VM så langt

Mange hevdar at VM har vore overraskande så langt, særleg fordi dei store europeiske lands slit. Eg er ikkje samd i det. Det er slik det har vore dei siste tiåra; Tett mellom dei beste og dei nest beste laga. Få kampar som tel og dermed stort rom for at tilfeldigheiter kan spele ein rolle og til og med bli avgjerande.

Fotball er eit overraskande spel. Det er noko av det som gjer det så fascinerande, og i særs VM. Ein ball kan endre retning, eit raudt kort bli utdelt. Eit lag kan vere smartare og betre organisert enn eit som spelar for spelar er betre. Eit godt lag kan fort tape ein enkelt kamp mot eit dårleg dårleg lag. Då er det berre to kampar å rette det opp på.

Difor er det ikkje overraskande at Tyskland og Spania går på smellar, at Italia og England slit og at Frankrike dummar seg ut. Eg tippar at dei fire første hanglar eller til og med imponerer vidare, og at 1-2 av dei fort kjem til semifinale. At eit stort lag forsvinn er heller ikkje overraskande. Det pleier å vere slik.

Mest interessant i år kombinasjonen av den svake afrikanske innsatsen og den gode søramerikanske innsatsen. I skrivande stund har Sør-Amerika tatt 32 av 36 poeng, medan Afrika har tatt 11 av 45! Alle tre søramerikanske lag i tillegg til Brasil og Argentina ligg an til å gå vidare (sjølv om det særleg er usikkert med Chile). Det er overraskande, og imponerande.

Internasjonal vuvuzelaforbod?

VM er i gang! Fotballkampar, spenning – og vuvuzelaen.

Brått vart vi alle – det vil seie alle vi fotballfrelste – utsett for bisvermen. Eller vuvuzelaen som den heiter. 

Vuvuzelaen er ein slags lang plasttompet som vert brukt av fotballfans i Sør-Afrika. Nokre ellers fornuftige menneske argumenterer for vuvuzelaen med at vi må respektere lokal supporterkultur. Den aktuelle kulturen kan i dette tilfelle sporast tilbake til 1990-talet.

Ikkje veit eg korleis det er å vere på ein stadion der titusenvis er samla og mange av dei bles i denne plasttrompeten. Det eg veit er at dei fleste spelarar, tilskodarar og kommentatorar synest det er plagsomt. Eg veit også at lyden av dei gjennom tv liknar ein agressiv bisverm.

I ei tid då det internasjonale samfunn har særs vanskeleg for å samle seg om handling i viktige spørsmål som Israel, Burma og klima, kan kanskje vuvzelaen vere det som bringer verda saman. Her har Europa, USA, Sør-Amerika, Japan og Korea og ei rekke andre land felles interesser. Eit vuvuzelaforbod vil utan tvil samle brei støtte i desse landa dei neste vekene. Det svake punktet er, som så ofte før, at India og Kina ikkje bryr seg.

Løysinga må difor bli ein internasjonal vuvuzeladialog, med sikte på å ta små skritt i retning av å redusere vuvuzelaen sine verknadar. Kanskje lydgrenser, tidsavgrensing av bruk, forsking på verknadane etc kan bli sett i verk? Med ein vellukka dialog bør det vere håp om å sleppe lyden frå vuvuzelaen på 50-100 års sikt:-)

NB! No viser det seg at FIFA er i ferd med å følge mitt råd. Og FIFA er ikkje kjent for å gå vegen om veldig mykje dialog. Liten tvil om at vuvuzelaen er det mest interessante som har skjedd i VM så langt.

1000 år i eit hopp

Vi snakkar om å «hoppe etter Wirkola». Det betyr å kome etter noko stort.

No blir det «å hoppe før Anette Sagen» . Det betyr å gjere noko småleg og nedlatande.

Så skjedde det. Nokre staute mannfolk skulle sjekke at bakken var i orden før vi slapp utfor den skjøre lille fuglen Anette Sagen. Det er 1000 års likestillingskamp oppsummert i eit hopp. Usynleggjort, umyndighjort og nedvurdert. Folk rasar, faren til Anette rasar.

Forsøka på å bortforklare verkar unekteleg ganske søkte. Det er som du kan høyre dei stå og humre og seie til kvarandre at det vart ei ordning på det til sist.

Eller kanskje tek eg feil. Kanskje er det ein god grunn til det heile, eller kanskje er det ein serie feil og dårlege vurderingar? Ikkje veit eg, men eg synast vi bør få vite. Eg meiner ofte at vi politikarar legg oss borti mykje rart vi bør ligge unna, og at den politiske debatten kan handle om små symbol framfor stor substans.

Men ingen regel utan unnatak. Og i denne symboltunge saka synest eg kulturminister Anniken Huitfeldt skal kalle norsk idrett inn på teppet og kreve at saka vert undersøkt til botnen, og at det vert gjort grep for å stoppe den undertonen av diskriminering og usynleggjering som av og til poppar opp. Norsk idrett får til mykje, men har openbart ein veg å gå når det gjeld likestilling.

Back in business

Du kan seie kva du vil om Petter Northug, men det er ganske rått at han er med heile vegen på 50 klassisk, er sterkast opp den nest siste diagonal-bakken og alltid har det lille ekstra på oppløpet. Skulle gjerne sett han spurte mot Hellner tidlegare i OL.

Då er eg back in business igjen frå i morgon tidleg. Første dag på jobben på ei stund, på gjensyn (eller kanskje heller ha det?) pappapermisjon.

Denne veka blir litt amputert då eg skal ta innkøyring i barnehagen tirsdag og onsdag. Eg ser fram til det eg vonar blir eit høgdepunkt ut i veka, foredrag av Al Gore om den siste boka hans. Og takk til Ola Kristian, Heidi, Vegard, Line Marit, Emanuel og mange andre som har kome permisjonshelsingar og velkommen tilbake helsingar. Takk!

Kanskje litt inspirert av Petter Northug og ei «skiing is coming home»-kjensle presenterer eg alle tiders beste fotballsong. Three Lions med Lighning Seeds, her i 98-versjonen (Det ligg forresten ganske mange klipp ute der ein kan høyre 10.000vis av britiske fotballfans synge songen i kor på stadion før ein kamp. Sterke saker):

Is i rubben

Permisjonen min er snart slutt. På mandag er det arbeidsdag igjen, og i helga er det landsstyremøte og dermed arbeidsdagar då og, så eg får snart vakne frå dvalen her og.

Bortsett frå barn, permisjon etc har eg vore mest oppteken av OL dei siste vekene, og kanskje særleg alle dei gode forklåringane som dukkar opp under eit OL. Det er vel berre vi politikarar etter val («Vi var ikkje tydelege nok») som kan konkurrere med tapande idrettsutøvarar i gode forklåringar.

Etter å ha blitt beste nordmann på 28.plass på 15 fri sa Tord Asle Gjerdalen at vi «nok trengte en gjennomkjøring». Min favoritt Odd-Bjørn Hjelmeseth toppa sjølvsagt dette med ei suveren forklåring, han fekk «is i rubben».

Kanskje vi skulle bytte forklåringar, vi politikarar og langrennsgutta? Odd-Bjørn kunne seie at han ikkje gjekk tydeleg nok. Og om SV nokon sinne tapar eit val igjen, så er det fordi vi har is i rubben.

Drillos 2

Island-Noreg 1-1. Vi er ute. Eg såg andre omgang.

Før sommaren såg eg første omgang av Makedonia-Noreg, og delar av Nederland-Noreg (vi snakkar sjølvsagt om fotball. Herrar). Det fekk meg til å gruble litt på kvifor Noreg i dag er så mykje dårlegare enn Noreg på 90-talet. 

Det er mykje i den herlege analysen til Aslak Sira Myhre, som både er god og underhaldande.

Den kan likevel ikkje forklare godt nok at Drillos 2 ikkje ser ut som Drillos 1. Vil det ordne seg med meir tid, slik Sira Myhre trur? Eit punkt kan ordne seg, at Drillos 2 ikkje spelar Drillo-fotball. Ikkje gjennombrotshissig når dei vinn ballen, ikkje langt mot etablert forsvar. Eg såg Mexico-Noreg frå USA 94 i eit opptak for litt sidan, og det var ei påminning om kor disiplinert Noreg fulgte strategien sin. Dette kan kanskje Drillo få sving på med meir tid.

Men hovudproblemet trur eg er undervurdert. Nivået på spelarane bak og på midten. Bak hadde Noreg i denne perioden spelarar som Bratseth, Berg og Johnsen sentralt, og Bjørnebye som venstreback. Alle spelarar på topp internasjonalt nivå i gode klubbar.

Eg meiner likevel det er på midten skilnden er størst. Sjå gjennom opptaket under, som er 10 minutt med høgdepunkt frå Noreg sin 2-0 siger over England i 1993. Det er høgdepunkt, men likevel; her er det fleire målsjansar enn vi har hatt i heile kvaliken til no, det er klikk-klakk på midten, det er gjennombrotshissig, det er presist pasningsspel som skaper framdrift og rom. Rekdal (seinare Rennes og Hertha Berlin), Mykland (seinare Panathinaikos og 1860 München), Bohinen (seinare N Forest og Blackburn) og Leo (seinare Liverpool) spelar på midten, saman med fyrtårnet Flo.

Gode spelarar som utfører ein klar plan. No manglar vi både spelarane og planen.

Sogndal

Eg har ikkje skrive mykje om fotball på bloggen min. Det er fordi eg med åra har blitt ein medgangssupportar. Min store lidenskap, landslaget, hadde eg i mange år glede av å følge tett. Ikkje dei siste åra.

Min andre store lidenskap har eg også i periodar hatt glede av å følge tett. Kven hugsar ikkje 6.plassen i 88 (framleis beste plasseringa i eliten), Jostein og Tore Andre sine prestasjonar på 90-talet, Tommy Øren si seine heading mot Vålerenga i gjørma på Ullevål i 2000 som sikra opprykk, våren 2003 då vi låg på andre plass etter halvsepla sesong.

Eg snakkar om Sogndal fotball. Dei siste åra har det vore litt trått. For laget, og for meg. Men eg anar at noko skjer. Vi ligg no på andre plass, etter å ha slått Kongsvinger 2-0 borte i kveld. Eg såg kampen på NRK2. Kva såg eg? Eit solid forsvar. Fine langballar, eit oppspelspunkt. Innsats og tette markeringar, ei sterk sentral midtbane. Og to stykk unge Flo. Kva meir kan ein be om? Eg kjenner at noko kan vere i gjerde, og har i alle fall tenkt å booke meg inn på Melløs når Sogndal kjem på besøk i haust.

La meg i same slengen legge inn nokre godord for Andreas Hompland si bok om Sogndal og fotballen. Den er sikkert vanskeleg å få tak i i dag, men vel verdt å sjekke ut på eit bibliotek for dei spesielt interesserte. Under Håvard Flo, ein av dei mange store gjennom klubben si historie.