Innovasjon

Medan resten av verda fascinert følger det som må vere det mest fengslande , menneskelege drama i år, har eg vore i debatt om innovasjonspolitikk i dag. Ja ikkje misforstå, eg har og følgd dramaet i Chile, men eg har vore nøydd til å gjere litt anna også.

Debatten vart arrangert i samband med Olav R Spilling si nye bok om det same emnet. I panelet var Trond Giske, Trine Skei Grande, Henning Warloe og eg. Paul Chaffey leia debatten. Etter nokre politiske skulevalsfintar i starten, vart debatten raskt relativt sakleg og roleg, til dels interessant vil eg seie.

Spilling hevdar i si bok at norsk innovasjonspolitikk er utydeleg og lite visjonær. Eg trur eg ville sagt det litt annleis. Vi har ikkje ein innovasjonspolitikk formulert som ein viktig eigen kategori i det offentlege språket. Det offentlege språket er det som kjem av strukturarar i budsjett, departement og andre offentlege inndelingar. Her er ikkje innovasjon formulert som ein klår kategori. Mykje av innhaldet i politikken er formulert; som nærinsgpolitikk, finanspolitikk, forskingspolitikk og skulepolitikk. Men ikkje som innovasjonspolitikk.

Burde det vore annleis? Ja, det er viktige argument for det. Men berre dersom vi faktisk forstår innovasjon som noko anna enn verdiskaping og næringsutvikling. Spilling sin eigen definisjon «En politikk som har som eksplisitt mål fremme utvikling, spredning og bruk av nye produkter, tjenester og prosesser i samfunnet» er god. Den vektlegg den tradisjonelle utviklinga av produkt og tenester, men også bruken og integreringa av desse i samfunn og arbeidsliv. Til dømes er det innovasjon å skape teknologien i ein Ipad. Det er også innovasjon å skape eit produkt å selje av den teknologien. Minst like interessant er det å ta i bruk teknolgien på fornuftig vis i samfunnet slik at det t.d effektiviserer arbeidsprosessar.

Det siste er vi nokså gode på i Noreg. Sjå til dømes dette dømet som Aftenposten skreiv om i vinter. Den gamle forhatte forhatte lånekassa frå mi studietid er bytta ut med ei mønsterbedrift. Dette er også døme på nokå anna viktig. Innovasjon er ikkje berre utvikling av teknologi og produkt i industrien, det er like mykje utvikling av prosessar og arbeidsmåtar i offentleg og privat tenesteyting. Noreg har verdas høgste produktivitet mellom anna på grunn av vår evne til å utvikle arbeidsprosessar og ta i bruk nye metodar.

Difor er innovasjonspolitikk meir ein tenkemåte, ei haldning, eit fokus og etablering av incitament som det er konkrete løyvingar og lover.

9 tanker på “Innovasjon

  1. Tilbaketråkk: Twitter Trackbacks for Bård Vegar Solhjell sin blogg » Blog Archive » Innovasjon [bardvegar.no] on Topsy.com

  2. Innovasjon er jo nettopp noe annet enn verdiskapning og næringsutvikling!
    Det er nyskapning!

    Når en bedrift har klart å skape noe nytt og kommet inn i markedet er det andre instanser som skal hjelpe dem med å vokse. Det være seg marked, investorer og banker.

    Det er nyskapningen som er vanskelig å få finansiert.
    Dette må man ha mer fokus på!

    Lik

  3. Hei!
    Eg har vore på ein konferanse om sosialt entreprenørskap og innovasjon i dag i regi av KREM – Kreativt og mangfoldig arbeidsliv
    http://www.krem-norge.no/
    http://krem-norge.no/konferanse1/konferanse.pdf
    Her var det mange gode innlegg. Men det eg vil trekke fram her er Dag Petter Svendsen frå firmaet eMind som hadde eit innlegg om "Omtale av sosial innovasjon i den sosiale mediesfæren". Han hadde gjort ei analyse av m.a. kven som skriv om sosial innovasjon i dei sosiale media. Av dei som kom opp, så var det ein del tenketankar, Paul Chaffey, Venstre og deg. Ikkje mange og ikkje så mykje, men det er ein start. Og for meg som meiner temaet sosial entreprenørskap og innovasjon er viktig – særleg inn i det offentlege, – og som er opptatt av at SV er opptatt av det, så var det inspirerande å sjå navnet ditt her. Hald fram med ditt gode arbeid 🙂

    Lik

    • Hei, takk skal du ha, det var hyggeleg å høyre. Særleg sidan eg eg er blitt meir og meir oppteken av innovasjon, også sosial innovasjon, i det siste.

      Lik

  4. EU la nylig fram sin Innovasjonsmelding som en viktig del av sin vekst-strategi for Europa. Målet er å utvikle InnovasjonsUnionen som en strategisk tilnærming for å håndtere EUs utfordringer knyttet til forskning og innovasjon. Summen av tiltak vil innebære et vesentlig innovasjonsløft for næringslivet i EU.

    Dette må Norge ta på alvor. Vi må kjenne til det som skjer, og vi må la oss inspirere til en utvikling og styrking av vår egen – Norges – innovasjonspolitikk. Ellers kan en 19.plass på European Scorecard Index fort bli ”all time high”.
    http://bit.ly/cXWq7E

    Lik

  5. Tilbaketråkk: Srk to promote ?Ra.One? in Delhi metro | Darwin Awards 2007

  6. Tilbaketråkk: Items in ’12 Days of Christmas’ now top $100K (Providence Journal) « recegysedugy

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s