Nei til Datalagringsdirektivet

Her er mitt innlegg i debatten om DLD i dag, som også etter kvart vil ligge på www.sv.no og i korrekt referert versjon på www.stortinget.no

Innlegg i stortingsdebatten om datalagring 4.4.11

Sjekk mot referatet

 

President

Datalagringsdirektivet inneber å pålegge lagring av ei omfattande mengde informasjon om vår mobil- og nettbruk.

Kven du ringer til, når du ringer, kvar du ringer frå og kor lenge du snakkar. Kven du sender e-post til, kvar mottakaren er, når du er på Internett og kor lenge.

SV er motstandar av datalagringsdirektivet av tre grunnar.

1)      Det er vår sterke overbevising at kvart menneske er uskuldig til det motsette er bevist. Vi bør ikkje basere oss på ein ny tankegang i vår rettsstat der vi gjer pålegg om å samle spor om kvar nordmann, sidan vi kan kome til å bli skuldige. Då bidrar vi til å endre status på kvart menneske. Frå uskuldig – til potensielt skuldig.

 

2)      Pliktig lagring av store mengder data aukar risikoen for at noko kjem på avvege, og for misbruk. Lagringa utgjer ein personvernrisiko. Eg likar eigentleg ikkje ordet personvern – det høyrest ut som vi skal stoppe ut menneske og sette dei på museum. Integritet er eit betre ord. Kven du ringer når, kven du sender e-post til, er informasjon som på avvege kan krenke din integritet.

 

–          Ein mail frå ein tilsett i arbeidstilsynet om tilhøva i SV-gruppa

–          Fire telefonar til krisesenteret sist helg frå ein kvinneleg representant

–          Eit hemmeleg tips til ein journalist

–          Gjentekne mailar til ei adresse som sluttar med swingersnorge.com.

På avvege kan slike opplysningar krenke integriteten til dei involverte.

 

3)      Så lenge du er uskuldig er det ikkje noko problem, seier enkelte. Eg meiner det er motsatt, det er vi uskuldige som er problemet. Mistenkte kan vi sikre lagring av informasjon for allereie, og kanskje bør den betrast. Det alvorlege no er korleis DLD kan påverke alle som ikkje er mistenkt for kriminalitet.

 

I ei undersøking frå tyske Forsa Institute frå 2008 svarte over halvparten av dei spurde at dei ikkje ville bruke teleutstyr når dei skulle snakke med psykolog, ekteskapsrådgjevar eller om rusmisbruk som følgje av datalagringsdirektivet. Elleve prosent svarte at dei allereie hadde avstått frå å bruke telefon, mobiltelefon eller e-post i visse tilfelle. Vi er ikkje tent med at uskuldige menneske held tilbake – eller lar vere å søke opp – kunnskap i frykt for å bli sett over skuldra.

 

President:

Malte Spitz, tysk parlamentarikar frå Dei Grøne, gjekk til rett for å få ut teledata om seg sjølv for eit halvt år. Og vann. Han gav desse til avisa Die Zeit. Saman med offentleg tilgjengelege data frå sosiale medier kunne konstruere hans rørsler dag for dag. Den 1. september 2009 finst det data for meir enn 20 timar, den 4. september 2009 for meir enn 16 timar. Det heile kan følgast på internett.

Opplysningar som lekk ut kan krenke integriteten vår, men kunnskapen om at det vert lagra kan i seg sjølv redusere fridomen vår.

 

President

Sjølv om SV er sterkt mot direktivet, er vi enno meir bekymra for den gradvise endringa i haldningar, muligheiter og politikk som går føre seg.

Vi har allereie ei omfattande lagring av data og kameraovervaking. Internasjonalt, eller her, vert det diskutert å registrere søk på nettet, å sette inn ei brikke i alle bilar med opplysningar om kvar den er. Vi ønskjer oss betre og meir omfattande helseregister som kan koblast, betre register med meir informasjon om barn i barnehage og skule. Romavlytting har vi prøvd.

Eg kjenner fleire av desse forslag godt, og dei er alle godt meint og velbegrunna på sitt felt. Men forstår vi, og tenker over, konsekvensane av summen?

Den franske filosofen Jaques Attali, også mangeårig rådgjevar for President Mitterand, har skrive boka ”Kort historie om framtida” om temaet. Han skildrar eit tenkt framtidssamfunn der staten overvakar helsa vår, kosthaldet, transporten, skulearbeidet til born. Ikkje fordi politikarane er totalitære, ikkje grunna kommersielle interesser, men av funksjonelle omsyn.

Kosthaldet og folkehelsa vert betre med systematisk registrering av kva vi et, skuleresultata vert betre når vi kjenner til korleis elevane er og korleis dei arbeider. Og alle forstår at kampen mot kriminalitet vert meir effektiv med registrering og lagring av stadig fleire data. Alle tener på det. Vi får meir kunnskap, samfunnet vert betre og tryggare – det einaste vi mistar er litt slark i samfunnsmaskineriet.

Men president, eg er for slark. Så lenge det er slark, er det håp. For slark er eit teikn på fridom. Den potetgullposen du ikkje bør ete, forbikøyringa du ikkje skulle teke, innleveringa du juksa på. Eller direkte knytt til DLD – e-posten du ikkje skulle sendt, den staden du ikkje skulle vore ei natt. Fridomen vår til ikkje å gjere det – eller kanskje av og til gjere det – er av uvurderleg verdi for det enkelte menneske. Men det er også av uvurderleg verdi for samfunnet at vi menneske har eit stort frirom – ein integritet – som vi kan utfalde oss i. Det må ikkje berre vere rom for det perfekte liv, det må vere rom for slarket også.

 

Datalagringsdirektivet fører sjølvsagt ikkje til dette samfunnet. Men summen av ei rekke vedtak og muligheiter kan gjere det. Vi registrerer, overvakar, lagrar og tek i bruk langt meir informasjon enn for eit tiår eller to sidan.

Og difor er vegen vidare viktig. Kva vil vi ønskje å bruke opplysningane om 10 år? Kva data kan vi koble for å få fram meir og betre informasjon? Kva vert det neste vi skal registrere og lagre?

 

 

 

President, i lys av dette:

Er det ikkje klokt å tenke seg om ein gong til? Det heiter seg at ein skal la tvilen kome tiltalte til gode, og i dette tilfellet meiner SV det vil vere fornuftig.

–          EU si evaluering av direktivet er ikkje kome enno, den vil gje oss informasjon om kvar EU si lovgjeving går vidare

–          Vårt naboland Sverige har utsett implemtering

–          I fleire land sine rettssystem verserer det sakar om direktivet, etter at det har blitt kjent grunnlovsstridig.

Når ein foreslår utsetjing av noko ein er mot, vert ein gjerne beskyldt for at det er taktisk. I dette tilfelle er det særs velbegrunna slik eg ser det.

 

Eg meiner det har kome ein god ting ut av debatten vi førebels avsluttar i dag. Det er at det ikkje er avslutninga, men kanskje byrjinga. Byrjinga på ein langt meir levande samfunnsdebatt om balansen mellom vår fridom og integritet på den einse sida, og alle dei velbegrunna funksjonelle ønskja vi har som samfunn på den andre sida.

 

Vi – Storting, regjering, det politiske system – må vere førande i ein prinsippiell debatt  om dette i framtida. For lenge har vi sett dei enkelte samfunnsinteressene i førarsetet, og i rask rekkefølge vedteke velmeinte og funksjonelle framlegg om registrering og overvaking på kvart felt. Dei prinsippielle spørsmåla har vi sett vekk til eit tilsyn.

Dette er politikk snudd på hovudet. Det må jo vere omvendt, at politikarane diskuterer og vedtek dei overordna rammene for samfunnsutviklinga og så ber om ei funksjonell oppfølging av det frå andre organ.

 

 

 

”Den som er villig til å ofre sin sin fridom for ein midlertidig tryggleik fortener korkje fridom eller tryggleik” har den amerikanske filosofen og vitskapsmannen Bejnamin Franklin sagt.

Eg vil legge til: I eit friare samfunn vil vi føle oss tryggare enn i eit samfunn der vi har ofra mykje av fridomen.

La oss tru at den omfattande debatten om datalagringsdirektivet betyr ein renessanse for fridom og personleg integritet som sentrale spørsmål i samfunnsdebatten.

Personvernalliansens korte historie og usikre framtid

På måndag og tysdag var eg i møte med Erna Solberg og Ingjerd Schou frå Høgre. Eg deltok på møtet saman med dei parlamentariske leiarane frå Venstre, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Framstegspartiet. Ein uvanleg allianse, allereie døpt regnbogealliansen av enkelte, personvernalliansen av andre. Kva samla denne uvanlege alliansen? Motstanden mot datalagringsdirektivet. Alliansen kunne oppstå fordi regjeringspartia er delt i spørsmålet om å innføre DLD.

No ser det ut til at den vil svinne hen i historia utan å ha utretta store ting, fordi Høgre har gjort det klårt at dei vil forhandle med Arbeidarpartiet om å innføre DLD i staden for å forhandle med oss om å styrke personvernet.

Bakgrunnen er denne. Vi fem hadde forrige onsdag eit kort møte med Erna Solberg der vi inviterte Høgre til drøftingar om eit nasjonalt regelverk for datalagring. Høgre fekk samstundes eit notat om saka frå oss. På måndag svarte dei med å legge fram sine synspunkt for oss. Hovudtrekka er kjende. Dei gjorde det klårt at dei er for pliktig lagring av alt det datalagringsdirektivet krev lagra, men at dei i tillegg har ei rekke personvernkrav (mange av dei utanfor DLD) som dei vil ha innfridd.

Vårt svar var enkelt. Dokke må velge kva veg dokke vil forhandle. Dersom det viktigste er plikt til å å lagre informasjon om folk som ikkje er mistenkt for noko, er det vanskeleg å bli samde med oss. Dersom det viktigaste er gjennomslag for ei rekke av personvernforslaga, er det lett å bli samde med oss. Høgre gjorde det seinare klart at pliktig lagring av data var viktigst, og at dei vil forhandle med AP. Det var sjølvsagt ikkje overraskande.

La meg kort minne om kvifor eg er mot DLD. Det betyr å innføre pliktig lagring av masse informasjon om kommunikasjonen vår for alle menneske. Det skal lagrast for alle i tilfelle det kan bli aktuelt å bruke det mot oss seinare. Altså; vi er potensielt skuldige, ikkje uskuldige til det motsette er bevist. Eg argumenterer mot direktivet her og her

Noko av informasjonen som skal lagrast er særs viktig for politiet, og ikkje like personverninngripande. Til dømes IP-adresser. Dei er viktige i saker om overgrep for barn, og innheld informasjon om når du logga deg på nett med kva type utstyr. Difor har vi i personvernalliansen opna for pliktig lagring av desse, for å kome Høgre i møte.

Andre delar av det som skal lagrast er i følge ein fagleg tung rapport mindre viktig for poitiet, men særs personverninngripande. Til dømes dei kontinuerlege spora telefonen din legg igjen, eller mottakaren av e-post frå deg. Tenk deg at du har sendt 10 e-post til adresser som skatteetaten.no, krisesenteret.no eller clubswingers.no. Relativt privat dersom det skulle kome på feil hender.

Det er også interessant å lese kva Høgrefolk skriv om handsaminga i partiet. Torbjørn Røe Isaksen skriv om handsaminga i Høgre, Kristin Clemet om det same her. Årets euroepar (i følge Europeisk Ungdom), Nikolai Astrup, har nøyd seg med å slå fast at slaget er tapt.

No får vi sjå kva som skjer. Andre land utset direktivet, og mange i Noreg vil det. EU si evaluering kjem om kort tid, men etter Noreg si handsaming. Dersom ting skulle skje i Høgre vil det vere flerital for eit nasjonalt regelverk for lagring, ei personvernløysing. Stortingsdebatten er sett til 4.april.

Innovasjon på Stortinget

Eg vil ha digitalt storting, med sakshandsaming, medier og anna rett inn på nettbrettet. Først treng vi ei frivillig prøveordning som kan teste det ut; Eg melder meg!

Det er essensen i eit intervju med meg på side 20 i dagens VG. Symptomatisk nok ligg ikkje saken frå dagens VG på nett! Den finst berre i papirutgåva, men er omtala på SV sine sider

Det er også ein breiare bakgrunn for utspelet. Det er innovasjon – det å gjere ting smartare – som er grunnlaget for vekst og utvikling både i privat og offentleg sektor. I offentleg sektor er dette særs viktig. Gjennom meir kunnskap, bruk av teknologi, betre arbeidsprosessar og betra organisering forbetrar vi kvaliteten på velferdstenester og frigjer folk til andre oppgåver.

Eg vil at Stortinget skal ligge i forkant av denne innovasjonen, og ta i bruk ny teknologi og nye og meir effektive arbeidsmåtar. Difor dette initiativet.

Svar om Wikileaks

Eg kjem rett frå fredsprisutdelinga på rådhuset. Det var ei sterk oppleving med den tomme stolen og ein fin og spesiell tekst av Liu Xiabo lese opp av Liv Ullmann. Teksten – I have no enemies – var hans avlsuttande forsvar i samband med rettsaka mot han i 2009 der han vart dømt til 11 års fengsel. Eg vonar prisen vil styrke arbeidet med menneskerettar.

Tusen takk for mange kommentarar til min bloggpost om Wikileaks. Eg vil kommentere nokre av dei som fleire har teke opp som direkte spørsmål:

Samanliknar eg Liu Xiabo og Assange fordi eg trekk fram Kina og fredsprisen, spør fleire? Nei, ikkje dei to og ikkje Noreg og Kina. Eg vil snarare seie tvert imot. Poenget mitt er at dei to regima og situasjonane skal vere heilt like. I Kina – eit diktatur – mistar regimet sine kritikarar rettet til å ytre seg, vert demonisert og forføld og til slutt fengsla for noko som ikkje er kriminelt. I eit demokrati skal regimet sine kritikarar har rett til å ytre seg, bli møtt med motargument og ikkje  demonisering og ikkje bli dømt for sine ytringar. Som Vampus skriv på ein god måte i sin bloggpost: «Men forskjellen på demokratiske stater og røverstater har da aldri vært at demokratiske stater er feilfrie. Forskjellen er måten man behandler sine kritikere og hvordan det reageres på når feil avdekkes. Frem til nå har man kunnet skille liberale demokratier og diktaturer ved at diktaturer fengslet og drepte budbringerne av dårlige nyheter, mens demokratier etterforsket og evaluerte seg selv for å ikke gjøre lignende feil igjen»

Det er difor ikkje Wikilekas som trugar demokratiet, men den måten dei vert møtt på av mange lands myndigheitar, politikarar og andre.

Så spør både Thomas og Karl Magne om kvifor eg forsvarer ytringsfridomen her, men tier i saka om Muhammed-karikaturane. Det gjorde eg imidlertid ikkje. Her kan du lese om min bodskap i den debatten, som eg meiner var heilt i tråd med min bodskap i denne debatten.

Til sist lurer Stig på om eg ikkje kan skrive på bokmål. Svaret på det er nei. Kan du skrive på nynorsk Stig:-)

Eit forsvar for Wikileaks

Eg kan ikkje vere den einaste som er litt rysta over den massive demoniseringa av Wikileaks. Internasjonalt er det gått heilt bananas. Politikarar som Mike Huckabee og Sarah Palin snakkar om henhaldsvis dødsstraff og samanliknar med Al-Qaida, rådgjevaren til den kanadiske statsministeren ville ha ein «fatwa» mot Assange (sjå Aftenposten) og ein sentral kommentator i Washington Post som Charles Krauthammer skriv dette. Enno verre er det at fleire land vil vedta lovgivning som hindrar dei å operere, at amerikanske instituasjonar ber folk om ikkje å besøke sidene deira og at dei mistar kommersielle samarbeidspartnarar som bankar og Paypal.

Er vi totalt ute av stand til å halde ein spegel opp foran oss sjølve og sjå korleid dette ser ut, berre dagar før vi skal dele ut fredsprisen til Liu Xiabo?

Mange er høge og mørke om ytringsfridomen i Kina og Iran, men i den augneblinken det rammar vestlege myndigheiter går rullegardina ned.

Gjennom historia har makta – som eg som stortingspolitikar er ein del av – alltid motsett seg meir openheit. Og tapt. Eg trur ikkje vi angrar ved ein einaste korsveg. Makta har alltid fordømt lekkasjar. Men var lekkasjane som avslørte at USA visste om at Irak ikkje hadde masseøydeleggingsvåpen feil? Var lekkasjane som leidde til ein ny gjennomgang av Treholtsaka feil?

Vi må tåle å bli eksponert for ytringsfridomen sjølv, med eit innhald og metodar vi ikkje alltid likar. Det er då du får testa om du verkeleg forsvarer den.

Eg ser på  angrepa på Wikileaks som angrep på openheit og ytringsfridomen. Eg er ikkje samd i alt Wikilekas gjer, og meiner det skal vere mogeleg med hemmeleg rapportering frå ambassadar til UD. Men eg vil forsvare retten Wikileaks eller aviser har til å offentleggjere viktig informasjon som kan avsløre lovbrot, maktmisbruk eller viktig offentleg informasjon.

Det gjer dei no på ein måte som framstår seriøs og gjennomarbeida. Det er målretta lekkasjar i samarbeid med verdas beste aviser som må følge redaktørplakaten og gjere ei vurdering av innhaldet før dei publiserer. Mange uviktige ting kjem fram, men så langt ikkje noko eg kan sjå trugar verdsfreden. Og viktigast: Det kjem fram ein heil del viktig. Denne informasjonen bør så kritisk vurderast og må tåle å testast mot andre versjonar og anna informasjon i offentlegheita.

Det er verdt å minne om formålsparagrafen til Wikileaks: “Our primary interest is in exposing oppressive regimes in Asia, the former Soviet bloc, sub-Saharan Africa and the Middle East, but we also expect to be of assistance to people of all regions who wish to reveal unethical behaviour in their governments and corporations.”

Heldigvis kjem det no ei rekke reflekterte analysar som kritiserer den internasjonale fordømminga.

Fra The Guardian: “What WikiLeaks is really exposing is the extent to which the western democratic system has been hollowed out. In the last decade its political elites have been shown to be incompetent (Ireland, the US and UK in not regulating banks); corrupt (all governments in relation to the arms trade); or recklessly militaristic (the US and UK in Iraq). And yet nowhere have they been called to account in any effective way. Instead they have obfuscated, lied or blustered their way through. And when, finally, the veil of secrecy is lifted, their reflex reaction is to kill the messenger.”

Jon Wessel Aas skriv her. The Economist har som vanleg ei sakleg og realistisk tilnærming

StoppDLD + sprut

I går heldt eg appell på Stopp DLD (datalagringsdirektivet) sitt arrangement i Oslo. Dette er ei sak som engasjerer meg meir og meir må eg seie, difor var eg der til trass for at det var litt komplisert logistikk for meg i å få det til. Dei som har meir erfaring med å telle enn meg hevdar det var om lag 450 menneske der. Under ser du appellen min, meir  om dette finn du til dømes på bloggen Frank Eivins verden

Denne saka splittar både regjeringspartia og opposisjonen; AP er for, medan SVog SP er mot. KrF, V og truleg FrP er mot (men delt) medan H er delt (men leiinga verkar å vere for). Den går såleis inn i eit mønster av saker der regjeringspartia har ulikt syn, og der opposisjonen gjerne også har det. Dette erikkje nytt, vi hadde mange i forrige periode også. Dei kjem gjerne på miljø- og energi, i innvandringspolitikken og i ulike verdispørsmål, sjølv om det også erandre døme.

Mange skriv om dette om dagen. Dei ramsar typisk opp alle problemsakene for regjeringa (sjå til dømes i Dagsavisen), og hevdar at dette svekkar den og at den kan sprekke. Eg meiner dei bommar nokså fundamentalt, og erlitt overraska over at erfarne kommentatorarar og journalistar ikkje har lært. Og har meir fantasi.

Det er business asusual foross å handtere vanskelege saker. Det er det fleirtalsregjeringar med ulike parti gjer. Vi har gjort det i fire og eit halvt år. Eg forstår godt at mange var spent på om vi var førebudd på det dei første åra, men ikkje no.

I den grad noko trugar den raudgrøne regjeringa, erdet om vi ikkje klarer å vise veljarane at vi har eit klart politisk prosjekt, og står for ei anna retning enn høgresida (og for SVs del – noko anna enn om det berre var AP). Folk forventar noko heilt basic; At ei raudgrøn regjering skal vere grøn og raud. Den må ha på Noreg leiartrøya internasjonalt i miljøpolitikken, og den må ta tak i miljøproblem her heime. Den må omfordele, og den må bygge ut – ikkje bygge ned – velferden.

Eg kjende meg att i Kristin Halvorsen sin kommentar om at vi manglar «sprut» om dagen. Like fullt, det store biletet er annleis. Her argumenterer eg for kva vi i SV har fått til i eit innlegg som stod i Dagsavisen på fredag. Det var eit svar til ein som hevda at vi måtte trekke oss frå regjeringa fordi alt var mislukka.

Omsorg for venstresida  

Det er ei særleg form for omsorg dette. Ein mann som ikkje ville stemt SV med ein pistol mot tinningen vil ha oss ut av regjering for å redde demokratiet.

Svein Tore Marthinsen har dei siste åra slått seg opp som valanalytikar i media. Han er samstundes ein mann som blandar analyse med sterke politiske meiningar frå høgre. I Dagsavisen 6. april slaktar Marthinsen SV. Eller rettare sagt; han vil ha oss ut av regjeringa og forkler det som ein analyse: SV bør vere eit korrektiv til Ap (ikkje eit styringsparti), vi burde snakka om å avskaffe kapitalismen (i staden for å redde arbeidsplassar) under finanskrisa og vi bør vere venstreopposisjon i staden for å sitte i regjering. Om SV ikkje går ut av regjeringa og finn tilbake til denne rolla (som venstreopposisjon) «har noe fundamentalt gått tapt i vårt demokrati». Intet mindre.

Då Soria Moria-erklæringa kom i 2005 vart den hylla som ambisiøs og radikal. No er den for det meste gjennomført. Den merksemda den har fått på venstresida i andre europeiske land har blitt mindre rapportert her heime. Eg innleia om Soria Moria og den norske raudgrøne regjeringa på ein konferanse for europeiske venstreparti i Nederland i 2007. Gjennomgangstonen var at det var den mest radikale regjeringsplattformen i Europa, og at ein i Europa merka den politiske endringa i Noreg.

Kva merka dei? For det første ein meir radikal utanrikspolitikk. Noreg trakk dei militære styrkane ut av Irak og ut av den amerikansk-leia OEF i Afghanistan etter valsigeren. Vi oppretta kontakt med den palestinske samlingsregjeringa som dei fleste europeiske land ikkje ville ha kontakt med. Vi auka bistanden til over 1 prosent, og vi stilte oss i spiss for gjeldsslette til fattige land. Alt saman kjende SV-standpunkt, som venstresida i andre land ikkje får gjennomslag for. For det andre at Noreg igjen tok på seg leiartrøya i internasjonal miljøpolitikk. Vi har sett oss verdas mest ambisiøse klimamål og vi har eit internasjonalt anerkjent prosjekt for fangst og lagring av CO2. Ikkje minst vert det lagt merke til at vi leiar an i kampen mot nedhogging av regnskog (som står for opp mot 20 prosent av verdas CO2-utslipp) med å satse milliardsummar. For det tredje at den privatiseringsbølga som har gått over Europa, og slått tungt inn i sosialdemokratiske parti, går motsett veg i Noreg. Vi stoppa privatiseringa av skulen og Jernbaneverket, og kjøpte oss opp i viktige industriselskap. For det fjerde har Noreg bygd opp velferdsstaten i desse åra, og gjennomført reformer som venstresida i det meste av Europa arbeider for. Barnehagereforma er den største velferdsreforma i nyare tid, og inneber den kombinasjonen av tidleg innsats for barn og gode praktiske ordningar for foreldre som det meste av europeisk venstreside arbeider for. Satsinga på skule, eldreomsorg og andre tenester i kommunane står i skarp kontrast til den nedbygginga våre naboland opplever. For det femte har vi hatt fordelings- og fattigdomsfokus i ein periode der mange regjeringar ser på aukande skilnadar som naturskapte. Vi har auka skatten til dei med stor formue og redusert den for dei med låg formue. Samstundes er minstepensjonen auka kraftig, sosialhjelpsatsane er justert opp, bustøtta er utvida og kvalifiseringsprogram er innført for å få fleire tilbake til utdanning og arbeidsliv.

Dette er resultat av at SV sit i regjering. Både vi sjølv og våre venner på den europeiske venstresida skulle ønske vi kunne fått til enno meir. Mange er også kritisk til innstramminga i innvandringspolitikken som er gjennomført det siste halve året. Tilbakegongen ved valet gjorde at SV fekk mindre gjennomslag på dette viktige feltet. Men oppsummeringa er likevel eintydig positiv, noko som best kan dokumenterast ved å sjå på kva som faktisk skjer: I Island har vi ei raudgrøn regjering. I Sverige og Danmark skal raudgrøne koalisjonar etter norsk modell slåst om valsigeren. I Tyskland vert det same diskutert etter sosialdemokratane sitt nederlag i fjor.

SVs kongstanke frå 90-talet, det raudgrøne samarbeidet, er blitt politisk eksportvare frå Noreg. Den viktigaste grunnen er at det er ein politisk suksess, med ein langt klårare profil enn dei grå sosialdemokratiske mindretalsregima, og at det var ein suksess i valet. Og her sviktar Marthinsen fordi han driv politisk ønsketenking i staden for analyse. Han finn opp store mengder frustrerte SV-veljarar som er misnøgde med regjeringsdeltakinga. Problemet er at dei ikkje finst når vi går til talmaterialet. Gjentekne undersøkingar frå førre periode viser at SV sine veljarar er dei som er mest nøgd med regjeringa, og at dei vil ha SV med der. Vi tapte heller ikkje våre veljarar til Rødt (dit frustrerte anti-regjeringsstemmer kunne tenkast å gå), men til Ap, som i langt større grad står for den politikken Marthinsen hevdar det vert protestert mot.

Med andre ord; SVs veljarar er nøgd med regjeringa og dei vil ha oss med der. Men vi må vise dei at SV er naudsynt for at resultatet skal bli bra. Målingane frå valet viser også at SV har halde på tilliten i miljøpolitikken, og at vi har auka tilliten på skulepolitikken etter eit stort fall under og etter valkampen i 2005. Tilbakegongen kom til trass for det, ikkje på grunn av det. Vegen vidare for SV går ikkje ut av regjering og tilbake i tid, men framover:

* Vi må gå nye skritt i miljøpolitikken, og ikkje minst vise at vi vil gjennomføre radikale grep i Noreg.

* Vi må styrke barnevern og forebygging, få bukt med fråfallet i vidaregåande skule og trappe opp kampen mot fattigdom enno meir.

* Vi må bli ein klårare debattskapar og politisk nytenkar samstundes med at vi sit i regjering.

* Vi må bli flinkare til å få fram resultata i regjering som halvfulle beger i staden for halvtomme krus.

For eit år sidan hadde Høgre 13 prosent på meiningsmålingane, og alle du møtte hadde noko negativt å seie om Erna Solberg. No er ho helt og Høgre har 25 prosent på siste måling. Høgresida sine sympatisørar som vil ha SV ut av regjering skal i staden få sjå SVs comeback.

Bloggarar i 16.etasje

Fem bloggarar har blitt invitert til eit møte med statsministeren om sosiale medier og regjeringas bruk av det, melder Nettavisen. Det heile skjer i samband med prosjektet Samarbeid for arbeid.

Nokre av dei fem kjenner eg godt frå nettet; Ingunn Kjøl Wiig var ein av dei eg følgde tettast som kunnskapsminister. Ho stod også bak nettverket «Del og bruk». Bente Kalsnes har vore lite aktiv i det siste, men er ein reflektert og kunnskapsrik bloggar og kommentator. Knut Johannessen kjem frå Flora og har bloggen Vox Populi, medan Børge kjenner eg best som forteller frå Twitter. Sjefsengel kjenner eg ikkje til frå før.

Det er moro å lese kommentarane deira om besøket på min gamle arbeidsplass. Eg kjenner igjen den sitrande kjensla ved å ta heisen opp første gong, og å gå inn på møterommet med statsministeren. Det er også veldig bra at regjeringa no gjer ein framstøyt for å bruke sosiale medier meir aktivt. Sindre Fossum Beyer har blitt rådgjevar der, noko som nok må få mykje av æra for det. Som infosjef i AP viste han at han er god på korleis sosiale medier skal brukast til å drive kampanje og profilering.

Det gjev også håp om fleire og fleire i det offisielle Noreg vil ta det neste steget også. Det neste steget er at desse mediene ikkje blir nok ein kanal for informasjon ut, men grunnlaget for ein reell dialog. Eg har skrive meir utdjupande om dette før, mellom anna her.

Skal dette skje må vi politikarar delta på dei arenaane der debatten foregår, sette av tid til det (som vi set av tid til intervju i dag), opne oss for spørsmål og kritikk, svare og bruke mediet til å få tilbakemeldingar i saker. Til å begynne med.

Det er utruleg langt igjen for både politikk og forvaltning, men vi har hatt demokrati i 2500 år og sosiale medier i mindre enn 10 år så vi får gje det litt meir tid. Og det er ein del gode døme om dagen, som UDI-sjefen på twitter og bloggen til fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Tidlegare fornyingsminister Heidi Grande Røys gjorde også ein viktig grunnlagsjobb med IKT-satsing og open kjeldekode.

I mellomtida gratulerer eg SMK med å invitere bloggarar inn, og dei inviterte med det som sikkert var ei flott og lærerik oppleving.