The Bee's Niece: I don't Speak Cat

 

Kva er så dette? Jo, ei Kolbotn-jente med Karen Carpenter-stemme og Cornelis-inspirerte viser. I sum både fint og orginalt, plata har blitt ein liten personleg favoritt for meg dei siste månedane.

The Bee’s Niece er Ragnhild Zeigler, sånn i all hovudsak. Ho er frå Kolbotn, student og musikar som syng, spelar gitar og ikkje minst sag – eit instrument som set sitt særpreg på fleire låtar på denne plata. Ragnhild budde for nokre år sidan i Salford, Manchester (som eg trur er ein ganske nedslitt bydel i utkanten av byen, meiner m.a at Bernard Albrecht/Sumner frå Joy Division og New Order er derfrå) og samla saman denne gruppa. Dei drog så til Galway, Irland og spelte inn det som er blitt debutalbumet.

Ho avslører sjølv på plata at Tom Waits er den store musikalske helten, men etter mitt syn kan du ikkje høyre det på musikken. Eg synest snarare vi her har ein god porsjson nordisk og engelsk vise-tradisjon, blanda med ein dose Joanna Newsom og med ein glasur av anti-folk.

Det er melankolske og melodiske viser, men med eit orginalt og ganske moderne preg. Nokre av låtane (som dei to første spora) skuldar mykje til ein nordisk visetradisjon, medan andre igjen er stillfaren og lett melankolsk pop-musikk. Som kjent er nesten all musikk eg likar litt melankolsk. Tekstane er underfundige, og av og til mororsame, kvardagsobservasjonar om kattar, snø og stjålne syklar. På sett og vis passar musikk og tekst utruleg godt saman. Det er som om den stillfarne stemmen oppå dei vare sangane, er perfekt til dei kvardagslege tekstane med små ord.

Dette er ei fin plate, på sitt beste vakker. Alle musikken kan du høyre her. Informasjon om korleis du skal skaffe deg plata ligg ute på facebook sida. Ragnhild har også laga ein video til Snow som ligg på nettet.

Musikkåret 2010

Eg blir gammal og oppteken med jobb og familie; det pregar tida til å følge med i eit stadig meir komplekst og stort musikkliv, og det pregar smaken i møte med det nye. Det vert stadig lengre mellom min smak og den gjennomsnittlege musikkoppsummering synast eg.

Ulike Lydverket-folk (som Ruben Gran og Ellen Ramstad), Dagbladet (beste plate og beste låt) og Dagsavisen er blant dei som har kåra årets plater og laga interessante lister, med fleire treffpunkt med meg. Platekompaniet sel ein del standardfavorittar frå det siste året.

Men når avstanden mellom meg og journalistane blir for stor trøystar eg meg med ein god dose distanse. Denne kritikken av Nye takter si kåring, som bygger på avrøysting blant norske musikkjournalistar, er verdt å lese.

Her er, uansett, mi topp 5 liste:

5. Roky Erickson er ein gammal favoritt, ein av dei verkeleg store. Han står bak ein av rockehistoriens beste og mest rå låtar, mange fine plater og ei av dei mest spesielle livshistoriene. No har han spelt inn ei plate saman med middelmådige Okkervil River, og pang – brått er det magi. Roky Erickson og Okkervil River «True Love Cast Out All Evil»

 

 

4. Fancy Yum Yum heiter eit obskurt, japansk psych-pop band eg kom over i Tokyo i haust. Namnet vert stava med japanske karakterar, men eg fekk det oversett. Så obskurt er det at eg – her eg sit utan mailadressa til bandet – ikkje finn bilete eller omtale nokon plass på nettet. Men bra er det! Gitarbasert, sprøtt og psykedelisk.

3. Robyn er litt uorginalt, men deilig dansbart og bra. Alle platene er litt ujamne, men alle inneheld minst eit par geniale poplåtar og mange fine sangar. Eg har ikkje sett Robyn live, men ryktet er enormt og heile stilen henna er gjennomført og flott. Eg vel meg samlaren «Body Talk», som har litt frå alle dei tre albuma/ep’ane.

 

 

 

2. Nummer 2 er ein klar toar. Beach House «Teen Dream» er det beste frå britisk gitarpop blanda med det beste frå amerikansk, vestkyst-pop. Det er stemningsbasert og vakkert, med eit snev av innestemning  – kanskje av jul eller ein tris haustdag som likevel har mykje varme? Det er ei gjennomført plate, men også fullt av fine enkeltlåtar. Norway, «hiten», bør vi særleg merke oss her heime.

 

 

 

1. Om toaren er klår er einaren suveren. Joanna Newsom sin triple CD «Have One On Me» er ei av dei verkeleg store platene frå dei siste åra. Eg har likt ho før, men dette er i ein anna liga. Storslått, dramatisk, melodisk og unikt. 18 låtar som skiftar mellom episke verk, popperler og underfundige historiar. Ho syng betre enn før, og spelar piano i tillegg til harpe. Det har påverka både låtskriving og lydbilete positivt. Noko å strekke seg etter fo alle andre artistar

Blaine L Reininger: Night Air

Amerikanaren Blaine L Reininger er det minst amerikanske eg kan tenke meg. Frå namnet til musikken er han 100% europeisk. Musikken er ofistikert, gamaldags, teatralsk og kompleks. Mannen er saktmodig og tenksam, med eit tysk namn. Han har budd i Europa frå tidleg i karrieren – i Rotterdam, Brussel, Italia og Hellas – og har stort sett hatt publikummet sitt her.

Reininger var, saman med Steven Brown, den drivande krafta i TuxedoMoon, som eg har skrive om før. Dei vart forma i San Fransisco og vaks fram på kunstrockscena der. Ettter få år flytta dei til Europa, og med base i Rotterdam skapte dei masse flott musikk i tiåret frå 1980 av: plater, men også musikk til ballett og film, i hovudsak på det Brussel-baserte selskapet Crammed Discs.

Reininger slutta i 82-83 grunna «usemje om den kunstnariske utviklinga» som det heiter. Han kom med ei serie av soloalbum, i ein synthbasert, europeisk poptradisjon. Han bytta selskap, så platene kom på Les Disques du Crepescule, også det eir Brusselbasert plateselskap.

Ei av desse, Night Air, står i ein klasse for seg sjølv. Vakre, svale popsongar, i ein distansert sound. Tekstar om kalde kveldar utan retning i europeiske storbyar. Summer er ei veldig europeisk plate. Samstundes er den full av pop-perler.

Reininger spelar fiolin. Utanom det er plata sterkt synthbasert og enkelt produsert. Like fullt høyrest den kraftfull og kompleks ut. Ei lite kjent men veldig flott 80-tals plate for deg som vil prøve noko nytt. Under er min favoritt «Birthday Song» og singelen «Mystery and Confusion»

Clan of Xymox: Medusa

I kveld spelar Clan of Xymox i Oslo, og i samband med det vil eg hylle den eine plata av dei eg synest er fantastisk.

Du veit; nokre band er stabilt gode, andre har varierande kvalitet men nokre høgdepunkt. Atter andre er ikkje særleg interessante, men kjem med ei nydeleg plate mitt oppi det heile. Slik ser eg på Clan of Xymox.

Medusa var deira tredje plate og den andre for det britiske selskapet 4ad som eg stendig kjem innom. Clan of Xymox er frå Nederland, og var frå starten av ei gothband, har i fortsetjinga vore eit gothband – men i mindre grad her. Det mørke basstrykket grå gothen ligg under, men melodiane er pop, vokalen melankolsk og lydbiletet prega av synth, gitarparti og 4ad-soundet.

Plata er full av vakre låtar. Dei rolege Louise og Mascerade. Pop-lette Agonised by Love. Desperate Back Door. instrumentale Theme II. Gitartøffe Michelle. Opninga på tittelsporet må vere eit av dei beste synth-riffa i musikkhistoria, men låta leverer ikkje heilt det opninga lovar. Coveret er ei perle – det seier det meste om musikken. Svart utanpå, med diskret skrift og eit like diskret bilete av ei statue. Innercoveret er i gull, utan eit ord på. Stilreint.

Dette er goth med eit menneskeleg ansikt. Ei plate for alle som likar melankolsk pop, men tåler ein tung bass og tunge tekstar oppå det. Det er dessutan ei oppdaging for deg som vil sjå eit anna 80-tal enn det du kjennerbest frå media. 

Her er Medusa, Michelle og Back Door i rask rekkefølge:

Oppdaging

I dag gjorde eg ei oppdaging. Eg trudde ikkje det fantest songar av min favorittartist David Sylvian som eg ikkje kjente frå før, men det gjorde det. «Promise (The Cult of Eurydice)» er ekstraspor på nye utgåver av CD’en «Secrets of the Beehive».

Den er spelt inn i same runde som låtane som kom med på plata, men vart altså vald vekk. Det er komplett uforståeleg, så vakker som den er. Rett nok er plata fantastisk, slik eg har skrive før, men likevel – denne hadde stått seg godt.

Nivået på plata kan kanskje best illustrerast gjennom det faktum at «Promise» ikkje er der. Det finst også ei anna minst like god låt («Ride») som heller ikkje kom med. Den vart visstnok aldri ferdiginnspela i 87, men vart spela inn på nytt i samband med samleplata «Everything and Nothing». Uansett, her er nyoppdaginga mi:

Snart Asia-tur

Eg reiser snart til Asia, det vil seie på søndag 19.september. Eg skal til Japan og Sør-Korea, to av dei mest interessante landa i verda etter mitt syn. Eg har tenkt å skrive ein del på bloggen frå turen, så følg med følg med.

Eg ladar opp til turen med å hente fram eit av dei aller mest obskure banda som tenkast kan frå tidleg 80-tal, japanske Sandii and the Sunsetz. Obskurt band, men samstundes tidleg 80-tals «New Romantics»-pop på sitt beste. På denne vakre låta korar David Sylvian, vokalist frå bandet Japan (!?). Den heiter «Living on the Front Line»

Ornette Coleman: The Shape Of Jazz To Come

På denne blogg har eg ført omtalt at eg opna Kongsberg Jazzfestival i år, og at eg har vore der eit par gonger før. Mitt beste minne frå desse besøka kom opp igjen i minnet då eg var der; Konserten med Ornette Coleman.

Den klassiske avantgarde/frijazz saksofonisten er ein av dei største i jazzens historie, og definitivt ein av dei mest omstridde og musikalsk radikale. Særleg i åra rundt 1960 spela han ein serie konsertar, og gav ut fleire album, som revolusjonerte jazzen. Han befridde den frå kovensjonar, tok improvisasjonen heilt ut, samstundes som melodi og tone var der. «The Shape Of Jazz To Come» er kanskje det beste av desse albuma.

Saman med folk som Don Cherry (ja, faren til Neneh Cherry) og Charlie Haden spelar og improviserer han seg gjennom ein serie av eigne komposisjonar med sin heilt spesielle stil.

Eg fekk sjå ein gammal, men stilfull mann leie sitt orkester gjennom magiske augneblinkar og lange improvisasjonar i Kongsberghallen. Det er eg enno glad for. Her har eg lagt ut opningssporet Lonely Woman, eit fantastisk høgdepunkt på plata og ei av dei vakraste jazzlåtane eg kjenner. Den trenger gjennom marg og bein.