Dagbladet-feil

I dag står det på trykk ein sak i Dagbladet papir som handlar om elevar som fell ut av skulen. Min hovudbodskap er at vi er på rett veg. Fleire lærer meir, og dei siste mobbetala viser nedgong. Eg seier også at elevar vert svikta når skulen ikkje klarer å gje dei eit godt nok tilbod, men at det er feil å kalle skulen ein taparfabrikk. Dei fleste gjer det godt og klarer seg godt. Sjå intervjuet klippa inn nederst i denne bloggposten.

På papir er overskifta «Ja, vi sviktar elevene» uten sitatstrek. Med eit bilete av meg som smiler og hoppar tau. Eg har aldri sagt det (det var ikkje med i sitatsjekken), det er desken si tolking. Ei urimeleg tolking etter mitt syn. Og ein veldig spesiell bildebruk, med bruk av eit bilete som er teke i eit intervju om satsing på SFO. Men verst, det gjer inntrykk av å vere eit sitat utan å vere det.

No sprer det seg som sitat. I Dagbladet.no har avisa sjølv gjort den feilen å legge det us som sitat! NTB har gjort det same. Slik oppstår ein feil og eit feil inntrykk!

 

Intervjuet:

— Jeg kan ikke tenke meg en viktigere oppgave enn å hjelpe flest mulige til å få den hjelpen og oppfølgingen de trenger i skolen, sier
kunnskapsminister Bård VegarSolhjell til Dagbladet.

I går skrev Dagbladet at den norske skolen skaper tapere: En av tre elever føler seg ikke hjemme i det norske skolesystemet, og faller ut av undervisningen.

Kunnskapsminister Solhjell vil ikke være med på å skape tapere. Han mener den rødgrønne regjeringen har gjort synlige grep og er på god vei mot lage en norsk skole for alle:

— Vi er på rett vei og ser klare tegn til forbedringer både faglig og sosialt i den norske skolen. Vi har allerede satt i gang flere tiltak, og flere skal påbegynnes. Vi er i ferd med å snu «vente-å-se»-holdningen blant annet ved å følge opp elever tidligere og tettere, vi har fått flere lærere og flere timer inn i skolen, sier Solhjell.

Ingen «taperfabrikk»
Like fullt innrømmer Solhjell at norsk skole svikter elevene:

— Vi svikter elevenes framtid når vi ikke kan gi dem et godt tilbud til læring og oppfølging i skolen. Det er positivt med fokus på dem vi har sviktet, men jeg synes det er feil å kalleden norske skolen for «taperfabrikken». Det er riktig at mange ikke finner seg til rette, men det er fortsatt mange som lærer en hel masse.

— Jeg er enig i at skolen er rettet mot noen, men ikke mot alle. Slik skal det ikke være, vi vil at færre skal falle ifra. Jeg kan ikke være
fornøyd før alle får det skoletilbudet de trenger, sier Solhjell.

Look to Øvre Romerike

Har vore travelt oppteken med valkamp i helga. Valkampseminar i Oslo på laurdag formiddag, paneldebatt med alle partia i Nannestad på ettermiddagen og seminar med Agderfylka i Kristiansand i dag.

God og offensiv stemning pregar partiet. Folk er godt med nøgd med det vi får til i regjering, men ikkje minst veldig klare for å stoppe høgresida og sloss for fire nye år. Folk er dessutan veldig klare for å gå ut og presentere SV-politikk, og kvifor vi er naudsynt for å gjere Regjeringa raud og grøn.

I går ettermiddag rakk eg også ein tur innom Nannestad vdg skule. Dei har redusert fråfallet på yrkesfaga kraftig dei siste to åra, og oppskrifta er akkurat det eg trur mest på og som vi presenterte i stortingsmeldinga Utdanningslinja: Meir praksis, og tettare på dei elevane som er i faresonen.

Den same tenkinga vart presentert for meg i forrige veke på Jessheim vdg i Ullensaker kommune. Eg utbrøyt difor ekstatisk at når det gjeld arbeidet mot fråfall i vdg skule må vi «look to Øvre Romerike»! Desse to skulane framstår som drømmeskular, men det er heldigvis mange drømmeskular i Noreg!

På Nannestad vdg hadde medieelevane utsilling av fotografi og bilete dei hadde laga sjølve, og eg fekk velje meg eit. Ei utruleg hyggeleg og flott gåve.

Svar

Det er fleire interessante spørsmål til bloggposten «OECD og Ida». Geir spør om vi berre skal tenke tidleg innstas, og ikkje sjå på innhaldet i dei mange år – og kanskje til og med kutte talet på år.

Eg er heilt samd i at vi må få meir kvalitet ut av kvart år og kvar time. Det er ei hovudsatsing for meg, eg har lagt fram stortingsmeldingar om både kvalitet i skulen og kvalitet i barnehagen. Eg er imidlertid ikkje samd i at vi kan kutte på toppen. Eg trur modning betyr ein del for utdanning og at den difor må gå over mange år. Eg trur heller ikkje vi klarer å ta igjen timane med lengre år og veker med same resultat – det er begrensa kor stor mengde ein klarer pr dag og år. Eg trur dei fleste må ta meir utdanning i framtida, og at utfordringa er å få fleire med seg i fleire år.

Marit spør om fråfall i høgare utdanning. Det er eit sentalt tema som er vi går inn i i meldinga Utdanningslinja. Det er ikkje berre fråfall i vidaregåande som er viktig.

OECD og Ida

På mandag sat eg i Stortinget til halv tre – lange dagar mot slutten av sesjonen.

I går og i dag har vi hatt OECD ministermøte i Noreg. Om lag 20 statsrådar og statssekretærar har diskutert tidleg innsats og fråfall i vidaregåande skule, under overskrifta «like muligheiter i utdanning».

Eg må ærleg talt seie at eg kan styre meg for internasjonale møte av dette slaget. Ofte sit mange titalls politikarar og byråkratar rundt eit bord og les opp ferdigskrivne innlegg for kvarandre, medan nokon filar tekst på bakrommet.

Men dette møtet var lærerrikt og interessant. Det var reell dialog, og mange lærerik erfaringar frå andre land. Alle land slit med fråfall. Vi viste ein forlenga trailer frå Johannes Joner sin film Respekt som intro til temaet. Det var også interessant å sjå kor sterkt den tenkinga vi står for står internasjonalt. Land etter land byggar opp barnehagetilbodet sitt og er opptekne av å fange opp alle tidleg.

Eit anna høgdepunkt var at vi hadde fått Jørn Hurum til å presentere Ida i eit kort innlegg under middagen. Det er fantastisk forsking, og ei fantastisk historie om formidling av forsking.

Den dagen Ida vart presentert for verda (med borgarmesteren i New York i hovudrollen) gjorde Google om på ikonet sitt på søkemotoren. Dei bytta ut det vanlege ikonet med eit Ida-inspirert ikon som ein kunne trykke på og få meir inofrmasjon. Ein stad mellom 1.2-2 mrd menneske trykka på ikonet i løpet av 26 timar! Det kallar eg spreiing.

Og ei nydeleg lita jente på om lag 47 millionar år er hovudpersonen.

Vekeslutt

Deilig å vere ferdig med nok ei veke. Denne perioden på slutten av året og stortingsperioden er travel. Mange saker i Stortinget, mykje som skal sluttførast i departmentet, mange som vil ha ein prat før balet – og ein valkamp å føre.

Eg har ei god kjensle. Frå veldig tøft har vi snudd til forsiktig positive medan vi er i regjering. Eg merkar det på den generlt positive men litt avventande stemninga. Folk synes vi spelar ein rolle, får litt gjort. Men det er også ting vi ikkje har gjort og litt usikkerheit om kva som er viktigast no.

Helga er roleg, men på laurdag har vi sagt ja til å dra på Akershus i regi av presidentskapet.

Fordelingsutvalet

I går kom innstillinga til det regjeringsoppnevnte fordelingsutvalet. Det kom i form av ein 600 siders mursteins-NOU. Eg har lese eit par-tre kapittel, og vil tilrå den på det sterkaste til alle.

Den er ein god analyse av kvifor vi har sosiale skilnadar, og kva som driv skilnadar opp. Enkelt sagt er det ein liten del på toppen som har stukke fra. Rapporten viser også korleis skatt på aksjeutbytte var viktig for å redusere skilnadar, og foreslår nye skattegrep.

Så peikar rapporten på at investeringar i tidleg oppvekst og utdanning er ekstremt viktig for å redusere skilnadar. Barnehage vert trekt fram som noko av det viktigaste for at alle skal ha like muligheiter uavhengig av bakgrunn. Det høge fråfallet i vidaregåande skule  er ei hindring for det same.

Det er kanskje ikkje så overraskande at ein rapport om fordeling gjer SV rett, men det er likefullt interessant og viktig. Ein bytung rapport har levert ei rekke viktige forslag – dei fleste forslag SV er for – som kan skape jamnare fordeling. Eg trur dette kan bli ein banebrytane rapport som påverkar den politiske debatten i år framover.

Svar

Mange innspel og kommentarar i det siste som eg ikkje har fått svart nok på. Takk også for hyggeleg melding frå Anne, som har sine eigen interessante blogg.

Synspunkta på fråfall er mange og ulike, men dei fleste går i same retning. Fleire peikar på at yrkesfaga er teoretiserte og må få meir praksis. Andre viser til at ulike elevar må få utvikla sine talent, og at skulen må la ulike menneske få utvikle seg ulikt. Til sist viser mange til at vi må ha høge kunnskapskrav i dag, samstundes som dei får støtte. Denne kombinasjonen mellom krav og støtte er ikkje minst viktig både i overgangen mellom ungdomsskule og vidaregåande og vegen vidare mot høgare utdanning. Eg tek med meg alle synspunkta vidare, vi skal legge fram ei stortingsmelding om dette i vår og det har vore tema under budsjettdiskusjonen her på Torbjørnrud i dag.

I fildeldingsdebatten er vel dei fleste argumenta no brukt, men eg føler for å svare på enkelte poeng. For det første er det enkelte som argumenterer som om vi i dag har ein perfekt situasjon der alle kunstnarar får betalt som eg vil rive ned. Det er jo stikk motsatt. I dag taper opphavsmenn store inntekter på grunn av ulovleg fildeling. Eg ønskjer å få debatten om det inn på eit spor der vi gjer andre grep enn i dag.

Det gjer eg på grunn av omsynet til opphavsmenn, men ikkje minst på grunn av at det er skilnad på å dele og stjele. Om eg får bilen til Benny biltyv (som har kommentert på sida mi) mistar han sin bil, om eg får kunnskap av han eller han spelar av ei plate for meg har vi begge glede av det. Det blir meir kunnskap og meir kulturoppleving om vi delar på det. Vi bør difor utnytte dei samfunnsmessige føremonene av deling på eit vis som sikrar inntekter til produsentane. At enkelte høgreideologar er mot slik deling sjølv med ein finasieringsmodell er mindre overraskande. Enkelte hevdar også at eg legitimerer ulovleg fildeling. Eg vil presisere igjen at eg er mot ulovleg fildeling.

Endre Skjørten sitt innlegg er godst, og treff meg. Han ber meg nyansere og ikkje bruke billeg politisk retorikk (noko eg jo er svak for). Han har rett. Mitt mål er å bidra med ei løysing i ein polarisert debatt, då bør eg sjølv ikkje polarisere unødig.