Innovasjon på Stortinget

Eg vil ha digitalt storting, med sakshandsaming, medier og anna rett inn på nettbrettet. Først treng vi ei frivillig prøveordning som kan teste det ut; Eg melder meg!

Det er essensen i eit intervju med meg på side 20 i dagens VG. Symptomatisk nok ligg ikkje saken frå dagens VG på nett! Den finst berre i papirutgåva, men er omtala på SV sine sider

Det er også ein breiare bakgrunn for utspelet. Det er innovasjon – det å gjere ting smartare – som er grunnlaget for vekst og utvikling både i privat og offentleg sektor. I offentleg sektor er dette særs viktig. Gjennom meir kunnskap, bruk av teknologi, betre arbeidsprosessar og betra organisering forbetrar vi kvaliteten på velferdstenester og frigjer folk til andre oppgåver.

Eg vil at Stortinget skal ligge i forkant av denne innovasjonen, og ta i bruk ny teknologi og nye og meir effektive arbeidsmåtar. Difor dette initiativet.

PISA ute av skapet

Så er PISA 2009 presentert.

Det er som eit spøkelse er ute av skapet. Svartmalinga av norsk skule har i stor grad basert seg på fleire runder med svake og fallande resultat. PISA har blitt tolka som ein total dom over norsk skule. PISA-undersøkinga er ein god og gjennomarbeida studie av viktige dugleikar og fag som lesing, matematikk og naturfag. Ikkje minst lesing er ein viktig basis for å skaffe seg anna kunnskap og fungere godt i samfunns- og arbeidsliv. Samstundes seier PISA lite eller ingenting om andre viktige trekk ved skulen, som trivsel, dei kreative og praktiske faga eller i kva grad norsk elevar tek i bruk ny teknologi.

Det viktigaste med dagens resultat er at lærarar, rektorarar og andre skulefolk i Noreg kan rette ryggen. Dei har gjort jobben som gjer at vi er på rett veg. Vi politikarar kan krangle om kven som har æra. «Fiaskoer har ingen foreldre, men suksesser har mange foreldre» var Kristin Halvorsen sin treffande kommentar til at Høgre meiner dei sjølv og kunnskapsløftet har hovudæra.

Eg eg er både glad og letta for resultatat, for det viser klår framgang for norske skuleelevar i lesing, rekning og naturfag. I lesing er framgongen stor, og vi ligg klårt over OECD-snittet. I mattematikk og naturfag er framgongen mindre, og vi ligg om lag på snittet i OECD. I norden er Finland, som har fått ein nesten magisk status i skulepolitikken, framleis klårt fremst (dei er også på topp internasjonalt, saman med Korea) medan Noreg no er nest beste nasjon. Kortversjonen av resultata finn du her. Viktigare enn denne rankinglista er kanskje nokre andre tilhøve:

Pila peikar riktig veg, og det nokså klårt. I Sverige går resultata feil veg. Det er interessant å samanlikne med dei som har mange år med borgarleg skulepolitikk bak seg. Sverige har satsa på fleire privatskular, nivåinndeling og fritt skuleval, og har fått større grad av segregering i skulen. Det er ei oppskrift OECD åtvarar mot i materialet, der dei viser til at skulesystem med like muligheiter og lite segregering av elevar i ulike skular og klassar gjer det best.

Skulen er ikkje god nok til å redusere sosiale skilnadar. Det er for stor skilnad i resultat basert på elevane sin bakgrunn. Men den norske skulen er betre på å redusere sosial ulikskap enn skulen i dei fleste andre OECD-land. Samsundes viser undersøkingar at Noreg og Finland skil seg ut som dei landa som har minst skilnadar i resultat mellom skular, og størst skilnad innan skulen. Dette er eit teikn på lite segregering, og at vi har ein sterk fellesskule. Det er eit viktig trekk ved land som gjer det bra. Den dyktige forskaren som har leia arbeidet med PISA i Noreg, Marit Kjærnli, heldt ein presentasjon som viser dette godt på side 26 og 27.

Til sist vil eg legge til to ting. Politikk virkar, dersom det er rett politikk. I 5 år har vi fokusert på tidleg innsats og lesing, på kompetanseheving av lærarar, på å styrke skuleleiing og sunn bruk av kartleggingsprøver og nasjonale prøver. Vi har gjort det utan privatisering, nivådelding av klassar eller andre tiltak som forskinga åtvarar mot. Det har virka.

Politikken virkar, PISA var bra, men nor gjeld det å ikkje legge for stor vekt på den. Vi skal halde fram med den satsinga, men PISA må ikkje gå til hovudet på oss. Vi må våge å ha eit sterkt fokus på trivsel og mobbing, på fråfall i vidaregåande skule og på kreativitet i skulen. Det er viktige sider ved ein god skule som ikkje blir målt i PISA og ikkje må gå tapt. Tvert imot, kreativitet og kultur i skulen til dømes fortener ei kraftfull satsing.

Innovasjon

Medan resten av verda fascinert følger det som må vere det mest fengslande , menneskelege drama i år, har eg vore i debatt om innovasjonspolitikk i dag. Ja ikkje misforstå, eg har og følgd dramaet i Chile, men eg har vore nøydd til å gjere litt anna også.

Debatten vart arrangert i samband med Olav R Spilling si nye bok om det same emnet. I panelet var Trond Giske, Trine Skei Grande, Henning Warloe og eg. Paul Chaffey leia debatten. Etter nokre politiske skulevalsfintar i starten, vart debatten raskt relativt sakleg og roleg, til dels interessant vil eg seie.

Spilling hevdar i si bok at norsk innovasjonspolitikk er utydeleg og lite visjonær. Eg trur eg ville sagt det litt annleis. Vi har ikkje ein innovasjonspolitikk formulert som ein viktig eigen kategori i det offentlege språket. Det offentlege språket er det som kjem av strukturarar i budsjett, departement og andre offentlege inndelingar. Her er ikkje innovasjon formulert som ein klår kategori. Mykje av innhaldet i politikken er formulert; som nærinsgpolitikk, finanspolitikk, forskingspolitikk og skulepolitikk. Men ikkje som innovasjonspolitikk.

Burde det vore annleis? Ja, det er viktige argument for det. Men berre dersom vi faktisk forstår innovasjon som noko anna enn verdiskaping og næringsutvikling. Spilling sin eigen definisjon «En politikk som har som eksplisitt mål fremme utvikling, spredning og bruk av nye produkter, tjenester og prosesser i samfunnet» er god. Den vektlegg den tradisjonelle utviklinga av produkt og tenester, men også bruken og integreringa av desse i samfunn og arbeidsliv. Til dømes er det innovasjon å skape teknologien i ein Ipad. Det er også innovasjon å skape eit produkt å selje av den teknologien. Minst like interessant er det å ta i bruk teknolgien på fornuftig vis i samfunnet slik at det t.d effektiviserer arbeidsprosessar.

Det siste er vi nokså gode på i Noreg. Sjå til dømes dette dømet som Aftenposten skreiv om i vinter. Den gamle forhatte forhatte lånekassa frå mi studietid er bytta ut med ei mønsterbedrift. Dette er også døme på nokå anna viktig. Innovasjon er ikkje berre utvikling av teknologi og produkt i industrien, det er like mykje utvikling av prosessar og arbeidsmåtar i offentleg og privat tenesteyting. Noreg har verdas høgste produktivitet mellom anna på grunn av vår evne til å utvikle arbeidsprosessar og ta i bruk nye metodar.

Difor er innovasjonspolitikk meir ein tenkemåte, ei haldning, eit fokus og etablering av incitament som det er konkrete løyvingar og lover.

Koreas konkurransekultur på godt og vondt

Sør-Korea er eit økonomisk mirakel. Landet var eit lutfattig u-land etter koreakrigen, men har i dag eit BNP på nivå med søreuropa. Dei er verdas tolvte-trettande største økonomi. Ein vekststrategi bygd på industrialisering og utvikling av teknologi gjennom eksportsubsidiar og proteksjonisme – men ikkje demokrati, det kom først i 1987 – var ein stor suksess. Først med enkle, arbeidsintenive eksportprodukt, så med tungindustri, bilar og forbrukarteknologi. Sør-Koreas vekst så vel som dei ”asiatiske tigrane” sin suksess med ei liknande oppskrift er tema for ein eigen litteratur. Den var sterkt i strid med rådande økonomisk ortodoksi, og bidrog til å endre synet på kva som kan få eit land ut av fattigdom.

Mindre kjent er det at dei heile vegen har investert stort i humankapitalen. Satsa på folk sine kunnskapar. Sjølv vektlegg dei dette sterkt. Allereie på 50-talet hadde dei eit arbeidsvillig folk med betre utdanning enn fattigdomen skulle tilsei. Seinare har både staten og familiar satsa på utdanning. Landet har ein sterk kultur for at skulegang er viktig som også når ut til dei fleste familiar. Den sterke arbeidskulturen, ein variant av den protestantiske etikken, er også ei viktig forklåring.

Ein utruleg suksess. Eit land som på to generasjonar har teke eit steg andre har brukt fleire hundreår på. Det er viktig å slå det fast før vi set i gang med problema. For Sør-Korea kan få store problem.

I eit økonomisk språk: Sterke veksthemmarar som låge fødselstal og låg produktivitet, som økonomen Kang Dongsoo ved tenketanken Korea Development Institute (KDI) formulerer det . I eit meir menneskeleg språk: Ein arbeids- og konkurransekultur som hemmar familieliv og kreativitet.

Eg har, kjære lesar, i dramatiske ordelag fortalt deg om kor ille det kan gå med Japan med ei fødselsrate på 1.3. Sør-Korea har om lag 1.1. Eg har brukt opp heile mitt dramatiske vokabular. Eg skal difor ikkje tvære ut dette. Det er mykje av dei same forklåringane som ligg bak, kulturelle og økonomiske. Eg trur dei verkar vel så sterkt her som i Japan, og det er tydeleg at dei har kome kortare i å snakke om og gjere noko med problemet. I Japan var det stor debatt om fødselstal, mange forslag i lufta og interesse for den nordiske modellen. Her er det mindre av alt dette.

Men interessant nok; innvandring verkar å vere ein meir tenkbar tanke i Sør-Korea. Landet har allereie ein del innvandrarar frå andre asiatiske land, utan at eg har fått tak i tala. På «The Presidential Commision for Future and Vision» kan dei også fortelje oss at vert arbeidd med eit forslag om å innføre dobbelt statsborgarskap i Korea. Den viktigste tanken bak er å tiltrekke seg utvandra koranarar, til dømes dei mange som bur i USA. Då kan dei flytte til Korea men halde på rettane sine i USA. Dei understrekar også tydeleg at eit eventuelt slikt steg vil innehalde eit høve til streng prioritering av dei med rett utdanning og bakgrunn. Det er målretta arbeidsinnvandring vi snakkar om.

Ein grunn til fråværet av debatt kan vere at dei sterkare enn i Japan (verkar det som) har dei eit anna særtrekk. Ein arbeids- og konkurransekultur som til no har vore ein enorm fordel, men som kan slite med å vere levedyktig i framtida.

Evan Ramstad er sjef for Wall Street Journal sitt Seoul-kontor. Han fortel meg om arbeidsdagane på kontoret der han arbeider i lag med ein del koreanarar. Dagen startar sakte med aviser og kaffe mellom 8 og 9. Ei lang lunsjpause midt på dagen. Ei ettermiddagspause. Ut til middag i sekstida, men tilbake på kontoret etterpå om sjefen er der. Ein kan aldri gå heim før sjefen. Ut og drikke etter jobb, det er ein sterk drikkekultur med sosialt press om å vere med. Andre stadfestar dette mønsteret. Ikkje for alle sjølvsagt, men for mange – også familiefedre. Sør-Korea har, saman med Japan, lågast produktivitet i OECD-området. Ikkje så overraskande når ein høyrer om arbeidsdagen.

Assistant Professor Layne Hartsell ved Sunkyunkwan universitetet fortel om møtet med koreanske studentar. Dei har gode basiskunnskapar, ikkje minst i mattematikk og naturfag. Derimot er dei utrena i å vurdere ein påstand, resonnere rundt eit problem eller foreslå ei løying. Aller minst presentere den for andre. Han seier at dei manglar kreativitet. Dei er gode ingeniørar, men dårlege på spørje seg kva ingeniørkunsten kan brukast til. Mykje forsking og utvikling her skjer gjennom samarbeid med utanlandske forskarar der dei kan utfylle kvarandre. Dette gjeld sjølvsagt heller ikkje alle, men mange.

Forklaringa er kanskje å finne i det konkurransebaserte skulesystemet og arbeidskulturen. For den koreanske middelklassen er det vegen oppover i samfunnet. Barnehage skal førebu på skule, med formell læring frå 4-årsalderen (for dei få som går der). I skulen er det sterke konkurransekrav. Dei som vil at ungane skal bli best kan fylle på med kveldsskule, så karakterane blir gode nok. Det er ikkje noko for dei få; Det store fleirtalet får privatundervisning vert det sagt her, og ved nemde KDI seier dei at det er vanleg å bruke 20-30% av inntekta si på utdanning for ungane. Ungane konkurrerer, og foreldra med dei. Dei konkurrerer om å kome inn på eit så godt universitet som mogeleg. Universiteta er tydeleg rangert, og avgjer i stor grad vidare sjansar. Godt universitet = god jobb, men også godt nettverk, noko som er viktig i dette samfunnet.

På overflata er Sør-Korea gode på utdanning. Best i Pisa, 80% startar på høgare utdanning. Bak overflata skjuler det seg ein sterk konkurransekultur med lange skuledagar, innlæring gjennom pugging og sterk utsiling. Prisen på utdanning må reknast med når foreldre vurderer om dei kan få barn.

For meg framstår ikkje dette som eit godt liv, om eg er aldri så mykje eit konkurranemenneske. Eg meiner politikk handlar mykje om å la oss menneske ha ein bra barndom, god helse, tid til kvarandre. Det ser heilt sikkert mange koreanarar annleis på.

Men eg tvilar også på om det er framtidsretta for økonomien. Prisen på utdanning bidrar til dei låge fødselstala. Arbeidskulturen bidrar til både det og den låge produktiviteten, samt vanskar med å få kvinner inn i arbeidslivet.

Eg trur skulesystemet, arbeidskulturen og konkurransekulturen har vore ei stor føremon i ein teknologisk industriell produksjonsøkonomi. Eg trur ikkje det er tilfelle når dei må heve produktiviteten, og ta overgangen til ein meir tenestebasert økonomi. Og det er nettopp et som vert utfordringa framover. Begge deler krev kreativitet, samarbeid og betre måtar å organisere seg på.

Tenk deg at du er ingeniør, eller selgar i eit reisebyrå. Du oppdagar eit problem med produktet. Held du fram med å gjere det du har fått beskjed om, melder du frå om problemet og ventar på ny beskjed eller løyser du problemet på staden og melder så frå for å få til ei endring?

Eller du deltek, som ingeniør eller seljar, i ei prosjektgruppe som skal utvikle eit nytt produkt. Korleis er det organisert? Får du beskjed om å gjere oppgåvene dine, melde frå om synspunkta dine om du har nokre eller å finne løysinga på problemet saman med andre?

Den store produktivitetsgevinsten i framtida ligg i kreativitet og organisering. Fordi det er effektivt, men også fordi det gjer folk meir ansvar og eigarskap til jobben. Dersom vi vil ha fram dette – anten fordi vi meiner det kan gjere livet betre og meir meiningsfylt for folk eller fordi vi vil ha opp produktiviteten – må vi forme utdanningssystemet og arbeidskulturen etter det.

Eg generaliserar. Eg forenklar. Ikkje minst fordi ein i Seoul kan møte haugevis av flinke folk utdanna på amerikanske toppuniversitet. Men eg trur Sør-Korea (og Japan) har ei stor utfordring. Delar av det ligg nok i kulturen deira, delar av det i vekstmodellen og politikken. Men hei, både Noreg og mange andre land har klart å endre både kultur og politikk. Har vi klart det, kan i alle fall dei klare det. Etter berre tre dagar i landet har eg ei sterk kjensle av at dei kan klare det meste. Anten kjem dei til å motbevise at konkurransekulturen er eit problem, eller så kjem dei til å endre den.

Dei har gått frå u-land til industristormakt på eit halvt hundreår. Då kan dette flotte landet få til det meste.

Toras metode

I to år hadde eg gleda av å arbeide i lag med Tora Aasland, statsråd for forsking og høgare utdanning.  Eg hadde godt høve til å sjå korleis ho arbeidde.

Den arbeidsmåten vil eg døype Toras metode. Toras metode er resultatorientert, men tålmodig. Argumenterande, men ikkje insisterande. La meg illustrere:

Kort tid etter at ho vart statsråd kom det såkalla Stjernøutvalet med si innstilling. Både Tora og eg hadde sans for dei perspektiva utvalet trakk opp: Klarare kvalitetsmål for høgare utdanning, sterkare profesjonsutdanningar, endringar i finansieringssystemet og mest kontroversielt; arbeidsdeling og samanslåing av universitet og høgskular til langt fleire einingar. Tora insisterte likevel på at dette grepet i innstillinga måtte avvisast som eit nasjonalt strukturgrep. Ho var sterkt for retninga, men klår på at metoden måtte vere annleis. Vi ville berre få det til om drivkrafta var institusjonane sitt eige ønskje om og forståing for arbeidsdeling og evt samanslåing.

Sidan det har ho arbeidd målretta for det med eit sett av verkemiddel: Tett dialog med institusjonane, systematisk argumentasjon for tettare samarbeid, økonomiske incentiv, oppfordring til at dei finn sine eigne samarbeidsløysingar og ein krystallklar og eksplisitt respekt for dei som ikkje vel samanslåing.

Resultat: Tidenens bølge av samanslåingar, samarbeid og betre arbeidsdeling i norsk høgare utdanning. Sjølvdrivne prosessar i Troms, i Nordland, på vestlandet, rundt Oslofjorden, i Møre og Romsdal (!) og sikkert nokre til eg ikkje kjem på i farten. Eg har møtt fleire av dei involverte institusjonane. Det dei har til felles er at dei sjølv opplever å ha initiativet, dei har ei reell forståing for utfordringane og dei har tid og rom til å finne den løysinga som passar dei. Det inkluderer også den institusjonen eg har vore på der det var stor skepsis til denne tenkinga; dei var trygge på at dei kunne velge sjølv, og dermed bruke tid på å finne sin veg vidare.

I kontrast til dette: I perioden 2001-2005 var Erna Solberg kommunalminister, og fekk tittelen jern-Erna i media. Det var på grunn av asylpolitikken, men den same stilen brukte ho når det gjaldt kommunesamanslåingar. Store ord og høge mål, press på kommunane og økonomiske incentiv. Resultat: Eg har ikkje sjekka, men ei bølge av samanslåingar vart det ikkje.

Den siste metoden gjer fleire medieoppslag, den framstår tøffare og meir «tydeleg» og er meir populær i riksavisene sine redaksjonar. Det er feil å seie at resultat ikkje spelar ei rolle i media si vurdering av politikarar. For dei spelar ei rolle. Men i langt mindre grad enn korleis politikaren framstår for mediene. Bjarne Håkon Hanssen fekk lite skryt for gjennomføringa av dei kompliserte pensjons- og NAVreformene, men vart hylla som ein visjonær politikar då han lanserte samhandlingsreformen. Heilt etter manus har Anniken Huitfeldt fått litt tyn i vinter etter at ho tok over for Trond Giske, men eg har til å gode å sjå eit einaste politisk argument for det. Det er også vert å merke seg omtalen av den «tøffe» Torbjørn Røe Isaksen vs den systematiske Bent Høie.

Ingen journalist eg kjenner har fått med seg at veksten i forskingsbudsjetta var sterkare i forrige fireårsperiode enn veksten i kulturbudsjetta dei fire siste åra. Det kan tolkast på minst på to vis. Den politiske, at dei som arbeidde med forsking var flinke til å sikre pengar til sin sektor. Den meidale, at dei som arbeidde med kultur var flinke til å selge sine pengar. Begge delar er rett, og begge delar høyrer vel med i biletet, gjer det ikkje?

Bloggarar i 16.etasje

Fem bloggarar har blitt invitert til eit møte med statsministeren om sosiale medier og regjeringas bruk av det, melder Nettavisen. Det heile skjer i samband med prosjektet Samarbeid for arbeid.

Nokre av dei fem kjenner eg godt frå nettet; Ingunn Kjøl Wiig var ein av dei eg følgde tettast som kunnskapsminister. Ho stod også bak nettverket «Del og bruk». Bente Kalsnes har vore lite aktiv i det siste, men er ein reflektert og kunnskapsrik bloggar og kommentator. Knut Johannessen kjem frå Flora og har bloggen Vox Populi, medan Børge kjenner eg best som forteller frå Twitter. Sjefsengel kjenner eg ikkje til frå før.

Det er moro å lese kommentarane deira om besøket på min gamle arbeidsplass. Eg kjenner igjen den sitrande kjensla ved å ta heisen opp første gong, og å gå inn på møterommet med statsministeren. Det er også veldig bra at regjeringa no gjer ein framstøyt for å bruke sosiale medier meir aktivt. Sindre Fossum Beyer har blitt rådgjevar der, noko som nok må få mykje av æra for det. Som infosjef i AP viste han at han er god på korleis sosiale medier skal brukast til å drive kampanje og profilering.

Det gjev også håp om fleire og fleire i det offisielle Noreg vil ta det neste steget også. Det neste steget er at desse mediene ikkje blir nok ein kanal for informasjon ut, men grunnlaget for ein reell dialog. Eg har skrive meir utdjupande om dette før, mellom anna her.

Skal dette skje må vi politikarar delta på dei arenaane der debatten foregår, sette av tid til det (som vi set av tid til intervju i dag), opne oss for spørsmål og kritikk, svare og bruke mediet til å få tilbakemeldingar i saker. Til å begynne med.

Det er utruleg langt igjen for både politikk og forvaltning, men vi har hatt demokrati i 2500 år og sosiale medier i mindre enn 10 år så vi får gje det litt meir tid. Og det er ein del gode døme om dagen, som UDI-sjefen på twitter og bloggen til fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Tidlegare fornyingsminister Heidi Grande Røys gjorde også ein viktig grunnlagsjobb med IKT-satsing og open kjeldekode.

I mellomtida gratulerer eg SMK med å invitere bloggarar inn, og dei inviterte med det som sikkert var ei flott og lærerik oppleving.

1 år med blogg

Den 17.november var det eit år sidan eg starta å blogge. Eg har i den samanheng tenkt litt på vegen vidare for bloggen og bruk av sosiale medier, og har tenkt å invitere til diskusjonar og innspel om det.

Men først; ei lita oppsummering. Diverre er kommentarane til innlegga mine  borte på nokre tidlege innlegg, truleg pga nytt kommentarsystem.

Mitt første blogginnlegg var også ei slags programerklæring og forklaring på kva eg ville. Den står seg bra framleis. Det viktigaste tillegget er at eg i dag har eit langt meir utvikla syn på sosiale medier og bruken av desse.

Den første månaden lanserte eg også vekas plate, ein spalte eg veit at mange har hatt mykje glede av (meg inkludert). Den første posten som genererte ein del presseomtale og trafikk var min hyllest til The Black Sheeps.

Den 1.februar starta eg å bygge opp eit register over skulebloggar, altså bloggar som skriv om og frå skulen. Det vart etterkvart utvida til barnehagen.

Den fremste bruken av bloggen min har vore og er politiske innlegg om ulike saker. Eg har naturleg nok skrive mange innlegg om utdanning, men eg har også skrive om andre tema som engasjerer med som internasjonal politikk, klima, finanskrise og teknologi. Eg har dessutan lansert forslag – til dømes om organdonasjon.

Innlegget frå februar der eg lanserte ein ny måte å tenke rundt fildeling på førte til meir enn 60 kommentarar, omtale i ei rekke internasjonale aviser og masse debatt i meir enn eit halvt år etterpå.

I april/mai skjedde to ting som var …vel, ikkje banebrytande, men litt nyskapande i bloggverda.

VGnett sin redaktør la igjen ei årsaking i kommentarfeltet på bloggen min etter at eg hadde skrive dette innlegget (kommentaren frå han ligg eit stykke nedi posten). Eg gjennomførte også den første digitale spørretimen av ein politikar, med om lag 250 spørsmål og i periodar dobbelt så mange som fulgte den på nettet.

I juni ba eg om råd til utforming av den nye vurderingsforskrifta. Eg fekk over 30 råd, og den vart endra som følge av denne runden.

Valkampen var hektisk, men eg rakk ein ny digital spørretime (denne gongen strema live) i samband med SV si valkampopning, samt eit sjakkparti mot Magnus Carlsen.

120 råd (sånn ca) kom det inn då eg ba om innspel til Soria Moria 2. Mange vart fulgt opp, andre vart det ikkje.

Dette var enkelte korte høgdepunkt frå året som gjekk. No skal eg snart i pappaperm, og det vil nok prege innhaldet her på bloggen. Som sagt over har eg tenkt litt på vegen vidare, og vil ikkje minst involvere fleire i det. Følge med på meir om det framover, men legg allereie no igjen ditt synspunkt her.