Bloggarar i 16.etasje

Fem bloggarar har blitt invitert til eit møte med statsministeren om sosiale medier og regjeringas bruk av det, melder Nettavisen. Det heile skjer i samband med prosjektet Samarbeid for arbeid.

Nokre av dei fem kjenner eg godt frå nettet; Ingunn Kjøl Wiig var ein av dei eg følgde tettast som kunnskapsminister. Ho stod også bak nettverket «Del og bruk». Bente Kalsnes har vore lite aktiv i det siste, men er ein reflektert og kunnskapsrik bloggar og kommentator. Knut Johannessen kjem frå Flora og har bloggen Vox Populi, medan Børge kjenner eg best som forteller frå Twitter. Sjefsengel kjenner eg ikkje til frå før.

Det er moro å lese kommentarane deira om besøket på min gamle arbeidsplass. Eg kjenner igjen den sitrande kjensla ved å ta heisen opp første gong, og å gå inn på møterommet med statsministeren. Det er også veldig bra at regjeringa no gjer ein framstøyt for å bruke sosiale medier meir aktivt. Sindre Fossum Beyer har blitt rådgjevar der, noko som nok må få mykje av æra for det. Som infosjef i AP viste han at han er god på korleis sosiale medier skal brukast til å drive kampanje og profilering.

Det gjev også håp om fleire og fleire i det offisielle Noreg vil ta det neste steget også. Det neste steget er at desse mediene ikkje blir nok ein kanal for informasjon ut, men grunnlaget for ein reell dialog. Eg har skrive meir utdjupande om dette før, mellom anna her.

Skal dette skje må vi politikarar delta på dei arenaane der debatten foregår, sette av tid til det (som vi set av tid til intervju i dag), opne oss for spørsmål og kritikk, svare og bruke mediet til å få tilbakemeldingar i saker. Til å begynne med.

Det er utruleg langt igjen for både politikk og forvaltning, men vi har hatt demokrati i 2500 år og sosiale medier i mindre enn 10 år så vi får gje det litt meir tid. Og det er ein del gode døme om dagen, som UDI-sjefen på twitter og bloggen til fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Tidlegare fornyingsminister Heidi Grande Røys gjorde også ein viktig grunnlagsjobb med IKT-satsing og open kjeldekode.

I mellomtida gratulerer eg SMK med å invitere bloggarar inn, og dei inviterte med det som sikkert var ei flott og lærerik oppleving.

4 tanker på “Bloggarar i 16.etasje

  1. Eg er nokså ambivalent til myndigheitane sin bruk av sosiale medium. Eg hugsar eg var koordinator (eller kva ein skal kalle det) for Den Kulturelle Skulesekken for skulen min i Oslo, og då representantane frå Utdanningsetaten spurte om korleis vi ville foreslå å nå ut til flest mogleg elevar og opplyse om arrangementa, vart sjølvsagt Facebook trekt fram, i tillegg til plakatar på skulane og annonsering på skulane sine eigne internnettverk. Responsen var klar: Facebook var fullstendig uaktuelt. Det var ein del av etaten sin "policy" – å ikkje rote seg inn på Facebook, det passa seg ikkje osv. osv..

    Derimot hadde dei allereie laga ein konto på Twitter. Det enda opp med at eg laga ei Facebook-gruppe med tilhøyarande arrangementsider. Korleis det gjekk med Twitter-kontoen veit eg ikkje.

    Men vekk frå anekdotar: Internett er det største anarkiet vi har. Internett er heilt udemokratisk, det er langt vanskelegare å halde på lov og orden og det er vanskelegare (men ikkje umogleg) å straffe lovbrytarar. Eg veit ikkje kva eg tykkjer om at politikarar byrjar å krige om unge sinn på Internett. Det må jo nesten kategoriserast som politisk reklame. Vi veit at unge menneske vert utruleg påverka av bloggar dei les, osv., så eg meiner det i mange høve er utilbørleg, politisk påverknad. Vi snakkar særs unge menneske her.

    Likevel treng ein fleire vaksne på Internett for å minne barna på at kven som helst kan lese kva dei skriv og sjå kva dei gjer. Altfor mange barn utleverer masse informasjon om seg sjølv (spesielt gjennom bloggar og andre heimesider). Dette veit vi altfor lite om, så eg vil at alle foreldre skal på Internett sjølv for å sjå galskapen som er der ute.

    Å bruke Internett som ein kanal til påverknad av politikarane er eg redd vil føre til ei endå større generasjonskonflikt. Om ein bevisst og med opne auge skal gå inn for å gjere Internett til ein stor kanal til politisk påverknad, meiner eg ein MÅ finne på tilsvarande for å gje den eldre garde tislvarande moglegskap til påverknad. Mange av dei ein når gjennom Internett er ikkje røysteføre ved politiske val, men det er heller ikkje utan grunn at dei er det.

    Eg er absolutt for meir folkemakt og mindre politikarmakt, men eg er redd politikarar vil bruke sosiale medium som eit skalkeskjul, det kan fort bli lett å skryte på seg at folket har hatt påverknad, men ein kan ikkje måle den reelle påverknaden.

    Men, tida vil vel vise. Eg vonar eg tek feil i mange av desse gjetningane. Når generasjonen som har utlevert seg sjølv på nett veks opp, vil dei kanskje lære barna sine noko anna?

    Lik

  2. Veldig fint at du skriver om bloggmøtet hos statsministeren, Bård Vegar! Jeg har skrevet mer om det i Origo-bloggen http://blogg.origo.no/-/bulletin/show/551560_dett… ta en kikk der. Som du nevner, skriver jeg ikke så ofte i min engelskspråkelige blogg om dagen, men jeg skriver desto oftere i Origo-bloggen (mye om det offentlige og internett), så legg den til i nettleseren din:-)

    Godt å høre at du er back in business!

    Lik

  3. Tilbaketråkk: Financials, Europe debt auctions lift Wall Street (Reuters) | Channel 6 Local News

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s