11 månaders studiestøtte

Mange spør kor det vart av 11 månadars studiefinansiering i Soria Moria 2. Svaret er at det ikkje vart prioritert. Mange er skuffa, med god grunn.

Ein grunn til det er at vi var varsame med å skrive inn konkrete lovnadar om dyre reformer og satsingar, fordi handlingsrommet i den økonmiske politikken vil vere mindre i åra som kjem. Det er fleire viktige saker som difor ikkje er med i SM2. I høgare utdanning var det brei semje om at ei styrking av basis og fleire studieplassar er prioritert. Det var ikkje semje om å utvide studiefinansieringa til 11 månader.

Så seier nokon; korleis kunne dokke forhandle vekk noko som alle var samde om? Dei som seier det bør nok sjå nærare på kva som står i programma (ordrett):

AP: øke bevilgningene og legge om utbetalingsstrukturen for studielån, slik at studiefinansiering betales ut over 11 måneder.

SV: I denne stortingsperioden vil SV prioritere å utvide studiestøtten til å gjelde for 11 måneder

SP: Innføre 11 månaders studiestønad

Eg var i fleire debattar der dette var tema i valkampen. Der sa eg ein ting: Eg meiner alvor med 11 månaders studiestøtte, og eg skal arbeide for det. Det har eg gjort, og det vil eg halde fram med å gjere. Eg har arbeidd for gratis læremiddel i vdg skule sidan 1989, no har vi fått det til.

For studentorganisasjonar og andre er lærdomen å stille oss politikarar klårare og meir presist til veggs, å gjere enno meir for å reise saka på dagsorden. Og viktigast – å arbeide systematisk vidare med saka.

13.10: Eg har nok formulert meg klønete her. Fleire kommentarar ser ut til å ha oppfatta meg slik at eg legg skulda på studentorganisasjonane og studentane for ikkje å ha kjempa hardt nok eller stilt upresise krav. Ingenting kunne vore fjernare for meg. Det har vore jobnba hardt for dette kravet, og det er overhode ikkje studentorganisasjonane sin feil at det ikkje står i Soria Moria 2. Det ansvaret må vi rødgrøne partia ta heilt sjølv.

Eg meinte å oppfordre alle til å halde fram innstasen for å få det gjennomført, og intensivere den ytterlegare. Det vil trengs i åra som kjem.

Studentdebatt

I ein gymsal på Romerike Folkehøgskule sit denne gjengen (og ein del til) og høyrer sentrale utdanningspolitikarar i Noreg diskutere høgare utdanning. Frå høgre Per-Arne Bjerknes (SP), Odd Einar Dørum (V), Ine Eriksen Søreide (H), Hilde Ekeberg (KrF), Freddy De Reuter (AP) og debattleiar Johannes Fjose Berg.

I salen sit studentar som er aktive i STL. Studentenes Landsforbund er ein viktig organisasjon med ei stolt historie. Tidlegare i år gjorde dei eit historisk vedtak om å slå seg saman med Norsk Studentunion. Det vert eit spennande og truleg vellukka ekteskap.

Biletet er teke av meg rett etter debattslutt. I min sluttappell sa eg at alle hadde to val i haust. Først skal ein velje side, og på høgresida er FrP det dominerande partiet med ein heilt anna politikk enn dei andre. Dei som vel raudgrønt skal gjere eit nytt val mellom tre parti. Då bør dei velje det partiet som prioriterer kunnskap. Dørum var i form i dag. Han repliserte til meg at han skulle ta eit oppgjer med min avslutningsappell på den nye bloggen sin. Eg har ikkje adressa, men kanskje nokon tipsar meg?