The Bee's Niece: I don't Speak Cat

 

Kva er så dette? Jo, ei Kolbotn-jente med Karen Carpenter-stemme og Cornelis-inspirerte viser. I sum både fint og orginalt, plata har blitt ein liten personleg favoritt for meg dei siste månedane.

The Bee’s Niece er Ragnhild Zeigler, sånn i all hovudsak. Ho er frå Kolbotn, student og musikar som syng, spelar gitar og ikkje minst sag – eit instrument som set sitt særpreg på fleire låtar på denne plata. Ragnhild budde for nokre år sidan i Salford, Manchester (som eg trur er ein ganske nedslitt bydel i utkanten av byen, meiner m.a at Bernard Albrecht/Sumner frå Joy Division og New Order er derfrå) og samla saman denne gruppa. Dei drog så til Galway, Irland og spelte inn det som er blitt debutalbumet.

Ho avslører sjølv på plata at Tom Waits er den store musikalske helten, men etter mitt syn kan du ikkje høyre det på musikken. Eg synest snarare vi her har ein god porsjson nordisk og engelsk vise-tradisjon, blanda med ein dose Joanna Newsom og med ein glasur av anti-folk.

Det er melankolske og melodiske viser, men med eit orginalt og ganske moderne preg. Nokre av låtane (som dei to første spora) skuldar mykje til ein nordisk visetradisjon, medan andre igjen er stillfaren og lett melankolsk pop-musikk. Som kjent er nesten all musikk eg likar litt melankolsk. Tekstane er underfundige, og av og til mororsame, kvardagsobservasjonar om kattar, snø og stjålne syklar. På sett og vis passar musikk og tekst utruleg godt saman. Det er som om den stillfarne stemmen oppå dei vare sangane, er perfekt til dei kvardagslege tekstane med små ord.

Dette er ei fin plate, på sitt beste vakker. Alle musikken kan du høyre her. Informasjon om korleis du skal skaffe deg plata ligg ute på facebook sida. Ragnhild har også laga ein video til Snow som ligg på nettet.

Blaine L Reininger: Night Air

Amerikanaren Blaine L Reininger er det minst amerikanske eg kan tenke meg. Frå namnet til musikken er han 100% europeisk. Musikken er ofistikert, gamaldags, teatralsk og kompleks. Mannen er saktmodig og tenksam, med eit tysk namn. Han har budd i Europa frå tidleg i karrieren – i Rotterdam, Brussel, Italia og Hellas – og har stort sett hatt publikummet sitt her.

Reininger var, saman med Steven Brown, den drivande krafta i TuxedoMoon, som eg har skrive om før. Dei vart forma i San Fransisco og vaks fram på kunstrockscena der. Ettter få år flytta dei til Europa, og med base i Rotterdam skapte dei masse flott musikk i tiåret frå 1980 av: plater, men også musikk til ballett og film, i hovudsak på det Brussel-baserte selskapet Crammed Discs.

Reininger slutta i 82-83 grunna «usemje om den kunstnariske utviklinga» som det heiter. Han kom med ei serie av soloalbum, i ein synthbasert, europeisk poptradisjon. Han bytta selskap, så platene kom på Les Disques du Crepescule, også det eir Brusselbasert plateselskap.

Ei av desse, Night Air, står i ein klasse for seg sjølv. Vakre, svale popsongar, i ein distansert sound. Tekstar om kalde kveldar utan retning i europeiske storbyar. Summer er ei veldig europeisk plate. Samstundes er den full av pop-perler.

Reininger spelar fiolin. Utanom det er plata sterkt synthbasert og enkelt produsert. Like fullt høyrest den kraftfull og kompleks ut. Ei lite kjent men veldig flott 80-tals plate for deg som vil prøve noko nytt. Under er min favoritt «Birthday Song» og singelen «Mystery and Confusion»

Clan of Xymox: Medusa

I kveld spelar Clan of Xymox i Oslo, og i samband med det vil eg hylle den eine plata av dei eg synest er fantastisk.

Du veit; nokre band er stabilt gode, andre har varierande kvalitet men nokre høgdepunkt. Atter andre er ikkje særleg interessante, men kjem med ei nydeleg plate mitt oppi det heile. Slik ser eg på Clan of Xymox.

Medusa var deira tredje plate og den andre for det britiske selskapet 4ad som eg stendig kjem innom. Clan of Xymox er frå Nederland, og var frå starten av ei gothband, har i fortsetjinga vore eit gothband – men i mindre grad her. Det mørke basstrykket grå gothen ligg under, men melodiane er pop, vokalen melankolsk og lydbiletet prega av synth, gitarparti og 4ad-soundet.

Plata er full av vakre låtar. Dei rolege Louise og Mascerade. Pop-lette Agonised by Love. Desperate Back Door. instrumentale Theme II. Gitartøffe Michelle. Opninga på tittelsporet må vere eit av dei beste synth-riffa i musikkhistoria, men låta leverer ikkje heilt det opninga lovar. Coveret er ei perle – det seier det meste om musikken. Svart utanpå, med diskret skrift og eit like diskret bilete av ei statue. Innercoveret er i gull, utan eit ord på. Stilreint.

Dette er goth med eit menneskeleg ansikt. Ei plate for alle som likar melankolsk pop, men tåler ein tung bass og tunge tekstar oppå det. Det er dessutan ei oppdaging for deg som vil sjå eit anna 80-tal enn det du kjennerbest frå media. 

Her er Medusa, Michelle og Back Door i rask rekkefølge:

Ornette Coleman: The Shape Of Jazz To Come

På denne blogg har eg ført omtalt at eg opna Kongsberg Jazzfestival i år, og at eg har vore der eit par gonger før. Mitt beste minne frå desse besøka kom opp igjen i minnet då eg var der; Konserten med Ornette Coleman.

Den klassiske avantgarde/frijazz saksofonisten er ein av dei største i jazzens historie, og definitivt ein av dei mest omstridde og musikalsk radikale. Særleg i åra rundt 1960 spela han ein serie konsertar, og gav ut fleire album, som revolusjonerte jazzen. Han befridde den frå kovensjonar, tok improvisasjonen heilt ut, samstundes som melodi og tone var der. «The Shape Of Jazz To Come» er kanskje det beste av desse albuma.

Saman med folk som Don Cherry (ja, faren til Neneh Cherry) og Charlie Haden spelar og improviserer han seg gjennom ein serie av eigne komposisjonar med sin heilt spesielle stil.

Eg fekk sjå ein gammal, men stilfull mann leie sitt orkester gjennom magiske augneblinkar og lange improvisasjonar i Kongsberghallen. Det er eg enno glad for. Her har eg lagt ut opningssporet Lonely Woman, eit fantastisk høgdepunkt på plata og ei av dei vakraste jazzlåtane eg kjenner. Den trenger gjennom marg og bein.

Joanna Newsom: Have One On Me

Alternative Folk, New Weird Americana? Merkelappane på den nye bølga av amerikanske, alternative visesongarar er mange. Skjønt bølge; Roteloft er nok meir treffande. Davendra Banhart, Coco Rosie og Joanna Newsom er blant dei som oftast vert omtala slik, og dei har ikkje veldig mykje til felles med unnatak av at det er ei slags viser og litt alternativt. Men ein del av det er veldig bra.

Den vakre og elegante harpisten Joanna Newsom begynte visstnok ikkje å synge før ho var godt vaksen. Ho orienterte seg mot pop og rock, begynte i band og sette for eit lite tiår sidan i gong med å skrive og spele inn sjølv. Debuten kom i 2004. Ei sett av pop-songar kledd i ei slags folk-innpakning med harpe og den litt skrikande stemma til Newsom på toppen. Ei fin plate, men kanskje ikkje meir?

I 2006 kom den meir krevjande, symfoniske Ys, med fem lange spor. Ei fin plate, som fekk særs gode kritikkar, men meir enn det? Det er som om noko vil ut.

Det kom ut i vår. Då kom den tredje plata, Have One On Me, og tok opp konkurransen med Beach House om årets plate så langt . Eg kjenner det som om Newsom har knekt koden og vil vise det gjennom 3 cd’ar med til saman 18 korteog lange songar. Ei langt meir moden stemme, lavmelt med piano og harpe som dei gjennomgåande instrumenta, vakre popmelodiar i alle variantar. Du kan nyte deg gjennom song etter song. Kor lenge sidan er det eit album på 18 songar og drøye 2 timar stort sett berre bestod av fine og interessante songar? Dette er ei av dei flottaste platene eg har høyrd på lenge.

Under er «81», «Good Intensions Paving Company» og «Esme» frå plata.

Dagmar Krause: Angebot und nachfrage

Ei av dei store – og spesielle – stemmene i nyare popmusikk er tyske Dagmar Krause. Ho var sentral vokalist i 70-tallets avantgardeorkester Slapp Happy, Henry Cow og Art Bears. På 80-talet tok ho opp ein solokarriere.

Med sin unike stemmeprakt, ein slags kombinasjon av opera og primalskrik, var ho perfekt utstyrt til å synge songar av dei store tyske komponistane Weill og Eisler. Ho gav ut fleire plater med deira musikk, mykje av det til tekst frå Bertold Brecht.

Etter mitt syn er ho ein av dei beste Weill-tolkarane. Ho har meir av det intense, desperate uttrykket som eg meiner ligg i songane enn dei meir klassiske tolkningane. Ho har det rette temperementet. På Angebot und Nachfrage kjem dette aller best til uttrykk.

På 90-talet prøvde ho seg i Slapp Happy igjen, men under har eg klippa inn ein av dei flottaste Weill-låtane i mi favoritt innspeling. Surabaya Johnny.

Motorpsycho: Timothy's Monster

Medan eg ventar på å kjøpe den nye plata til Motorpsycho, presenterer eg den plata eg har som ein knapp favoritt frå katalogen deira. Blant 14-20 plater (utan singlar. Og alt etter korleis ein tel) likar eg nok denne best (av dei eg har høyrd).

Men først, om det skulle vere nokon uinvidde; Vi snakkar om Noregs største rockeband nokon sinne, den dominerande nyskapande krafta i norsk rock, prog, heavy og dei fleste andre stilartar dei siste tiåra. Bandet kan synast vanskeleg tilgjengeleg, men veldig mange har likevel funne noko der. Dei har eit variert uttrykk, men samstundes ein utruleg eigenart. I Noreg er dei respektert og populære. I mange europeiske land har dei også ei stor (kult)fanskare.

Timothy’s Monster  peika veg for mange av platene deira seinare. Den er lang, og blandar tung prog, rockeperler og fine rolege songar. Den har også ein x-faktor ved seg. Kvar gong eg spelar plata dukkar det opp noko nytt.

Dette er ein flott introduksjon til Noregs viktigaste band, og ei flott plate å spele igjen og igjen. Under to utypiske låtar. Eit opptak av opningssporet Feel frå ein konsert på Sicilia (som eg mest har tatt med pga setteinga) og deretter rolege «Now It’s Time To Skate»