Sayonara Japan

Smil, små bukk og vennlege forsøk på å snakke engelsk er det som møter meg ved kvart stoppunkt gjennom flyplassen i Hiroshima. Japanarane er gjennomført høflege, så gjennomført at det verkar som dei meiner det. Då vi tok Shinkansen (det superpresise, superkomfortable japanske lyntoget) frå Tokyo la eg merke til at konduktørane gav oss eit kort og korrekt bukk kvar gong dei kom inn i ei ny vagn. Som om dei sa ”Har de de bra alle saman? Her er eg igjen, til teneste for dykk”. 

Sjølv ein uformell og uoppmerksam nordmann legg merke til og set pris på det.

Eg er nett landa i Seoul no. Vi besøkte freds- og minnemuseet i Hiroshima i går. Eg treng å tygge litt på inntrykka frå det før eg skriv om det i ro og mak – kanskje i kveld.

PS! Eg har funne att eit par ting i Tokyo, for å seie det slik. Det eine er god fisk. Sjømaten i landet er fantastisk. Det er i stor grad bygd på suverene råvarer (mellom anna frå Noreg). Ivar Krisiansen frå Høgre og Nordland sa til meg at Japan hadde endra norsk fiskerinæring med sine knallharde kvalietskrav. Kvardagsmaten også bygger på kvalitetssjømat. Tenk kva vi kunne få til av god kvardagsmat i Noreg.

Det andre er godt utval av gode plater. LP-plater. Før var bruktbutikkane og antikvariata fulle av god vinyl. I eit drøyt tiår har eg lurt på kor platene er blitt. No veit eg svaret. Dei er i Tokyo. Den byen er også himmelen for plateelskarar.

Vurderingsforskrifta

Det kan høyrest grenselaust kjedeleg ut, men er viktig. Vurderingsforskrifta. Eg har framlegg til vurderingsforskrift på bordet mitt no, og vil gjerne ha innspel og synspunkt på eit viktig punkt frå dokke skulefolk.

I det opprinnelege framlegget frå Utdanningsdirektoratet var det lagt opp til at «Læreren så langt råd er…» skal sørge for at eleven får vurdering. Dette kunne tolkast som at læraren må hente elevar i minibuss for å få dei til timen, slik det mellom anna vart formulert i eit godt innlegg frå Lektor Marita Aksnes. Mange andre skreiv om og diskuterte framlegget på nett, mellom anna Ingunn Kjøl WiigJørn Holstad Pettersen, Sol Laastad, Torill Ramberg, Linn Gjerde, Margreta Tveisme og før nemnde Marita Aksnes.

Mange høringsinstansar har reagert på dette. Eg er samd med dei. I det nye utkastet frå direktoratet er dette forsøkt balansert slik: Ny §3-3 tredje ledd:

…»Læreren skal så langt råd er, skaffe tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere kompetansen til eleven, slik at retten eleven har etter §3-1, blir oppfylt. Eleven skal delta aktivt i opplæringa slik at læraren får grunnlag for å vurdere eleven sin kompetanse i faget. Stort fråvær eller særlege grunnar kan føre til at grunnlaget for halvårdvurdering med karakter eller standpunktkarakter manglar.» (eg har utheva det som er nytt)

Kva synst dokke om dette framlegget? Tek det innover seg kritikken som er kome, og er det tydeleg? Har du eit forslag?

Nokre skulefolk som orkar å gje meg råd midt i ferien (årsak, avspaseringa)? Legg igjen ein kommentar her, og sprei ordet!

Tiananmen 20 år

Fleire medier skriv interessant om det som skjer i Kina i dagane opp mot 20-års markeringa av massakren på Tiananmen (Den himmelske freds plass) i Beijing. Kinesiske myndigheiter har streng kontroll på tradisjonelle medier. No blokkerer dei også ei rekke sosiale medier, noko som vert kobla til dette. Dei er openbart redde for spreiingseffekten desse har.

Få hendingar i nyare tid har vel sett seg så sterkt som studentopprøret og massakren på Tiananmen. Det ikoniske biletet av mannen som stoppar fleire stridsvagner må vere blant dei meste kjende frå det forrige hundreåret. Det er tankevekkande at denne hendinga i Beijing, i motsetnad til det som skjedde i austeuropa seinae same år, ikkje eigentleg førte til nokre langsiktige demokratiske endringar. Sosiale og økonomisk har imidlertid landet voregjennom ei rivande utvikling.

I 1997 reiste eg tre månedar i Kina aleine (Eg har også besøkt landet nokre gonger etter den tid). Eg rakk å besøke ulike og viktige delar av landet både i sør, vest, sentralkina og byane austpå. Frå Hainan-øya og Guangzhou, Tibet og Sichuan via den fattige Guixhou-provinsen og Mao sin fødeby til metropolane Beijing og Shanghai og dei vakre øyene utanfor. Det var ei fantastisk oppleving. Eg kan ikkje tenke meg eit meir interessant land enn Kina. Berre sidan 1997 har store ting skjedd. Shanghai er nesten ikkje til å kjenne att, og veksten har spreidd seg til mange byar og andre regionar. Samstundes er det store skilnadar. Eg tenkjer av og til på kva som har skjedd i dei tilbakeståande og avsidesliggande landsbyane i Guizhou-provinsen som eg besøkte.

Biletet under viser Zhao Ziyang, dåverande generalsekretær i kommunistpartiet og ein representant for den nye tid, som talar til studentane før massakren. Han lukkast ikkje, og fall seinare i unåde i partiet.

Ny veke

Ny veke med diskusjonar om revidert nasjonalbudsjett, eit par stortingsmeldingar å arbeide med, ei rekke mindre saker, valkampførebuingar og sikkert ein del mediehenvendelsar.

Om alt går som planlagt skal eg presentere eit eksperiment uti veka. Eg må vente for å sjå om vi er heilt klåre med det før eg sender ut meir enn desse diffuse signala.

Svar sosiale medier

Takk for mange interessante synspunkt på kronikken min om sosiale medier. Eg har tenkt å få på ein versjon i ei papiravis over påske, og fleire innspel førte til endringar (Erlend om universell utforming, Frank Emil om språk, Mina om utforming av tekst).

Eldar har lagt ut sin kommentar etter at eg skreiv ut artikkelen min. Han utviser ein sunn skepsis eller edrueleg haldning som eg deler. Difor er ikkje mitt argument at sosiale medier i dag har alle dei trekka ved seg eg skildrar, men at potensialet er der. Massemedia har den eigenskapen ved seg at dei sprer informasjon frå ein sender til mange mottakarar. Sosiale nettbaserte medier har dei eigenskapane ved seg at dei kan gjere mange til deltakarar og spre informasjon mellom mange. Det potensialet må vi bruke er min bodskap.

Eg vil likevel legge til at mange av oss godt vaksne undervurderer kor mange som deltar. 91% av alle under 30 er på Facebook, og ei rekke andre nettsamfunn er store (YouTube, Wikipedia, Myspace t.d). Ei rekke temabasert nettsamfunn er også store. Bruken av desse er det derimot mykje som gjenstår på, ikkje minst den politiske bruken.

Denne (og andre) kommentaren har det positive ved seg at det får meg og andre som les til å reflektere meir over dette viktige spørsmålet!

David Byrne

Av alle dei små tapa livet gjer, synest eg for min eigen del at tapet av oppmøte på David Byrne sin konsert i oslo forrige veke er særleg tungt å svelge. Eg går jo stort sett aldri på konsert lenger, men likevel. Dette er mannen og bandet (Talking Heads) som eg så utruleg gjerne vil sjå men aldri har sett.

Opplegget var at han spelte musikk han hadde laga saman med Brian Eno, altså ei spennande blanding av funky TH, sære lydbielete frå «My Life…» og fjorårets country-aktige sak. Meldingane av konserten er euforiske. David Byrne og Brian Eno er for meg eit musikkens toppmøte. Det er Reagan og Gorbatsjov sammen.

Eg må mimre for å kompensere. På bileta  til venstre er dei i lag i ca 1980 og ca no. Her er ein av mine mange Byrne/Eno favorittar, frå den beste konsertfilmen som nokon sinne er laga.