Ein ny narkotikapolitikk

Det er om lag 250 menneske som døyr av overdose kvart år. Det er litt færre enn dei som døyr i trafikken årleg.

Med særs god grunn engasjerer vi oss sterkt i trafikkulukker og dødfall. Det gjer voldsomt inntrykk, ei trafikkulukke har «det kunne vore meg» skrive med store bokstavar over seg. Vi markerer dødsfalla, og debatterer friskt korleis vi kan redusere talet på dødsfall. Med god grunn. Vi har fått til ein nedgong. Det gjer oss ikkje nøgde, berre motivert for å gjere meir.

Men når diskuterte du sist overdosedødsfall? Når vart det markert med lys, og når vart det tv-innslag av det? Sanninga er vel at dei fleste av oss kjenner at eit overdosedødfall har «det kunne ikkje vore meg» skrive med store bokstavar over seg. Det er ein rusmiddelavhengig som døyr, ein narkoman. Rusmiddelavhengige er, slik eg ser det, mellom dei mest stigmatiserte menneska i Noreg. Eg var nyleg til stades på eit foredrag av Thorvald Stoltenberg. «Ubeskrivelig diskriminering» kalte han den oppførselen han observerte overfor to rusmiddelavhengige i ein butikk.

I vår iver etter å arbeide mot narkotika har vi ofra dei narkomane. Det er utgangspunktet mitt når eg i Aftenposten 13.12 tek til orde for endringar i narkotikapolitikken. Vi må slutte å straffe bruk og besittelse av narkotika, men heller bruke rådgjeving, behandling og oppfølging. Vi må etablere stadar der rusmiddelavhengige kan få tverrfagleg hjelp og oppfølging, men også bruke det stoffet dei uansett kjem til å ta. Vi må sjå rus og psykiatri i samanheng. Vi må opne opp for betre og meir fleksibel bruk av legemiddel, og vi må akseptere at mange vil sprekke i behandlinga og treng ein ny sjanse. Vi må bygge ut bustadar, som er grunnlaget for å kome seg vidare frå livet på gata. Rismisbruket vil vere der. Vi må forhalde oss til det.

Det er ikkje mine eigne idear eg presenterer. Snarare tvert imot, eg presenterer nye og gamle meiningar som andre har arbeidd fram men som eg meiner er kloke. Det har berre sete veldig langt inne å få politiske parti og sentrale politikarar til å gå inn for det.

Mitt innspel handlar om dei rusmiddelavhengige sin situasjon. Det vil raskt få mange til å hevde at eg ikkje fokuserer på det som er viktigast, forebygging og behandling. Det er feil.

Forebygging er det viktigaste på nesten alle felt. Det er ein sterk forekomst av traumer, vald og andre vanskar i oppveksten blant dei som er rusmisbrukarar. Mange har vore i kontakt med barnevernet, men ofte for seint. Tidleg innsats gjennom eit styrka barnevern, ein barenhage som kan rapportere fleire bekymringar til barnevernet, ei betre skulehelseteneste og ei dreiing av politiarbeidet mot forebygging er blant dei viktigaste tiltaka for betre forebygging.

At behandlingssituasjonen er for dårleg er vel etablert. Vel 4000 i kø over mange år er uhaldbart. Det er umogeleg å lukkast med mange av dei tiltaka eg tek til orde for utan at ein kan kome raskare til behandling. Når motivasjonen er der må ein kunne få behandling, ikkje eit halv år etterpå.

Men; mange vil vere rusmiddelavhengige også i framtida. Deira situasjon må vi ta på alvor. Viktigheita av forebygging og ein veg ut av rusavhengigheit må ikkje stå i vegen for at vi gjer meir for liv og verdigheit for dei som lever med rusproblem.

Vi må få fleire rusavhengige vekk frå gata. Ikkje ved å rydde plata eller å sende dei rundt i byen, men gjennom å etablere det Stoltenbergutvalet kallar brukarstader i dei største byane. Dette er stadar der den enkelte misbrukar kan ta stoffet sitt (gjennom sprøyte eller ved å røyke heroin – ein viktig grunn til det høge talet på overdoser i Noreg er at så mange bruker sprøyter her), få helsehjelp og anna fagleg oppfølging samt kome i kontakt med behandlingsapparat. Brukarstaden vil vere ein frisone der ein kan få meir verdigheit i misbruksituasjonen, men også reint vatn, ascorbinsyre, medisinsk hjelp og anna som reduserer risikoen for overdose. Det er samstundes ein stad med sosialfagleg kompetanse. I dag har vi eit spøryterom. Det vert stadig foreslått lagt ned av byrådet i Oslo, det er ope frå 9-3 og er pålagt fullt av rigide grenser som ikkje fungerer i praksis. Vi bør i staden få brukarstader.

Vi må få større fleksibilitet i oppfølginga, slik 24/7 er eit døme på. Dette handlar også om ei rekke begrensningar som ligg der i dag og som eg set spørjeteikn ved. Det er tett samanheng mellom rus og psykiatri, men det er ikkje tette nok overgongar mellom dei to fagfelta i behandling og tilbod til den enkelte. Det er særs viktig med medisinsk behandling, det som heiter Legemiddelassistert Rehabilitering LAR. Det verkar likevel som det er stort behov for å sjå på fleksibiliteten i medisineringa for den enkelte, aksepten for sprekkar (som i dag hindrar mange frå t.d metadonbruk) og å basere behandlinga meir på tillit enn i dag. Å forsøke med bruk av heroin i behandling er eit døme på det, sjølv om det har lett for å få alt for stor vekt i debatten i høve tilkor fåpersonar det truleg er aktuelt for.

Vi må tilby folk ein bustad og ei tettare oppfølging rundt den. Ikkje minst etter behandling er det kritisk. I alt for mange tilfelle er behandling bortkasta fordi oppfølginga er for dårleg. Mange som kjem ut av behandling har ikkje eit sosialt nettverk utanom rusmiljøet. Det står ingen bustad, ingen base i livet, og ventar. Og gjer det det står det ikkje menneske rundt ein som kan bidra med ei anna retning enn tilbake på gata. Det må byggast ut eit omfattande oppfølgingsapparat og bustadar som rusavhengige kan bu i. Dagens busituasjon på hospits er dårleg, og fungerer som ei forlening av rusmiljøa.

Til sist bør vi ikkje bruke straff – fengsel eller bøter – for bruk og besittelse av stoff. Det framstår for meg meiningslaust at vi skal straffe dei mest slitne menneska i Oslo som set sprøyter nedanfor togstasjonen. Meiningslaust å bruke politiressursar på det, dei må brukast på forebyggande politiarbeid og å ta bakmenn. Meiningslaust at dei skal samle opp bøter som dei aldri kan betale. Tala varierer litt, men opp mot halvparten av dommane i Noreg har bakgrunn i narkotika. Mange har enkle forseelsar med seg på rullebladet, sterkt sosialt skeivfordelt og med konsekvensar som at dei ikkje kan tre inn i enkelt yrke. Eg har langt meir tru på politikken i Portugal, slik den er presentert både i Stoltenbergutvalet sin rapport og ein rapport frå den liberalistiske tankesmia The Cato Institute. Portugal har avkriminalisert bruk og besittelse, og erstatta straff med ei nemndordning som kan gje informasjon, tildele samfunnsstraff og oppfølging eller anbefale behandling. Det finst forsøk med liknande tiltak i Noreg også. Eg trur det verkar meir forebyggande enn straff.

Debatten om straff og narkotika er omfattande og har mange inngangar. Eit fleirtal i straffelovkommisjonen av 2002 foreslo å avkriminalisere bruk og besittelse, men forslaget vart ikkje lagt fram av departementet. Ingen parti støtta det heller. Ulike personar har teke til orde for ordningar med styrt omsetning. Ein av dei eg synest argumenterer godt er sosiologen Willy Pedersen. Ulike land har så ulike ordningar der ein held på eit forbod, men i praksis ikkje bruker straff særleg mykje. Eg vil ikkje legalisere narkotika. Eg vil erstatte

Dette er ikkje meint å vere starten på eit korstog mot dagens politikk, men starten på ein refleksjon eller debatt. Det er mange synspunkt i debatten, men på langt nær like klåre forskingsfunn som for alkohol. Siden narkotika er forbode er dei to jernlovene frå alkoholpolitikken – at pris og tilgjengelegheit påverkar forbruk – ikkje tilgjengelege for politikarane i direkte form.

Eg fryktar no at vi skal få det motsette av det vi treng. Vi treng ei verdireform, ei endring av måten vi ser på rusmiddelavhengige og vår vilje til å gje dei rettar, respekt og hjelp som andre. Det kan fort ende med at dei vanskelege forslaga – dei som utfordrar dagens verdisett – døyr i moralisering, medan vi står att med nokre strukturendringar. Ei ny flytting av boksar mellom forvaltningsnivåa er neppe det viktigaste i ruspolitikken framover.

Kvifor går eg ut med dette no, tenkjer du kanskje? Det er ein formell grunn. Stoltenbergutvalet sin rapport har høyringsfrist 7.januar. Det skal så lagast ei stortingsmelding, noko som gjer at alle parti må ta stilling til desse spørsmåla. Ulike politikarar har allereie vore på bana. SV må ha vår debatt. Dette er mitt bidrag til å starte den.

Det finst ein annan grunn også. Eg har gradvis blitt meir interessert i og endra syn på desse spørsmåla i løpet av fleire år. Då eg gjekk av som statsråd for eit drøyt år sidan hadde eg samla opp fleire slike tema der eg vera at noko var galt (eit anna tema kan du lese om her). Tema eg ville ta tak i, sette meg inn i og etter beste evne bidra til endring på.

Det siste året har eg difor besøkt plata, sprøyterom, institusjonar og ei avdeling for rusavhengige på ein sjukeheim i Stavanger. Eg har snakka med rusmisbrukarar, pårørande, forskarar, politifolk og tilsette i rusomsorgen. Eg har høyrt på organisasjonar med ulik inngang, som Actis og Foreningen for en human narkotikapolitikk og leiaren Arild Knutsen. Eg har lenge meint det eg no seier, men vegra meg for å gå ut med det og seie det.

Fordi det er kontroversielt? Eigentleg ikkje. Etter at eg gjorde intervjuet med Aftenposten på torsdag tenkte eg over det igjen. Grunnen til at eg har vegra meg (0g gruar meg litt til i morgon) er at eg trur mange vil hevde og tru at eg ikkje er så mot narkotika, at eg ser litt mellom fingrane med det, at eg ikkje tek heilt på alvor den store skrekka til mange av oss som har barn: At dei skal begynne med stoff.

Det er ein innebygd logikk i korleis vi tenkjer som ikkje så lett kan brytast: Nei til narkotika = Forbod = Straff dei som bryt forbodet. Eg fryktar at mange skal tenkje at dersom han seier nei til straff så seier han vel ja til narkotika.

Men det gjer eg ikkje. Eg trur ikkje straff er ein god måte å praktisere forbodet på. Eg trur det er med på å ofre menneske og stå i vegen for at dei kan oppnå ein verdigheit og eit noko betre grunnlag for å kome seg vidare, kanskje mot å bli rusfri. Eg trur hjelp er ein betre å måte å seie nei til narkotika på enn straff.

Det er ikkje ein spesielt liberal politikk, det er først og fremst ein human politikk.

Blaine L Reininger: Night Air

Amerikanaren Blaine L Reininger er det minst amerikanske eg kan tenke meg. Frå namnet til musikken er han 100% europeisk. Musikken er ofistikert, gamaldags, teatralsk og kompleks. Mannen er saktmodig og tenksam, med eit tysk namn. Han har budd i Europa frå tidleg i karrieren – i Rotterdam, Brussel, Italia og Hellas – og har stort sett hatt publikummet sitt her.

Reininger var, saman med Steven Brown, den drivande krafta i TuxedoMoon, som eg har skrive om før. Dei vart forma i San Fransisco og vaks fram på kunstrockscena der. Ettter få år flytta dei til Europa, og med base i Rotterdam skapte dei masse flott musikk i tiåret frå 1980 av: plater, men også musikk til ballett og film, i hovudsak på det Brussel-baserte selskapet Crammed Discs.

Reininger slutta i 82-83 grunna «usemje om den kunstnariske utviklinga» som det heiter. Han kom med ei serie av soloalbum, i ein synthbasert, europeisk poptradisjon. Han bytta selskap, så platene kom på Les Disques du Crepescule, også det eir Brusselbasert plateselskap.

Ei av desse, Night Air, står i ein klasse for seg sjølv. Vakre, svale popsongar, i ein distansert sound. Tekstar om kalde kveldar utan retning i europeiske storbyar. Summer er ei veldig europeisk plate. Samstundes er den full av pop-perler.

Reininger spelar fiolin. Utanom det er plata sterkt synthbasert og enkelt produsert. Like fullt høyrest den kraftfull og kompleks ut. Ei lite kjent men veldig flott 80-tals plate for deg som vil prøve noko nytt. Under er min favoritt «Birthday Song» og singelen «Mystery and Confusion»

Svar om Wikileaks

Eg kjem rett frå fredsprisutdelinga på rådhuset. Det var ei sterk oppleving med den tomme stolen og ein fin og spesiell tekst av Liu Xiabo lese opp av Liv Ullmann. Teksten – I have no enemies – var hans avlsuttande forsvar i samband med rettsaka mot han i 2009 der han vart dømt til 11 års fengsel. Eg vonar prisen vil styrke arbeidet med menneskerettar.

Tusen takk for mange kommentarar til min bloggpost om Wikileaks. Eg vil kommentere nokre av dei som fleire har teke opp som direkte spørsmål:

Samanliknar eg Liu Xiabo og Assange fordi eg trekk fram Kina og fredsprisen, spør fleire? Nei, ikkje dei to og ikkje Noreg og Kina. Eg vil snarare seie tvert imot. Poenget mitt er at dei to regima og situasjonane skal vere heilt like. I Kina – eit diktatur – mistar regimet sine kritikarar rettet til å ytre seg, vert demonisert og forføld og til slutt fengsla for noko som ikkje er kriminelt. I eit demokrati skal regimet sine kritikarar har rett til å ytre seg, bli møtt med motargument og ikkje  demonisering og ikkje bli dømt for sine ytringar. Som Vampus skriv på ein god måte i sin bloggpost: «Men forskjellen på demokratiske stater og røverstater har da aldri vært at demokratiske stater er feilfrie. Forskjellen er måten man behandler sine kritikere og hvordan det reageres på når feil avdekkes. Frem til nå har man kunnet skille liberale demokratier og diktaturer ved at diktaturer fengslet og drepte budbringerne av dårlige nyheter, mens demokratier etterforsket og evaluerte seg selv for å ikke gjøre lignende feil igjen»

Det er difor ikkje Wikilekas som trugar demokratiet, men den måten dei vert møtt på av mange lands myndigheitar, politikarar og andre.

Så spør både Thomas og Karl Magne om kvifor eg forsvarer ytringsfridomen her, men tier i saka om Muhammed-karikaturane. Det gjorde eg imidlertid ikkje. Her kan du lese om min bodskap i den debatten, som eg meiner var heilt i tråd med min bodskap i denne debatten.

Til sist lurer Stig på om eg ikkje kan skrive på bokmål. Svaret på det er nei. Kan du skrive på nynorsk Stig:-)

Eit forsvar for Wikileaks

Eg kan ikkje vere den einaste som er litt rysta over den massive demoniseringa av Wikileaks. Internasjonalt er det gått heilt bananas. Politikarar som Mike Huckabee og Sarah Palin snakkar om henhaldsvis dødsstraff og samanliknar med Al-Qaida, rådgjevaren til den kanadiske statsministeren ville ha ein «fatwa» mot Assange (sjå Aftenposten) og ein sentral kommentator i Washington Post som Charles Krauthammer skriv dette. Enno verre er det at fleire land vil vedta lovgivning som hindrar dei å operere, at amerikanske instituasjonar ber folk om ikkje å besøke sidene deira og at dei mistar kommersielle samarbeidspartnarar som bankar og Paypal.

Er vi totalt ute av stand til å halde ein spegel opp foran oss sjølve og sjå korleid dette ser ut, berre dagar før vi skal dele ut fredsprisen til Liu Xiabo?

Mange er høge og mørke om ytringsfridomen i Kina og Iran, men i den augneblinken det rammar vestlege myndigheiter går rullegardina ned.

Gjennom historia har makta – som eg som stortingspolitikar er ein del av – alltid motsett seg meir openheit. Og tapt. Eg trur ikkje vi angrar ved ein einaste korsveg. Makta har alltid fordømt lekkasjar. Men var lekkasjane som avslørte at USA visste om at Irak ikkje hadde masseøydeleggingsvåpen feil? Var lekkasjane som leidde til ein ny gjennomgang av Treholtsaka feil?

Vi må tåle å bli eksponert for ytringsfridomen sjølv, med eit innhald og metodar vi ikkje alltid likar. Det er då du får testa om du verkeleg forsvarer den.

Eg ser på  angrepa på Wikileaks som angrep på openheit og ytringsfridomen. Eg er ikkje samd i alt Wikilekas gjer, og meiner det skal vere mogeleg med hemmeleg rapportering frå ambassadar til UD. Men eg vil forsvare retten Wikileaks eller aviser har til å offentleggjere viktig informasjon som kan avsløre lovbrot, maktmisbruk eller viktig offentleg informasjon.

Det gjer dei no på ein måte som framstår seriøs og gjennomarbeida. Det er målretta lekkasjar i samarbeid med verdas beste aviser som må følge redaktørplakaten og gjere ei vurdering av innhaldet før dei publiserer. Mange uviktige ting kjem fram, men så langt ikkje noko eg kan sjå trugar verdsfreden. Og viktigast: Det kjem fram ein heil del viktig. Denne informasjonen bør så kritisk vurderast og må tåle å testast mot andre versjonar og anna informasjon i offentlegheita.

Det er verdt å minne om formålsparagrafen til Wikileaks: “Our primary interest is in exposing oppressive regimes in Asia, the former Soviet bloc, sub-Saharan Africa and the Middle East, but we also expect to be of assistance to people of all regions who wish to reveal unethical behaviour in their governments and corporations.”

Heldigvis kjem det no ei rekke reflekterte analysar som kritiserer den internasjonale fordømminga.

Fra The Guardian: “What WikiLeaks is really exposing is the extent to which the western democratic system has been hollowed out. In the last decade its political elites have been shown to be incompetent (Ireland, the US and UK in not regulating banks); corrupt (all governments in relation to the arms trade); or recklessly militaristic (the US and UK in Iraq). And yet nowhere have they been called to account in any effective way. Instead they have obfuscated, lied or blustered their way through. And when, finally, the veil of secrecy is lifted, their reflex reaction is to kill the messenger.”

Jon Wessel Aas skriv her. The Economist har som vanleg ei sakleg og realistisk tilnærming

PISA ute av skapet

Så er PISA 2009 presentert.

Det er som eit spøkelse er ute av skapet. Svartmalinga av norsk skule har i stor grad basert seg på fleire runder med svake og fallande resultat. PISA har blitt tolka som ein total dom over norsk skule. PISA-undersøkinga er ein god og gjennomarbeida studie av viktige dugleikar og fag som lesing, matematikk og naturfag. Ikkje minst lesing er ein viktig basis for å skaffe seg anna kunnskap og fungere godt i samfunns- og arbeidsliv. Samstundes seier PISA lite eller ingenting om andre viktige trekk ved skulen, som trivsel, dei kreative og praktiske faga eller i kva grad norsk elevar tek i bruk ny teknologi.

Det viktigaste med dagens resultat er at lærarar, rektorarar og andre skulefolk i Noreg kan rette ryggen. Dei har gjort jobben som gjer at vi er på rett veg. Vi politikarar kan krangle om kven som har æra. «Fiaskoer har ingen foreldre, men suksesser har mange foreldre» var Kristin Halvorsen sin treffande kommentar til at Høgre meiner dei sjølv og kunnskapsløftet har hovudæra.

Eg eg er både glad og letta for resultatat, for det viser klår framgang for norske skuleelevar i lesing, rekning og naturfag. I lesing er framgongen stor, og vi ligg klårt over OECD-snittet. I mattematikk og naturfag er framgongen mindre, og vi ligg om lag på snittet i OECD. I norden er Finland, som har fått ein nesten magisk status i skulepolitikken, framleis klårt fremst (dei er også på topp internasjonalt, saman med Korea) medan Noreg no er nest beste nasjon. Kortversjonen av resultata finn du her. Viktigare enn denne rankinglista er kanskje nokre andre tilhøve:

Pila peikar riktig veg, og det nokså klårt. I Sverige går resultata feil veg. Det er interessant å samanlikne med dei som har mange år med borgarleg skulepolitikk bak seg. Sverige har satsa på fleire privatskular, nivåinndeling og fritt skuleval, og har fått større grad av segregering i skulen. Det er ei oppskrift OECD åtvarar mot i materialet, der dei viser til at skulesystem med like muligheiter og lite segregering av elevar i ulike skular og klassar gjer det best.

Skulen er ikkje god nok til å redusere sosiale skilnadar. Det er for stor skilnad i resultat basert på elevane sin bakgrunn. Men den norske skulen er betre på å redusere sosial ulikskap enn skulen i dei fleste andre OECD-land. Samsundes viser undersøkingar at Noreg og Finland skil seg ut som dei landa som har minst skilnadar i resultat mellom skular, og størst skilnad innan skulen. Dette er eit teikn på lite segregering, og at vi har ein sterk fellesskule. Det er eit viktig trekk ved land som gjer det bra. Den dyktige forskaren som har leia arbeidet med PISA i Noreg, Marit Kjærnli, heldt ein presentasjon som viser dette godt på side 26 og 27.

Til sist vil eg legge til to ting. Politikk virkar, dersom det er rett politikk. I 5 år har vi fokusert på tidleg innsats og lesing, på kompetanseheving av lærarar, på å styrke skuleleiing og sunn bruk av kartleggingsprøver og nasjonale prøver. Vi har gjort det utan privatisering, nivådelding av klassar eller andre tiltak som forskinga åtvarar mot. Det har virka.

Politikken virkar, PISA var bra, men nor gjeld det å ikkje legge for stor vekt på den. Vi skal halde fram med den satsinga, men PISA må ikkje gå til hovudet på oss. Vi må våge å ha eit sterkt fokus på trivsel og mobbing, på fråfall i vidaregåande skule og på kreativitet i skulen. Det er viktige sider ved ein god skule som ikkje blir målt i PISA og ikkje må gå tapt. Tvert imot, kreativitet og kultur i skulen til dømes fortener ei kraftfull satsing.