Nato-toppmøtet i Lisboa

Det har vore NATO-toppmøte i Lisboa i helga, og i samband med det hadde eg denne kronikken på trykk i Aftenposten på fredag:

Atomvåpen må avskaffast
Det er natt til 6.august 1945 på Tinian-øya i stillehavet. Bombeflyet Enola Gay – eit B29 – tar av mot Hiroshima. Det ber på ei 4 tong tung atombombe av uran. Klokka 08.15 eksploderer den 600 meter over bakken i sentrum av Hiroshima.

På freds- og minnemuseet i Hiroshima finst det to modellar av byen. Ein frå rett før bomba gjekk av, ein frå kort tid etter. Den første modellen viser eit levande, tettbygd bysentrum. Den andre viser ein ørken med spreidde restar av hus og bygningar.

Utanriks- og forsvarskomiteen får i samband med vårt besøk til museet høve til å møte Seiko Ikeda, 77 år gamal overlevande etter angrepet. Ho fortel oss om det ho som 12-åring opplevde denne morgonen, om lag 1.5 kilometer frå atombombas episenter:
”Eg vart brått omringa av ein valdsam lyd og eit sterkt lys, og vart reve overende. Alt vart svart, eg mista medvitet. Då eg vakna var kleda mine vekk, bitar av dei hang fast i kroppen. Håret og kroppen min var brent. Skinnet var borte frå kropp og ansikt.
Eg skreik etter hjelp, men det var berre lik og brente lemmer overalt. At eg var naken hadde eg ikkje energi til å tenke på. Eg følte først sorg over dei døde, men mista eg også denne menneskelege kjensla. Det var for mykje død.” (basert på mine notat frå møtet)

Det var om lag 350.000 menneske i Hiroshima då atombomba vart slept. Pr desember 1945 hadde om lag 140.000 av dei mista livet, i hovudsak på tre vis. Sjokkbølja frå atombomba skaper eit enormt trykk og ein vind på opp til 440 m/s. Det er nok til å ta livet av menneske og øydeleggje så og seie alle bygningar i ein radius på 1.5-2 kilometer. Ei ildkule med diameter på 280 meter skaper ein temperatur på bakken på opp til 3-4000C (jern smeltar ved 1536C). Stort sett alle klede, trehus og trær tok fyr opp til 2 km unna episenteret, og overflata på takstein smelta 0.5 km unna. Utallige menneske døydde av å bli brent opp på staden. Mange av dei som var innan ein km frå bomba døydde også i løpet av dei neste månedane av radioaktiv stråling.

I ein diskusjon om atomvåpen finst det berre eit moralsk akseptabelt standpunkt. Atomvåpen må avskaffast. Vi må ha eit internasjonalt forbod om atomvåpen og det internasjonale samfunn må overvake at det ikkje vert utvikla nye. Våpen og anlegga som produserer dei må øydeleggast. Så enkelt. Og så vanskeleg.

I perioden etter den kalde krigens slutt gjorde verda store framsteg i arbeidet med nedrustning, og atomvåpenarsenala vart kraftig redusert. Etter nokre år med stillstand er det no ny kraft i den internasjonale nedrustningsdiskusjonen. 

Den norske regjeringas posisjon er endra, og Noreg står no bak den visjonen som er eit naudsynt mål for arbeidet mot. I regjeringsplattforma heiter det at: ”Regjeringa skal arbeide for en verden fri for kjernevåpen og andre masseødeleggelsesvåpen gjennom forpliktende avtaler som omfatter alle land. Og vidare: ”Vi vil ta initiativ til en
diskusjon i NATO om hvordan alliansen kan bidra til å realisere målet om en
verden uten atomvåpen gjennom forpliktelser som omfatter alle land. Spørsmålet om atomvåpnenes rolle i alliansen vil være en viktig del av dette arbeidet.

Det at Håkon Lie sitt parti står saman med Finn Gustavsen sitt parti om dette er i seg sjølv eit viktig framsteg. Det viktigaste framsteget dei siste åra er likevel den meir offensive amerikanske haldninga. Barack Obama sin visjon om avskaffing av atomvåpen og lovnaden om ikkje å bruke atomvåpen mot land som ikkje har det sjølv skaffa han Nobels fredspris. Vi ser eit klimaskifte i den internasjonale retorikken og interessa for temaet. Ei rekke tidlegare toppolitikarar, frå Henry Kissinger til Gro Harlem Brundtland og Kåre Willoch, har engasjert seg i målet om å avskaffe atomvåpen og teke til orde for handling for å nå målet. Internasjonal fredsrørsle, i Noreg representert ved Nei til atomvåpen,  har lenge foreslått ein konvensjon mot atomvåpen. Over 30 millionar underskrifter er samla inn til støtte for kravet.

I lys av dette er det skuffande at NATO ikkje ser ut til å følgje opp det nye engasjementet mot atomvåpen som mange land, organisasjonar og politikarar har.

19.-20 november er det NATO-toppmøte i Lisboa der ein skal vedta eit nytt strategisk konsept. Dette er NATOs høgaste styringsdokument utanom sjølve traktaten.

Det er positivt at Noreg og andre har fått gjennom at arbeidet mot kjernevåpen skal ha auka vekt. Det er også positivt om det vert semje om at NATO ikkje skal bruke atomvåpen mot land som ikkje har det. Det vert vidare lagt opp til ein gjennomgang av atomvåpen si rolle i NATO i tida etter toppmøtet.

Men det viktigaste gjenstår. NATOs opning for førstebruk av atomvåpen mot andre er moralsk forkasteleg og meiningslaust. Dersom ein erkjenner konsekvensane av ein atomkrig, kan ikkje noko menneske setje denne i gang. I så fall er ein trussel om det meiningslaus. Ei doktrine om ikkje-førstebruk vil spele ei viktig rolle. Det har ein innebygd nedrustningslogikk: Atomvåpen berre kan brukast om andre bruker sine først. Det betyr at ein ikkje vil trenge atomvåpen om ingen andre har det heller.

NATOs atomvåpenstrategi må endrast. Det er også eit naudsynt skritt for å sette fart i det internasjonale nedrustningsarbeidet. Det internasjonale regimet for å hindre spreiing, NPT, er under press. Viktige land har ikkje underteikna avtalen om prøvestans. Ei endring i NATO vil vere viktig for å få til framgang på desse områda.

Eg vonar at vi etter toppmøtet skal sjå eit NATO som i større grad erkjenner at nedrustning er viktig, ønskjer å inngå i internasjonalt, forpliktande avtalar om å bygge ned våpenarsenala og tek leiinga i desse spørsmåla. Det vil berre skje om fredsrørsle pressar på for det, og regjeringar som den norske tek det på alvor.

Det er no ein sterk trong for internasjonalt leiarskap for nedrustning. Noreg kan vere ein slik leiar  Vi bør arbeide langsiktig for ein internasjonal konvensjon som forbyr atomvåpen samt eit overvakingsregime rundt dette forbodet. Vi må arbeide for å endre NATOs atomvåpenstrategi, og å styrke dei internasjonale regima som skal hindre spreiing og prøvesprenging. Vi må arbeide for avtalar som kan redusere talet på atomvåpen.

Så enkel, og så vanskeleg, er vegen mot ei tryggare verd utan kjernefysiske våpen.

Én tanke på “Nato-toppmøtet i Lisboa

  1. Hva med Iran og Nord Korea? Iran har jo sagt mange gonger at dei skal sprenge Israel til fillebiter, hva hvis dei sender ei bombe til Israel og til USA? Eller hvis Nord Korea får til å bygge ei bombe hva hvis den blir sendt til USA?

    I utgangspunktet skulle bomba aldri våre oppfunnen, men hvis den ikkje hadde våre brukt ville krigen vart lenger og den ville våre blodigere. Me treng bomba som en sikkerhet mot Radikal Islam og mot land som Nord Korea. USA vil aldri destruere bombene sine, eg trur dei forlater NATO før det.

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s