikarar.

Ein av Noregs framståande ekspertar på retorikk, danske Jens E Kjeldsen, skriv om det her.

Torbjørnrud

I det helga startar har eg sett meg grundig inn i materialet til Torbjørnrud, sjølv om det gjenstår ein del arbeid med det. Torbjørnrud er kallenamnet på regjeringas første budsjettkonferanse av to. Eg skreiv ein post i fjor som gjer ei kort oppdatering på kva som skjer her, og korleis budsjettprosessen er.

I år er det mykje merksemd om denne fordi den ekspansive politikken frå i fjor og i år gjer at statens pengebruk dei neste år må ned (gradvis). Sigbjørn Johnsen argumenterer for det her. Det inneber også at det oppstår alle slags spekulasjonar om kutt, og at det dessutan har kome opp ein debatt om det er naudsynt for regjeringa å velge mellom målsettingane om å auke satsinga på velferd og å halde skatte- og avgiftsnivået uendra.

På konferansen vert alle sider ved norsk økonomi diskutert, både pengebruken, renta og skatt, men ikkje minst kva område det er behov for å satse på dei neste åra.

På biletet ser du regjeringa i samband med budsjettkonferansen for 2009-budsjettet, i mars 2008.

Gratulerer!

Eg orkar ikkje kommentere ho Nabintu Herland, eller andre av dei meir kuriøse utspela på denne dagen, men nøyer meg med to ting:

Det eine er å gratulere med dagen.

Det andre er å seie at Yssen og Simonsen jo sjølvsagt tar feil i si spissformulering om at kvinner ikkje bør få barn (det er jo ei spissformulering) men har rett i mykje av det som ligg bak formuleringa. Kvinner som får barn taper i snitt økonomisk og karrieremessig. I tillegg verkar mange av forventningane til rollen negativt; I den offentlege forestillinga er det mor, ikkje far, som er dårleg dersom noko er galt med ungane.

Både harde økonomiske realitetar og rollar må endrast om vi skal kome vidare på dette feltet.

Bloggarar i 16.etasje

Fem bloggarar har blitt invitert til eit møte med statsministeren om sosiale medier og regjeringas bruk av det, melder Nettavisen. Det heile skjer i samband med prosjektet Samarbeid for arbeid.

Nokre av dei fem kjenner eg godt frå nettet; Ingunn Kjøl Wiig var ein av dei eg følgde tettast som kunnskapsminister. Ho stod også bak nettverket «Del og bruk». Bente Kalsnes har vore lite aktiv i det siste, men er ein reflektert og kunnskapsrik bloggar og kommentator. Knut Johannessen kjem frå Flora og har bloggen Vox Populi, medan Børge kjenner eg best som forteller frå Twitter. Sjefsengel kjenner eg ikkje til frå før.

Det er moro å lese kommentarane deira om besøket på min gamle arbeidsplass. Eg kjenner igjen den sitrande kjensla ved å ta heisen opp første gong, og å gå inn på møterommet med statsministeren. Det er også veldig bra at regjeringa no gjer ein framstøyt for å bruke sosiale medier meir aktivt. Sindre Fossum Beyer har blitt rådgjevar der, noko som nok må få mykje av æra for det. Som infosjef i AP viste han at han er god på korleis sosiale medier skal brukast til å drive kampanje og profilering.

Det gjev også håp om fleire og fleire i det offisielle Noreg vil ta det neste steget også. Det neste steget er at desse mediene ikkje blir nok ein kanal for informasjon ut, men grunnlaget for ein reell dialog. Eg har skrive meir utdjupande om dette før, mellom anna her.

Skal dette skje må vi politikarar delta på dei arenaane der debatten foregår, sette av tid til det (som vi set av tid til intervju i dag), opne oss for spørsmål og kritikk, svare og bruke mediet til å få tilbakemeldingar i saker. Til å begynne med.

Det er utruleg langt igjen for både politikk og forvaltning, men vi har hatt demokrati i 2500 år og sosiale medier i mindre enn 10 år så vi får gje det litt meir tid. Og det er ein del gode døme om dagen, som UDI-sjefen på twitter og bloggen til fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Tidlegare fornyingsminister Heidi Grande Røys gjorde også ein viktig grunnlagsjobb med IKT-satsing og open kjeldekode.

I mellomtida gratulerer eg SMK med å invitere bloggarar inn, og dei inviterte med det som sikkert var ei flott og lærerik oppleving.

1000 år i eit hopp

Vi snakkar om å «hoppe etter Wirkola». Det betyr å kome etter noko stort.

No blir det «å hoppe før Anette Sagen» . Det betyr å gjere noko småleg og nedlatande.

Så skjedde det. Nokre staute mannfolk skulle sjekke at bakken var i orden før vi slapp utfor den skjøre lille fuglen Anette Sagen. Det er 1000 års likestillingskamp oppsummert i eit hopp. Usynleggjort, umyndighjort og nedvurdert. Folk rasar, faren til Anette rasar.

Forsøka på å bortforklare verkar unekteleg ganske søkte. Det er som du kan høyre dei stå og humre og seie til kvarandre at det vart ei ordning på det til sist.

Eller kanskje tek eg feil. Kanskje er det ein god grunn til det heile, eller kanskje er det ein serie feil og dårlege vurderingar? Ikkje veit eg, men eg synast vi bør få vite. Eg meiner ofte at vi politikarar legg oss borti mykje rart vi bør ligge unna, og at den politiske debatten kan handle om små symbol framfor stor substans.

Men ingen regel utan unnatak. Og i denne symboltunge saka synest eg kulturminister Anniken Huitfeldt skal kalle norsk idrett inn på teppet og kreve at saka vert undersøkt til botnen, og at det vert gjort grep for å stoppe den undertonen av diskriminering og usynleggjering som av og til poppar opp. Norsk idrett får til mykje, men har openbart ein veg å gå når det gjeld likestilling.