Barnejakt

Ny versjon 22.9

Kva skjer i eit land som har det lågaste talet på barnefødslar i verda og det høgaste talet på sjølvmord? Denne artikkelen kjem til å gje eit negativt og trist bilete av Japan. Eg kjenner difor at eg må starte ed å seie kor positiv eg er både til landet og folka her. Japanarar er gjenomgåande vennlege, høflege og hjelpsame med framande. Dei er utruleg lette å like. Landet har utvikla strålande høgteknologi, mange internasjonale kulturstørrelsar, har høglevealder og god folkehelse, lite kriminalitet og relativt små sosiale skilnadar.

Likevel, det er ikkje framtidsoptimisme landet er prega av. 1.37 seier ei kjelde, 1.29 seier ei anna. Nye tal skal presenterast no og dei skal visstnok vise nedgang. Eg snakkar om fødselraten. Sjå vekk frå om det eine eller det andre talet er riktig, det er uansett dramatisk.

Fødselsraten er enkelt nok eit uttrykk for kor mange barn som vert fødd i høve til talet på kvinner i fruktbar alder. For å oppretthalde folketalet (utan innvandring) må fødselsraten vere om lag 2.1. Noreg har nesten det, men mange land i Europa slit med lågare fødselstal. Det er kombinasjonen av låge fødselstal og store etterkrigskull som no vert gamle som er den europeiske «eldrebølga». Gløym vår endrebølge, den er berre ein liten i dipp i forhold til søreuropa. Som igjen berre er mild bris i høve til Japan.

La meg illustrere problemet med nokre tal.

Japanarane får få barn, men dei har god helse og lever lenge. Nesten 25% av japanane er i dag over 65 år. Det er den høgste andelen eldre i noko land. Men det er estimert til å stige til 40% innan 2050. Då skal kvar person arbeide nokså mykje for å finansiere eit godt liv for dei eldre.

Japan har i dag 127 millionar innbyggjarar. Det talet er estimert til å synke til under 90 millionar i 2055. Ein nedgang i folketalet på 30%! Rett nok er det trangt her, men det får vere grenser. Det vil ha enorme konsekvensar for arbeidsliv, velferd og heile økonomien til landet. Det vil også – dersom det går slik – ha ein veldig effekt på Japans internasjonale posisjon. Dei er no særs oppteken av at Kina har passert dei som verdas nest største økonomi, men dei er framleis ein klår nummer 3. Med ei utvikling som den skissert her vil ei rekke land vere i posisjon til å passere eller nå opp til dei. Japans demografi er difor ikkje berre eit spørsmål om økonomi og sosiale tilhøve, men også om utanrikspolitikk.

Kvifor har det blitt slik? Eg trur vi kan peike på nokre tilhøve som verkar saman:

Japan har kulturelle sperrer mot at kvinner som får barn skal vere i jobb. Det er særs sjeldan seier både dei norske utsendingane og dei japanarane eg har snakka med.

Det er dyrt å ha barn, på grunn av høge prisar på barnehagar, skulegong og andre utgifter til barn. Difor får få par meir enn 1-2 barn. Dei har ikkje råd.

For det tredje er det praktisk krevjande. Japanarane arbeider lange dagar og i byane har dei lange heimreiser. Ein journalist eg snakka med sa at han slutta på jobben om lag klokka 19 kvar kveld. I følge han er det heilt vanleg å arbeide 9-10 timar dagleg.

I tillegg vil eg tru at den usikkerheita om framtida som har herska i ein del år har ein forsterkande effekt. Det bidrar i alle fall ikkje til at det vert fødd fleire barn.

Det er tydeleg at det er omskrive og omdiskutert her. Men det er ikkje på toppen av dagsorden. Det kjem litt ned på lista, etter auka økonomisk vekst og tryggingspolitikken. Mange ser problemet, og det vert gjort ein del politiske forsøk på å gjere noko med det. Den sittande regjeringa har auka barnetrygda og gjort vidaregåande skule gratis for å gjere det meir attraktivt å få barn. I tillegg er utbygging av barnehageplassar, eingongsutbetaling ved fødsel og refusjon av legeutgifter blant tiltaka som er prioritert dei seinare åra.

Men to hindringar står kanskje i vegen. For det første er det kortsiktige ønsket om å få opp veksten viktigare for politikarane. Japan har direkte og indirekte blitt ramma av tre finanskriser på 20 år; si eiga eigedoms og aksjeboble rundt 1990, finanskrisa i Asia i 1999 og den globale finanskrisa i 2008. Å få opp veksten og produksjonen etter desse har blitt eit gjennomgåande tema som har førsteprioritet i den økonomisk politikken. Til ein viss grad er det ein motsetnad mellom desse måla. Det er lite rom for mindre arbeid, lenger permisjonar og dyrare velferdtiltak på kort sikt, sjølv om det på lang sikt hadde vore bra for arbeid og vekst.

For det andre verkar det i liten grad som om diskusjonen går til kjernen av problemet; Japansk arbeids- og familiemønster. I Japan er det særs vanskeleg å kombinere arbeid og barn, og difor er det få som gjer det. Kvinner som får barn sluttar ofte å arbeide, medan dei som arbeider i mindre grad får barn. Kombinasjonen av lange arbeidsdagar, ein kultur for sterkt press i jobben og langt dårlegare velferdsordningar enn i Europa har i mange år vore god for japansk økonomi og billeg å drifte. Landet har til dømes 5% moms, eit nivå europeiske land kan drøyme om.

Men no ønskjer fleire og flerie kvinner å arbeide, det er behov for dei i arbeidslivet samstundes som Japan treng fleire barn. Då trengs det truleg endring.

Økonomiprofessor Eisuke Sakakibara, tidlegare embedsmann i finansdepartementet og politikar, sa til komiteen under ein middag i går at Japan må gå i retning av ein europeisk velferdsstatsmodell for å handtere problemet. Den noverandre regjeringa har då også peika på Skandinavia som ein modell for samfunnsutviklinga.

Interessant, men både kulturelt og politisk er det langt før Japan er der.

4 tanker på “Barnejakt

  1. Tilbaketråkk: Twitter Trackbacks for Bård Vegar Solhjell sin blogg » Blog Archive » Barnejakt [bardvegar.no] on Topsy.com

  2. Tilbaketråkk: Bård Vegar Solhjell sin blogg » Blog Archive » Japans to val

  3. Tilbaketråkk: Bård Vegar Solhjell sin blogg » Blog Archive » Koreas konkurransekultur på godt og vondt

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s