VM så langt

Mange hevdar at VM har vore overraskande så langt, særleg fordi dei store europeiske lands slit. Eg er ikkje samd i det. Det er slik det har vore dei siste tiåra; Tett mellom dei beste og dei nest beste laga. Få kampar som tel og dermed stort rom for at tilfeldigheiter kan spele ein rolle og til og med bli avgjerande.

Fotball er eit overraskande spel. Det er noko av det som gjer det så fascinerande, og i særs VM. Ein ball kan endre retning, eit raudt kort bli utdelt. Eit lag kan vere smartare og betre organisert enn eit som spelar for spelar er betre. Eit godt lag kan fort tape ein enkelt kamp mot eit dårleg dårleg lag. Då er det berre to kampar å rette det opp på.

Difor er det ikkje overraskande at Tyskland og Spania går på smellar, at Italia og England slit og at Frankrike dummar seg ut. Eg tippar at dei fire første hanglar eller til og med imponerer vidare, og at 1-2 av dei fort kjem til semifinale. At eit stort lag forsvinn er heller ikkje overraskande. Det pleier å vere slik.

Mest interessant i år kombinasjonen av den svake afrikanske innsatsen og den gode søramerikanske innsatsen. I skrivande stund har Sør-Amerika tatt 32 av 36 poeng, medan Afrika har tatt 11 av 45! Alle tre søramerikanske lag i tillegg til Brasil og Argentina ligg an til å gå vidare (sjølv om det særleg er usikkert med Chile). Det er overraskande, og imponerande.

Toras metode

I to år hadde eg gleda av å arbeide i lag med Tora Aasland, statsråd for forsking og høgare utdanning.  Eg hadde godt høve til å sjå korleis ho arbeidde.

Den arbeidsmåten vil eg døype Toras metode. Toras metode er resultatorientert, men tålmodig. Argumenterande, men ikkje insisterande. La meg illustrere:

Kort tid etter at ho vart statsråd kom det såkalla Stjernøutvalet med si innstilling. Både Tora og eg hadde sans for dei perspektiva utvalet trakk opp: Klarare kvalitetsmål for høgare utdanning, sterkare profesjonsutdanningar, endringar i finansieringssystemet og mest kontroversielt; arbeidsdeling og samanslåing av universitet og høgskular til langt fleire einingar. Tora insisterte likevel på at dette grepet i innstillinga måtte avvisast som eit nasjonalt strukturgrep. Ho var sterkt for retninga, men klår på at metoden måtte vere annleis. Vi ville berre få det til om drivkrafta var institusjonane sitt eige ønskje om og forståing for arbeidsdeling og evt samanslåing.

Sidan det har ho arbeidd målretta for det med eit sett av verkemiddel: Tett dialog med institusjonane, systematisk argumentasjon for tettare samarbeid, økonomiske incentiv, oppfordring til at dei finn sine eigne samarbeidsløysingar og ein krystallklar og eksplisitt respekt for dei som ikkje vel samanslåing.

Resultat: Tidenens bølge av samanslåingar, samarbeid og betre arbeidsdeling i norsk høgare utdanning. Sjølvdrivne prosessar i Troms, i Nordland, på vestlandet, rundt Oslofjorden, i Møre og Romsdal (!) og sikkert nokre til eg ikkje kjem på i farten. Eg har møtt fleire av dei involverte institusjonane. Det dei har til felles er at dei sjølv opplever å ha initiativet, dei har ei reell forståing for utfordringane og dei har tid og rom til å finne den løysinga som passar dei. Det inkluderer også den institusjonen eg har vore på der det var stor skepsis til denne tenkinga; dei var trygge på at dei kunne velge sjølv, og dermed bruke tid på å finne sin veg vidare.

I kontrast til dette: I perioden 2001-2005 var Erna Solberg kommunalminister, og fekk tittelen jern-Erna i media. Det var på grunn av asylpolitikken, men den same stilen brukte ho når det gjaldt kommunesamanslåingar. Store ord og høge mål, press på kommunane og økonomiske incentiv. Resultat: Eg har ikkje sjekka, men ei bølge av samanslåingar vart det ikkje.

Den siste metoden gjer fleire medieoppslag, den framstår tøffare og meir «tydeleg» og er meir populær i riksavisene sine redaksjonar. Det er feil å seie at resultat ikkje spelar ei rolle i media si vurdering av politikarar. For dei spelar ei rolle. Men i langt mindre grad enn korleis politikaren framstår for mediene. Bjarne Håkon Hanssen fekk lite skryt for gjennomføringa av dei kompliserte pensjons- og NAVreformene, men vart hylla som ein visjonær politikar då han lanserte samhandlingsreformen. Heilt etter manus har Anniken Huitfeldt fått litt tyn i vinter etter at ho tok over for Trond Giske, men eg har til å gode å sjå eit einaste politisk argument for det. Det er også vert å merke seg omtalen av den «tøffe» Torbjørn Røe Isaksen vs den systematiske Bent Høie.

Ingen journalist eg kjenner har fått med seg at veksten i forskingsbudsjetta var sterkare i forrige fireårsperiode enn veksten i kulturbudsjetta dei fire siste åra. Det kan tolkast på minst på to vis. Den politiske, at dei som arbeidde med forsking var flinke til å sikre pengar til sin sektor. Den meidale, at dei som arbeidde med kultur var flinke til å selge sine pengar. Begge delar er rett, og begge delar høyrer vel med i biletet, gjer det ikkje?

Internasjonal vuvuzelaforbod?

VM er i gang! Fotballkampar, spenning – og vuvuzelaen.

Brått vart vi alle – det vil seie alle vi fotballfrelste – utsett for bisvermen. Eller vuvuzelaen som den heiter. 

Vuvuzelaen er ein slags lang plasttompet som vert brukt av fotballfans i Sør-Afrika. Nokre ellers fornuftige menneske argumenterer for vuvuzelaen med at vi må respektere lokal supporterkultur. Den aktuelle kulturen kan i dette tilfelle sporast tilbake til 1990-talet.

Ikkje veit eg korleis det er å vere på ein stadion der titusenvis er samla og mange av dei bles i denne plasttrompeten. Det eg veit er at dei fleste spelarar, tilskodarar og kommentatorar synest det er plagsomt. Eg veit også at lyden av dei gjennom tv liknar ein agressiv bisverm.

I ei tid då det internasjonale samfunn har særs vanskeleg for å samle seg om handling i viktige spørsmål som Israel, Burma og klima, kan kanskje vuvzelaen vere det som bringer verda saman. Her har Europa, USA, Sør-Amerika, Japan og Korea og ei rekke andre land felles interesser. Eit vuvuzelaforbod vil utan tvil samle brei støtte i desse landa dei neste vekene. Det svake punktet er, som så ofte før, at India og Kina ikkje bryr seg.

Løysinga må difor bli ein internasjonal vuvuzeladialog, med sikte på å ta små skritt i retning av å redusere vuvuzelaen sine verknadar. Kanskje lydgrenser, tidsavgrensing av bruk, forsking på verknadane etc kan bli sett i verk? Med ein vellukka dialog bør det vere håp om å sleppe lyden frå vuvuzelaen på 50-100 års sikt:-)

NB! No viser det seg at FIFA er i ferd med å følge mitt råd. Og FIFA er ikkje kjent for å gå vegen om veldig mykje dialog. Liten tvil om at vuvuzelaen er det mest interessante som har skjedd i VM så langt.