Afghanistan 10 år etter

Eg hadde interpellasjon i dag, den 29.11, om erfaringar og lærdomar etter 10 år i Afghanistan. Det var også debatt om temaet på politisk kvarter same morgon. Her er mitt innlegg i debatten:

President

Som mange andre hugsar eg kvar eg var i tretida den 11.september 2001. Eg hadde stavra meg ned til Stortinget etter å ha feira valresultatet til SV til langt på natt. Eg høyrde utbrotet til Anne-Berit, konsulenten i stortingsgruppa vår, då ho såg det som skjedde på TV. Sidan sat vi der – foran TV’en.

I politisk forstand tok det tiåret vi har bak oss til denne dagen.  Dagen etter vedtok Nato at terrorangrepa hadde utløyst artikkel 5 i Atlanterhavspakta. Eit USA-leia angrep på Afghanistan kjem raskt etter, med ulike enkeltland som deltakarar. 

I Noreg vart DUUK informert om norske styrkebidrag for snart ti år sidan, 30.11.2001. Saka vart så løfta inn i stortingssalen og debattert den 5.12.2001.

Forslag frå SV om at: «Stortinget samtykker ikke i at norske styrker stilles til disposisjon for militære operasjoner i Afghanistan under USAs kommando.» vart avvist mot SVs stemmer.

 

Debatten

Stortingsdebatten er tankevekkande lesing. For det første fordi den eigentleg ikkje skulle funne stad. Eit vedtak i saka var uaktuelt. «Det er ikke bare slik at det er unødvendig å fatte noe vedtak i denne saken. Vi mener at det ville gjøre ansvarsforholdet mellom storting og regjering uklart hvis vi skulle gjøre det,» var den eintydige meldinga frå utanrikskomiteens leiar Thorbjørn Jagland.

For det andre var trua på militære verkemiddel i kampen mot terror stor. «De amerikanskledede militære operasjonene er helt avgjørende for å kunne lykkes i kampen mot internasjonal terrorisme,» sa utanriksminister Jan Petersen. Det var knapt nokon, med unnatak av SV, som stilte spørsmål ved om eit militært angrep på Afghanistan faktisk var eit lurt tiltak mot terror, og om norsk militær deltaking var vårt beste bidrag.

For det tredje var det fleire som meir enn antyda at krigen i Afghanistan ville vere over om kort tid, og at demokrati og likestilling kom til å sigre. «USA og de allierte er i ferd med å vinne krigen i Afghanistan. Nå må vi sørge for ikke å tape freden,» sa statsråd Hilde Frafjord Johnsen.

 

I 2011

Kva kan vi lære av debatten i 2001, og av det tiåret som har gått?

Vi kan lære at vi ikkje visste eller forstod kva vi gjekk til. Og ikkje kunne vite eller forstå.

Snart ti år seinare veit vi at grunngjevinga for å vere i Afghanistan er utvida og dels endra, og at krigen har vart lenger enn nokon la til grunn. Situasjonen på bakken er ein heilt annan enn for få år sidan, og vi strekkjer kapasiteten til norske militære styrkar for å stille opp. Vi er rett og slett med i ein annan krig enn den vi gjekk inn i 2001, ein krig vi knapt reflekterte over.

Det har skjedd viktige forbetringar i Afghanistan på dette tiåret. Fleire går på skule, ikkje minst fleire jenter. Det er oppretta ei rekke nye helsetilbod i landet, og både politi, hær og rettsvesen er betre utrusta enn dei var. Landet har også gjennomført eit val som – trass alle vanskar – kan kallast demokratisk.

Men dette er diverre ikkje hovudbiletet. Hovudbiletet er langt meir negativt. Tryggleiken er verre enn på mange år, utviklinga går mykje seinare enn ho kunne og skulle, det er i liten grad satsa på å bygge opp landet sin kapasitet til å styre seg sjølv, og styret er ustabilt.

Det er også gjort viktige feil undervegs, som det blei advart mot.
Sivil utvikling
Noreg brukar store summar på utviklingshjelp til Afghanistan kvart år, nesten like mykje som på den militære operasjonen. Regjeringa har auka bistanden og betra innretninga på den.

Det store biletet er likevel at det internasjonale samfunnet bruker meir enn ti gongar så mykje på krigen i Afghanistan som på å førebu freden, og det er altfor lite til å styrke den sivile utviklinga.

I ein rapport frå ACBAR (Koordineringsorganet for frivillige organisasjonar i Afghanistan), skriven av Matt Waldmann i 2008, vert situasjonen for bistanden til og utviklinga av landet gjennomgått:

Regionen får langt mindre bistand enn andre konfliktområde har fått. Landet fekk 1/10 av det Bosnia fekk dei to første åra, og 1/5 av det Irak fekk dei fem første åra. Det er omfattande sløsing og misbruk av midlar. 40 prosent av bistanden går tilbake til gjevarland. Bistanden er ikkje samordna.

Med andre ord: For lite, for kaotisk og for seint.

 

Mangel på politisk prosess

SV har i mange år argumentert for at alle partar må samlast ved forhandlingsbordet, og at Noreg må snakke med alle. «Å forhandle med Taliban og beholde et demokrati i Afghanistan, nei, det tror jeg ikke mye på,» sa Erna Solberg til Nettavisen i 2008. ”SV vil ha teselskap med Taliban”, raljerte Siv Jensen i ein debatt mot meg i november 2009.

Kai Eide var FNs spesialutsending til Afghanistan 2008–2010. Eg veit ikkje om det var teselskap han hadde med Taliban-leiarar, men hans «Of course I met with the Taliban» var eit befriande direkte svar som gjekk på TV-stasjonar over heile verda. No deler dei fleste sentrale internasjonale aktørar dette synet.

Føresetnaden for eit fredeleg og demokratisk Afghanistan  er å inkludere alle i politikk og samfunnsliv. Som i andre fredsprosessar må ein ha dialog med alle grupper som spelar ei rolle i eit samfunn. Det har diverre gått alt for lang tid før dette vart eit mål.
Det militære nærværet
«Har den militære oppbyggingen i Afghanistan ført oss nærmere en løsning på konflikten i landet? Jeg tror svaret er et ganske klart nei. Den stadige militariseringen av USAs – og dermed Vestens strategi – har brakt oss fjernere fra en løsning og ikke nærmere.» Slik formulerer Kai Eide seg i boka si, men legg til at «Jeg er ikke motstander av et internasjonalt militært nærvær». Dette dekker også mitt syn på ein god måte.

I dag er det ei tillitskrise mellom dei internasjonale styrkane og den afghanske sivilbefolkninga. Opptrappinga av konflikten har ført til at dei sivile dødstala stig. Tal frå 2010 viser meir enn 10 000 drepne – sivile, opprørarar og utanlandske eller afghanske styrkar samla sett. Over 2000 av dei drepne var sivile afghanarar, det vil seie at det kvar dag døyr fem–seks menneske som følgje av krigen. Krigen går også hardt ut over dei stridande sjølve, med om lag 1500 dødsfall blant afghanske og utanlandske soldatar.
President, både når det gjeld utvikling og politisk løysing har vi sett store framsteg i den norske politikken, men i for liten grad internasjonalt.

Leiaren for tryggingspolitisk avdeling i den tyske forskingsstiftinga «Stiftung Wissenschaft und Politik», Dr. Markus Kaim, peikar på at det i dag eksisterer ulike grunngjevingar for engasjementet i ulike land. Det starta som eit ledd i kampen mot internasjonal terrorisme, noko som også dominerer den norske stortingsdebatten frå 2001 totalt. I fleire europeiske land, slik som Noreg, overtek så eit humanitært og demokratisk prosjekt som den viktigaste grunnen, statsbyggingsprosjektet Afghanistan. I andre land, som Storbritannia, Australia og fleire andre europeiske land, er det omsynet til NATO-alliansen og behovet for å stille opp for eller styrke den som er det dominerande motivet. Desse ulike motiva gjer at ulike land har ulike idear om og motivasjon for politikken vidare. Det gjer det også vanskeleg å få til ei endring i den politiske strategien.

 

Ein doktrine for bruk av militærmakt

Ni av ti krigar varer lenger og går dårlegare enn det strategane trur på førehand. Det meste går annleis, og varer lenger. Den første entusiasmen går over i kritikk, vanskar og tvil.

Samstundes er avgjerda om å sende soldatar ut i krig kanskje den vanskelegaste og mest alvorlege vi politikarar tek.

Det er difor eg meiner vi i Noreg bør utvikle ein doktrine for når det er aktuelt å sende norske soldatar i krig eller andre militære operasjonar – og når det er uaktuelt. Eit sett av krav som skal vere oppfylt.

Det å ha ein doktrine, eit sett av kritiske spørsmål til oss sjølv, vil ikkje redusere debatten eller gjere svaret enklare, men det kan gje ein meir reflektert og opplyst debatt. Ikkje minst er dette viktig fordi vi er ein liten medlem av ein stor forsvarsallianse, NATO, der det vert stilt ei rekke krav til oss. Noreg skal kjenne seg forplikta overfor dei organisasjonane vi er medlemmer av. Men vi skal også vere forplikta til å vurdere rett og gale sjølve. Grunnlaget for ei slik doktrine kan vere:

  1. Vitale omsyn til internasjonal fred og felles internasjonal tryggleik må vere truga.

Korkje Noreg eller noko anna land bør sende militære styrkar til ein krig vi ikkje er heilt sikre på er naudsynt for å oppnå eit større gode, å bevare fred.

  1. Alle andre middel enn militær makt må vere prøvd.

Dersom vi skal sette liv i fare, er det eit absolutt minstekrav at alle andre verkemiddel enn dei militære er prøvd først.

  1. Målet for den militære deltakinga må vere klårt og oppnåeleg.

Om alt anna er prøvd, gjenstår det likevel å vurdere om det er mogeleg å oppnå dei måla ein har militært. Krigane i Afghanistan og Irak viser det tydeleg.

  1. Den militære aksjonen må ha eit klårt FN-mandat.

Vi må berre delta i militære operasjonar som har eit eksplisitt FN-mandat, fordi FNs tryggingsråd er det einaste organet som er gjeve legitim kompetanse til å utøve makt ifølgje FN-pakta.

  1. Den militære aksjonen må ha politisk støtte i Noreg, uttrykt gjennom eit vedtak i Stortinget.

Eg meiner vedtak om militær deltaking i ein omfattande, internasjonal operasjon bør fattast i Stortinget. Det er (normalt) ingen praktiske eller tidsmessige problem med det.

Poenget med ein doktrine er ikkje å lage ein fasit, eller å lure oss sjølve til å tru at avgjerda vert enklare. Poenget er å ansvarleggjere oss som politikarar, å tvinge oss til å vurdere det nøye.

 

Det er ikkje lett å sjå ein positiv veg vidare for Afghanistan. På sett og vis kan ein seie at den politikkendringa som no skjer i det internasjonale samfunnet og førebuinga til ei militær tilbaketrekking både kjem for seint og for tidleg.

For seint, fordi omlegginga mot sivil utvikling og ein politisk, inkluderande forhandlingsstrategi skulle kome for mange år sidan.

For tidleg, fordi det er vanskeleg å sjå at Afghanistan i løpet av få år skal vere i stand til å sikre tryggleik, demokrati og økonomisk utvikling i eige land.

Kampen for ei betre framtid for Afghanistan er ikkje tapt. Den vil aldri gå tapt, men då er det nødvendig at FN, NATO og vi her i Noreg endrar strategi for å støtte utvikling, demokratisering og statsbygging i landet, og det er naudsynt at vi støttar Afghanistan etter at krigen er over.