Dagens saker

Ein kort nettsjekk av dagens nyhende avslører to saker eg vil nemne. Inga Marte Thorkildsen tek eit sunt og betimeleg oppgjer med Statoil sin kampanje for å få oljeboring i Lofoten. Dei har hyra inn PR-byrået Gambit, skaffa ny sjef for prosjektet (tidlegare AP-statssekretær og byråkrat Hege Norheim) og openbaret lagt ein meir offensiv strategi.

DN kunne for kort tid sida vise korleis dei har begynt å operere med omgrepet «eit halvt oljefond» om reservane dei hevdar ligg i området. Eit tvilsamt anslag, både ut frå kjennskapen til kva som ligg der og usikkerheit om framtidig olljepris. Eg trur vi må rekne med ein aggressiv kampanje frå det statlege selskapet framover.

Og så har Magnus Carlsen vunne siste parti i ei stor turnering i dag. Dermed vart han nummer to her, og er – i dag nr. 1 på verdsrankingen. (VG Aftenposten  NRK) Eg gratulerer! Måtte det vare.

Magnus igjen

Eg skal ikkje mase meir, men eg berre nemner det: Magnus Carlsen har nett gjort ein fantastisk idrettsprestasjon ved å vinne superturneringa i sjakk i Nanjing i Kina.

Han har ikkje berre vunne, han har feid motstanden av brettet – inkludert verdseinar Veselin Topalov. Det vart klart i dag at Magnus har vunne, etter remis nest siste runde. Han feira med å slappe av på rommet. I natt går siste runde. Vinn han der kan han passere 2800 i rating og bli nr. 2 på verdsrankingen.

Finst det ein større idrettsmann i Noreg i dag?

Liv utanfor bobla

Sjølv sit eg og forhandlar Soria Moria 2 til om lag klokka 23 kvar kveld for tida. Eit lite blikk ut av bobla i dag har fortalt meg at Lars Sponehim opnar for at Venstre skal samarbeide mot venstre ved neste val, at Obama var i København og at Chicago ikkje fekk OL i 2016. Det gjekk til Rio.

Men mest engasjerande synest eg; Magnus Carlsen knusar all motstand i superturneringa i Nanjing i Kina (der eg sjølv har vore for nokre år sidan). Både Dagbladet og VG har fått opp auga for det. Magnus leiar no suverent etter halvspelt turnering. Han har 4,5 av 5 poeng, dei fem andre har 2-2,5 alle saman.

Verdsstjerner

Sjå nøye på biletet. Til venstre for sjakkbrettet sit denne hobbysjakkspelar, trebarnsfar og politikar.

Til høgre for brettet sit tidenes største sjakkspelar Garri Kasparov og den som kan bli verdas beste om kort tid, norske Magnus Carlsen (for tida nr. 4 i verda og tidlegare omtala her)

Kasparov, assistert av Magnus, gjer meg eit grunnkurs i Najdorfvarianten i Siciliansk, som eg spelte «på ein litt umoderne måte» som Kasparov diplomatisk sa det.

Det er ikkje så ofte du kan få litt opplæring av dei beste i verda. Opptrinnet det er snakk om her skjer etter at Trond Giske og eg har spist lunsj med dei to sjakkspelarane, toppidrettssjefen, Simen Agdestein, stortingsrepresentant Marianne Aasen og nokre til. Der diskuterte vi sjakkhistorie, sjakk i skulen, sjakk-OL og det faktum at Kasparov skal trene Magnus. Meir om det her

Sjakkduell

At eg ikkje kan lære. Etter å ha holdt ei lita stund lenger enn Abid Raja mot Magnus Carlsen (noko som på ingen måte treng å bety at eg er betre enn han), kunne eg ikkje dy meg for å breie meg litt på Twitter. Og kva fekk eg i retur? Ei utfordring til duell. Det kunne eg jo ikkje seie nei til. Eg er jo ein mann av ære.

Dermed blir det lynsjakk mot Raja, best av fem. Han er visst god og erfaren i lynsjakk, eg har spelt lite dei siste 25 åra. Dette blir tøft…

Spikersuppa laurdag klokka 15.00. Sjakkhuset organiserer.