Ein ny narkotikapolitikk

Det er om lag 250 menneske som døyr av overdose kvart år. Det er litt færre enn dei som døyr i trafikken årleg.

Med særs god grunn engasjerer vi oss sterkt i trafikkulukker og dødfall. Det gjer voldsomt inntrykk, ei trafikkulukke har «det kunne vore meg» skrive med store bokstavar over seg. Vi markerer dødsfalla, og debatterer friskt korleis vi kan redusere talet på dødsfall. Med god grunn. Vi har fått til ein nedgong. Det gjer oss ikkje nøgde, berre motivert for å gjere meir.

Men når diskuterte du sist overdosedødsfall? Når vart det markert med lys, og når vart det tv-innslag av det? Sanninga er vel at dei fleste av oss kjenner at eit overdosedødfall har «det kunne ikkje vore meg» skrive med store bokstavar over seg. Det er ein rusmiddelavhengig som døyr, ein narkoman. Rusmiddelavhengige er, slik eg ser det, mellom dei mest stigmatiserte menneska i Noreg. Eg var nyleg til stades på eit foredrag av Thorvald Stoltenberg. «Ubeskrivelig diskriminering» kalte han den oppførselen han observerte overfor to rusmiddelavhengige i ein butikk.

I vår iver etter å arbeide mot narkotika har vi ofra dei narkomane. Det er utgangspunktet mitt når eg i Aftenposten 13.12 tek til orde for endringar i narkotikapolitikken. Vi må slutte å straffe bruk og besittelse av narkotika, men heller bruke rådgjeving, behandling og oppfølging. Vi må etablere stadar der rusmiddelavhengige kan få tverrfagleg hjelp og oppfølging, men også bruke det stoffet dei uansett kjem til å ta. Vi må sjå rus og psykiatri i samanheng. Vi må opne opp for betre og meir fleksibel bruk av legemiddel, og vi må akseptere at mange vil sprekke i behandlinga og treng ein ny sjanse. Vi må bygge ut bustadar, som er grunnlaget for å kome seg vidare frå livet på gata. Rismisbruket vil vere der. Vi må forhalde oss til det.

Det er ikkje mine eigne idear eg presenterer. Snarare tvert imot, eg presenterer nye og gamle meiningar som andre har arbeidd fram men som eg meiner er kloke. Det har berre sete veldig langt inne å få politiske parti og sentrale politikarar til å gå inn for det.

Mitt innspel handlar om dei rusmiddelavhengige sin situasjon. Det vil raskt få mange til å hevde at eg ikkje fokuserer på det som er viktigast, forebygging og behandling. Det er feil.

Forebygging er det viktigaste på nesten alle felt. Det er ein sterk forekomst av traumer, vald og andre vanskar i oppveksten blant dei som er rusmisbrukarar. Mange har vore i kontakt med barnevernet, men ofte for seint. Tidleg innsats gjennom eit styrka barnevern, ein barenhage som kan rapportere fleire bekymringar til barnevernet, ei betre skulehelseteneste og ei dreiing av politiarbeidet mot forebygging er blant dei viktigaste tiltaka for betre forebygging.

At behandlingssituasjonen er for dårleg er vel etablert. Vel 4000 i kø over mange år er uhaldbart. Det er umogeleg å lukkast med mange av dei tiltaka eg tek til orde for utan at ein kan kome raskare til behandling. Når motivasjonen er der må ein kunne få behandling, ikkje eit halv år etterpå.

Men; mange vil vere rusmiddelavhengige også i framtida. Deira situasjon må vi ta på alvor. Viktigheita av forebygging og ein veg ut av rusavhengigheit må ikkje stå i vegen for at vi gjer meir for liv og verdigheit for dei som lever med rusproblem.

Vi må få fleire rusavhengige vekk frå gata. Ikkje ved å rydde plata eller å sende dei rundt i byen, men gjennom å etablere det Stoltenbergutvalet kallar brukarstader i dei største byane. Dette er stadar der den enkelte misbrukar kan ta stoffet sitt (gjennom sprøyte eller ved å røyke heroin – ein viktig grunn til det høge talet på overdoser i Noreg er at så mange bruker sprøyter her), få helsehjelp og anna fagleg oppfølging samt kome i kontakt med behandlingsapparat. Brukarstaden vil vere ein frisone der ein kan få meir verdigheit i misbruksituasjonen, men også reint vatn, ascorbinsyre, medisinsk hjelp og anna som reduserer risikoen for overdose. Det er samstundes ein stad med sosialfagleg kompetanse. I dag har vi eit spøryterom. Det vert stadig foreslått lagt ned av byrådet i Oslo, det er ope frå 9-3 og er pålagt fullt av rigide grenser som ikkje fungerer i praksis. Vi bør i staden få brukarstader.

Vi må få større fleksibilitet i oppfølginga, slik 24/7 er eit døme på. Dette handlar også om ei rekke begrensningar som ligg der i dag og som eg set spørjeteikn ved. Det er tett samanheng mellom rus og psykiatri, men det er ikkje tette nok overgongar mellom dei to fagfelta i behandling og tilbod til den enkelte. Det er særs viktig med medisinsk behandling, det som heiter Legemiddelassistert Rehabilitering LAR. Det verkar likevel som det er stort behov for å sjå på fleksibiliteten i medisineringa for den enkelte, aksepten for sprekkar (som i dag hindrar mange frå t.d metadonbruk) og å basere behandlinga meir på tillit enn i dag. Å forsøke med bruk av heroin i behandling er eit døme på det, sjølv om det har lett for å få alt for stor vekt i debatten i høve tilkor fåpersonar det truleg er aktuelt for.

Vi må tilby folk ein bustad og ei tettare oppfølging rundt den. Ikkje minst etter behandling er det kritisk. I alt for mange tilfelle er behandling bortkasta fordi oppfølginga er for dårleg. Mange som kjem ut av behandling har ikkje eit sosialt nettverk utanom rusmiljøet. Det står ingen bustad, ingen base i livet, og ventar. Og gjer det det står det ikkje menneske rundt ein som kan bidra med ei anna retning enn tilbake på gata. Det må byggast ut eit omfattande oppfølgingsapparat og bustadar som rusavhengige kan bu i. Dagens busituasjon på hospits er dårleg, og fungerer som ei forlening av rusmiljøa.

Til sist bør vi ikkje bruke straff – fengsel eller bøter – for bruk og besittelse av stoff. Det framstår for meg meiningslaust at vi skal straffe dei mest slitne menneska i Oslo som set sprøyter nedanfor togstasjonen. Meiningslaust å bruke politiressursar på det, dei må brukast på forebyggande politiarbeid og å ta bakmenn. Meiningslaust at dei skal samle opp bøter som dei aldri kan betale. Tala varierer litt, men opp mot halvparten av dommane i Noreg har bakgrunn i narkotika. Mange har enkle forseelsar med seg på rullebladet, sterkt sosialt skeivfordelt og med konsekvensar som at dei ikkje kan tre inn i enkelt yrke. Eg har langt meir tru på politikken i Portugal, slik den er presentert både i Stoltenbergutvalet sin rapport og ein rapport frå den liberalistiske tankesmia The Cato Institute. Portugal har avkriminalisert bruk og besittelse, og erstatta straff med ei nemndordning som kan gje informasjon, tildele samfunnsstraff og oppfølging eller anbefale behandling. Det finst forsøk med liknande tiltak i Noreg også. Eg trur det verkar meir forebyggande enn straff.

Debatten om straff og narkotika er omfattande og har mange inngangar. Eit fleirtal i straffelovkommisjonen av 2002 foreslo å avkriminalisere bruk og besittelse, men forslaget vart ikkje lagt fram av departementet. Ingen parti støtta det heller. Ulike personar har teke til orde for ordningar med styrt omsetning. Ein av dei eg synest argumenterer godt er sosiologen Willy Pedersen. Ulike land har så ulike ordningar der ein held på eit forbod, men i praksis ikkje bruker straff særleg mykje. Eg vil ikkje legalisere narkotika. Eg vil erstatte

Dette er ikkje meint å vere starten på eit korstog mot dagens politikk, men starten på ein refleksjon eller debatt. Det er mange synspunkt i debatten, men på langt nær like klåre forskingsfunn som for alkohol. Siden narkotika er forbode er dei to jernlovene frå alkoholpolitikken – at pris og tilgjengelegheit påverkar forbruk – ikkje tilgjengelege for politikarane i direkte form.

Eg fryktar no at vi skal få det motsette av det vi treng. Vi treng ei verdireform, ei endring av måten vi ser på rusmiddelavhengige og vår vilje til å gje dei rettar, respekt og hjelp som andre. Det kan fort ende med at dei vanskelege forslaga – dei som utfordrar dagens verdisett – døyr i moralisering, medan vi står att med nokre strukturendringar. Ei ny flytting av boksar mellom forvaltningsnivåa er neppe det viktigaste i ruspolitikken framover.

Kvifor går eg ut med dette no, tenkjer du kanskje? Det er ein formell grunn. Stoltenbergutvalet sin rapport har høyringsfrist 7.januar. Det skal så lagast ei stortingsmelding, noko som gjer at alle parti må ta stilling til desse spørsmåla. Ulike politikarar har allereie vore på bana. SV må ha vår debatt. Dette er mitt bidrag til å starte den.

Det finst ein annan grunn også. Eg har gradvis blitt meir interessert i og endra syn på desse spørsmåla i løpet av fleire år. Då eg gjekk av som statsråd for eit drøyt år sidan hadde eg samla opp fleire slike tema der eg vera at noko var galt (eit anna tema kan du lese om her). Tema eg ville ta tak i, sette meg inn i og etter beste evne bidra til endring på.

Det siste året har eg difor besøkt plata, sprøyterom, institusjonar og ei avdeling for rusavhengige på ein sjukeheim i Stavanger. Eg har snakka med rusmisbrukarar, pårørande, forskarar, politifolk og tilsette i rusomsorgen. Eg har høyrt på organisasjonar med ulik inngang, som Actis og Foreningen for en human narkotikapolitikk og leiaren Arild Knutsen. Eg har lenge meint det eg no seier, men vegra meg for å gå ut med det og seie det.

Fordi det er kontroversielt? Eigentleg ikkje. Etter at eg gjorde intervjuet med Aftenposten på torsdag tenkte eg over det igjen. Grunnen til at eg har vegra meg (0g gruar meg litt til i morgon) er at eg trur mange vil hevde og tru at eg ikkje er så mot narkotika, at eg ser litt mellom fingrane med det, at eg ikkje tek heilt på alvor den store skrekka til mange av oss som har barn: At dei skal begynne med stoff.

Det er ein innebygd logikk i korleis vi tenkjer som ikkje så lett kan brytast: Nei til narkotika = Forbod = Straff dei som bryt forbodet. Eg fryktar at mange skal tenkje at dersom han seier nei til straff så seier han vel ja til narkotika.

Men det gjer eg ikkje. Eg trur ikkje straff er ein god måte å praktisere forbodet på. Eg trur det er med på å ofre menneske og stå i vegen for at dei kan oppnå ein verdigheit og eit noko betre grunnlag for å kome seg vidare, kanskje mot å bli rusfri. Eg trur hjelp er ein betre å måte å seie nei til narkotika på enn straff.

Det er ikkje ein spesielt liberal politikk, det er først og fremst ein human politikk.

Ein dag i Oppland

Har vore ein full dag i Oppland i dag saman med Oppland SV. Først besøk på Sørbyen Omsorgssenter i Gjøvik med sjukeheim og omsorgsbustadar. Oppdatering på kommunen sine planar og omvising.

Så til Lilllehammer; Ein tur til Skogli Helse- og rehabiliteringssenter med omvising i deira lokale. Dei er ein erfaren og fagleg tung institusjon for rehabilitering av ulike pasientgrupper.

Til sist medlemsmøte med folk frå Lillehammer og nabokommunar. Oppmøtet stod litt til målingane om dagen kan ein vel seie, om lag 20 stykker. Men det var positivt og god stemning blant dei som var der og særs konstuktive debattar.

Merkar alle stader at det trengs ei vitamininnsprøyting hos folka våre, både SV-folk og dei andre raudgrøne sine. Det er ikkje dårleg stemning, men litt reservert. Og lett nervøs med kommunevalet i sikte.

Meir ideell velferd

På onsdag i forrige veke besøkte eg Blå Kors i Storgata i Oslo.

Blå kors starta opp i Noreg i 1906. Blå Kors vart stifta i Sveits som Røde Kors sin innanrikspolitiske fetter. Der Røde Kors opererte i krigsområde, skulle Blå Kors ta seg av dei såra på «livets store slagmark», der Kong Alkohol var krigsherre. Dei er ein av mange innan ideelt drive velferd som er like gamle som velferdsstaten sjølv, eller eldre. Røde Kors, Frelsesarmeen og Kirkens Bymisjon er andre. Difor er det også samarbeidspartnarar vi kan stole på har eit langsiktig perspektiv.

Eg har dei siste åra kome til at vi bør ha som mål å få ein større ideell sektor i velferdssamfunnet (sjå meir om det i Aftenposten). Mange i SV er samde med meg i det, og mange har jobba for det på Stortinget, i kommunstyrere og i organisasjonane sjølv. Men det er ikkje klart nok reflektert i våre program, og eg møter mange som har eit heilt anna inntrykk.

Dei ideelle deler i stor grad verdigrunnlag med dei med velferdsstaten, men i tillegg kan ideell sektor tilby noko som velferdsstaten slit med:

For det første kan dei tidleg sjå nye behov, og raskt snu seg rundt for å møte dei. Blå Kors sitt arbeid med spelavhengige er eit godt døme på det, det byrja allereie midt på 90-talet. I barnehagens barndom var det ideelle og foreldre som stod for mykje av utbygginga. I dag treng vi meir av det same innan rusfeltet og overfor ungdom fell ut av vidaregåande skule og treng andre tilbod enn tradisjonell skulegang.

For det andre er engasjementsdrivne organisasjonar som rekrutterer frivillige, tek i bruk nye metodar og dyrkar fram ein direkte og tett kontakt med dei dei vil hjelpe. Mange tilsette i ulike delar av velferdsstaten ønskjer det same, men store byråkratiske organisasjonar slit med å få det til.

Det offentlege kan gjere meir for å dyrke fram ideellt drive velferdstilbod: Vi må tilby langsiktige kontraktar, lage eigne anbodsrundar og etablere langsiktige samarbeidsavtalar. Og så må vi skilje klårare mellom dei ideelle og kommersielle. For i dag vert mange ideell skvisa ut av dei kommersielle. I Oslo har både Røde Kors og Frelsesarmeen slutta å drive sjukeheimar. Av tala kan vi sjå at det blir fleire kommersielle og færre ideelle innan velferd i Noreg. Det burde vere motsatt. Kva skil dei?

Verdigrunnlaget. Verdigrunnlaget er å hjelpe folk med liva sine, og å yte tenester som gjer folk eit godt og trygt liv. Utbyttet for Blå Kors er ikkje utbetaling av overskot til eigarane, utbyttet deira er at folk får det betre. Dei kommersielle skal i lange løp tene pengar på velferd, og må la det syre sine val og prioriteringar.

Stabilitet. Mange av dei ideelle har vore her i hundreår og vil vere her så lenge det erfolk å hjelpe og tenester å yte. Dei kommersielle vil vere herså lenge dei kan tene pengar på velferden.

Erfaringane. Vi har mange dårlege erfaringar med kommersielle aktørar som kjem inn på velferdsfeltet. På barnevernsfeltet er det avslørt store utbytter dei siste åra, medan pengane trengs sårt i oms0rgen. I Oslo har dei ideelle opplevd å bli pressa ut til fordel for dei kommersielle. Den private, kommersielle John Bauer-skulen som fekk starte opp under Bondevik2-regjeringa vart teke i juks. I Sverige har det vore mange saker rundt dei private skulane, og det er varsla ei innstramming frå den borgarlege regjeringa.

Anbodskonkurransar med rigide pris- og kvalitetsmål favoriserer store, kommersielle aktørar. Dei har kapital i ryggen, og kan tåle låg inntening ei periode. Dei siste åra har vi sett korleis dei ideelle slit her fordi dei ikkje kan presse prisen eller droppe pensjonsavtale, men er kompromisslaust kvalitetsorientert. I dag blir ikke dei private, ideelle organisasjonane sine utviklingsmuligheiter og særprega mål vektlagt i anbudsrundane.

Velferdsstaten må vere ryggraden i velferd i Noreg, og den bør halde fram med å vakse og utvikle seg. Samstundes bør ideell sektor bli større, få betre vilkår men ikkje minst bli annerkjent for sine eigne verdiar og bidrag. Skal vi få til det må vi gje fortrinn framfor dei kommersielle, og lage stabile avtalar med dei ideelle som bygger på deira særlege føresetnadar.

Vaksine eller ikkje?

I dag gjekk helsemyndigheitene ut med råd om at alle nordmenn bør ta influensavaksine (VG  Dagbladet) Først vil dei som er i risikogruppene få tilbod, deretter alle andre. Etter mange rundar med fram og tilbake verkar det no som svineinfluensa spreier seg raskt. Om lag 100.000 nordmenn har eller hatt sjukdomen til no i følge folkehelsa, 10 personar er døde. To av dei var ikkje i risikogruppa vert det rapportert.

Eg kjenner mange som er i tvil om dei bør ta vaksinen. Særleg biverknadane er eit usikkert spørsmål, som gjer mange (meg inkludert) usikre. I tilleg har eg sett at fleire, til dømes professor i medisinsk etikk Jan Helge Solbakk, argumenterer for at vi heller bør tilby overskottet av vaksinar vi har til land som ikkje har råd/tilgong enn å vaksinere oss som er utanfor risikogruppene.

Sjølv heller eg klårt mot å ta vaksinen, også for dei av barna mine som er over den anbefalte aldersgrensa. Sjukdomen er mild i dei fleste tilfelle, men kan potesielt bli alvorleg. Det er i tillegg viktig at mange tar den for å avgrense spreiing.

Les meir om svineinfluensa på pandemi.no

Kvifor SV?

1) Fordi SV sitt valresultat kan avgjere om det blir raudgrøn regjering. Gjer vi det bra kan vi klare det så vidt. Gjer SV det dårleg kan fleirtalet ryke.

2) Fordi SV er utdanningspartiet. Vi har forslaget som kan sikre mindre klassar og fleire lærarar i skulen. Samstundes satsar vi på kompetanseheving av lærarar, ei eiga rektorutdanning og ei betre og meir krevjande lærarutdanning. Vi har gjennomført ei barnehagereform, no skal vi få oppkvaliteten og ned prisen i SFO. Vi vil betre finansieringa av høgskular og Universitet, og innføre 11. månedar studiefinansiering.

3) Fordi SV i ei raudgrøn regjering er det einaste som kan halde Lofoten oljefritt. Dersom det blir borgerleg fleirtal kan stortingsfleritalet av AP, H og FrP presse det gjennom. Det gjeld også dersom V og KrF bind opp H i regjering. AP og FrP vil ha fleirtal i Stortinget og kan stemme det gjennom. Berre SV med støtte frå SP kan binde opp ei fleirtalsregjering til å seie nei, slik vi har gjort i denne perioden.

4) Fordi vi har sloss for likelønn i årevis, og no er det endeleg breiare støtte for ein likelønnspott til dei tilsette i kvinnedominerte sektorar som pleie/omsorg og barnehagar. Det trengs eit parti som er villig til å prioritere det.

5) Fordi det trengs meir sosialisme, ikkje mindre. Fleire radikale folk, ikkje færre. Meir nytenking i utanrikspolitikken, ikkje mindre. Og fordi eg og andre i SV skal halde fram med å vere leiande på sosiale medier, vere i dialog og bruke sjansen til å høyre på råd.

Godt val!

Nesoddtunet

Eg har vore på sykehjem i dag, eller på Nesoddtunet bo- og servicesenter for å vere meir presis. Her diskuterte eg med tilsette og leiarar. Utgangspunktet mitt var likelønn, rett på heiltidsstillingar og rekruttering til pleie og omsorg. Samtalen der dreide i like stor grad mot behovet for kompetanse og bemanning på ein sjukeheim (og i kommunehelseteneste) og gjennomføring av tankane i samhandlingsreformen.

Eit lærerikt besøk med særs engasjerte og reflekterte folk. No ber det vidare til nye avtalar i Oslo og Asker.