PISA ute av skapet

Så er PISA 2009 presentert.

Det er som eit spøkelse er ute av skapet. Svartmalinga av norsk skule har i stor grad basert seg på fleire runder med svake og fallande resultat. PISA har blitt tolka som ein total dom over norsk skule. PISA-undersøkinga er ein god og gjennomarbeida studie av viktige dugleikar og fag som lesing, matematikk og naturfag. Ikkje minst lesing er ein viktig basis for å skaffe seg anna kunnskap og fungere godt i samfunns- og arbeidsliv. Samstundes seier PISA lite eller ingenting om andre viktige trekk ved skulen, som trivsel, dei kreative og praktiske faga eller i kva grad norsk elevar tek i bruk ny teknologi.

Det viktigaste med dagens resultat er at lærarar, rektorarar og andre skulefolk i Noreg kan rette ryggen. Dei har gjort jobben som gjer at vi er på rett veg. Vi politikarar kan krangle om kven som har æra. «Fiaskoer har ingen foreldre, men suksesser har mange foreldre» var Kristin Halvorsen sin treffande kommentar til at Høgre meiner dei sjølv og kunnskapsløftet har hovudæra.

Eg eg er både glad og letta for resultatat, for det viser klår framgang for norske skuleelevar i lesing, rekning og naturfag. I lesing er framgongen stor, og vi ligg klårt over OECD-snittet. I mattematikk og naturfag er framgongen mindre, og vi ligg om lag på snittet i OECD. I norden er Finland, som har fått ein nesten magisk status i skulepolitikken, framleis klårt fremst (dei er også på topp internasjonalt, saman med Korea) medan Noreg no er nest beste nasjon. Kortversjonen av resultata finn du her. Viktigare enn denne rankinglista er kanskje nokre andre tilhøve:

Pila peikar riktig veg, og det nokså klårt. I Sverige går resultata feil veg. Det er interessant å samanlikne med dei som har mange år med borgarleg skulepolitikk bak seg. Sverige har satsa på fleire privatskular, nivåinndeling og fritt skuleval, og har fått større grad av segregering i skulen. Det er ei oppskrift OECD åtvarar mot i materialet, der dei viser til at skulesystem med like muligheiter og lite segregering av elevar i ulike skular og klassar gjer det best.

Skulen er ikkje god nok til å redusere sosiale skilnadar. Det er for stor skilnad i resultat basert på elevane sin bakgrunn. Men den norske skulen er betre på å redusere sosial ulikskap enn skulen i dei fleste andre OECD-land. Samsundes viser undersøkingar at Noreg og Finland skil seg ut som dei landa som har minst skilnadar i resultat mellom skular, og størst skilnad innan skulen. Dette er eit teikn på lite segregering, og at vi har ein sterk fellesskule. Det er eit viktig trekk ved land som gjer det bra. Den dyktige forskaren som har leia arbeidet med PISA i Noreg, Marit Kjærnli, heldt ein presentasjon som viser dette godt på side 26 og 27.

Til sist vil eg legge til to ting. Politikk virkar, dersom det er rett politikk. I 5 år har vi fokusert på tidleg innsats og lesing, på kompetanseheving av lærarar, på å styrke skuleleiing og sunn bruk av kartleggingsprøver og nasjonale prøver. Vi har gjort det utan privatisering, nivådelding av klassar eller andre tiltak som forskinga åtvarar mot. Det har virka.

Politikken virkar, PISA var bra, men nor gjeld det å ikkje legge for stor vekt på den. Vi skal halde fram med den satsinga, men PISA må ikkje gå til hovudet på oss. Vi må våge å ha eit sterkt fokus på trivsel og mobbing, på fråfall i vidaregåande skule og på kreativitet i skulen. Det er viktige sider ved ein god skule som ikkje blir målt i PISA og ikkje må gå tapt. Tvert imot, kreativitet og kultur i skulen til dømes fortener ei kraftfull satsing.

10 tanker på “PISA ute av skapet

  1. Tilbaketråkk: Twitter Trackbacks for Bård Vegar Solhjell sin blogg » Blog Archive » PISA ute av skapet [bardvegar.no] on Topsy.com

  2. Det er ikkje tvil om at lesing, matematikk og naturfag er viktig i skulen. Det at Noreg no har stege oppover i PISA undersøkjelsen, og er blant topp 10 er sjølvsagt veldig positivt. Eg er også enig med deg, om at PISA ikkje må komme til hovudet på oss. Om ein elev kan lese, reikne matematikk og er god i naturfag, er det ikkje stadfesta om han trivast på skulen. Det hadde vore interessant å sett korleis resultatet blei etter ein undersøkjelse rundt trivsel på skulen, og om dette samsvare med dagens resultat. Og da kan ein jo spørre om kva som er det viktigaste.

    Lik

  3. Det er interessant å sjå at Finland også denne gongen toppar PISA-lista. Eg blir særs nysgjerrig, og tenkjer at det er eit studium verd å sjå på kva for faktorar som gir finsk skole det same gode resultatet gong etter gong? Ryktet seier at finsk skole ikkje er så opptatt av å reformere seg til ei kvar tid, at han er noko gammaldags og konservativ, at han satsar på godt utdanna faglærarer (lektorkompetanse) og ikkje tenkjer at elevar på dei lågaste trinna har best av ha ein og same lærar i alle fag sjølv om han ikkje er så fagleg god. Ryktet seier og at finsk skole ikkje er så opptatt anten av PISA-undersøkingar eller nasjonale prøver og at ein i finsk skole set inn spesialpedagogiske tiltak på eit tidleg stadium.

    Kan hende dei brukar det meste av tida rett og slett på å undervise i fag den einskilde lærar er god i, på å halde konstruktiv arbeidsro i klassen slik at elevane trivst og opplever læring? Kan hende får finske elevar tidleg hjelp til det dei slit med, slik at det ikkje blir så mange skoletaparar?

    Kan hende har dei finske lærarane gode vilkår og høg status, noko som gjer at dei er stolte over å arbeide i den finske skolen?

    Lik

  4. Grunnen til at Finland gjør det bra er at de har faglig sterke lærere. De er faglærere og ikke allmennlærere. Tilbake til lektorene. Jeg er så trett av to ting. Den første er mantraen om å "kunne lære fra seg". Sikkert er det forskjeller i folks evner her, men poenget er at person som kan sitt fag, har frihet til å prøve forskjellige tilnærminger. Det andre er tanken om at høy status kan vedtas. Skjønner du ikke at du spenner kjerra foran hesten? Gode resultater og imponerende lærere gir høy status. Svake resultater og lærere du er nødt til be barne dine la være å høre på fordi de sier så mye feil, gir lav status.

    Lik

  5. Det er interessant å sjå at det går i riktig retning, og det er berre å fortsette slik. Men likevel er standardavviket fortsett stort, og eg meinar det bør bli mindre forskjellar i eit land som Noreg. Eg går sjølv på lærarutdanninga, og er klar over kor viktig det er for resultata til elevane å utdanne gode lærare. Eg har no gått på lærarutdanninga i eit og eit halvt år, og er ganske sjokkert over det lave nivået blant studentane. Eg meiner at om nivået på elevane skal bli betre, må og nivået på lærarane bli betre. No er lærarutdanninga ny frå hausten 2010, og det blir spennande og sjå om nivået hevar seg når dei er ferdig utdanna i 2014!
    – Marte

    Lik

  6. Regjeringa gjør så godt den kan med standardavviket! Norge har nå færre virkelig gode lesere enn tidligere. Jeg synes du godt kan tenke litt etter om dette virkelig er noe vi ønsker. Det er bedre å si at de svakeste må bli bedre. Grunnen til at jeg gidder å skrive dette innlegget er annen: Tanken om å minske standardavviket (redusere forskjellene, betyr det) har dominert norsk utdanningspolitikk de siste 40 år. Jeg synes at vi burde satse på å heve nivået allment. Det finnes faktisk forskningsbasert kunnskap sier at dette hjelper de svakeste også. Ellers kan det være et moralsk poeng å ta de flinke på alvor også.

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s