Japans to val

Japan er mellom. Mellom to kulturar. Mellom verdas to supermakter, USA og Kina. Mellom si nære fortid som økonomisk mirakel og ei meir usikker framtid. I dette klimaet står landet overfor to fundamentale vegval.

Japans eine vegval dreier seg om kva lag dei skal vere på i framtida. Som Mure Dickie, sjefredaktør for Financial Times i Japan, formulerte det. Er Japan på det kinesiske eller det amerikanske laget i framtida?

Japans næraste og viktigaste allierte er det landet dei gjekk til angrep på i 1941, og som seinare slapp to atombomber over byane Hiroshima og Nagasaki. Det krevst ei særleg pragmatisme for å få til det. Eg kjenner knapt andre døme. Sjølv om det finst skepsis mot USA i Japan, ikkje minst knytt til den amerikanske stillehavsbasen på øya Okinawa, er den politiske eliten i hovedsak samde om dei sterke banda til USA. Det er Japans tryggingsgaranti mot sine asiatiske naboar.

Det er ein garanti dei treng. Sjølv om det ikkje er eit langt historisk fiendskap mellom dei austasiatiske maktene, var perioden som byrja med Meiji-regimet i 1868 og enda med den andre verdskrigen særs brutal. Japan var i denne perioden ei imperialistisk regional stormakt som stod bak grove overgrep både i Kina og på Koreahalvøya. I 1894-95 vann Japan over Kina i krigen om kontroll over Korea-halvøya. I etterkant av dette okkuperte dei Taiwan. Frå og med 1905 okkuperte Japan Korea, frå 1931 Manchuria (nordaustkina) og frå 1937 var dei i krig med Kina. Det var først tapet i andre verdskrigen som gjorde slutt på Japans imperialisme.

Det er framleis sterke spenningar mellom Japan, Korea og Kina. Det ustabile Nord-Korea vert oppfatta som ein sterk trussel i Japan. Såra etter andre verdskrigen er enno ikkje fullt ut lega overfor Sør-Korea.

Likevel; Det er tilhøvet til Kina som gjeld. Kina og Japan støter stadig saman i små episodar. Dei siste dagane har arrestasjonen av ein kinesisk fiskebåtkaptein i japansk farvatn skapt sterke kinesiske protestar. USAs visepresident gjekk då ut med klår støtte til Japan. ”Eit betre tilhøve mellom USA og Kina går via Tokyo” er han sitert på i Japan Times 22.9.

Japanske styresmakter er uroa over den sterke opprustninga Kina gjennomfører. Kina sitt forsvarsbudsjett har i over 20 år auka med minst 10% årleg. Det var på 21.5 mill Yuan i 1988, og er no på utrulege 520 mill Yuan (i tillegg hevdar amerikanarane at det reelle forsvarsbudsjettet er om lag dobbelt så høgt). Budsjettauken har gjort det mogeleg å auke talet på kampfly og marinefartøy kraftig.

Dei siste åra er det observert ein auke i kinesisk militær aktivitet både i Sørkinahavet og Gulehavet. Så sterkt uroar det naboane at det på siste ASEAN-møte var 12 land som protesterte mot det. I følge Yoichi Funabashi, sjefsredaktør i den japansk storavisa Asahi Shimbun, vert det frå kinesisk side no ymta frampå om å legge større vekt på Kinas interesser i desse havområda.

Ingen mindre konfrontasjonar kan hindre at hovudtrekket i tilhøvet mellom Kina og Japan er økonomisk integrasjon. Kina er no Japan sin viktigaste handelspartner, ein posisjon dei har teke frå USA. Det bur 50.000 japanarar i Shanghai. Kinesarar kjøper seg opp japanske selskap i stor stil kan Japan Times melde 21.9. Den økonomiske integrasjonen i austasia er særs sterk. I snitt er no 58% av handelen i Austasia interregional, mot 40% i 1990. Til samanlikning er 65% av handelen i EU interregional (altså innan EU).

Det er dette som får professor i økonomi Eisuke Sakahibara til å utbryte at Kina og Japan bør bli Asias Frankrike og Tyskland. Samanlikninga haltar sjølvsagt, men har ein openbar kjerne; To gamle fiendar, og regionens viktigaste land, som blir økonomisk integrert. Den same Sakahibara tenkjer også høgt om vidare aust- og søraustasiatisk integrasjon og behovet for ei sterkare politisk overbygning over det.

Japan står altså mellom sin tryggingsgaranti frå USA og sin økonomiske integrasjon med Kina og resten av regionen. Dei prøver sjølsagt å balansere dette. Det vert også hovudstrategien framover. Det gjer jo landet ei viktig rolle at dei er eit av få med ei særleg tett binding til både USA og Kina. Samstundes vil det kome situasjonar og politisk val som vil peike den eine eller den andre vegen. I japansk politikk er det ei tydeleg konfliktlinje mellom dei som understrekar banda til USA og dei som vil ha ei sterkare Asia-orientering.

I fjor vann det demokratiske partiet valet, og avløyste eit halvt hundreår med så og seie uavbrutt styre av det liberaldemokratiske partiet. Den nye regjeringa forsøke å orientere Japan noko meir mot Asia, og får kritikk for å skusle bort tilhøvet til USA.

Det er etter mitt syn openbart at Asia-dimensjonen i Japansk politikk vil bli styrka framover. Asia integrasjon vil halde fram, og Japan vil vere ein sentral del av det. Samstundes ber ikkje Asias vekst berre i seg kimen til samarbeid, men også til konflikt. Difor vil Japan så langt som mogeleg halde USA inne og halde på det tette samarbeidet over stillehavet.

Det andre vegvalet er om Japan skal utvikle ein velferdsstat inspirert av Europa.

I tiåra fram mot 90-talet var Japan verdas økonomiske mirakel og ein populær økonomisk modell. Dei siste tiåra har vore tyngre. Tre store kriser har halde økonomisk vekst og utvikling tilbake, og låge barnetal (som eg har skrive om her) gjev store utfordringar for framtida.

I møtet med denne utfordringa kan Japan anten velge å utvikle vidare ein økonomisk modell frå dei dei har kulturelt felleskskap med, Austasia og USA. Asiatisk arbeidsmoral og kollektivisme blanda med amerikansk entrepenørskap og skattenivå har skapt landet sin økonomiske framgang. Men lite tyder på at denne modellen kan løyse problema dei møter i dag. Arbeids- og familiemønsteret i landet held barnetala nede.

Japan må velge om dei vil gå i retning av ein europeisk velferdsmodell for å gjere det lettare å få barn, og dermed sikre grunnlaget for velferden i framtida. Kulturelt vil det vere framand for Japan. Men økonomisk vil det vere ei naturleg utvikling av landet. Dei har dessutan mange føresetnadar for ein velferdsstat på plass; høg tillitt til styresmaktene, erfaring med velferdsordningar gjennom arbeidslivet og ein sterk privat sektor. I tillegg har landet relativt små løneskilnadar og er meir homogent enn det Noreg var for 60 år sidan. Omfattande innvandring – ei anna mogeleg løysing – verkar å vere enno meir utenkeleg i japansk kultur.

Valet av retning i sosial og økonomisk politikk vil ha avgjerande innverknad på landet vidare.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s