Snakkis på Østfoldbana

Den siste veka har eg merka at det har oppstått ein liten snakkis på morgontoget og togstasjonen min. Ting er ikkje lenger så ille som det pleier å vere.

Det gjeld toga. Som går når dei skal. For ei vekes tid sidan kom nyhenda om at regulariteten på toga i Oslo-området vart bedre i siste halvår av 2010. Dette til trass for ein kald november og desember, der mange av oss gjekk å grudde oss til å bli ståande i kulda på Sonsveien stasjon og vente på ubestemt tid. På stasjonen har det også kome opp flotte informasjonstavler med sanntid info om toget. Framsteg!

Meir om dette i Jernbaneverket sin nyanserte versjon her.

Hardanger og Finnmark

Sidan forrige gong eg blogga – før min lange ferie i heile juli og nokre arbeidsdagar i august – har det gradvis vakse fram ei stor sak som har dominert mediebiletet dei siste dagane totalt. Spørsmålet om bygging av ei krafline mellom Sima og Samnanger i Hardanger.

Dei fleste som ser litt på TV eller les aviser har fått med seg regjeringas vedtak om å bygge ei slik linje. Mange har nok også fått med seg at SV var usamd i vedtaket, og at vi arbeidde for at regjeringa skulle gjere ei uavhengig utgreiing av vedtaket før vi konkluderte. Slik vart det ikkje. Det vil seie, før i dag. I dag offentleggjorde statsministeren at regjeringa vil gjere ei uavhengig utgreiing av sjøkabelalternativet.

Vi er glad for vedtaket, fordi vi då kan få eit uavhengig grunnlag for det alternativet som mange held fram. Og fordi vi då får oppdatert, eksternt grunnlag for det som sikkert vert ei vanskeleg vurdering.

I morgon dreg eg vekk frå denne debatten for eit par dagar, til Aust-Finmark for å vere presis. Eg skal saman med dei parlamentariske leiarane for dei to andre regjeringspartia på ein to dagars kort tur i Finnmark. Vi skal til Vadsø, Nesseby og Alta. Det vert ein spennande tur til ein viktig region, og også eit godt høve til å snakke med dei to andre. Det treng vi nok.

Socialistisk Folkeparti

I helga som var vårt danske søsterparti Socialistisk Folkeparti (SF) landsmøte. Det er eit særs  interessant parti, som for tida ligg høgt på meiningsmålingane (15-20%) og kan vinne fleirtal saman med sosialdemokratar og eit sentrumsparti kalla Radikale Venstre. Partiet står veldig nær SV politisk, og har i alle år vore det partiet som har likna mest på oss. Den viktigaste grunnen til det er at dei også er eit raudgrønt parti; dei er både representant for den venstresosialistiske tradisjonen og den grøne tradisjonen i Danmark. I tillegg til det har begge parti mange felles standpunkt, og mange felles utfordringar.

Interessant nok har vi særs ulik historie på eit viktig punkt. SV kom får ei avskalling av det norske AP, medan SF kom frå ei avskalling av det danske kommunispartiet. Både i Sverige og i Danmark var det harde kampar i kommunistpartiet på 50- og 60-talet, etter Sovjets invasjon i Ungarn i 1956. I Sverige vann reformistane, og dermed vart kommunistpartiet det leiande på venstresida. I Danmark tapte reformistane, og dermed kom eit nytt parti til; SF.

I dag er Villy Søvndal leiar i SF. Han er ein dyktig, lun og smart politikar med stor personleg tillitt i Danmark.

Togdebatt

Då den store togdebatten omsider kom til Stortinget, var det etter ei knapp veke der toget hadde tatt av for fly som stod over heile Europa. Ein kunne nesten føle at lufta var litt ute av ballongen.

Mindre viktig er det ikkje. For få veker sidan kom Jernbaneverket med ein særs sterk bodskap om situasjonen for det norske jernbanenettet. Det var ein respons pådeimange hendingane og ulukkene vi hadde i tida rundt påske, og kom i tillegg til forseinkingar og feil i vinter.

Den raudgrøne regjeringa har gjennomført ein kraftig auke i løyvingane til fornying og ein kraftig auke i løyvingane til drift og vedlikehald. Det ligg inne eit omfattande program for vedlikehald det neste tiåret i Nasjonal transportplan.

SV har i dag presentert hovudtrekka i eit notat kalla Generasjonsskifte for toget. Bodskapen her er at vi bør forsøke å gjennomføre eit generasjonsskifte for jernbanenett og utstyr dei neste seks åra. Det dreier seg om fornying, vedlikehald, nytt materiell og krysningsspor. Du kan lese meir om det her (SV og VG.no)

Lofoten-nei

Årsmøtet i Oslo Arbeidarparti sa nei til oljeboring utanfor Lofoten og Vesterålen, melder fleire medier. Kampen om tolkinga av vedtaket er imidlertid allereie i gang. Legge merke til Jan Bøhler sin kommentar i slutten av denne saka; «- Slik jeg leser vedtaket utelukker det ikke oljeutvinning utenfor  Lofoten og Vesterålen, men sier at det skal opprettes petroleumsfrie soner der. Da kan man verne noe, og åpne andre deler, sier fylkesleder i Oslo Jan Bøhler til Dagbladet».

Eit årsmøte eller eit landsmøte har ein spesiell psykologi. Uansett kor god stemning og kor stor semje det er om dei store linjene, skal årsmøtet  alltid på minst eit punkt klart markere seg mot leiinga og vise at det ikkje akepterer kva som helst.

Vedtaket utløyser raseri i Nordland AP, der fylkesrådsleiar for AP Odd Eriksen slaktar det. Miljørørsla og sånne som eg gler oss. Samstundes er nok sanninga at dette vedtaket får lite å seie for utfallet av saka. AP-landsmøtet gjorde eit vedtak om å vente med å ta stilling til forvaltningsplanen for områda skal rullerast. Då det vil kome enno meir kunnskap om oljeforekomstar og miljøsituasjonen. I samband med forvaltningsplanen skal det vurderast om det skal settast i verk ei konsekvensanalyse. Ei slik konsekvensanalyse er den juridiske prosessen som må til for å sette i gang oljeboring i området.

Sidan vi alle veit at AP-leiinga er for, og at dei truleg har eit klårt fleirtal i ryggen, vil dei sikre seg forankring i partiet på eit rett tidspunkt og forhandle med SV og SP om utfallet. Eit splitta AP er ikkje noko nytt, og det vil ikkje endre på standpunkta til dei som skal handsame saka og forhandle med SV. Det er difor to tilhøve som vil avgjere saka; i kva grad det skjer ei stor mobilisering i opinionen som gjer det politisk vanskeleg å opne opp, og kor stor vekt SV legg på å få gjennomslag i saka. Og vi legg stor vekt på det, det kan eg love.

før finansdebatten; klima

I dag kom nyheita om at Obama vil dukke opp under klimatoppmøtet i København i desember. Det er veldig viktig for den politiske prosessen med å få til ein avtale, og det vil sette heile verdas merksemd mot klimatoppmøtet.

Her heime trur eg finansdebatten, som går i heile morgon, vil ha klima som eit hovudtema. Det er sjølvsagt på grunn av biodiesel-saka som har dominert totalt den siste tida. Biodiesel skal vere, i tilfelle nokon har gløymd det, eit klimatiltak. Men det er også på grunn av at opposisjonen grunnlaust hevdar vi har gravlagd klimaforliket. Dersom opposisjonen bestemer seg for å sette politisk spel framfor klimaforliket er det sjølvsagt ingenting vi kan gjere for å hindre at det døyr. Men det er ikkje brote, lista til Venstre heldganske enkelt ikkje mål. Det vil bli fulgt opp så godt det lar seg gjere av oss, og vi har dialog med opposisjonen om det.

Så vil sjølvsagt finansdebatten handle om klima fordi det er få veker til København, og fodi det er den viktigaste utfordringa for menneska i vår tid.