Utdanningsforbundet sitt landsmøte

Går av stabelen denne veka. Her skal dei diskutere politikk, ha besøk av prominente gjestar som statsminister og kunnskapsminister og sikkert ha mykje moro.

Dei skal dessutan velje ny leiar. Det er to gode kandidatar, Halldis Holst og Mimi Bjerkestrand. Helga Hjetland har vore leiar sidan det samanslåtte forbundet såg dagens lys for 8 (trur eg) år sidan. Det er ei formidabel oppgåve å kome etter ho. Sjå til dømes Stein Aabø sin artikkel på Dagbladet papir i dag. Her kan du følge landsmøtet.

Kvifor SV?

1) Fordi SV sitt valresultat kan avgjere om det blir raudgrøn regjering. Gjer vi det bra kan vi klare det så vidt. Gjer SV det dårleg kan fleirtalet ryke.

2) Fordi SV er utdanningspartiet. Vi har forslaget som kan sikre mindre klassar og fleire lærarar i skulen. Samstundes satsar vi på kompetanseheving av lærarar, ei eiga rektorutdanning og ei betre og meir krevjande lærarutdanning. Vi har gjennomført ei barnehagereform, no skal vi få oppkvaliteten og ned prisen i SFO. Vi vil betre finansieringa av høgskular og Universitet, og innføre 11. månedar studiefinansiering.

3) Fordi SV i ei raudgrøn regjering er det einaste som kan halde Lofoten oljefritt. Dersom det blir borgerleg fleirtal kan stortingsfleritalet av AP, H og FrP presse det gjennom. Det gjeld også dersom V og KrF bind opp H i regjering. AP og FrP vil ha fleirtal i Stortinget og kan stemme det gjennom. Berre SV med støtte frå SP kan binde opp ei fleirtalsregjering til å seie nei, slik vi har gjort i denne perioden.

4) Fordi vi har sloss for likelønn i årevis, og no er det endeleg breiare støtte for ein likelønnspott til dei tilsette i kvinnedominerte sektorar som pleie/omsorg og barnehagar. Det trengs eit parti som er villig til å prioritere det.

5) Fordi det trengs meir sosialisme, ikkje mindre. Fleire radikale folk, ikkje færre. Meir nytenking i utanrikspolitikken, ikkje mindre. Og fordi eg og andre i SV skal halde fram med å vere leiande på sosiale medier, vere i dialog og bruke sjansen til å høyre på råd.

Godt val!

Barnehagedebatt

Takk for mange innspel!

La meg begynne med konklusjonen: Etter valet vil eg invitere til eit større dialogmøte om stortingsmeldinga om kvalitet i barnehagen. Der vil eg invitere barnehageforskarar, praktikarar og organisasjonar – men også språkforskarar, spesialpedagogar og representantar for grunnopplæringa.

Det kan vere nyttig etter diskusjonen no, men det er og nyttig fordi vi skal gjere ein ryddejobb i kartleggingspraksisen i barnahegane. Dessutan skal det etter kvart utformast lovframlegg basert på det som ligg i meldinga, og det er viktig å få innspel til det.

Mitt lange innlegg her hadde to formål. For det første å referere tekst direkte frå meldinga, argumentere for mitt syn og gjennom det la folk vurdere det vi skriv/seier betre enn gjennom korte sitat i mediene. Det synest eg eg har gjort på ein grei måte. For det andre ville eg samanlikne det med mediebiletet av det. Eg synest det er langt frå dei framlegga som også blir trekt fram i kommentarane, og «…kunnskapsteste alle barn…»

Det var derimot ikkje eit mål med innlegget å antyde at barnehageforskarar har forstått det slik. Eg forsøkte ikkje å redusere innvendingane. Det var mediene si rapportering eg tok for meg, ikkje synspunkta dei som har lese, forstått og er usamde. Kommentarane til min post viser jo at usemja her går på dei konkrete framlegga i meldinga, og at dokke som skiv har sett dokke gått inn i sakene. Eg vil (sidan nokon antydar det motsette) berre nemne at eg har sett meg litt inn i sakene sjølv og, og mellom anna høyrt på ulike miljø sine synspunkt. Eg høyrer likevel gjerne på fleire og meir.

Eg les elles dette ut av kommentarane: Det er ulike syn på språkkartlegging i barnehagen, men kanskje enno meir usemje om kor store og omfattande konsekvensar det vi skriv i meldinga har. Nokre av dokke skriv om det som eit «systemskifte» i barnehagen, medan eg ser det som tett opp til den praksisen eg ser når eg er rundt i banehagar. I tillegg varslar vi ei opprydding. Eg vil gjerne ha synspunkt i neste runde på korleis vi skal få til det.

I tillegg er det ulike syn på framlegget om å overføre dokumentasjon og kunnskap til skulen. Her tolkar eg det slik at usemja er sterkt ideologisk. Er det «blanke ark» eller «tidleg innsats» som er det rette tankesettet for å hjelpe ungar? Eg trur mest på det siste, men det er lett å sjå at det vil variere og at begge delar har sine sider.

Til sist: takk for mange gode innlegg. Det er godt å ha så mange gode og kritiske lesarar av melding og blogg. Vi sjåast til dialogmøte når valet er vunne – og taper vi skal eg forsøke å gjennomføre det før skiftet:-)

Tidleg innsats – historia om korleis eit inntrykk festar seg

Den siste månaden har eg opplevd noko interessant. Eg la i juni fram ei stortingsmelding som vi kalla «Kvalitet i barnehagen». Den fekk stor merksemd. Hovudbodskapen er at etter fem år med utbygging, skal vi ha fem år med satsing på innhald og kvalitet. Barnehagen er viktig for tidleg innsats. Når nesten alle barn går i barnehagen har vi ein arena for utvikling og like muligheiter for ungar som vi må bruke enno betre.

Så begynte ein del av meldinga å leve sitt eige liv. Det starta med at ein forskar var usamd med to av framlegga i meldinga, og gjekk ut mot dei. Så spreidde det seg til enkelte kommentatorar.

No høyrer eg med ujamne mellomrom referert til kva som skal stå der som ei sanning. Utan at det står der. Eg brukar Dagbladet som døme fordi dei har omtala det mest, men det har stått i enkelte medier også:

Før sommaren skreiv Dagbladets Marie Simonsen, i samanheng med skriftleg evaluering i skulen, at «Nå har Regjeringen planer om å innføre lignende evaluering av barnehagebarn.» (altså liknande skriftleg evaluering i barnehagen som i skulen)

I juli omtalte Dagbladet meldinga med at «Her ble det slått fast at også barnehagebarna skal kunnskapstestes.».

På mandag for to veker sidan skriv så Simonsen igjen om «…hans forslag om evaluering av barnehagebarn».

Det interessante er at ingen av desse skildringane/påstandane har rot i det som faktisk står i meldinga. Ingen av kommentarane siterer eller refererer heller frå meldinga. 

Enkelte rykka då også ut mot kritikken, til dømes førsteamanuensis i Norsk Margareth Sandvik. Likevel har eg møtt ein del folk som trur at dei har lese i avisa er rett. Felles for dei er at dei ikkje veit nøyaktig kva dei trur eller kvifor dei trur det, men det er noko med testing av barnehagebarn som eg har kome med.

Dette er historia om korleis eit mediebilete oppstår. Difor skal eg gå uvanleg djupt ned i det som faktisk står i denne stortingsmeldinga. 

Les videre

Svar om IKT og lærarar

Nina spør om IKT og meldinga om kvalitet i barnehagen. Du har rett i at det ikkje er ei hovedsak, vi kunne sikkert godt djupare inn i det. Det er imidlertid omtala i punkt 9.7. Så kan eg varsle at vi om kort tid vil sette i gang etableringa av eit IKT-senter som også får ansvar for barnehagen. Eg skal også sjå nærare på forslaget om ein nettportal.

Geir LS og  Torgeir Åge kommenterer min artikkel om 4000 nye lærarar. Tallgrunnlaget for den er heilt rett og baserer seg på tall som SSB har samla inn og som er presentert samla av Utdanningsdirektoratet her. Eg viser til utviklinga sidan den raud-grøne regjeringa overtok, altså dei tre åra frå skuleåret 05-06 til 08-09. Kort oppsummert viser tala at det vart om lag 4000 fleire lærarar (personar) i periode og noko over 2500 årsverk (det eksakte talet går ikkje an å skaffe). Det er samstundes klårt at lærartettleiken har blitt betre og gruppestørrelsen noko mindre, men endringane er relativt små. I forrige periode, med Høgre ved makta, vart gruppene større og det var nedgang i talet på årsverk.

Det er fleire menn her; timetalet har gått opp, og noko av veksten har kome i form av personar utan godkjend pedagogisk utdanning. Når det gjeld artikkelen som Geir og Torgeir Åge viser til, så handlar den om utviklinga siste år (i tillegg til at den har gjort eit noko anna utval). Det er ingen tvil om at utviklinga siste år var klart dårlegare enn dei to første. Det var i bunn og grunn lite endring det siste året, heile veksten kom dei to første raud-grøne åra. Det stemmer også med den generelle kommuneøkonomien.

Private barnehagar

Som mange har fått med seg, var det streik i private barnehagar i forrige veke i protest mot manglande likeverdig finansiering av tilbodet i private og kommunale barnehagar, og forslaget til ny lov i Ot.prp 57.

Eg er glad for å fortelje at vi no vil skrive likeverdig behandling inn i lovframlegget og at vi presenterer ein plan for å finansiere det. Eg har i dag sendt eit brev til komiteen på Stortinget, der eg slår fast to ting:

1) Eg støttar at vi i lovteksten slår fast at private barnehagar skal handsamast likverdig med kommunale når det gjeld offentlege tilskott. I brevet skisserer eg korleis dette kan gjerast.

2) Regjeringa tek sikte på å finansiere dette gjennom ein opptrappingsplan på inntil 5 år. Vi vil følge det opp i budsjettet for 2010.

Eg er utruleg glad for at vi har fått ei løysing på denne viktige saka. Det var heilt naudsynt! Alle delar av barnehageforliket frå 2003 er no innfridd eller i ferd med å bli sluttført. Full dekning, lovfesta rett, lågare pris og no altså likeverdig behandling. Les meir på Kunnskapsdepartementet og SV etter kvart.