til Asia

Utanrikskomiteens Asiatur er i ferd med å begynne. Vi sit i loungen på flyplassen i Helsinki og ventar på Tokyo-flyet. På biletet her ser du Peter N Myhre (FrP) og Tore Nordtun (AP) som slappar av. Eg har tenkt å blogge frå turen, kanskje til og med dagleg; Her er ein kort presentasjon av det som skal skje:

Komiteen skal først vere i Tokyo frå mandag til torsdag. Vi har eit nokså bredt program, som omfattar næringsliv og handel, tryggingspolitikk og innanrikspolitikk med vekt på japansk økonomi. Og mange herlege måltid Sushi og Tempura satsar eg på. Vi skal så ta Shinkansen (lyntog) til Hiroshima på torsdag for ein snarvisitt. På fredag drar resten av komiteen til Shanghai for å bruke to dagar på Expo/næringsliv i Shanghai, og deretter tre dagar i Beijing.

Eg, vrang som eg er, har bestemt meg for å hoppe av Kina og reiser på fredagen til Seoul i Sør-Korea (Peter N Myhre frå FrP kjem etterkvart etter, frå Shanghai). I Seoul skal eg vere i fire dagar og ha eit omfattande program med vekt på økonomi (inkludert miljø og sosiale tilhøve) og Koreakonflikten.

2 tanker på “til Asia

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s