Nato-toppmøtet i Lisboa

Det har vore NATO-toppmøte i Lisboa i helga, og i samband med det hadde eg denne kronikken på trykk i Aftenposten på fredag:

Atomvåpen må avskaffast
Det er natt til 6.august 1945 på Tinian-øya i stillehavet. Bombeflyet Enola Gay – eit B29 – tar av mot Hiroshima. Det ber på ei 4 tong tung atombombe av uran. Klokka 08.15 eksploderer den 600 meter over bakken i sentrum av Hiroshima.

På freds- og minnemuseet i Hiroshima finst det to modellar av byen. Ein frå rett før bomba gjekk av, ein frå kort tid etter. Den første modellen viser eit levande, tettbygd bysentrum. Den andre viser ein ørken med spreidde restar av hus og bygningar.

Utanriks- og forsvarskomiteen får i samband med vårt besøk til museet høve til å møte Seiko Ikeda, 77 år gamal overlevande etter angrepet. Ho fortel oss om det ho som 12-åring opplevde denne morgonen, om lag 1.5 kilometer frå atombombas episenter:
”Eg vart brått omringa av ein valdsam lyd og eit sterkt lys, og vart reve overende. Alt vart svart, eg mista medvitet. Då eg vakna var kleda mine vekk, bitar av dei hang fast i kroppen. Håret og kroppen min var brent. Skinnet var borte frå kropp og ansikt.
Eg skreik etter hjelp, men det var berre lik og brente lemmer overalt. At eg var naken hadde eg ikkje energi til å tenke på. Eg følte først sorg over dei døde, men mista eg også denne menneskelege kjensla. Det var for mykje død.” (basert på mine notat frå møtet)

Det var om lag 350.000 menneske i Hiroshima då atombomba vart slept. Pr desember 1945 hadde om lag 140.000 av dei mista livet, i hovudsak på tre vis. Sjokkbølja frå atombomba skaper eit enormt trykk og ein vind på opp til 440 m/s. Det er nok til å ta livet av menneske og øydeleggje så og seie alle bygningar i ein radius på 1.5-2 kilometer. Ei ildkule med diameter på 280 meter skaper ein temperatur på bakken på opp til 3-4000C (jern smeltar ved 1536C). Stort sett alle klede, trehus og trær tok fyr opp til 2 km unna episenteret, og overflata på takstein smelta 0.5 km unna. Utallige menneske døydde av å bli brent opp på staden. Mange av dei som var innan ein km frå bomba døydde også i løpet av dei neste månedane av radioaktiv stråling.

I ein diskusjon om atomvåpen finst det berre eit moralsk akseptabelt standpunkt. Atomvåpen må avskaffast. Vi må ha eit internasjonalt forbod om atomvåpen og det internasjonale samfunn må overvake at det ikkje vert utvikla nye. Våpen og anlegga som produserer dei må øydeleggast. Så enkelt. Og så vanskeleg.

I perioden etter den kalde krigens slutt gjorde verda store framsteg i arbeidet med nedrustning, og atomvåpenarsenala vart kraftig redusert. Etter nokre år med stillstand er det no ny kraft i den internasjonale nedrustningsdiskusjonen. 

Den norske regjeringas posisjon er endra, og Noreg står no bak den visjonen som er eit naudsynt mål for arbeidet mot. I regjeringsplattforma heiter det at: ”Regjeringa skal arbeide for en verden fri for kjernevåpen og andre masseødeleggelsesvåpen gjennom forpliktende avtaler som omfatter alle land. Og vidare: ”Vi vil ta initiativ til en
diskusjon i NATO om hvordan alliansen kan bidra til å realisere målet om en
verden uten atomvåpen gjennom forpliktelser som omfatter alle land. Spørsmålet om atomvåpnenes rolle i alliansen vil være en viktig del av dette arbeidet.

Det at Håkon Lie sitt parti står saman med Finn Gustavsen sitt parti om dette er i seg sjølv eit viktig framsteg. Det viktigaste framsteget dei siste åra er likevel den meir offensive amerikanske haldninga. Barack Obama sin visjon om avskaffing av atomvåpen og lovnaden om ikkje å bruke atomvåpen mot land som ikkje har det sjølv skaffa han Nobels fredspris. Vi ser eit klimaskifte i den internasjonale retorikken og interessa for temaet. Ei rekke tidlegare toppolitikarar, frå Henry Kissinger til Gro Harlem Brundtland og Kåre Willoch, har engasjert seg i målet om å avskaffe atomvåpen og teke til orde for handling for å nå målet. Internasjonal fredsrørsle, i Noreg representert ved Nei til atomvåpen,  har lenge foreslått ein konvensjon mot atomvåpen. Over 30 millionar underskrifter er samla inn til støtte for kravet.

I lys av dette er det skuffande at NATO ikkje ser ut til å følgje opp det nye engasjementet mot atomvåpen som mange land, organisasjonar og politikarar har.

19.-20 november er det NATO-toppmøte i Lisboa der ein skal vedta eit nytt strategisk konsept. Dette er NATOs høgaste styringsdokument utanom sjølve traktaten.

Det er positivt at Noreg og andre har fått gjennom at arbeidet mot kjernevåpen skal ha auka vekt. Det er også positivt om det vert semje om at NATO ikkje skal bruke atomvåpen mot land som ikkje har det. Det vert vidare lagt opp til ein gjennomgang av atomvåpen si rolle i NATO i tida etter toppmøtet.

Men det viktigaste gjenstår. NATOs opning for førstebruk av atomvåpen mot andre er moralsk forkasteleg og meiningslaust. Dersom ein erkjenner konsekvensane av ein atomkrig, kan ikkje noko menneske setje denne i gang. I så fall er ein trussel om det meiningslaus. Ei doktrine om ikkje-førstebruk vil spele ei viktig rolle. Det har ein innebygd nedrustningslogikk: Atomvåpen berre kan brukast om andre bruker sine først. Det betyr at ein ikkje vil trenge atomvåpen om ingen andre har det heller.

NATOs atomvåpenstrategi må endrast. Det er også eit naudsynt skritt for å sette fart i det internasjonale nedrustningsarbeidet. Det internasjonale regimet for å hindre spreiing, NPT, er under press. Viktige land har ikkje underteikna avtalen om prøvestans. Ei endring i NATO vil vere viktig for å få til framgang på desse områda.

Eg vonar at vi etter toppmøtet skal sjå eit NATO som i større grad erkjenner at nedrustning er viktig, ønskjer å inngå i internasjonalt, forpliktande avtalar om å bygge ned våpenarsenala og tek leiinga i desse spørsmåla. Det vil berre skje om fredsrørsle pressar på for det, og regjeringar som den norske tek det på alvor.

Det er no ein sterk trong for internasjonalt leiarskap for nedrustning. Noreg kan vere ein slik leiar  Vi bør arbeide langsiktig for ein internasjonal konvensjon som forbyr atomvåpen samt eit overvakingsregime rundt dette forbodet. Vi må arbeide for å endre NATOs atomvåpenstrategi, og å styrke dei internasjonale regima som skal hindre spreiing og prøvesprenging. Vi må arbeide for avtalar som kan redusere talet på atomvåpen.

Så enkel, og så vanskeleg, er vegen mot ei tryggare verd utan kjernefysiske våpen.

Meg om ambassade-overvaking i Stortinget

På onsdag gjorde Knut Storberget greie for saka ambassadeovervakinga i Stortinget. Du finn heile referatet frå denne møtet her. Det var ein kommentarrunde med dei parlamentariske leiarane etterpå, og her er det eg sa:

Lat meg først begynne med å slå fast at òg i 2010 verkar Lund-kommisjonen, fordi justisministeren på eige initiativ har kome til Stortinget og gjeve ei svært grundig og god og detaljert utgreiing for dei faktiske forholda, og fordi alle dei bakgrunnsdokumenta han omtaler, vert offentlege gjorde og kan debatterast offentleg etter dette. Den siste vekas debatt har vist at det er breiare einigheit enn det har vore før i Noreg om at andre lands ambassadar i Noreg skal følgje norsk lov, same kva land det gjeld.

Men det reiser òg ein del spørsmål. Etter å ha høyrt utgreiinga må eg seie at eg spør meg om vi framleis har eit PST-problem i Noreg knytt til dei hemmelege tenestene. Eg registrerer altså at det frå 2000, då vi får den første informasjonen, er bekymring i PST, men ingen beskjed til politisk nivå. I 2003 vert saka teken opp av ein stortingsrepresentant som er bekymra, men ingen beskjed oppover til den politiske leiinga i Justisdepartementet. I 2006 tek eit anna lands teneste kontakt gjennom eit brev til PST, der det er ei bekymring, men ingen beskjed oppover til den politiske leiinga. I 2007 går det fram at mykje av saksforholdet er kjent. Det vert teke kontakt med UD på administrativt nivå, men ingen beskjed oppover til den politiske leiinga.

Erfaringa mi med embetsverket er at ein informerer oppover til politisk leiing når ein er i tvil, og her kan det verke som om det har vore slik at når ein er i tvil, lèt ein vere å informere oppover. Eg merkte meg òg at Oslo politidistrikt – klart sitert i utgreiinga – seier at dette er forhold som burde vore handterte på eit anna nivå, på politisk nivå. Det må følgjast opp.

Det andre spørsmålet som må følgjast opp, er sjølvsagt forholdet til lov og rett. Eg meiner det er riktig at ein i utgreiinga på ein ryddig måte går igjennom kva departementet meiner er lov og kva som ikkje er lov ifølgje folkeretten og norsk lov, at ein gjer greie for kva amerikanske myndigheiter har bedt om å få gjere og ikkje bedt om å få gjere i saka, og at det vert gjort ganske deskriptivt. Men no må vi sjølvsagt ha ein politisk diskusjon rundt det.

Eg forstår av utgreiinga at det ikkje på nokon måte er bedt om lov til programmet av norske politiske myndigheiter. Då kan ein spørje seg: Dersom ein annan framand stat etablerer eit overvakingsprogram i Noreg, leiger ei leilegheit og begynner å registrere folk i databasar, meiner Noreg at dei bør be norske myndigheiter om lov til det? Mitt og SVs svar på det er ja. Vi meiner andre lands myndigheiter bør be norske myndigheiter om lov. Så vil kanskje nokon seie: Vel, det var i tråd med folkeretten og norsk lovgjeving. Ja, dersom det ikkje var i tråd med folkeretten og norsk lovgjeving, burde dei ikkje be om lov, for då var det ikkje eingong aktuelt å setje i gang. Men lovlege tiltak av denne graden burde det vere norske politiske myndigheiter som godkjenner. Derfor er eg òg glad for at det no vert teke initiativ frå justisministeren til å gå inn i ein prosess rundt det.

Til slutt registrerer eg at justisministeren langt på veg seier at det er departementet si vurdering at det å leige eit rom utanfor ein ambassade for å observere, ta bilete, registrere, samle informasjon og bruke dette i ein database i heimlandet er legalt.

Eg føler at det vidare er nødvendig å føre ein debatt om kva som er ei riktig forståing av lova, og eg ser fram til ein god debatt om det. Men eg trur òg det er riktig å føre ein debatt om kva vi meiner er rimeleg og riktig. Bør norske borgarar som f.eks. passerer utafor ein ambassade, demonstrerer utanfor – anten det er den amerikanske eller den iranske – kunne oppleve noko slikt som dette? Er det rett og rimeleg for norske borgarar? Det må verte ein viktig del av debatten.

Heilt til slutt vil eg gje ros for at det vert gjeve ei retning for kva tiltak ein vil setje i verk. Eg ser fram til den vidare debatten, og frå SVs side meiner vi det er naturleg at saka vert behandla i ein komité i Stortinget.

Overvåking

Eg ser den danske serien Borgen på TV. Forrige episode handla om at amerikanske fangefly mellomlanda på ulovleg på Grønland utan dansk godkjenning. Det vert avslørt av dansk fjernsyn. Politikarane har ikkje godkjent det, men mange embedsfolk kjenner til det. Politikarane er rysta, men svarer unnvikande og bortforklårer at dei ser mellom fingrane med amerikanarane. 

TV2 si avsløring av mulig ulovleg ameriknask overvåking frå ambassaden kom to dagar etter, og var som eit ekko av episoden – berre med eit litt betre plott. Debatten om avsløringa kunne også vore eit ekko, men blei det ikkje. For noko interessant skjedde. Alle parti, frå venstre til høgre, sa at det var uakseptabelt dersom det var rett, og at dei same reglane måtte gjelde for alle framande makter på norsk jord.

Tenk det. For eit par-tre tiår sidan hadde vreden fort vendt seg mot dei som avslørte noko slikt. Det er 33 år sidan SV-toppar si avsløring av den amerikanske lyttestasjonen Loran C i valkampen i 1977. Det førte til ramaskrik og unison fordømming frå alle medier og parti. No er det altså unison semje om at USA må følge norsk lov. Det er eit framsteg, SV har fått rett.

Men tru meg, eg er ikkje naiv. Eg trur ikkje det betyr at alle desse partia, langt mindre dei hemmelege tenestene, vil stå opp for dette når det verkeleg gjeld. Det gjenstår mykje på politikken sjølv om det er gjort store framsteg i retorikken