Afghanistan 10 år etter

Eg hadde interpellasjon i dag, den 29.11, om erfaringar og lærdomar etter 10 år i Afghanistan. Det var også debatt om temaet på politisk kvarter same morgon. Her er mitt innlegg i debatten:

President

Som mange andre hugsar eg kvar eg var i tretida den 11.september 2001. Eg hadde stavra meg ned til Stortinget etter å ha feira valresultatet til SV til langt på natt. Eg høyrde utbrotet til Anne-Berit, konsulenten i stortingsgruppa vår, då ho såg det som skjedde på TV. Sidan sat vi der – foran TV’en.

I politisk forstand tok det tiåret vi har bak oss til denne dagen.  Dagen etter vedtok Nato at terrorangrepa hadde utløyst artikkel 5 i Atlanterhavspakta. Eit USA-leia angrep på Afghanistan kjem raskt etter, med ulike enkeltland som deltakarar. 

I Noreg vart DUUK informert om norske styrkebidrag for snart ti år sidan, 30.11.2001. Saka vart så løfta inn i stortingssalen og debattert den 5.12.2001.

Forslag frå SV om at: «Stortinget samtykker ikke i at norske styrker stilles til disposisjon for militære operasjoner i Afghanistan under USAs kommando.» vart avvist mot SVs stemmer.

 

Debatten

Stortingsdebatten er tankevekkande lesing. For det første fordi den eigentleg ikkje skulle funne stad. Eit vedtak i saka var uaktuelt. «Det er ikke bare slik at det er unødvendig å fatte noe vedtak i denne saken. Vi mener at det ville gjøre ansvarsforholdet mellom storting og regjering uklart hvis vi skulle gjøre det,» var den eintydige meldinga frå utanrikskomiteens leiar Thorbjørn Jagland.

For det andre var trua på militære verkemiddel i kampen mot terror stor. «De amerikanskledede militære operasjonene er helt avgjørende for å kunne lykkes i kampen mot internasjonal terrorisme,» sa utanriksminister Jan Petersen. Det var knapt nokon, med unnatak av SV, som stilte spørsmål ved om eit militært angrep på Afghanistan faktisk var eit lurt tiltak mot terror, og om norsk militær deltaking var vårt beste bidrag.

For det tredje var det fleire som meir enn antyda at krigen i Afghanistan ville vere over om kort tid, og at demokrati og likestilling kom til å sigre. «USA og de allierte er i ferd med å vinne krigen i Afghanistan. Nå må vi sørge for ikke å tape freden,» sa statsråd Hilde Frafjord Johnsen.

 

I 2011

Kva kan vi lære av debatten i 2001, og av det tiåret som har gått?

Vi kan lære at vi ikkje visste eller forstod kva vi gjekk til. Og ikkje kunne vite eller forstå.

Snart ti år seinare veit vi at grunngjevinga for å vere i Afghanistan er utvida og dels endra, og at krigen har vart lenger enn nokon la til grunn. Situasjonen på bakken er ein heilt annan enn for få år sidan, og vi strekkjer kapasiteten til norske militære styrkar for å stille opp. Vi er rett og slett med i ein annan krig enn den vi gjekk inn i 2001, ein krig vi knapt reflekterte over.

Det har skjedd viktige forbetringar i Afghanistan på dette tiåret. Fleire går på skule, ikkje minst fleire jenter. Det er oppretta ei rekke nye helsetilbod i landet, og både politi, hær og rettsvesen er betre utrusta enn dei var. Landet har også gjennomført eit val som – trass alle vanskar – kan kallast demokratisk.

Men dette er diverre ikkje hovudbiletet. Hovudbiletet er langt meir negativt. Tryggleiken er verre enn på mange år, utviklinga går mykje seinare enn ho kunne og skulle, det er i liten grad satsa på å bygge opp landet sin kapasitet til å styre seg sjølv, og styret er ustabilt.

Det er også gjort viktige feil undervegs, som det blei advart mot.
Sivil utvikling
Noreg brukar store summar på utviklingshjelp til Afghanistan kvart år, nesten like mykje som på den militære operasjonen. Regjeringa har auka bistanden og betra innretninga på den.

Det store biletet er likevel at det internasjonale samfunnet bruker meir enn ti gongar så mykje på krigen i Afghanistan som på å førebu freden, og det er altfor lite til å styrke den sivile utviklinga.

I ein rapport frå ACBAR (Koordineringsorganet for frivillige organisasjonar i Afghanistan), skriven av Matt Waldmann i 2008, vert situasjonen for bistanden til og utviklinga av landet gjennomgått:

Regionen får langt mindre bistand enn andre konfliktområde har fått. Landet fekk 1/10 av det Bosnia fekk dei to første åra, og 1/5 av det Irak fekk dei fem første åra. Det er omfattande sløsing og misbruk av midlar. 40 prosent av bistanden går tilbake til gjevarland. Bistanden er ikkje samordna.

Med andre ord: For lite, for kaotisk og for seint.

 

Mangel på politisk prosess

SV har i mange år argumentert for at alle partar må samlast ved forhandlingsbordet, og at Noreg må snakke med alle. «Å forhandle med Taliban og beholde et demokrati i Afghanistan, nei, det tror jeg ikke mye på,» sa Erna Solberg til Nettavisen i 2008. ”SV vil ha teselskap med Taliban”, raljerte Siv Jensen i ein debatt mot meg i november 2009.

Kai Eide var FNs spesialutsending til Afghanistan 2008–2010. Eg veit ikkje om det var teselskap han hadde med Taliban-leiarar, men hans «Of course I met with the Taliban» var eit befriande direkte svar som gjekk på TV-stasjonar over heile verda. No deler dei fleste sentrale internasjonale aktørar dette synet.

Føresetnaden for eit fredeleg og demokratisk Afghanistan  er å inkludere alle i politikk og samfunnsliv. Som i andre fredsprosessar må ein ha dialog med alle grupper som spelar ei rolle i eit samfunn. Det har diverre gått alt for lang tid før dette vart eit mål.
Det militære nærværet
«Har den militære oppbyggingen i Afghanistan ført oss nærmere en løsning på konflikten i landet? Jeg tror svaret er et ganske klart nei. Den stadige militariseringen av USAs – og dermed Vestens strategi – har brakt oss fjernere fra en løsning og ikke nærmere.» Slik formulerer Kai Eide seg i boka si, men legg til at «Jeg er ikke motstander av et internasjonalt militært nærvær». Dette dekker også mitt syn på ein god måte.

I dag er det ei tillitskrise mellom dei internasjonale styrkane og den afghanske sivilbefolkninga. Opptrappinga av konflikten har ført til at dei sivile dødstala stig. Tal frå 2010 viser meir enn 10 000 drepne – sivile, opprørarar og utanlandske eller afghanske styrkar samla sett. Over 2000 av dei drepne var sivile afghanarar, det vil seie at det kvar dag døyr fem–seks menneske som følgje av krigen. Krigen går også hardt ut over dei stridande sjølve, med om lag 1500 dødsfall blant afghanske og utanlandske soldatar.
President, både når det gjeld utvikling og politisk løysing har vi sett store framsteg i den norske politikken, men i for liten grad internasjonalt.

Leiaren for tryggingspolitisk avdeling i den tyske forskingsstiftinga «Stiftung Wissenschaft und Politik», Dr. Markus Kaim, peikar på at det i dag eksisterer ulike grunngjevingar for engasjementet i ulike land. Det starta som eit ledd i kampen mot internasjonal terrorisme, noko som også dominerer den norske stortingsdebatten frå 2001 totalt. I fleire europeiske land, slik som Noreg, overtek så eit humanitært og demokratisk prosjekt som den viktigaste grunnen, statsbyggingsprosjektet Afghanistan. I andre land, som Storbritannia, Australia og fleire andre europeiske land, er det omsynet til NATO-alliansen og behovet for å stille opp for eller styrke den som er det dominerande motivet. Desse ulike motiva gjer at ulike land har ulike idear om og motivasjon for politikken vidare. Det gjer det også vanskeleg å få til ei endring i den politiske strategien.

 

Ein doktrine for bruk av militærmakt

Ni av ti krigar varer lenger og går dårlegare enn det strategane trur på førehand. Det meste går annleis, og varer lenger. Den første entusiasmen går over i kritikk, vanskar og tvil.

Samstundes er avgjerda om å sende soldatar ut i krig kanskje den vanskelegaste og mest alvorlege vi politikarar tek.

Det er difor eg meiner vi i Noreg bør utvikle ein doktrine for når det er aktuelt å sende norske soldatar i krig eller andre militære operasjonar – og når det er uaktuelt. Eit sett av krav som skal vere oppfylt.

Det å ha ein doktrine, eit sett av kritiske spørsmål til oss sjølv, vil ikkje redusere debatten eller gjere svaret enklare, men det kan gje ein meir reflektert og opplyst debatt. Ikkje minst er dette viktig fordi vi er ein liten medlem av ein stor forsvarsallianse, NATO, der det vert stilt ei rekke krav til oss. Noreg skal kjenne seg forplikta overfor dei organisasjonane vi er medlemmer av. Men vi skal også vere forplikta til å vurdere rett og gale sjølve. Grunnlaget for ei slik doktrine kan vere:

  1. Vitale omsyn til internasjonal fred og felles internasjonal tryggleik må vere truga.

Korkje Noreg eller noko anna land bør sende militære styrkar til ein krig vi ikkje er heilt sikre på er naudsynt for å oppnå eit større gode, å bevare fred.

  1. Alle andre middel enn militær makt må vere prøvd.

Dersom vi skal sette liv i fare, er det eit absolutt minstekrav at alle andre verkemiddel enn dei militære er prøvd først.

  1. Målet for den militære deltakinga må vere klårt og oppnåeleg.

Om alt anna er prøvd, gjenstår det likevel å vurdere om det er mogeleg å oppnå dei måla ein har militært. Krigane i Afghanistan og Irak viser det tydeleg.

  1. Den militære aksjonen må ha eit klårt FN-mandat.

Vi må berre delta i militære operasjonar som har eit eksplisitt FN-mandat, fordi FNs tryggingsråd er det einaste organet som er gjeve legitim kompetanse til å utøve makt ifølgje FN-pakta.

  1. Den militære aksjonen må ha politisk støtte i Noreg, uttrykt gjennom eit vedtak i Stortinget.

Eg meiner vedtak om militær deltaking i ein omfattande, internasjonal operasjon bør fattast i Stortinget. Det er (normalt) ingen praktiske eller tidsmessige problem med det.

Poenget med ein doktrine er ikkje å lage ein fasit, eller å lure oss sjølve til å tru at avgjerda vert enklare. Poenget er å ansvarleggjere oss som politikarar, å tvinge oss til å vurdere det nøye.

 

Det er ikkje lett å sjå ein positiv veg vidare for Afghanistan. På sett og vis kan ein seie at den politikkendringa som no skjer i det internasjonale samfunnet og førebuinga til ei militær tilbaketrekking både kjem for seint og for tidleg.

For seint, fordi omlegginga mot sivil utvikling og ein politisk, inkluderande forhandlingsstrategi skulle kome for mange år sidan.

For tidleg, fordi det er vanskeleg å sjå at Afghanistan i løpet av få år skal vere i stand til å sikre tryggleik, demokrati og økonomisk utvikling i eige land.

Kampen for ei betre framtid for Afghanistan er ikkje tapt. Den vil aldri gå tapt, men då er det nødvendig at FN, NATO og vi her i Noreg endrar strategi for å støtte utvikling, demokratisering og statsbygging i landet, og det er naudsynt at vi støttar Afghanistan etter at krigen er over.

Grusomheitas ansikt i Hiroshima

I morgon er det trontaledebatt i Stortinget. Eg har tidlegare skrive kort om kva debatten er for noko. Eg var i Hiroshima for ei og ei halv veke sidan. Eg var ikkje til å skrive om det same kvelden, men tygde litt på inntrykka før eg skreivein tekst om det for ca ei veke sidan. Den legg eg no ut:

Mennekeleg grusamheit har mange ansikt.

Eg har sett to av dei på nært hald. To heilt ulike ansikt. Auschwitz, som eg besøkte i 1995, er ansiktet til den daglege, internaliserte grusomheita.

Leiren fortel meg kor lite menneskeleg vi menneske kan behandle kvarandre under gale omstende. Omstenda her er godt kjent for oss, heldigvis. Ein fascistisk ideologi, ei gjennomført nedlatande syn på jødar, eit sterkt sosialt press og ei militær pliktkjensle i gjennomføringa. Grusomheita ligg i ideologien og praktiseringa av den. Det uforståeleg umenneskelege ligg i korleis menneske kunne utføre folkemordet i konsentrasjonsleirane dag inn og dag ut. Det er nær grusomheit.

Hiroshima er fjern grusomheit. Det er den nitidig planlagte og presist gjennomførte grusomheita. Dei som lagde bomba, gav ordren, planla og gjennomførte angrepet traff aldri offera sine.

Det er natt til 6.august 1945 på Tinian-øya i stillehavet. Bombeflyet Enola Gay – eit B29 – tar av mot Hiroshima. Det ber på ei 3 meter lang, 4 tong tung atombombe av uran som amerikanarane kallar ”lillegut”. Bombeflyet er fulgt av to andre fly; Eit skal måle skaden bomba gjer, det andre skal ta bilete. Klokka 08.15 vert bomba sleppt, i tråd med ordren frå USA sin øverstkommanderande. Den eksploderer 600 meter over bakken i sentrum av Hiroshima.

Utenriks- og forsvarskomiteen møter Seiko Ikeda, 77 år gamal overlevande etter bombeangrepet. Ho fortel oss om det ho som 12-åring opplevde denne morgonen, om lag 1.5 kilometer frå bombas episenter:

”Eg vart brått omringa av ein valdsam lyd og eit sterkt lys, og vart reve overende. Alt vart svart, eg mista medvitet. Då eg vakna var klærne mine vekke, bitar av dei hang fast i kroppen.  Håret og kroppen min var brent. Skinnet var borte frå kropp og ansikt.

Eg skreik, som alle andre. Som i koma begynte eg å gå, med armane ut foran kroppen. Alle gjekk slik, i ein slags spøkelsesgange. Eg skreik etter hjelp, men det var berre lik og brente lemmer overalt. At eg var naken hadde eg ikkje energi til å tenke på. Eg følte først sorg over dei døydde, men gradvis tok bomba frå meg også denne menneskelege kjensla. Det var for mykje død.

Eg sprang til elva som allereie var full av folk, desperate etter vatn som kunne døyve smerta. Overflata var knapt synleg for alle som bada, men også for lika.

Mange hadde ikkje krefter til å overleve i vatnet. Dei greip etter hjelp, men måtte gje tapt. Eg kom meg opp på elvebreidda, og sprang vidare gjennom byen. Eg høyrde dei desperate skrika frå under dei kollapa bygningane. Det verste i dag er å tenke på at det kanskje var mine venner som var der i elva eller under bygningane.”

Seiko Ikeda kjem seg ut av byen, vert plukka opp av ein lastebil og ført til eit sjukehus. Ho får behandling og sovnar til slutt. Faren har fått vite at ho er i live og kjem for å hente ho. Han kan ikkje kjenne ho igjen, men må rope. Ho kan ikkje opne augelokka på grunn av oppsvulma augelokk, men kan rope til svar.

I månadsvis etterpå vert ho behandla heime for feber, diare, brannskadar og uuthaldelege smerter. Etter 3-4 månedar kan ho for førte gong gå ut. Dei andre ungane kallar ho ”raud djevel” og ”spøkelse” og kjem gråtande heim til trøst av foreldra. Då ho seinare snik seg til å sjå i ein spegel oppdagar ho eit deformert, raud-svart ansikt med blemmer og hud frå kjaken som er vekst fast til halsen. Frå då av er den psykiske smerta sterkare enn fysiske.

Seinare får ho ta 15 kirurgiske inngrep. Ikkje for å bli pen, som ho presiserer, men for å få ansiktet tilbake. Det får ho aldri, men ho blir kvitt dei verste plagene.

Freds- og minnemuseet i Hiroshima presenterer dei kalde fakta for oss. Det var om lag 350.000 menneske i Hiroshima då bomba gjekk av. Pr desember 1945 hadde om lag 140.000 av dei mista livet. Bomba tok livet av folk på tre måtar. Sjokkbølga den skaper gjer eit enormt trykk og ein vind på 440 m/s. Det er nok til å øydeleggje så og seie alle bygningar i ein radius på 1.5-2 kilometer. Ei ildkule med diameter på 280 meter skaper ein temperatur på bakken på opp til 3-4000C (jern smeltar ved 1536C). Stort sett alle klede, trehus og trær tok fyr opp til 2 km unna episenteret, og takstein smelta 0.5 km unna. Utallige menneske døydde av å bli brent opp på staden. Mange av dei som var innan ein km frå bomba døydde også i løpet av kort tid av radioaktiv stråling.

Som dei fleste veit er det spesielt for ei atombombe at den skaper radioaktiv stråling som kan gje langvarige effektar. Effektane kjem først til syne lenge etter eksponering. Dei som vart direkte, men moderat, eksponert, dei som drakk vatn eller hjalp til med redningsarbeidet, eller dei om var eksponert for det svarte regnet som fall over byen etter eksplosjonen er mellom desse. Utvekstar på kroppen, leukemi, kreft og barn fødd med fysisk eller psykisk skade er mellom dei. Ingen veit kor mange som har døydd av skadane frå atombomba i tiåra etter 1945.

Seiko Ikedo har, 77 år gamal, ein politisk bodskap til oss: Atomvåpen og menneske kan ikkje eksistere saman. «Avskaff alle atomvåpen».

Bileta: Hiroshima vart faktisk jevna med jorda i ein radius på 2-2.5 km frå bombas episenter. Berre nokre restar av bygg stod att. Under ser du to modellar som er laga av Hirohima sentrum før (med utanrikskomiteen i bakgrunnen) og etter. På det siste biletet står eg foran A-domen – restane av eit av dei få bygga om stod igjen.

Høyring om utanriks- og forsvarsbudsjettet

Mandag og tysdag i neste veke arrangerer utanriks- og forsvarskomiteen høyring om framlegget til statsbudsjett.

Kvart år arrangerer dei ulike fagkomiteane høyring der organisasjonar og aktørar på dei enkelte felta kan be om å få kome og legge fram sine synspunkt. I vår komite betyr det til dømes at bistandsorganisasjonar, miljøorganisasjonar, fredsrørsle, misjonsorganisasjonar og ei rekke andre kan kome og legge igjen synspunkt på budsjettet på mandag. På tysdag er det forsvarsdelen av budsjettet som står for tur.

Eg skal delta i desse høyringane, men vil gjerne arrangere mi eiga lille høyring her på bloggen også. Det kan gje fleire – både personar og organisasjonar – høve til å seie kva de meiner. Det er også bra om dei som skal på høyringa i komiteen utdjupar synspunkta her.

Eg skal som vanleg lese alt. Eg lovar som vanleg ikkje å kommentere eller svare på alt, men skal la meg inspirere og påverke av det eg synest er fornuftig. Værsågod, bli høyrd!