All makt i denne sal

17.1 % av alle 18-24 åringar i Noreg meiner, i følge ei måling gjort av Infact, at uttrykket «all makt i denne sal» handlar om Arbeidarpartiet. Eg vert sarkastisk i tanken. Kva for ein sal? Storsalen i Folketeaterbygningen? Ein sovesal på Utøya?

Kanskje seier denne opplysninga noko om kunnskapsnivået i norsk skule? Den seier mest om norsk politikk i dag trur eg.

Opplysninga er å finne i Morten Søberg si andre bok som kom ut på Samlaget i haust. Morten Søberg er, i tillegg til å vere ein kjenning, ein av dei meir interessante personane som vandrar rundt i korridorane på Stortinget. Det får han til fulle fram i denne korte sakprosateksten. Eg har skrive om den første boka hans før, ei essaysamling. Det var tidvis bra og interessant. Det er ei stor glede for meg å oppdage at denne teksten er klårt betre. Mykje betre vil eg seie. Den er direkte god og interessant.

Den har ein tråd. Ikkje ein raud tråd, men ein konstitusjonell tråd. Ein konservativ men også radikal tråd vil eg seie, altså ein typisk sentrumstråd.

Kva betyr eigentleg all makt i denne sal? Det er det sentrale temaet i boka, som difor naturleg nok kretsar rundt Johan Sverdrup. Kretsar lett rundt Sverdrup vil eg seie, for tittelen på boka held det den lovar: «Sverdrups ekko». Den handlar om min arbeidsplass i snart eit år, Stortinget. Gjennom å studere arven frå Sverdrup og fleire mindre heltar som Isak Saba, den første samiske tingmann, David Webster, tidlegare amerikansk senator og utanriksminister og Martin Kolberg, bygger den opp eit vidare epos med ein større helt. Stortinget. Stortinget er helten i denne boka. Boka er ganske enkelt for Stortinget.

Boka inneheld ein dose uro for at Stortinget ikkje har den makta parlamentet har hatt, men først og fremst mange viktige synspunkt på korleis Stortinget kan og skal ha makt.

For det første eig Stortinget grunnlova. Søberg kan fortelje oss at det eingong var vanleg at Regjeringa gjorde framlegg om å endre grunnlova, medan det no er heilt og fullt Stortinget sitt domene. Den konstitusjonelle debatt, kompetanse og innsikt må difor finnast i Stortinget og vaktast av oss representantar. For det andre er det vi tingmenn sjølv som avgjer kvaliteten på Stortinget. Vi treng tingmenn med vilje og evne til definisjonsmakt, skriv Søberg. Han argumenterer også historisk innsiktsfullt for at det ikkje er gitt kva valordning som er best, og at sterkare vekt på personval har sine sider.

Boka er velskrive, på Morten sin alt for konservative nynorsk. Eg tilgir han det sidan innhaldet er så interessant.

Kulturskilnadar i Aust-Asia – ein teikneserieversjon

”Vi søv på matter over oppvarma golv, dei i senger. Vi skriv bokstavar, dei skriv teikn. Vi kler oss ulikt. Vi et annleis mat enn kinesarane, med våre metallpinnar i staden for trepinnar.” Det er ein av mine (nye) favorittpolitikar, Koreas tidlegare utanriksminister Song Min-Soon, som forklårer kvifor koreanarar har ein anna mentalitet og tenkjer ulikt kinesarane.

Dei tre store austasiatiske landa Kina, Sør-Korea og Japan har mykje til felles. Vi i vesten tenderer mot ikkje å sjå skilnadane, og snakke om austen. Men det er mange viktige skilnadar. Finst det ein enkel måte å seie noko fornuftig om dette på? Finst det ein teikneserieversjon? Svaret er ja, det finst ein teikneserieversjon. Og den stammar frå – ja, ein teikneserie. Den koreanske teikneserieskaparen Won-bok Rhie har skrive ein teikneserie kalla ”Korea Unmasked”, som også er oversett til engelsk. Eg meiner den treff ein kjerne når det gjeld å skildre kulturtrekk eller verdiar hos dei herskande klassar i dei tre landa. Hans versjon går om lag slik:

 Den sentrale verdien eller kulturtrekket i Kina er einskap. Kina er eit kontinent, som består av mange grupper og språk som har sloss seg i mellom. Det kinesiske instinktet er difor einskap. Den kinesiske karakteren for ”ein” betyr også ”den beste” og ”solo”. Einskapen til Kina er også naturleg knytt til at Kina er unike, det beste – ja den einaste eine verkelege sivilisasjonen. Difor viste Kina lite interesse for utlandet i mange hundreår, då kontakten med omverda viste dei at deira kultur og teknologi var overlegen. Og difor er det ubegripelig at ikkje alle – les tibetanarar, uigurar og taiwanesarar – vil vende tilbake til moderlandet si omfavning. Men alle politikarar i Kina trur – og veit – at det vil skje etterkvart, for alle som kan vil i bunn og grunn vere kinesarar. Det gjeld i botn også koreanarar (og kanskje til og med japanarar). Det tek berre litt tid. Kina er – for kinesarane – det einaste eine. Kina er overlegent.

Japanarane er eit homogent folk på ei øy, og har hatt eit naturleg forsvar mot ytre fiendar. Deira fiende har vore naturkatastrofer og kvarandre. Harmoni og fred med kvarandre (og naturen) er difor sentralt. Historia har lært dei at dei ikkje må gå laus på kvarandre. Svaret er å oppføre seg harmonisk, vennleg og høfleg med kvarandre. Med Japan sitt folketal gjeld det å passe på avstanden til andre. Den fysiske og den mentale avstanden. Shakespeare’s ”one man is an island” gjev meining i Japan. Både i Sør-Korea og Japan er videospill populært blant ungdom. I Sør-Korea har interative spill på nett blitt stort, medan dei i Japan helst spelar aleine heime. I Japan er det rom for mange måtar å vere japansk på. Alle tenkelege stilartar og undergrunnskulturar finst side om side på Tokyos gater. Innvandring kan truge den japanske harmonien, men respekt for andre sin (japanske) individualisme er naudsynt for å bevare den.

Koreanarane bur på ei halvøy som har blitt rent over av stormakter i hytt og pine. Det gjer dei eit felles prosjekt. Å sloss mot ein felles fiende når den dukkar opp! Det er Korea mot røkla. Dersom du stendig er truga av dei farlege folka rundt deg, er det ikkje rom for å tenke ulikt eller å filosofere over rett og galt. Ulike stilar og subkulturar er eit sjeldant syn på gatene i Seoul. Du må kunne skilje godt frå dårleg, sant frå usant, svart frå kvitt – og dette skiljet har koreanarane felles. Det ligg i den konfutsianske etikken å tenke hierarkisk. I familien, på arbeidsplassen, i samfunnet. Du må ikkje stille spørsmål ved leiarane dine eller reglane slik dei no eingong er. Konkurranse, leik og moro er likevel ufarleg, ja det er berre bra, då trugselen kjem utanfrå. Så lenge alle følgjer spelereglane. Og så lenge ein alltid er klar for å stå opp for Korea når det verkeleg gjeld. Korea må bevise sin orginalitet, og gjer det gjennom å vise ein lik kultur, eller ortodoksi om du vil.

Ein teikneserieversjon høyrer heime i hefta form ved nattbordet vil du kanskje seie. Den høyrer heime i bakhovudet vil eg seie. Song Min-Soons opplisting av kulturskilnadar for meg er til dømes typisk koreansk; Han markerer ein koreansk orginalitet overfor meg. Japans sterke motstand mot all innvandring (langt sterkare enn i Sør-Korea og Kina) kan ikkje forklårast økonomisk, men kanskje kulturelt.

Då er eg komen til Helsinki for mellomlanding, og Asia-turen min er over!

Koreanske førsteinntrykk

Har byrja å samle inntrykk av Sør-Korea, og skal kome tilbake med meir analyse og synspunkt seinare i dag. I går hadde eg diverse introduserande møte til landet, særleg med økonomi som tema. I dag har eg vore på museum, palass og fleire møte. 

Landet har hatt ei fantastisk økonomisk vekst dei siste femti åra. Utfordringane når det gjeld demografi minner om Japan, men arbeids- og konkurransekulturen er kanskje enno meir framtredande her. Korea har ei stolt historie, men også ei tragisk historie – ikkje minst i det halve hundreåret før andre verdskrigen. Det pregar nok landet enno, der det ligg i interessesfæren til Kina, Japan, Russland og USA.

I dag er Seoul ein moderne storby, men også ein by prega av konfusianismen og tradisjon. Koreanarane har lært seg å vere samla mot ytre fiendar, men er samstundes eit polarisert samfunn – regionalt, sosialt og kjønnsmessig.

Meir om dette seinare – no skal eg på koraensk barbeque.

Fisk og folk

Fisk og folk

Noreg er for verda først og fremst kjent for fred og fisk skal tidlegare utanriksminister Jan Petersen ha sagt. Så også i Japan; Nobels fredspris og laks var dei to tinga leiaren av utanrikskomiteen kommenterte då ho møtte oss.

For meg er dei to høgdepunkta i Tokyo så langt fisk og folk.

Japan er ein stor eksportmarknad for norsk fisk. Vi eksporterer for om lag 2 mrd kroner. Halvparten av verdien er laks (30.000 tonn), makrell er litt mindre (men 80.000 tonn) og så er det litt lodde og kongekrabbe. Dei lagar deilig sushi og sashimi av laks og makrell, og lodda grillar dei heil slik eg ofta har spist småfisk ved Middelhavet. Kvifor ikkje i Noreg?

Men først og fremst er jo maten er fantastisk. Det er som å vere i sjømathimmelen, med deilig fisk og skalldyr til alle måltid. Dersom ein i tillegg likar ris tre gonger om dagen og Miso-suppe (bønnebasert suppe) eit par gonger er det berre å fråtse i godt tilbredt mat av gode råvarer. Bileta under er frå fiskemarknaden.

 

Folk gjer eit like godt inntrykk som fisken. Eg kan hugse frå tida mi som ryggsekkturist på 90-talet at eg syntes japanarar var hyggelege. Det inntrykket er forsterka. Dei er høflege, uhyre hjelpsame og stort sett særs vennlege anten det er på gata eller i ein butikk du støter borti ein person. Dette er då også eit land med minimal kriminalitet, til trass for at Tokyo må vere paradis for lommetjuvar.

Ved sida av ser du biletet eg tok ved fotovergangen ved Shibuya stasjon, der visstnok opptil 3000 personar passerer gata kvar gong det vert grønt lys!

Japan i pop-kulturens teikn

Eg skjønar straks eg går nokre skritt bortover eit fortau i Tokyo at det er det pop-kulturelle Japan som har forma mine inntrykk av landet. Det er Murakamis, Sakamotos og Mangaens Japan eg ser for meg. Eller Japan a la Lost in Translation; Det er ei scene mot slutten av filmen der Scarlett Johansen står med ein paraply eller noko ved eit gatekryss, og så druknar ho nesten i folk som passerer. Det er visst ein fotgjengarovergang i bydelen Shibuya der 3000 menneske passerer kvar gong (eg går ikkje god for talet, men det høyrest tøft ut).

Faktisk passar desse bileta nokså bra på det eg ser. Eg går rundt i strøket Akihabara som har fullt av butikkar med forbrukarelektronikk av alle slag. Neonlys og plakatar heng så og seie utover gatene (sjå biletet til høgre). Trengselen er stor – det er den visst over alt i Tokyo. Her i strøket er det ungdomar som skapar den. Dei er enno meir styla enn det eg er van med frå europeiske og amerikanske storbyar. Moderne og dyre frisyrer, solbriller og klær. Sminken på jentene er i pastell, gutane har baggy bukser. Dette er eit slags Amerika tenkjer eg. Hyperamerika. Dei har til og med amerikansk uttak til stikkontaktane. Og dei elskar baseball i Japan!

Ein samtale med eit par av dei norske tilsette på ambassaden stadfestar inntrykket av tung kulturell amerikansk innverknad. Men som ministerråden ved ambassaden seier; dei ser ut som amerikanske eller europeiske ungdomar på utsida, men er heilt ulike inni. Der er dei japanske, og det er noko eige.

Tidlegare på dagen var vi innom eit buddistisk tempel (sjå bilete under). Det minte meg på eit anna bilete av Japan som eg også har frå kulturen. Eit Japan av Shogun, tempel og keisarlege dyder formidla av Kurosawa og Mishima. Det har vore ein spennande dag i Tokyo, men eg tenkjer allereie at det er trist at eg ikkje skal få trenge meir inn i eit spennande og komplekst land og folk. I kveld er det middag med japanske akademikarar og journalistar på ambassaden.

Meir frå det og dei første offisielle møta i morgon. På det siste biletet under et delar av utanrikskomiteen nydeleg Tempura, Sashimi og Misosuppe til lunsj.

Sluttfase

I dag har eg vore rundt i Akershus. Eit av stoppa var på kulturskulen i Ås. Kommunen har satsa på ein god kulturskule, og meir enn 1 av 5 elevar i grunnskulen er også elevar på kulturskulen. Eg fekk sjå både elevar og lærarar i aksjon, og gav økonomisk støtte til eit prosjekt. Eg fekk også kjenne litt på ei fiolin. For første gong på årevis. Eg spelte faktisk fiolin i mange år, fram til eg var om lag 15 år.

Tidlegare i veka la regjeringa fram våre planar om satsing på kulturskulen. Mange undervurderer dette tilbodet, som meir enn 100.000 norske born har glede av.

Valkamphelg

Dei siste dagane har bestått av ei lang rekke husbesøk, torgmøte, paneldebattar, stands, skulebesøk med meir, samt ein rundtur til togstasjonar på Romerike på fredag. Mellom slaga rakk eg å opne Robert Normann-festivalen i Sarpsborg. Det er kome både festival og museum tileigna denne fantastiske jazzgitaristen i heimbyen hans. I dag var det skattejakt på Piratøya.

Slik held det fram i morgon, då eg mellom anna reiser til Telemark.