Socialistisk Folkeparti

I helga som var vårt danske søsterparti Socialistisk Folkeparti (SF) landsmøte. Det er eit særs  interessant parti, som for tida ligg høgt på meiningsmålingane (15-20%) og kan vinne fleirtal saman med sosialdemokratar og eit sentrumsparti kalla Radikale Venstre. Partiet står veldig nær SV politisk, og har i alle år vore det partiet som har likna mest på oss. Den viktigaste grunnen til det er at dei også er eit raudgrønt parti; dei er både representant for den venstresosialistiske tradisjonen og den grøne tradisjonen i Danmark. I tillegg til det har begge parti mange felles standpunkt, og mange felles utfordringar.

Interessant nok har vi særs ulik historie på eit viktig punkt. SV kom får ei avskalling av det norske AP, medan SF kom frå ei avskalling av det danske kommunispartiet. Både i Sverige og i Danmark var det harde kampar i kommunistpartiet på 50- og 60-talet, etter Sovjets invasjon i Ungarn i 1956. I Sverige vann reformistane, og dermed vart kommunistpartiet det leiande på venstresida. I Danmark tapte reformistane, og dermed kom eit nytt parti til; SF.

I dag er Villy Søvndal leiar i SF. Han er ein dyktig, lun og smart politikar med stor personleg tillitt i Danmark.

Togdebatt

Då den store togdebatten omsider kom til Stortinget, var det etter ei knapp veke der toget hadde tatt av for fly som stod over heile Europa. Ein kunne nesten føle at lufta var litt ute av ballongen.

Mindre viktig er det ikkje. For få veker sidan kom Jernbaneverket med ein særs sterk bodskap om situasjonen for det norske jernbanenettet. Det var ein respons pådeimange hendingane og ulukkene vi hadde i tida rundt påske, og kom i tillegg til forseinkingar og feil i vinter.

Den raudgrøne regjeringa har gjennomført ein kraftig auke i løyvingane til fornying og ein kraftig auke i løyvingane til drift og vedlikehald. Det ligg inne eit omfattande program for vedlikehald det neste tiåret i Nasjonal transportplan.

SV har i dag presentert hovudtrekka i eit notat kalla Generasjonsskifte for toget. Bodskapen her er at vi bør forsøke å gjennomføre eit generasjonsskifte for jernbanenett og utstyr dei neste seks åra. Det dreier seg om fornying, vedlikehald, nytt materiell og krysningsspor. Du kan lese meir om det her (SV og VG.no)

Jerusalem-Oslo ekspedisjonen

Dette er ein slags takkemail.

Som mine lesarar kanskje har fått med seg, har eg vore i midtausten. Eg skal kome attende med både svar på ein del innlegg her og oppsummering av besøket, men pr no vil eg berre takke det norske rep.kontoret på Vestbredden og ambassaden i Tel Aviv som har gjort dette til eit særs bra og minneverdig besøk.

Så litt om heimturen. Vi (Ketil Raknes og eg) skulle fly heim fredag kveld, men kom oss ikkje til Frankfurt og Oslo. I staden har vi vore på ein halsbrekkande tur gjennom Europa i høgt tempo, mykje grunna særs gode hjelparar:

Først ordna Annika på den norske ambassaden og Eldbjørg på Al Quds reisebyrå i Oslo bilettar frå Tel Aviv til Roma 14.50 på laurdag

Så ordna Richard på ambassaden i Roma ein leigebil (og ei rekke back up løysingar) som vi kunne køyre med til Wein am Rhein ved grensa mellom Sveits og Tyskland, nær Basel.

Så responderte spedisjonsselskapet Schenker på ein sak i Dagbladet.no om at vi skulle heim og trengte hjelp. Kristin og Sabina i Schenker Norge forsøkte å finne ei løysing med tungtransport frå sentraleuropa for oss. Det fekk dei ikkje til. Då kom Carsten, som arbeider på Schenker sitt hovudkontor i Frankfurt, og køyrde oss til Kiel. Roma-Kiel på 18 timar. 1800 kilometer på 18 timar!

I Kiel hadde Sabina i Schenker hjelpt oss å få plass på ferga til Gøteborg. Her er vi no. Frå Gøteborg blir det buss til Noreg ser det ut til.

Takk til alle. Det gjekk mykje raskare heim enn vi frykta, og raskare enn eg kunne forestille meg, Eg rekk stortingsdebatten min på tysdag, eg rekk å kome heim før kona skal på jobbreise og vi rekk å sjå ungane våre snart.

Det heilage

Midt i politikken er det ein annan dimensjon som gjer like stort inntrykk. Eg har ikkje skrive mykje her på bloggen om mi interesse for religion, men den er ikkje lita av den grunn. Religion spelar ei viktig rolle i politikk og den er interessant i seg sjølv. Men ikkje minst er religiøse bygg og stader flotte og interessante, og den kjensla av heilagdom og alvor du kan oppleve der flott.

På 90-tallet reiste eg mykje både i Europa og Asia. Kvar enn eg drog, besøkte eg kyrkjer, moskèar, buddhistiske og hinduistiske monument. Men eg har aldri vore i Palestina eller Israel.

Det har ikkje vore mykje tid til å besøke heilagdomane i byen, men litt. Under er ein liten biletserie frå det:

Til venstre under er meg foran gamlebyen, du ser Al Aqsa Moskèen og Klippedomen i bakgrunnen. Så er det bilete frå klagemuren, og deretter klippedomen. Tempelhøgda (som jødane kallar det der Klippedomen og Al Aqsa ligg) ligg eit steinkast over klagemuren. Klagemuren er den heilagaste staden i jødedomen, medan høgda over er den tredje heilagaste staden i Islam (etter Mekka og Medina).

Under det ser du eit bilete frå «The Church of Sepulchre» i gamlebyen i Jerusalem. Til sist Abraham-moskèen i Hebron, den nest heilagaste staden i Jødedomen og den fjerde heilagaste i Islam. Det ligg ein del religiøst krut i Midtausten.

Invasjon på Vestbredden

– Dei roper skjellsord, kastar stein på oss og trakasserer folk. Dei mest ekstreme brenn bilar og tek livet av folk. Det går få dagar på vestbreidda utan alvorlege overgrep frå busettarane.

Det er Muhammed Othman som seier dette. Han er aktiv i organisasjonen «Stop the Wall». Han har besøkt Noreg ei rekke gonger. Sist gang han kom tilbake frå Noreg vart han arrestert og helde i 4 månedar fortel han.

Gaza og Vestbreidda er palestinsk territorium, men det skjer ei gradvis fortrenging av palestinarar og invasjon av busettarar. Den israleske politikken med å busette folk inne på Vestbreidda sørgar for det. Nede i dalane ligg dei palestinske landsbyane, oppe på fjelltoppane ligg busettingane som festningar.

Det er no om lag 325 busettingar og 1/2 million busettarar. Kven er dei? Det store fleirtalet er truleg jødar som kjem frå andre land enn Israel. Kvifor busett dei seg midt inne i Palestina? For å busette det heilage landet, men også fordi det er tungt subsidiert. Mange har berre busett seg der utan å spørre. Nokre busettingar er planlagt av regjeringa. Men Israels regjering sørgar for vatn, straum og tunge subsidiar for alle. Dei bygger eigne vegar til busettingane, som palestinarane ikkje får bruke, og dei held palestinarane ute med sperringar.

Og ikkje minst så etablerer dei ein mur som gradvis murer 85% av busettarane (som har bygd på palestinsk land) inne frå Palestina, som stenger palestinarar ute frå sitt eige land og som openbart skal flytte grensene for Israel. Eg kan ikkje hjelpe for det; Den minner meg enkelte stader om Berlinmuren, som eg sjølv såg i 1989.

Det heile er sjølvsagt heilt i strid med internasjonal lov. Det gjer det meir og meir vanskeleg å finne ei varig løysing, og det stenger palestinarar ute frå eigne område og gjer det vanskelegare å ferdast på Vestbredden.

Dette er også historia om to oppfatningar av røynda. Den israelske utdanningsministeren kan fortelle meg at regjeringa har tatt det modige skrittet å fryse nye busetnadar. Modig fordi inga regjering har gjort det før, og fordi ein viktig del av deira velgargrunnlag er busettarane og dei som støttar dei. Eg trur han, det har sikkert kosta politisk. Frys i busetningane er eit palestinsk og internasjonalt krav til Israel for å få igang fredssamtalar igjen.

Samstundes er det ein midlertidig frys, og statsministeren har (for å tilfredsstille kritikarane) forsikra om at dei skal igang igjen når den er over – ut i 2010. Og dei tillatelsane til å bygge som var gitt før frysvedtaket er aleine nok til å halde det gåande til ut i 2011. Med andre ord, bygginga held fram til trass for ein midlertidig frys. Slik går det politiske spelet, og ulike måtar å sjå verda på møtest.

Under er eit kart som viser busettingar (i svart), muren (bygd og planlagt) område som er sperra for palestinarane pga muren og/eller sperringar/vegar. Alt saman i heimlandet til palestinarane, som dei har folkerettsleg krav på.

Frå Hamas til Likud

Utdanningsministeren i Israel og eg er usamde om mykje i politikken. Han kjem frå høgrepartiet Likud, og er ein av Benjamin Netanyahu sine viktigaste støttespelarar. Ein ting har vi felles. Vi har begge vore DJ’ar. Det vil seie, han er det framleis. Han skal spele eit sett i Tel Aviv på laurdags kveld, som vert overført på internett (eg har ikkje fått adressa enno – skal legge den ut!) 

Møtet var ein del av min politiske runde her. Hamas, Fatah og Likud. I tillegg nokre uavhengige. I morgon Kadima og Labour. For den uinvidde: Dette er namnet på politiske parti og rørsler i Palestina og Israel.

Mange kjenner hovudtrekka i den israelske okkupasjonen av Palestina og konflikten rundt det. Mindre kjent er det at det er store konfliktar i så vel israelsk som palestinsk politikk som gjer ei løysing vanskeleg.

I Israel skjer det ei kraftig høgredreining som har utradert dei tradisjonelle fredskreftene. Eit sekulært sentrum (Labour og Kadima) ber vidare tanken om ei tostatsløysing, men stadig fleire busettarar og sterke religiøse høgrekefter utfordrar den kraftig. Likud står i krysselden mellom desse. Israel er lenger unna forhandlingsbordet enn på lenge.

I Palestina har splittelsen mellom Fatah (den breie men svekka folkerørsla rundt Arafat og Abbas) og Hamas (den islamistiske og sosiale rørsla som vann valet i 2006) sett djupe spor. Det er mangel på tillitt og få teikn til samling, noko som vart forsterka av at det internasjonale samfunnet ikkje annerkjente samlingsregjeringa i 2007. I rommet mellom dei to veks andre miljø fram, slik som statsminister og teknokrat Salam Fayad. Her frå mitt møte med to tidlegare ministrar frå Hamas-regjeringa.

Jerusalem

Nabeel Al-Kurd sine foreldre flytta inn i eit lite hus i Aust-Jerusalem i 1948. Sjølv har han budd der sidan han vart fødd for 56 år sidan. Mor hans på 87 bur der enno. Du ser han til høgre på biletet foran huset som e.r busett, advokaten hans står til venstre.
 
For 9 år sidan bygde han og storfamilien på huset. Utan tillatelse, slik alle palestinarar som bygger på gjer det. Ingen får lov til det av myndigheitene. Då han er ferdig blir påbygget låst av politiet, og han får ikkje ta det i bruk.
 
Så, for nokre månedar sidan, våknar familien ein dag og ser at israelske busettarar har flytta inn. I påbygget. Som er skilt frå huset av ein tynn vegg. Same inngangsparti.
 
Dette er ikkje uvanleg. Flyktninghjelpen sin representant i Jerusalem meiner at om lag 60.000 palestinarar er drive vekk frå heimane sine. Over gata for Nabeel sitt hus ligg eit større fleiretasjes hus. Fleire palestinske barnefamiliar vart tvunge ut av det. Ein av dei som er kasta ut ser du på biletet her foran huset, no med Israelsk flagg. Inn har 8 familiar av ortodokse og ultraortodokse jødar flytta. Eg treng vel ikkje seie at nabolaget Sheikh Jarrah er ekstremt konfliktfyllt, og tungt politiovervaka.
 
Nokre av dei står utanfor huset, og eg går bort for å snakke med dei. Etter kvart sender dei ut sin talsmann, Jonathan.
 
Det vert fort klart at vi er usamde om den internasjonale rettstilstanden til området (eg og FN meiner det ligg på okkupert område i Aust-Jerusalem).
Men meir interessant for meg er dette spørsmålet; Kva får ein familie med små barn til å flytte inn i eit hus som ein annan barnefamilie er blitt kasta ut av? Og kva får dei til å oppsøke ein så konfliktfyllt oppvekst for sine barn?
 
Svaret er at Gud har gitt dei dette landet, og dei skal ta det tilbake. «We are on God’s side, and they are on the Devil’s side». Han bekreftar at dei ventar at heile gata vil være overtatt av busettarar i løpet av kort tid. Og eg får bekrefta av andre kjelder at byen har utbyggingsplanar for området, som er eit palestinsk område som ligg opptil fleire israelske.
Eg diskuterer med Jonathan på biletet til høgre. NRKs Sidsel Wold i bakgrunnen.
 
Dette er Jerusalem, den heilage byen. Her vert palestinarar systematisk tvangsflytta frå heimane sine og israelske busettarar vert flytta inn. Israel bygger og flyttar seg ut over sine eigne grenser, og gjer samstundes ei fredsløysing meir og meir fjern.
 
Eg kjenner det som eg har crashlanda i det vanskelegaste spørsmålet i denne konflikten. Men mest av alt sett personlege tragedier, og ein brutal utdrivingspolitikk, på nært hald.