The Bee's Niece: I don't Speak Cat

 

Kva er så dette? Jo, ei Kolbotn-jente med Karen Carpenter-stemme og Cornelis-inspirerte viser. I sum både fint og orginalt, plata har blitt ein liten personleg favoritt for meg dei siste månedane.

The Bee’s Niece er Ragnhild Zeigler, sånn i all hovudsak. Ho er frå Kolbotn, student og musikar som syng, spelar gitar og ikkje minst sag – eit instrument som set sitt særpreg på fleire låtar på denne plata. Ragnhild budde for nokre år sidan i Salford, Manchester (som eg trur er ein ganske nedslitt bydel i utkanten av byen, meiner m.a at Bernard Albrecht/Sumner frå Joy Division og New Order er derfrå) og samla saman denne gruppa. Dei drog så til Galway, Irland og spelte inn det som er blitt debutalbumet.

Ho avslører sjølv på plata at Tom Waits er den store musikalske helten, men etter mitt syn kan du ikkje høyre det på musikken. Eg synest snarare vi her har ein god porsjson nordisk og engelsk vise-tradisjon, blanda med ein dose Joanna Newsom og med ein glasur av anti-folk.

Det er melankolske og melodiske viser, men med eit orginalt og ganske moderne preg. Nokre av låtane (som dei to første spora) skuldar mykje til ein nordisk visetradisjon, medan andre igjen er stillfaren og lett melankolsk pop-musikk. Som kjent er nesten all musikk eg likar litt melankolsk. Tekstane er underfundige, og av og til mororsame, kvardagsobservasjonar om kattar, snø og stjålne syklar. På sett og vis passar musikk og tekst utruleg godt saman. Det er som om den stillfarne stemmen oppå dei vare sangane, er perfekt til dei kvardagslege tekstane med små ord.

Dette er ei fin plate, på sitt beste vakker. Alle musikken kan du høyre her. Informasjon om korleis du skal skaffe deg plata ligg ute på facebook sida. Ragnhild har også laga ein video til Snow som ligg på nettet.