Nord-Koreansk tragedie

Vi, ei gruppe nordmenn og nokre amerikanske offiserar, fotograferer og ser mot Nord-Korea. Der ser vi på ei gruppe nordkoreanske turistar. Dei ser på oss, og fotograferer. Aldri skal vi møtast, og lite veit vi om dei andre si verd.

Scena er grensa mellom Sør- og Nord-Korea, demarkasjonslinja i den demilitariserte sona (DMZ). Bak (sjå biletet) er det nordkoreanske hovudbygget. Det ligg tre enkle bygningar på sjølve grensa, bygg som vert brukt av begge sider. Aldri samtidig, dei har dører på kvar side av grensa som kan låsast av. Det står soldatar på kvar side av grensa, få meter frå kvarandre. Dei sørkoreanske vender mot Nord-Korea. Det gjer også dei nordkoreanske. Dei skal hindre at folk rømmer over grensa.

Vi er ikkje aleine som besøkande. Det er ein eigen turistindustri på grensa, med rundturar, kikkertar og – litt smaklaust synest eg – ein souvenirbutikk. Men eg er med på det. Det er turisme basert på interesse for Nord-Korea og draumen om gjenforening, men også på å gjere narr av dei. Av Absurdistan, som ein offiser i Neutral Nations Supervisory Commision (NNSC) kallar det.

Det kan verke som Absurdistan. Men aller mest er det ei tragedie. Det var Noregs analytiske og dyktige ambassadør i Seoul, Didirik Tønseth, som først formulerte det for meg. Det er ikkje først og fremst noko å skremme med og gjere narr av, det er ei djup tragedie.

22 millionar menneske lever i den djupaste fattigdom. Mange sultar, dei manglar straum, store delar av landbruket vert drive umotorisert. Ernæringa har gjort at gjennomsnittshøgda er blitt markert lågare enn i Sør på 50 år. I eit land som ved utbrotet av Korea-krigen i 1950 var rikare enn sør på grunn av større ressursrikdom. Det er ein brutal dom over isolasjon. Og over eit tyrannisk diktatur.

I 2008 gav USA 500.000 tonn ris til Nord-Korea. 177.000 tonn vart utlevert, så vart det usemje om 13 koreansktalande amerikanarar kunne delta i utdelinga, eller om det berre skulle vere 7. Nord-Korea er livredd for utanlandsk kontakt med folket. Då det ikkje vart semje på dette punktet vart amerikanarane kasta ut, og resten av risen kom aldri fram.

Det same året skaut ein nordkoreansk tryggingsvakt ei sørkoreansk kvinne. Landa var blitt samde om å starte sørkoreansk turisme til eit vakkert område i nord, innan klårt definerte grenser. Ho gjekk utanfor grensa. Sør-Korea krevde at hendinga skulle granskast av dei to landa i lag. Nord-Korea nekta, og turismen vart avslutta. Med det forsvann 35 millionar dollar årleg i sårt tiltrengt hard valuta frå nord.

Nær grensa har nordkoreanarane bygd opp ein propagandalandsby. Flotte moderne hus, og verdas høgaste flaggstang. Men ingen bur der. Mange av husa er tomme innvendig. Det er bygd opp for å sjå bra ut frå sør, men avslørt av etteretning. (Biletet til høgre er teke mot Nord-Korea, med flaggstanga i propagandalandsbyen midt i biletet. Merk at det ser ut om den har ei glorie rundt seg!)

Det er mange slike historiar. Om eit irrasjonelt og forhistorisk regime som ikkje bryr seg om sitt eige folk, men kjempar desperat mot alle.

Konflikten har vore slik sidan Korea-krigen tok slutt. Etter at Nord-Korea gjekk til angrep på sør i 1950 bølga kampane fram og tilbake. USA og andre land kom med på sør si side, Kina kom med på den andre. I 1953 stod partane på kvar si side av dagens grenser, og det vart det semje om ei midlertidig våpenkvile. Den gjeld framleis, sjølv om Nord-Korea formelt ikkje anerkjenner den lenger. FN-oppdraget som støtta Sør-Korea under krigen står framleis, og saman med NNSC (om vart oppretta i samband med våpenkvila) overvakar dei avtalen om våpenkvile.

I år 2000 vart den gamle opposisjonelle og demokratiforkjemparen Kim Dae Jung president, og tok til orde for ei oppmjuking – solskinnspolitikken. Han møtte Kim Jong Il i det første av to toppmøte same år. I tillegg til bistand og politisk dialog vart det oppretta to kontaktpunkt mellom landa. I tillegg til det nemnde turistområdet var det Keusong industripark, der sørkoreansk kapital og teknologi og nordkoreansk billeg arbeidskraft møttest i næringssamarbeid. Solskinnspolitikken vart effektivt avslutta av den konservative presidenten Lee Myung-bak då han kom til makta i 2008. Med unnatak av Keusong industripark er det lite eller ingen kontakt i dag. Det nordkoreanske angrepet på marinefartøyet Cheonan i år har ikkje gjort det enklare.

Kva vil skje? Får regimet atomvåpen? Bryt det saman? Blir det éit Korea?

Eg veit ikkje. Ingen veit. Særleg er det vanskeleg å vite om regimet vil falle fordi vi veit så lite om landet. Det er likevel mogeleg å spekulere litt, ikkje minst på basis av kva dei tunge aktørane rundt vil. Då er mitt stalltips at lite vil skje.

Ingen har interesse av at Nord-Korea utviklar atomvåpen. Både Kina, Russland, Korea og USA er redd for det, og vil difor ha gode sjansar til å få til eit godt samarbeid om å hindre det.

Men kven har eigentleg interesse av eit gjenforent Korea, den offisielle draumen til Seoul? USA kan nok like tanken dersom det skjer på deira premissar, men har lite eiga makt til å gjere noko med det. Kina (og Russland) likar det dårleg. Dei fryktar det, fordi det betyr at dei får USAs allierte heilt opp til sine grenser.

Kanskje ikkje Sør-Korea heller? Korea har ei stolt historie som ein nasjon i store delar av det siste tusenåret. Dei fleste i Sør-Korea er for eit samla Korea om du spør på gata. Men dei er neppe villig til å betale prisen. Tenk deg at ei verdas sterkaste industrimakter skal absorbere eit av verdas fattigaste folk. Betale for utvikling, integrere folk utan evne til å fungere i eit moderne samfunn. Dette er ikkje som den tyske samlinga, meir som om to planetar skal slå seg saman. Det er lett å merke at den koreanske einskapsdraumen er blanda med ein god dose nedverdigande haldningar til folka, ikkje berre styresmaktene, i nord.

Det mest trulege scenariet kan vere at Nord-Korea blir eit land, der vi må bidra til oppmjuking og regimeendring som best vi kan. Det er den dominerande analysa i Sør-Korea, frå forskarar og utanlandske observatørarar såvel som politikarar. Kina vil ikkje tillate noko anna seier dei. Då må vi stille oss spørsmålet om korleis vi best bidrar til at folk i Nord-Korea kan få det betre, og bli fri.

I dag er landet totalt isolert. På grunn av eigne leiarar sin dumskap, ja. Men det er folket som vert ramma. Sør-Korea har mindre kontakt enn før, dei får ingen tradisjonell bistand og få andre land enn Noreg gjev humanitær hjelp. Det er smart begynne i den enden som oftast gjer meining. Vi må påverke folk sine hovud. Den kalde krigen vart ikkje vunne militært, det var menneska sine hovud vesten vann. I Kina er det ei endring i politisk tenking hos leiarane som fører til endring, ikkje isolasjon og militærmakt.

Dette er ikkje lett overfor Nord-Korea. Det er eit brutalt diktatur som systematisk bryt menneskerettane, og styresmaktene gjer alt for at vanlege folk ikkje skal ha kontakt med utlandet. Observatørar her meiner likevel det er meir kunnskap om verda utanfor gjennom telefon, radioar og munn til munn frå dei som veit noko.

Det må vere meiningsfylt for det internasjonale samfunn å vurdere korleis vi kan søke å ha kontakt med Nord-Korea. Noreg bør også vere i dialog med andre land om det er rett å ikkje yte nødhjelp til folket. Vi og andre bør også stadig vurdere om det finst måtar å gje bistand på som ikkje går til regimet. Utvikling av landbruket? Miljø og energi (Nord-Korea har blant verdas største CO2-utslepp pr capita). Om det er mogeleg å engasjere seg på ein måte som skapar kontakt og gjev hjelp meir enn det styrkar regimet er vanskeleg å seie. Men både Noreg og verda treng å tenke gjennom det.

Ingen veit kva som vil skje. Alle fryktar at landet utviklar kjernevåpen, eller at landet bryt saman i kaos, medan det offisielle målet om eit sameint Korea verkar lite realistisk. Eit regime som hanglar seg vidare er truleg mest realistisk. Då er det kanskje verdt å gje input til folk sine hovud?

Under: Bilete mot Keusong i Nord-Korea, kikkertar i forgrunnen. Meg foran eit grensegjerde, den nordkoreanske superflaggstanga i bakgrunnen. Peter N Myhre og eg inne i eit av husa som ligg på grensa. Nærare bestemt i den delen av huset som ligg på nordkoreansk side, rett ved døra ut til den sida. Heilt lovleg, bevokta av ein sveitsisk major.

2 tanker på “Nord-Koreansk tragedie

  1. Tilbaketråkk: Twitter Trackbacks for Bård Vegar Solhjell sin blogg » Blog Archive » Nord-Koreansk tragedie [bardvegar.no] on Topsy.com

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s