Nei til Datalagringsdirektivet

Her er mitt innlegg i debatten om DLD i dag, som også etter kvart vil ligge på www.sv.no og i korrekt referert versjon på www.stortinget.no

Innlegg i stortingsdebatten om datalagring 4.4.11

Sjekk mot referatet

 

President

Datalagringsdirektivet inneber å pålegge lagring av ei omfattande mengde informasjon om vår mobil- og nettbruk.

Kven du ringer til, når du ringer, kvar du ringer frå og kor lenge du snakkar. Kven du sender e-post til, kvar mottakaren er, når du er på Internett og kor lenge.

SV er motstandar av datalagringsdirektivet av tre grunnar.

1)      Det er vår sterke overbevising at kvart menneske er uskuldig til det motsette er bevist. Vi bør ikkje basere oss på ein ny tankegang i vår rettsstat der vi gjer pålegg om å samle spor om kvar nordmann, sidan vi kan kome til å bli skuldige. Då bidrar vi til å endre status på kvart menneske. Frå uskuldig – til potensielt skuldig.

 

2)      Pliktig lagring av store mengder data aukar risikoen for at noko kjem på avvege, og for misbruk. Lagringa utgjer ein personvernrisiko. Eg likar eigentleg ikkje ordet personvern – det høyrest ut som vi skal stoppe ut menneske og sette dei på museum. Integritet er eit betre ord. Kven du ringer når, kven du sender e-post til, er informasjon som på avvege kan krenke din integritet.

 

–          Ein mail frå ein tilsett i arbeidstilsynet om tilhøva i SV-gruppa

–          Fire telefonar til krisesenteret sist helg frå ein kvinneleg representant

–          Eit hemmeleg tips til ein journalist

–          Gjentekne mailar til ei adresse som sluttar med swingersnorge.com.

På avvege kan slike opplysningar krenke integriteten til dei involverte.

 

3)      Så lenge du er uskuldig er det ikkje noko problem, seier enkelte. Eg meiner det er motsatt, det er vi uskuldige som er problemet. Mistenkte kan vi sikre lagring av informasjon for allereie, og kanskje bør den betrast. Det alvorlege no er korleis DLD kan påverke alle som ikkje er mistenkt for kriminalitet.

 

I ei undersøking frå tyske Forsa Institute frå 2008 svarte over halvparten av dei spurde at dei ikkje ville bruke teleutstyr når dei skulle snakke med psykolog, ekteskapsrådgjevar eller om rusmisbruk som følgje av datalagringsdirektivet. Elleve prosent svarte at dei allereie hadde avstått frå å bruke telefon, mobiltelefon eller e-post i visse tilfelle. Vi er ikkje tent med at uskuldige menneske held tilbake – eller lar vere å søke opp – kunnskap i frykt for å bli sett over skuldra.

 

President:

Malte Spitz, tysk parlamentarikar frå Dei Grøne, gjekk til rett for å få ut teledata om seg sjølv for eit halvt år. Og vann. Han gav desse til avisa Die Zeit. Saman med offentleg tilgjengelege data frå sosiale medier kunne konstruere hans rørsler dag for dag. Den 1. september 2009 finst det data for meir enn 20 timar, den 4. september 2009 for meir enn 16 timar. Det heile kan følgast på internett.

Opplysningar som lekk ut kan krenke integriteten vår, men kunnskapen om at det vert lagra kan i seg sjølv redusere fridomen vår.

 

President

Sjølv om SV er sterkt mot direktivet, er vi enno meir bekymra for den gradvise endringa i haldningar, muligheiter og politikk som går føre seg.

Vi har allereie ei omfattande lagring av data og kameraovervaking. Internasjonalt, eller her, vert det diskutert å registrere søk på nettet, å sette inn ei brikke i alle bilar med opplysningar om kvar den er. Vi ønskjer oss betre og meir omfattande helseregister som kan koblast, betre register med meir informasjon om barn i barnehage og skule. Romavlytting har vi prøvd.

Eg kjenner fleire av desse forslag godt, og dei er alle godt meint og velbegrunna på sitt felt. Men forstår vi, og tenker over, konsekvensane av summen?

Den franske filosofen Jaques Attali, også mangeårig rådgjevar for President Mitterand, har skrive boka ”Kort historie om framtida” om temaet. Han skildrar eit tenkt framtidssamfunn der staten overvakar helsa vår, kosthaldet, transporten, skulearbeidet til born. Ikkje fordi politikarane er totalitære, ikkje grunna kommersielle interesser, men av funksjonelle omsyn.

Kosthaldet og folkehelsa vert betre med systematisk registrering av kva vi et, skuleresultata vert betre når vi kjenner til korleis elevane er og korleis dei arbeider. Og alle forstår at kampen mot kriminalitet vert meir effektiv med registrering og lagring av stadig fleire data. Alle tener på det. Vi får meir kunnskap, samfunnet vert betre og tryggare – det einaste vi mistar er litt slark i samfunnsmaskineriet.

Men president, eg er for slark. Så lenge det er slark, er det håp. For slark er eit teikn på fridom. Den potetgullposen du ikkje bør ete, forbikøyringa du ikkje skulle teke, innleveringa du juksa på. Eller direkte knytt til DLD – e-posten du ikkje skulle sendt, den staden du ikkje skulle vore ei natt. Fridomen vår til ikkje å gjere det – eller kanskje av og til gjere det – er av uvurderleg verdi for det enkelte menneske. Men det er også av uvurderleg verdi for samfunnet at vi menneske har eit stort frirom – ein integritet – som vi kan utfalde oss i. Det må ikkje berre vere rom for det perfekte liv, det må vere rom for slarket også.

 

Datalagringsdirektivet fører sjølvsagt ikkje til dette samfunnet. Men summen av ei rekke vedtak og muligheiter kan gjere det. Vi registrerer, overvakar, lagrar og tek i bruk langt meir informasjon enn for eit tiår eller to sidan.

Og difor er vegen vidare viktig. Kva vil vi ønskje å bruke opplysningane om 10 år? Kva data kan vi koble for å få fram meir og betre informasjon? Kva vert det neste vi skal registrere og lagre?

 

 

 

President, i lys av dette:

Er det ikkje klokt å tenke seg om ein gong til? Det heiter seg at ein skal la tvilen kome tiltalte til gode, og i dette tilfellet meiner SV det vil vere fornuftig.

–          EU si evaluering av direktivet er ikkje kome enno, den vil gje oss informasjon om kvar EU si lovgjeving går vidare

–          Vårt naboland Sverige har utsett implemtering

–          I fleire land sine rettssystem verserer det sakar om direktivet, etter at det har blitt kjent grunnlovsstridig.

Når ein foreslår utsetjing av noko ein er mot, vert ein gjerne beskyldt for at det er taktisk. I dette tilfelle er det særs velbegrunna slik eg ser det.

 

Eg meiner det har kome ein god ting ut av debatten vi førebels avsluttar i dag. Det er at det ikkje er avslutninga, men kanskje byrjinga. Byrjinga på ein langt meir levande samfunnsdebatt om balansen mellom vår fridom og integritet på den einse sida, og alle dei velbegrunna funksjonelle ønskja vi har som samfunn på den andre sida.

 

Vi – Storting, regjering, det politiske system – må vere førande i ein prinsippiell debatt  om dette i framtida. For lenge har vi sett dei enkelte samfunnsinteressene i førarsetet, og i rask rekkefølge vedteke velmeinte og funksjonelle framlegg om registrering og overvaking på kvart felt. Dei prinsippielle spørsmåla har vi sett vekk til eit tilsyn.

Dette er politikk snudd på hovudet. Det må jo vere omvendt, at politikarane diskuterer og vedtek dei overordna rammene for samfunnsutviklinga og så ber om ei funksjonell oppfølging av det frå andre organ.

 

 

 

”Den som er villig til å ofre sin sin fridom for ein midlertidig tryggleik fortener korkje fridom eller tryggleik” har den amerikanske filosofen og vitskapsmannen Bejnamin Franklin sagt.

Eg vil legge til: I eit friare samfunn vil vi føle oss tryggare enn i eit samfunn der vi har ofra mykje av fridomen.

La oss tru at den omfattande debatten om datalagringsdirektivet betyr ein renessanse for fridom og personleg integritet som sentrale spørsmål i samfunnsdebatten.

Innovasjon på Stortinget

Eg vil ha digitalt storting, med sakshandsaming, medier og anna rett inn på nettbrettet. Først treng vi ei frivillig prøveordning som kan teste det ut; Eg melder meg!

Det er essensen i eit intervju med meg på side 20 i dagens VG. Symptomatisk nok ligg ikkje saken frå dagens VG på nett! Den finst berre i papirutgåva, men er omtala på SV sine sider

Det er også ein breiare bakgrunn for utspelet. Det er innovasjon – det å gjere ting smartare – som er grunnlaget for vekst og utvikling både i privat og offentleg sektor. I offentleg sektor er dette særs viktig. Gjennom meir kunnskap, bruk av teknologi, betre arbeidsprosessar og betra organisering forbetrar vi kvaliteten på velferdstenester og frigjer folk til andre oppgåver.

Eg vil at Stortinget skal ligge i forkant av denne innovasjonen, og ta i bruk ny teknologi og nye og meir effektive arbeidsmåtar. Difor dette initiativet.

Meg om ambassade-overvaking i Stortinget

På onsdag gjorde Knut Storberget greie for saka ambassadeovervakinga i Stortinget. Du finn heile referatet frå denne møtet her. Det var ein kommentarrunde med dei parlamentariske leiarane etterpå, og her er det eg sa:

Lat meg først begynne med å slå fast at òg i 2010 verkar Lund-kommisjonen, fordi justisministeren på eige initiativ har kome til Stortinget og gjeve ei svært grundig og god og detaljert utgreiing for dei faktiske forholda, og fordi alle dei bakgrunnsdokumenta han omtaler, vert offentlege gjorde og kan debatterast offentleg etter dette. Den siste vekas debatt har vist at det er breiare einigheit enn det har vore før i Noreg om at andre lands ambassadar i Noreg skal følgje norsk lov, same kva land det gjeld.

Men det reiser òg ein del spørsmål. Etter å ha høyrt utgreiinga må eg seie at eg spør meg om vi framleis har eit PST-problem i Noreg knytt til dei hemmelege tenestene. Eg registrerer altså at det frå 2000, då vi får den første informasjonen, er bekymring i PST, men ingen beskjed til politisk nivå. I 2003 vert saka teken opp av ein stortingsrepresentant som er bekymra, men ingen beskjed oppover til den politiske leiinga i Justisdepartementet. I 2006 tek eit anna lands teneste kontakt gjennom eit brev til PST, der det er ei bekymring, men ingen beskjed oppover til den politiske leiinga. I 2007 går det fram at mykje av saksforholdet er kjent. Det vert teke kontakt med UD på administrativt nivå, men ingen beskjed oppover til den politiske leiinga.

Erfaringa mi med embetsverket er at ein informerer oppover til politisk leiing når ein er i tvil, og her kan det verke som om det har vore slik at når ein er i tvil, lèt ein vere å informere oppover. Eg merkte meg òg at Oslo politidistrikt – klart sitert i utgreiinga – seier at dette er forhold som burde vore handterte på eit anna nivå, på politisk nivå. Det må følgjast opp.

Det andre spørsmålet som må følgjast opp, er sjølvsagt forholdet til lov og rett. Eg meiner det er riktig at ein i utgreiinga på ein ryddig måte går igjennom kva departementet meiner er lov og kva som ikkje er lov ifølgje folkeretten og norsk lov, at ein gjer greie for kva amerikanske myndigheiter har bedt om å få gjere og ikkje bedt om å få gjere i saka, og at det vert gjort ganske deskriptivt. Men no må vi sjølvsagt ha ein politisk diskusjon rundt det.

Eg forstår av utgreiinga at det ikkje på nokon måte er bedt om lov til programmet av norske politiske myndigheiter. Då kan ein spørje seg: Dersom ein annan framand stat etablerer eit overvakingsprogram i Noreg, leiger ei leilegheit og begynner å registrere folk i databasar, meiner Noreg at dei bør be norske myndigheiter om lov til det? Mitt og SVs svar på det er ja. Vi meiner andre lands myndigheiter bør be norske myndigheiter om lov. Så vil kanskje nokon seie: Vel, det var i tråd med folkeretten og norsk lovgjeving. Ja, dersom det ikkje var i tråd med folkeretten og norsk lovgjeving, burde dei ikkje be om lov, for då var det ikkje eingong aktuelt å setje i gang. Men lovlege tiltak av denne graden burde det vere norske politiske myndigheiter som godkjenner. Derfor er eg òg glad for at det no vert teke initiativ frå justisministeren til å gå inn i ein prosess rundt det.

Til slutt registrerer eg at justisministeren langt på veg seier at det er departementet si vurdering at det å leige eit rom utanfor ein ambassade for å observere, ta bilete, registrere, samle informasjon og bruke dette i ein database i heimlandet er legalt.

Eg føler at det vidare er nødvendig å føre ein debatt om kva som er ei riktig forståing av lova, og eg ser fram til ein god debatt om det. Men eg trur òg det er riktig å føre ein debatt om kva vi meiner er rimeleg og riktig. Bør norske borgarar som f.eks. passerer utafor ein ambassade, demonstrerer utanfor – anten det er den amerikanske eller den iranske – kunne oppleve noko slikt som dette? Er det rett og rimeleg for norske borgarar? Det må verte ein viktig del av debatten.

Heilt til slutt vil eg gje ros for at det vert gjeve ei retning for kva tiltak ein vil setje i verk. Eg ser fram til den vidare debatten, og frå SVs side meiner vi det er naturleg at saka vert behandla i ein komité i Stortinget.

All makt i denne sal

17.1 % av alle 18-24 åringar i Noreg meiner, i følge ei måling gjort av Infact, at uttrykket «all makt i denne sal» handlar om Arbeidarpartiet. Eg vert sarkastisk i tanken. Kva for ein sal? Storsalen i Folketeaterbygningen? Ein sovesal på Utøya?

Kanskje seier denne opplysninga noko om kunnskapsnivået i norsk skule? Den seier mest om norsk politikk i dag trur eg.

Opplysninga er å finne i Morten Søberg si andre bok som kom ut på Samlaget i haust. Morten Søberg er, i tillegg til å vere ein kjenning, ein av dei meir interessante personane som vandrar rundt i korridorane på Stortinget. Det får han til fulle fram i denne korte sakprosateksten. Eg har skrive om den første boka hans før, ei essaysamling. Det var tidvis bra og interessant. Det er ei stor glede for meg å oppdage at denne teksten er klårt betre. Mykje betre vil eg seie. Den er direkte god og interessant.

Den har ein tråd. Ikkje ein raud tråd, men ein konstitusjonell tråd. Ein konservativ men også radikal tråd vil eg seie, altså ein typisk sentrumstråd.

Kva betyr eigentleg all makt i denne sal? Det er det sentrale temaet i boka, som difor naturleg nok kretsar rundt Johan Sverdrup. Kretsar lett rundt Sverdrup vil eg seie, for tittelen på boka held det den lovar: «Sverdrups ekko». Den handlar om min arbeidsplass i snart eit år, Stortinget. Gjennom å studere arven frå Sverdrup og fleire mindre heltar som Isak Saba, den første samiske tingmann, David Webster, tidlegare amerikansk senator og utanriksminister og Martin Kolberg, bygger den opp eit vidare epos med ein større helt. Stortinget. Stortinget er helten i denne boka. Boka er ganske enkelt for Stortinget.

Boka inneheld ein dose uro for at Stortinget ikkje har den makta parlamentet har hatt, men først og fremst mange viktige synspunkt på korleis Stortinget kan og skal ha makt.

For det første eig Stortinget grunnlova. Søberg kan fortelje oss at det eingong var vanleg at Regjeringa gjorde framlegg om å endre grunnlova, medan det no er heilt og fullt Stortinget sitt domene. Den konstitusjonelle debatt, kompetanse og innsikt må difor finnast i Stortinget og vaktast av oss representantar. For det andre er det vi tingmenn sjølv som avgjer kvaliteten på Stortinget. Vi treng tingmenn med vilje og evne til definisjonsmakt, skriv Søberg. Han argumenterer også historisk innsiktsfullt for at det ikkje er gitt kva valordning som er best, og at sterkare vekt på personval har sine sider.

Boka er velskrive, på Morten sin alt for konservative nynorsk. Eg tilgir han det sidan innhaldet er så interessant.

Høyring

I dag har eg sete i høyring i utanriks- og forsvarskomiteen. Høyringane som vert arrangert i samband med budsjettet er viktige – men lite kjende – demokratiske arenaar. Eg visste lite om dei sjølv. Det er rimidlertid tydeleg at organisasjonane og komiteen tek dei med det største alvor.

I høyringa kjem ei rekke organisasjonar inn på løpande band. Dei får ti minutt kvar inne. To minutt innleiing, deretter spørsmål frå representantane. Mange er nervøse og fokuserte, andre har gjort dette hundre gonger før. Nokre har ein syleklår bodskap, andre er meir utflytande.

Dette er møtet mellom det sivile samfunn og politikken. Styrken ved det er at det er eit godt høve for organisasjonar til å påverke budsjettet direkte. Eg høyrde på kva dei sa, og merka med ei rekke viktige tilhøve. Veikskapen kan vere at det er for dei få som representerer ein organisasjon, ikkje for dei mange interesserte. Og kanskje er desse høyringane meir avgjerande når det ikkje er fleirtalsregjering?

Det er nye rundar i morgon, då med forsvarsbudsjettet.

Lobbykurs

I dag har vi i SVs stortingsgruppe invitert til lobbykurs. Det gjer vi fordi vi er veldig for at personar, ogranisasjonar og bedrifter skal kontakte og påvirke politikarar. Vi er også for at dei skal gjere det bra. Og vi er for at flest mogeleg skal kunne gjere det bra. Dagbladet skriv om det her.

Den kompetansen må ein skaffe seg om ein ikkje har det. Det kostar fort pengar, særleg om du går til eit PR-byrå. Vi trur vi kan tilby ein liten smakebit av det same som desse byråa kan – ja kanskje kan vi tilby eit enno betre blikk frå innsida. Difor lobbykurs.

Det vert fredag 27.november kl. 9-12 på Stortinget. Du kan lese meir om og melde deg på her.