Kristin Clemet i sin labyrint

I det eg vil kalle ein spontan men truleg ufrivillig redningsaksjon, gjer Kristin Clemet meg på sin blogg hjelp til å illustrere mine poeng frå dagens Dagbladet-kronikk.

For kva var mine to sentrale poeng? Det eine var at høgresida, i motsetnad til venstresida, ikkje er viljug til å ta eit oppgjer med si eiga historie med svik mot demokrati og menneskerettar.

Det vil ikkje Clemet heller gjere. Dei som har gjort feil på høgresida er «intelektuelle dverger» (Carl I Hagen? Svenn Stray?) skriv ho, dei har berre gjort små mistak (Hitler? Franco? Vietnam? Apartheid?) og det har aldri vore del av ideologien til partia – det var ikkje «programfestet dumskap». I møte med alvorlege og kjende påstandar om høgresida finst det ikkje eit ord om at det kanskje kan vere verdt å sjå nærare på, berre ein vegg av fornekting.

Det andre poenget mitt var at enkelte på høgresida ser demokrikritikken mot venstresida som ein sport snarare enn eit ekte engasjement for ein samtale om vegen vidare for demokrati og MR.

Clemet kan fortelje meg at det er urettvist mot Bård Larsen, ein historikar som i morgon skal legge fram ei bok kalla «Idealistene». Det er sikkert rett; Eg har aldri møtt Larsen, veit ingen ting anna om han enn at han har skrive denne boka som eg ikkje har lese eit ord i. Difor skriv eg ikkje om han i dag. (og for ordens skuld; meiner KC verkeleg at det er eit godt argument at eg skriv om det dagen før Larsen si bok kjem? ville ho sett annleis på artikkelen min om den kom i mars?) Men Kristin Clemet gjer meg eit langt betre døme – seg sjølv.

For korleis reagerer ho på min kronikk. Med vilje til å diskutere, med nokre kommentarar om kva venstre- og høgresida kan lære av kvarandre eller med å skrive om demokrati? Nei, med å irritere seg over at eg skriv ein kronikk dagen før ho skal lansere ei bok og med å lage ein liten mini-konkurranse i demokrati; våre historiske feil er mykje mindre enn dokka feil.

Clemet havnar i sin eigen labyrint og hamrar effektivt inn poenget mitt sjøl: Mange sentrale personar på høgresida vil ikkje erkjenne si eiga historie, men er meir opptekne av å avsløre politiske motstandarar.

Til sist må eg berre avklåre noko viktig for den vidare debatten. Clemet brukar omgrepet «den radikale venstresiden» i samanlikning med «høyresiden». Eg reknar med at ho meiner kommunistane, både i AKP og NKP. Dei har støtta totalitære regime, men var trass alt politisk marginale i Noreg dei siste 50 åra. Kva marginale grupper på norsk høgreside har funne på diskuterer eg gjerne ein dag, men det eg er oppteken av er det som har skjedd i dei to breie høgrepartia med ei viss støtte i folket. Mine døme gjeld H og FrP. Difor har eg også trekt fram feil og manglar vi på den breie venstresida har gjort, ikkje brydd meg om AKP og NKP i denne samanhengen.

I staden for denne skyttargravskrigen, burde Kristin Clemet ta initiativ til at Cicita gjekk gjennom denne sida ved høgresida si historie og at det vert skapt ein debatt om det. Det hadde det stått respekt av.

4 tanker på “Kristin Clemet i sin labyrint

  1. Thank you for the sensible evaluate. Me & my next door neighbor were just organizing to do a little analysis about this. We got a pick up a publication from our place collection but I think I acquired more from this publish. I’m very grateful to see such excellent details being share…

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s