PISA ute av skapet

Så er PISA 2009 presentert.

Det er som eit spøkelse er ute av skapet. Svartmalinga av norsk skule har i stor grad basert seg på fleire runder med svake og fallande resultat. PISA har blitt tolka som ein total dom over norsk skule. PISA-undersøkinga er ein god og gjennomarbeida studie av viktige dugleikar og fag som lesing, matematikk og naturfag. Ikkje minst lesing er ein viktig basis for å skaffe seg anna kunnskap og fungere godt i samfunns- og arbeidsliv. Samstundes seier PISA lite eller ingenting om andre viktige trekk ved skulen, som trivsel, dei kreative og praktiske faga eller i kva grad norsk elevar tek i bruk ny teknologi.

Det viktigaste med dagens resultat er at lærarar, rektorarar og andre skulefolk i Noreg kan rette ryggen. Dei har gjort jobben som gjer at vi er på rett veg. Vi politikarar kan krangle om kven som har æra. «Fiaskoer har ingen foreldre, men suksesser har mange foreldre» var Kristin Halvorsen sin treffande kommentar til at Høgre meiner dei sjølv og kunnskapsløftet har hovudæra.

Eg eg er både glad og letta for resultatat, for det viser klår framgang for norske skuleelevar i lesing, rekning og naturfag. I lesing er framgongen stor, og vi ligg klårt over OECD-snittet. I mattematikk og naturfag er framgongen mindre, og vi ligg om lag på snittet i OECD. I norden er Finland, som har fått ein nesten magisk status i skulepolitikken, framleis klårt fremst (dei er også på topp internasjonalt, saman med Korea) medan Noreg no er nest beste nasjon. Kortversjonen av resultata finn du her. Viktigare enn denne rankinglista er kanskje nokre andre tilhøve:

Pila peikar riktig veg, og det nokså klårt. I Sverige går resultata feil veg. Det er interessant å samanlikne med dei som har mange år med borgarleg skulepolitikk bak seg. Sverige har satsa på fleire privatskular, nivåinndeling og fritt skuleval, og har fått større grad av segregering i skulen. Det er ei oppskrift OECD åtvarar mot i materialet, der dei viser til at skulesystem med like muligheiter og lite segregering av elevar i ulike skular og klassar gjer det best.

Skulen er ikkje god nok til å redusere sosiale skilnadar. Det er for stor skilnad i resultat basert på elevane sin bakgrunn. Men den norske skulen er betre på å redusere sosial ulikskap enn skulen i dei fleste andre OECD-land. Samsundes viser undersøkingar at Noreg og Finland skil seg ut som dei landa som har minst skilnadar i resultat mellom skular, og størst skilnad innan skulen. Dette er eit teikn på lite segregering, og at vi har ein sterk fellesskule. Det er eit viktig trekk ved land som gjer det bra. Den dyktige forskaren som har leia arbeidet med PISA i Noreg, Marit Kjærnli, heldt ein presentasjon som viser dette godt på side 26 og 27.

Til sist vil eg legge til to ting. Politikk virkar, dersom det er rett politikk. I 5 år har vi fokusert på tidleg innsats og lesing, på kompetanseheving av lærarar, på å styrke skuleleiing og sunn bruk av kartleggingsprøver og nasjonale prøver. Vi har gjort det utan privatisering, nivådelding av klassar eller andre tiltak som forskinga åtvarar mot. Det har virka.

Politikken virkar, PISA var bra, men nor gjeld det å ikkje legge for stor vekt på den. Vi skal halde fram med den satsinga, men PISA må ikkje gå til hovudet på oss. Vi må våge å ha eit sterkt fokus på trivsel og mobbing, på fråfall i vidaregåande skule og på kreativitet i skulen. Det er viktige sider ved ein god skule som ikkje blir målt i PISA og ikkje må gå tapt. Tvert imot, kreativitet og kultur i skulen til dømes fortener ei kraftfull satsing.

Trenger middelklassen velferdsstaten?

Nytt debattmøte i rødgrønt debattforum:

Trenger middelklassen velferdsstaten?
1. september kl 19-21 arrangerer Rødgrønt debattforum: Trenger middelklassen velferdsstaten? Dette er den andre debatten i forumet, som gjennom hele høsten skal utfordre og utvikle det rødgrønne samarbeidet.

Velferdsstaten er en nordisk suksesshistorie. Den har vært sentral i å sikre små forskjeller, sosial mobilitet og et ideal om like muligheter. Men hvordan den skal se ut og hva vil vi betale for den? Vi tar debatten om hva som er veien videre for velferdsstaten. Finnes det en bro mellom universelle ordninger og skreddersydde tilbud? Må middelklassen betale mer skatt for å sikre velferden i fremtiden – eller gjør den private rikdommen det mer naturlig med økt brukerbetaling og flere private tilbud? Passer velferdsstaten i et flerkulturelt samfunn, eller var den tilpasset det homogene, helhvite Norge?

Kort sagt: Bør vi utvide, bevare, omforme eller utfase den trauste velferdsstaten?

I panelet er:

Karl Ove Moene – Professor i økonomi UiO
Per Kleppe – tidligere finansminister
Hadia Tajik – stortingsrepresentant AP
Inga Marte Thorkildsen – stortingsrepresentant SV
Per Olaf Lundteigen – stortingsrepresentant Senterpartiet

Fornya kraft, ikkje avgang

Redaktøren i det venstreorienterte vekemagasinet Ny Tid, Dag Herbjørnsrud, skriv i sin siste leiar at SV bør forlate regjeringa. Eg lyttar alltid med interesse når interessante og oppegåande folk til venstre fremmar sitt syn på SV. Det skjer dessutan i den tidlegare partiavisa til SV, som igjen sprang ut av det radikale tidsskriftet Orientering som var eit sentralt miljø rundt stiftinga av SF.

I dette tilfellet har Herbjørnsrud også teke seg plass til å argumentere grundig for sitt syn. Eg er likevel usamd med han. Eg synest argumenta vert for situasjonsbestemte, og perspektivet på venstresida sine mål for smått. Han overvurderer dessutan kor bra det er å vere i opposisjon. Det tør eg seie, som har prøvd det ei stund! Her er mitt svar:

 

Fornya kraft, ikkje avgang

Av Bård Vegar Solhjell, nestleiar SV

Redaktøren i Ny Tid, Dag Herbjørnsrud, skriv i den siste leiaren sin at SV bør gå ut av regjeringa. Etter mitt syn er det eit dårleg forslag for Noreg, for venstresida og for SV. Perspektivet blir for smått og kortsiktig.

Då Soria Moria-erklæringa kom i 2005 vart den hylla som ambisiøs og radikal. No er den for det meste gjennomført. Den merksemda den har fått på venstresida i andre europeiske land har blitt mindre rapportert her heime. Eg innleia om Soria Moria og den norske raudgrøne regjeringa på ein konferanse for europeiske venstreparti i Nederland i 2007. Gjennomgangstonen var at det var den mest radikale regjeringsplattforma i Europa, og at ein i Europa merka den politiske endringa i Noreg.

Kva merka dei? For det første ein meir radikal utanrikspolitikk. Noreg trakk dei militære styrkane ut av Irak og ut av den amerikansk-leia OEF i Afghanistan etter valsigeren. Vi oppretta kontakt med den palestinske samlingsregjeringa som dei fleste europeiske land ikkje ville ha kontakt med. Vi auka bistanden til over 1 prosent, og vi stilte oss i spiss for gjeldsslette til fattige land. Alt saman kjende SV-standpunkt, som venstresida i andre land ikkje får gjennomslag for. For det andre at Noreg igjen tok på seg leiartrøya i internasjonal miljøpolitikk. Vi har sett oss verdas mest ambisiøse klimamål og vi har eit internasjonalt anerkjent prosjekt for fangst og lagring av CO2. Ikkje minst vert det lagt merke til at vi leiar an i kampen mot nedhogging av regnskog (som står for opp mot 20 prosent av verdas CO2-utslipp) med å satse milliardsummar. For det tredje at den privatiseringsbølja som har gått over Europa, og slått tungt inn i sosialdemokratiske parti, går motsett veg i Noreg. Vi stoppa privatiseringa av skulen og Jernbaneverket, og kjøpte oss opp i viktige industriselskap. For det fjerde har Noreg bygd opp velferdsstaten i desse åra, og gjennomført reformer som venstresida i det meste av Europa arbeider for. Barnehagereforma er den største velferdsreforma i nyare tid, og inneber den kombinasjonen av tidleg innsats for barn og gode praktiske ordningar for foreldre som det meste av europeisk venstreside arbeider for. Satsinga på skule, eldreomsorg og andre tenester i kommunane står i skarp kontrast til den nedbygginga våre naboland opplever. For det femte har vi hatt fordelings- og fattigdomsfokus i ein periode der mange regjeringar ser på aukande skilnadar som naturskapte. Vi har auka skatten til dei med stor formue og redusert den for dei med låg formue. Samstundes er minstepensjonen auka kraftig, sosialhjelpsatsane er justert opp, bustøtta er utvida og kvalifiseringsprogram er innført for å få fleire tilbake til utdanning og arbeidsliv.

Det norske prosjektet spreier seg no. I Island har vi ei raudgrøn regjering. I Sverige og Danmark skal raudgrøne koalisjonar etter norsk modell slåst om valsigeren. I Tyskland vert det same diskutert etter sosialdemokratane sitt nederlag i fjor.

SVs kongstanke frå 90-talet, det raudgrøne samarbeidet, er blitt politisk eksportvare frå Noreg. Den viktigaste grunnen er at det er ein politisk suksess, med ein langt klårare profil enn dei grå sosialdemokratiske mindretalsregima, og at det var ein suksess i valet.

Dette er resultat av at SV sit i regjering. Utålmodige menneske som oss vil likevel alltid ønske å få til meir. Ikkje minst etter tilbakegongen ved valet i fjor haust er det ei tøff oppgåve.

Men løysinga ligg ikkje i at SV går ut av regjeringa.

Det vil vere ei dårleg løysing for Noreg, som vil få ein meir kaotisk politisk situasjon der høgrekreftene får betre spelerom og venstresida mindre innverknad. I miljøpolitikken vil det vekke til live det sovande fleirtalet av AP, H og FrP i Stortinget.

Det vil vere ei dårleg løysing for venstresida nasjonalt og internasjonalt. Vi treng sentrum-venstre regjeringar som kan prestere endring over tid.

Det vil også vere ei dårleg løysing for SV. Vi har ikkje meir enn våre 6.2% då heller. Men vi vil ha null innverknad over politikken. Gjentekne undersøkingar frå førre periode viser at SV sine veljarar er dei som er mest nøgd med regjeringa, og at dei vil ha SV med der. Vi tapte heller ikkje våre veljarar til Raudt (dit frustrerte anti-regjeringsrøyster kunne tenkast å gå), men til Ap – som jo sit i regjeringa.

Det SV oppnår med å forlate regjeringa er mindre innverknad for venstresida og miljørørsla, samt å svekke den nordiske trenden mot raudgrøne samarbeid.

Løysinga ligg i å styrke og ta leiinga i det raudgrøne samarbeidet, ikkje i å bryte ut av det:

* Vi må gå nye skritt i miljøpolitikken, og ikkje minst vise at vi vil gjennomføre radikale grep i Noreg i mange år framover.

* Vi må styrke barnevern og førebygging, få bukt med fråfallet i vidaregåande skule og trappe opp kampen mot fattigdom enno meir.

* Vi må bli ein klårare debattskapar og politisk nytenkar samstundes med at vi sit i regjering.

* Vi må få fram dei mange endringane vi gjennomfører som regjeringsparti, og utfordre høgresida langt sterkare.

For litt over eit år sidan hadde Høgre 13 prosent på meiningsmålingane, og alle du møtte hadde noko negativt å seie om Erna Solberg. No er ho helt og Høgre har 25 prosent på siste måling. Stemningar snur fort i politikken. Det gjeld å halde fast på det som er politisk riktig over tid.

Toras metode

I to år hadde eg gleda av å arbeide i lag med Tora Aasland, statsråd for forsking og høgare utdanning.  Eg hadde godt høve til å sjå korleis ho arbeidde.

Den arbeidsmåten vil eg døype Toras metode. Toras metode er resultatorientert, men tålmodig. Argumenterande, men ikkje insisterande. La meg illustrere:

Kort tid etter at ho vart statsråd kom det såkalla Stjernøutvalet med si innstilling. Både Tora og eg hadde sans for dei perspektiva utvalet trakk opp: Klarare kvalitetsmål for høgare utdanning, sterkare profesjonsutdanningar, endringar i finansieringssystemet og mest kontroversielt; arbeidsdeling og samanslåing av universitet og høgskular til langt fleire einingar. Tora insisterte likevel på at dette grepet i innstillinga måtte avvisast som eit nasjonalt strukturgrep. Ho var sterkt for retninga, men klår på at metoden måtte vere annleis. Vi ville berre få det til om drivkrafta var institusjonane sitt eige ønskje om og forståing for arbeidsdeling og evt samanslåing.

Sidan det har ho arbeidd målretta for det med eit sett av verkemiddel: Tett dialog med institusjonane, systematisk argumentasjon for tettare samarbeid, økonomiske incentiv, oppfordring til at dei finn sine eigne samarbeidsløysingar og ein krystallklar og eksplisitt respekt for dei som ikkje vel samanslåing.

Resultat: Tidenens bølge av samanslåingar, samarbeid og betre arbeidsdeling i norsk høgare utdanning. Sjølvdrivne prosessar i Troms, i Nordland, på vestlandet, rundt Oslofjorden, i Møre og Romsdal (!) og sikkert nokre til eg ikkje kjem på i farten. Eg har møtt fleire av dei involverte institusjonane. Det dei har til felles er at dei sjølv opplever å ha initiativet, dei har ei reell forståing for utfordringane og dei har tid og rom til å finne den løysinga som passar dei. Det inkluderer også den institusjonen eg har vore på der det var stor skepsis til denne tenkinga; dei var trygge på at dei kunne velge sjølv, og dermed bruke tid på å finne sin veg vidare.

I kontrast til dette: I perioden 2001-2005 var Erna Solberg kommunalminister, og fekk tittelen jern-Erna i media. Det var på grunn av asylpolitikken, men den same stilen brukte ho når det gjaldt kommunesamanslåingar. Store ord og høge mål, press på kommunane og økonomiske incentiv. Resultat: Eg har ikkje sjekka, men ei bølge av samanslåingar vart det ikkje.

Den siste metoden gjer fleire medieoppslag, den framstår tøffare og meir «tydeleg» og er meir populær i riksavisene sine redaksjonar. Det er feil å seie at resultat ikkje spelar ei rolle i media si vurdering av politikarar. For dei spelar ei rolle. Men i langt mindre grad enn korleis politikaren framstår for mediene. Bjarne Håkon Hanssen fekk lite skryt for gjennomføringa av dei kompliserte pensjons- og NAVreformene, men vart hylla som ein visjonær politikar då han lanserte samhandlingsreformen. Heilt etter manus har Anniken Huitfeldt fått litt tyn i vinter etter at ho tok over for Trond Giske, men eg har til å gode å sjå eit einaste politisk argument for det. Det er også vert å merke seg omtalen av den «tøffe» Torbjørn Røe Isaksen vs den systematiske Bent Høie.

Ingen journalist eg kjenner har fått med seg at veksten i forskingsbudsjetta var sterkare i forrige fireårsperiode enn veksten i kulturbudsjetta dei fire siste åra. Det kan tolkast på minst på to vis. Den politiske, at dei som arbeidde med forsking var flinke til å sikre pengar til sin sektor. Den meidale, at dei som arbeidde med kultur var flinke til å selge sine pengar. Begge delar er rett, og begge delar høyrer vel med i biletet, gjer det ikkje?

Rødgrønt Debattforum

Alle som er raudgrøne og søkandepå same tid kan ha glede av å møte opp på det første møtet Rødgrønt debattforum arrangerer.

Det er eit arrangement på Litteraturhuset onsdag den 2.juni klokka 19-21. Kristin Halvorsen, Trond Giske, Ole Petter Ottersen og Victor Normann skal diskutere «Frå svart oljeøkonomi til grønn kunnskapsøkonomi».

Dette er det første av ein serie møter som Rødgrønt debattforum vil arrangere. Vi vil utfordre og utvikle det raudgrøne samarbeidet, slik du kan lese meir om her.

Makt bak krava – Israel OECD-medlem

I går blei det klårt at Israel vert medlem av organisasjonen OECD. Noreg har hatt eit godt standpunkt, har arbeidd bra og oppnådd noko.  Men dersom vi skal få Israel til å kome internasjonale og palestinske krav i møte må verda sette makt bak krava overfor landet. Den norske haldninga ber preg av det, OECD sitt vedtak gjer det ikkje. Difor burde Noreg stemt nei til medlemskapet.

OECD har ei tid vurdert israelsk medlemskap i OECD. Noreg har gått inn for medlemskapet, men med den føresetnaden at medlemskapet gjeld staten Israel innan dei internasjonal annerkjende grensene (frå1967), ikkje dei okkuperte områda. Det er ein viktig skilnad, fordi Israel i sin økonomi ikkje skil mellom ulike område i jerusalem eller lovlege og ulovlege busetnadar. Med eit eksplisitt skilje her ville Israel blitt pressa til å annerkjenne eit slikt skilje samt å innføre det i sin eigen rapportering og statistikk. Landet måtte betalt ein kostnad for medlemskap i organisasjonen, ein kostnad som går til kjernen i konflikten: Ulovleg israelsk okkupasjon og busetting på Vestbreidda.

Det norske standpunktet var rett. Det er ikkje Israel som land vi har noko mot, det er brot på internasjonal lov og rett. Det viser vi ved å kreve at medlemskapet berre gjeld staten innan dei internasjonalt annerkjende grensene. Samstundes er bodskapen til Israel at dei må akseptere internasjonal lov slik andre land må dersom dei skal delta i internasjonale fora. 

Utanriksministeren og dei norske utsendingane har arbeidd godt for standpunktet, men vi nådde ikkje fram med det. Det er ingen eksplisitt referanse til at medlemskapet gjeld staten Israel utan dei okkuperte områda. 22 land (m.a Noreg) av 31 sa i sine innlegg at Israels inntreden i OECD gjaldt Israel innan 67-grensene. 9 land (m.a USA gjorde det ikkje). I tillegg har Noreg fått gjennomslag for at ein studie skal vurdere korleis OECD-statistikk kan skilje mellom økonomisk aktivitet i Israel og på dei okkuperte områda.

Eg meiner Noreg burde sagt nei til Israelsk OECD-medlemskap så lenge våre føresetnadar ikkje vert oppfyllt. OECD-medlemskap for Israel er ikkje verdas største sak, men det betyr mykje for palestinarane (som har oppfordra OECD om å seie nei til medlemskap så lenge det ikkje er klårt at dei okkuperte områda eksplisitt er utelete) og for israelarane (der dette vil bli ein prestisjesiger for statsministeren og for utanriksministeren). Det er ikkje fordi eg vil ha meir symbolpolitikk overfor Israel, men fordi eg vil ha meir realpolitikk.

Dersom vi skal få Israel til å kome internasjonale og palestinske krav i møte må verda sette makt bak krava overfor dei. Den norske haldninga ber preg av det, vedtaket gjer det ikkje i stor nok grad. Noreg kunne stoppa medlemskapet ved å seie nei. Det held at eit land seier nei for å hindre medlemskap.

Noreg må no arbeide vidare for vårt syn, og sørge for at OECD skil Israel frå dei okkuperte områda i all statistikk og rapportering og i alle andre samanhengar. Men viktigast; Vi må skape ein breiare internasjonal allianse for å sette makt bak krava overfor Israel på eit bredt spekter av felt.

StoppDLD + sprut

I går heldt eg appell på Stopp DLD (datalagringsdirektivet) sitt arrangement i Oslo. Dette er ei sak som engasjerer meg meir og meir må eg seie, difor var eg der til trass for at det var litt komplisert logistikk for meg i å få det til. Dei som har meir erfaring med å telle enn meg hevdar det var om lag 450 menneske der. Under ser du appellen min, meir  om dette finn du til dømes på bloggen Frank Eivins verden

Denne saka splittar både regjeringspartia og opposisjonen; AP er for, medan SVog SP er mot. KrF, V og truleg FrP er mot (men delt) medan H er delt (men leiinga verkar å vere for). Den går såleis inn i eit mønster av saker der regjeringspartia har ulikt syn, og der opposisjonen gjerne også har det. Dette erikkje nytt, vi hadde mange i forrige periode også. Dei kjem gjerne på miljø- og energi, i innvandringspolitikken og i ulike verdispørsmål, sjølv om det også erandre døme.

Mange skriv om dette om dagen. Dei ramsar typisk opp alle problemsakene for regjeringa (sjå til dømes i Dagsavisen), og hevdar at dette svekkar den og at den kan sprekke. Eg meiner dei bommar nokså fundamentalt, og erlitt overraska over at erfarne kommentatorarar og journalistar ikkje har lært. Og har meir fantasi.

Det er business asusual foross å handtere vanskelege saker. Det er det fleirtalsregjeringar med ulike parti gjer. Vi har gjort det i fire og eit halvt år. Eg forstår godt at mange var spent på om vi var førebudd på det dei første åra, men ikkje no.

I den grad noko trugar den raudgrøne regjeringa, erdet om vi ikkje klarer å vise veljarane at vi har eit klart politisk prosjekt, og står for ei anna retning enn høgresida (og for SVs del – noko anna enn om det berre var AP). Folk forventar noko heilt basic; At ei raudgrøn regjering skal vere grøn og raud. Den må ha på Noreg leiartrøya internasjonalt i miljøpolitikken, og den må ta tak i miljøproblem her heime. Den må omfordele, og den må bygge ut – ikkje bygge ned – velferden.

Eg kjende meg att i Kristin Halvorsen sin kommentar om at vi manglar «sprut» om dagen. Like fullt, det store biletet er annleis. Her argumenterer eg for kva vi i SV har fått til i eit innlegg som stod i Dagsavisen på fredag. Det var eit svar til ein som hevda at vi måtte trekke oss frå regjeringa fordi alt var mislukka.

Omsorg for venstresida  

Det er ei særleg form for omsorg dette. Ein mann som ikkje ville stemt SV med ein pistol mot tinningen vil ha oss ut av regjering for å redde demokratiet.

Svein Tore Marthinsen har dei siste åra slått seg opp som valanalytikar i media. Han er samstundes ein mann som blandar analyse med sterke politiske meiningar frå høgre. I Dagsavisen 6. april slaktar Marthinsen SV. Eller rettare sagt; han vil ha oss ut av regjeringa og forkler det som ein analyse: SV bør vere eit korrektiv til Ap (ikkje eit styringsparti), vi burde snakka om å avskaffe kapitalismen (i staden for å redde arbeidsplassar) under finanskrisa og vi bør vere venstreopposisjon i staden for å sitte i regjering. Om SV ikkje går ut av regjeringa og finn tilbake til denne rolla (som venstreopposisjon) «har noe fundamentalt gått tapt i vårt demokrati». Intet mindre.

Då Soria Moria-erklæringa kom i 2005 vart den hylla som ambisiøs og radikal. No er den for det meste gjennomført. Den merksemda den har fått på venstresida i andre europeiske land har blitt mindre rapportert her heime. Eg innleia om Soria Moria og den norske raudgrøne regjeringa på ein konferanse for europeiske venstreparti i Nederland i 2007. Gjennomgangstonen var at det var den mest radikale regjeringsplattformen i Europa, og at ein i Europa merka den politiske endringa i Noreg.

Kva merka dei? For det første ein meir radikal utanrikspolitikk. Noreg trakk dei militære styrkane ut av Irak og ut av den amerikansk-leia OEF i Afghanistan etter valsigeren. Vi oppretta kontakt med den palestinske samlingsregjeringa som dei fleste europeiske land ikkje ville ha kontakt med. Vi auka bistanden til over 1 prosent, og vi stilte oss i spiss for gjeldsslette til fattige land. Alt saman kjende SV-standpunkt, som venstresida i andre land ikkje får gjennomslag for. For det andre at Noreg igjen tok på seg leiartrøya i internasjonal miljøpolitikk. Vi har sett oss verdas mest ambisiøse klimamål og vi har eit internasjonalt anerkjent prosjekt for fangst og lagring av CO2. Ikkje minst vert det lagt merke til at vi leiar an i kampen mot nedhogging av regnskog (som står for opp mot 20 prosent av verdas CO2-utslipp) med å satse milliardsummar. For det tredje at den privatiseringsbølga som har gått over Europa, og slått tungt inn i sosialdemokratiske parti, går motsett veg i Noreg. Vi stoppa privatiseringa av skulen og Jernbaneverket, og kjøpte oss opp i viktige industriselskap. For det fjerde har Noreg bygd opp velferdsstaten i desse åra, og gjennomført reformer som venstresida i det meste av Europa arbeider for. Barnehagereforma er den største velferdsreforma i nyare tid, og inneber den kombinasjonen av tidleg innsats for barn og gode praktiske ordningar for foreldre som det meste av europeisk venstreside arbeider for. Satsinga på skule, eldreomsorg og andre tenester i kommunane står i skarp kontrast til den nedbygginga våre naboland opplever. For det femte har vi hatt fordelings- og fattigdomsfokus i ein periode der mange regjeringar ser på aukande skilnadar som naturskapte. Vi har auka skatten til dei med stor formue og redusert den for dei med låg formue. Samstundes er minstepensjonen auka kraftig, sosialhjelpsatsane er justert opp, bustøtta er utvida og kvalifiseringsprogram er innført for å få fleire tilbake til utdanning og arbeidsliv.

Dette er resultat av at SV sit i regjering. Både vi sjølv og våre venner på den europeiske venstresida skulle ønske vi kunne fått til enno meir. Mange er også kritisk til innstramminga i innvandringspolitikken som er gjennomført det siste halve året. Tilbakegongen ved valet gjorde at SV fekk mindre gjennomslag på dette viktige feltet. Men oppsummeringa er likevel eintydig positiv, noko som best kan dokumenterast ved å sjå på kva som faktisk skjer: I Island har vi ei raudgrøn regjering. I Sverige og Danmark skal raudgrøne koalisjonar etter norsk modell slåst om valsigeren. I Tyskland vert det same diskutert etter sosialdemokratane sitt nederlag i fjor.

SVs kongstanke frå 90-talet, det raudgrøne samarbeidet, er blitt politisk eksportvare frå Noreg. Den viktigaste grunnen er at det er ein politisk suksess, med ein langt klårare profil enn dei grå sosialdemokratiske mindretalsregima, og at det var ein suksess i valet. Og her sviktar Marthinsen fordi han driv politisk ønsketenking i staden for analyse. Han finn opp store mengder frustrerte SV-veljarar som er misnøgde med regjeringsdeltakinga. Problemet er at dei ikkje finst når vi går til talmaterialet. Gjentekne undersøkingar frå førre periode viser at SV sine veljarar er dei som er mest nøgd med regjeringa, og at dei vil ha SV med der. Vi tapte heller ikkje våre veljarar til Rødt (dit frustrerte anti-regjeringsstemmer kunne tenkast å gå), men til Ap, som i langt større grad står for den politikken Marthinsen hevdar det vert protestert mot.

Med andre ord; SVs veljarar er nøgd med regjeringa og dei vil ha oss med der. Men vi må vise dei at SV er naudsynt for at resultatet skal bli bra. Målingane frå valet viser også at SV har halde på tilliten i miljøpolitikken, og at vi har auka tilliten på skulepolitikken etter eit stort fall under og etter valkampen i 2005. Tilbakegongen kom til trass for det, ikkje på grunn av det. Vegen vidare for SV går ikkje ut av regjering og tilbake i tid, men framover:

* Vi må gå nye skritt i miljøpolitikken, og ikkje minst vise at vi vil gjennomføre radikale grep i Noreg.

* Vi må styrke barnevern og forebygging, få bukt med fråfallet i vidaregåande skule og trappe opp kampen mot fattigdom enno meir.

* Vi må bli ein klårare debattskapar og politisk nytenkar samstundes med at vi sit i regjering.

* Vi må bli flinkare til å få fram resultata i regjering som halvfulle beger i staden for halvtomme krus.

For eit år sidan hadde Høgre 13 prosent på meiningsmålingane, og alle du møtte hadde noko negativt å seie om Erna Solberg. No er ho helt og Høgre har 25 prosent på siste måling. Høgresida sine sympatisørar som vil ha SV ut av regjering skal i staden få sjå SVs comeback.