Delta og vis støtte

Denne teksten sender eg ut til medlemmer av Akershus SV i dag, den kan stå som mi oppfordring til andre også:

Eg kan framleis få små augneblinkar der eg trur det ikkje har skjedd, for det er uverkeleg. Ei brutal og bestialsk massakre i vårt trygge land, den feigaste og mest kyniske voldshandlinga eg kjenner til utanom krig.

Det er eit angrep mot demokratiet og alle dei som arbeider for det, i politiske organisasjonar og i departementa og andre etatar. Men det er også eit angrep på venstresida og på AUF spesielt. Alt tydar no på at AUF og andre sitt engasjement for eit fleirkulturelt samfunn og for toleranse var ein viktig årsak til angrepet.

Eg vil kondolere AUF, Arbeidarpartiet men også alle andre som er ramma . Mange av vil vere direkte eller indirekte berørt eller ha kjende som er gått bort eller skadd. Politi, helsevesen, kommunar og andre må no gjere sin jobb. No må vi støtte kvarandre i sorga og bygge opp håpet. Det er ikkje først og fremst helsevesenet si oppgåve, det er vår oppgåve saman. Vi kan også støtte dei som er gått bort ved å delta i demokratiet, halde fram med å engasjere oss og sloss for dei verdiane dette var eit angrep på.

Eg vil difor oppmode alle om å stille opp på minnearrangement og markeringar, men også å ta kontakt med berørte i sin kommune, det lokale AP- eller AUF-laget eller på anna vis markere sorga. Ofte vegrar ein seg for å ta kontakt fordi ein ikkje vil vere til bry, men all erfaring tyder på at folk som er i sorg set enorm pris på å oppleve støtte frå og fellesskap med andre.

Deltar og engasjerer vi oss meir for toleranse og forståing mellom menneske tapar mordaren, og Noreg og vi vinn tilslutt – saman.

Jerusalem-Oslo ekspedisjonen

Dette er ein slags takkemail.

Som mine lesarar kanskje har fått med seg, har eg vore i midtausten. Eg skal kome attende med både svar på ein del innlegg her og oppsummering av besøket, men pr no vil eg berre takke det norske rep.kontoret på Vestbredden og ambassaden i Tel Aviv som har gjort dette til eit særs bra og minneverdig besøk.

Så litt om heimturen. Vi (Ketil Raknes og eg) skulle fly heim fredag kveld, men kom oss ikkje til Frankfurt og Oslo. I staden har vi vore på ein halsbrekkande tur gjennom Europa i høgt tempo, mykje grunna særs gode hjelparar:

Først ordna Annika på den norske ambassaden og Eldbjørg på Al Quds reisebyrå i Oslo bilettar frå Tel Aviv til Roma 14.50 på laurdag

Så ordna Richard på ambassaden i Roma ein leigebil (og ei rekke back up løysingar) som vi kunne køyre med til Wein am Rhein ved grensa mellom Sveits og Tyskland, nær Basel.

Så responderte spedisjonsselskapet Schenker på ein sak i Dagbladet.no om at vi skulle heim og trengte hjelp. Kristin og Sabina i Schenker Norge forsøkte å finne ei løysing med tungtransport frå sentraleuropa for oss. Det fekk dei ikkje til. Då kom Carsten, som arbeider på Schenker sitt hovudkontor i Frankfurt, og køyrde oss til Kiel. Roma-Kiel på 18 timar. 1800 kilometer på 18 timar!

I Kiel hadde Sabina i Schenker hjelpt oss å få plass på ferga til Gøteborg. Her er vi no. Frå Gøteborg blir det buss til Noreg ser det ut til.

Takk til alle. Det gjekk mykje raskare heim enn vi frykta, og raskare enn eg kunne forestille meg, Eg rekk stortingsdebatten min på tysdag, eg rekk å kome heim før kona skal på jobbreise og vi rekk å sjå ungane våre snart.

Ut på tur

Stille på Stortinget – det vil seie i salen og møteromma – denne veka, som du kanskje har lese. Nok anna å gjere. Torsdag og fredag er eg i Nordland (og ein svingom innom Troms, Harstad) og besøker ikkje mindre enn 6 kommunar.

Den rystande politiske saka denne veka er etter mitt syn Jernbaneverket sin gjennomgang av vedlikehaldssituasjonen for materiell og jernbane i Noreg. Vi står overfor eit problem av dimensjonar i åra og tiåra som kjem. Den mest fantastiske saka denne veka dreier seg om det lille geniet fråArgentina. Det nye lille geniet frå Argentina, altså Lenonel Messi. Sjekk dette.

Neste veke skal eg til midtausten. Eg har aldri vore i regionen før, og gler meg veldig. Vi flyr inn til Tel Aviv, og skal i tillegg til Jerusalem, Ramallah, Hebron og Gaza (om vi kjem inn).

Eg har tenkt å tvitre litt, skriv litt og ta bilete frå besøket her på bloggen. Kjem attende med meir info om det etterkvart.

Back in business

Du kan seie kva du vil om Petter Northug, men det er ganske rått at han er med heile vegen på 50 klassisk, er sterkast opp den nest siste diagonal-bakken og alltid har det lille ekstra på oppløpet. Skulle gjerne sett han spurte mot Hellner tidlegare i OL.

Då er eg back in business igjen frå i morgon tidleg. Første dag på jobben på ei stund, på gjensyn (eller kanskje heller ha det?) pappapermisjon.

Denne veka blir litt amputert då eg skal ta innkøyring i barnehagen tirsdag og onsdag. Eg ser fram til det eg vonar blir eit høgdepunkt ut i veka, foredrag av Al Gore om den siste boka hans. Og takk til Ola Kristian, Heidi, Vegard, Line Marit, Emanuel og mange andre som har kome permisjonshelsingar og velkommen tilbake helsingar. Takk!

Kanskje litt inspirert av Petter Northug og ei «skiing is coming home»-kjensle presenterer eg alle tiders beste fotballsong. Three Lions med Lighning Seeds, her i 98-versjonen (Det ligg forresten ganske mange klipp ute der ein kan høyre 10.000vis av britiske fotballfans synge songen i kor på stadion før ein kamp. Sterke saker):

Bloggpause i jula

Frå mi tilbakelente av-og-på innstilling til bloggen medan eg har pappaperm, tek eg total bloggpause i jula. Ganske enkelt. Skal bli godt å berre tenke på andre ting.

God jul og godt nyttår til alle saman. Nyt den med denne ukjente og julete sviska frå 1986. Virginia Astley «Some Small Hope» (m David Sylvian på vokal i tillegg til Astley)

Ny veke

Det drar seg til i forhandlingane. Eg er glad ein del er unnagjort då det har vore ei hard veke med lange dagar. Mykje av helga har også gått med. Eg forstår at rykteflaumen i mediene er stor, men eg har ikkje hatt mykje tid til å følge det sjølv.

I morgon skal eg ta i mot underskrifter mot oljeboring i Lofoten og Vesterålen foran Stortinget, og ellers forhandle.

Konservativekristne.no

Vil Siv Jensen høyre på dei kristenkonservative, og gjennomføre den ytterleggåande midtøstenpolitikken dei står for? Vil ho reversere ekteskapslova? Ho seier ja på direkte spørsmål. Vil i så fall Erna Solberg ha kraft til å stå mot?

I dag har eg vore i debatt på Tabloid mot mellom anna Bjarte Ystebø, talsperson for kampanjen Kristenfolket. Det er ein allianse av ytterleggåande og konservative kristne som vil mobilisere mot dei rød-grønne og for KrF og FrP. Det gjer dei på saker som nei til felles ekteskapslov, ja til Israels folkerettsstridige mur gjennom palestinsk territorium og einsidig å flytte den norske ambassaden til Jerusalem.

Mange med meg blir nok provosert av at dei kallar seg kristenfolket. Dette er ikkje kristenfolket, det er det ytterleggåande kristenfolket. Kristenfolket finst i alle parti, med dei fleste meiningar. Dei fleste meir tolerante og nestekjærlege enn det vi her talar om.

Verre er det at denne gjengen i hovudsak har full støtte frå FrP og KrF, og kan få stor innverknad i norsk politikk ved ein borgarleg valsiger. Spørreundersøkinga deira blant stortingskandidatar viser det. Med Dagfinn Høybråten i spissen er dei fleste KrF-kandidatar med på alt dei ytterleggåande kristne spør om. Det same er Siv Jensen og FrP sine folk.

Vi kan få ein statsminister som stør seg på dei konservative kristne. Lars Sponheim og Erna Solberg skal stå imot denne gjengen, som vil vere godt representert i det klart største partiet på høgresida. Då er det også paybacktime for alle veljarane dei har skaffa.

Kristenfolket.no er inspirert av korleis dei kristenkonservative i USA fekk George W Bush til makta. No skal dei få Siv Jensen til makta.

Er det berre eg som blir utruleg provosert av at konservative mørkemenn kan få avgjerande innverknad på norsk politikk? Bør vi ikkje i det minste få klare svar på om desse ytterleggåande meiningane vil ha gjennomslag?