Fleirtal

I går vann vi eit nytt raudgrønt fleirtal. Det er faktisk litt av ein prestasjon. Sist ei fleirtalsregjering vart gjenvald og fekk fleirtal i Noreg var i 1969. Det er 40 år sidan! Vi har fått om lag like stor oppslutning, eit par promille mindre på siste prognose, og vi har tapt eit mandat. Dei to siste regjeringane i Noreg har begge tapt om lag 11% og eit hav av mandat.

Eg må gratulere Arbeidarpartiet med eit særs sterkt val og ein imponerande valkamp. Ikkje minst for Jens er dette ein stor triumf.

Eg er skuffa over SV sitt resultat, det er langt dårlegare enn det burde. Eg er likevel ikkje slått ut slik eg var etter den kraftige tilbakegangen i løpet av valkampen i 2005.

For det første er det lett å forklåre. Dette var eit regjerings- og statsministerval, der veljarane på begge sider flokka seg om partia som hadde statsministerkandidat. Regjeringsspørsmålet dominerte debatten, statsministerkandidatane dominerte valkampen. For det andre er eg verkeleg glad for fleirtalet, og veldig stolt av at det er vunne med eit prosjekt og ein politikk eg og SV har vore med på å skape. For det tredje trur eg SV har gode sjansar vidare. No er vi røynde. Vi har mange sterke unge politikarar. Vi har bestått ein svenneprøve i regjering.

Takk til alle i SV som har gjort ein fantastisk innsats. Ikkje minst takk til mitt fylkeslag Akershus. No skal eg slappe av nokre timar. Samstundes er eg allereie i gang med å tenke framover. Meir om det i neste bloggpost.

I Bodø

I Bodø med fokjølelse. Litt slitsom siste veka før valet, men motivasjonen og valkampgløden er upklageleg. Det vert ein ekstremt tett innspurt.

I dag har eg vore på eit par opplegg i Oslo-området, før turen bar hit. I morgon er det Bodø og Narvik.

Eg såg Erna og Siv på TV i dag. Lurer på korleis Siv og Geir A Moe har det no. Dette skulle vere henna val. Det geniforklåra FrP skulle overta Noreg, og parkere resten av opposisjonen for godt. Så kjem denne dama frå dette spissborgarlege og arrogante partiet og stel showet på borgarleg side. Alle målingar peikar nedover, alle bilete viser eit surt andlet, alle medier er ute etter ho (slik dei ser det) og ein kan kvar dag vakne opp til ei ny negativ sak eller måling. Du prøver å forklåre standpunkta, men du blir karakterisert som utydeleg. Du prøver å endre politikk, men dei seier at du spring frå standpunkta dine. Du prøver å stå knallhardt på ditt, men dei seier at du står i vegen for samarbeid.

Eg kjenner det att. FrP si trøyst er at dei dett frå eit høgt nivå. Det er framleis 10% ned til Høgre.

Dei gløymde debattane

Sukk. Det er kanskje litt spesielt at to sentrale medier arrangerer debatt om tema ingen debatterer, i staden for å sende ein debatt om dei på TV eller få dei opp på framsida av avisa.

Aftenposten og NRK har hatt debatttmøte på Litteraturhuset om «Temaene som forsvant». Forskning og utdanning, likestilling, kultur, utenrikspolitikk, klima, norsk krigsdeltagelse er mellom desse vert det hevda.

Eg blir litt oppgitt, fordi

1)Dei er ikkje forsvunne. Dei foregår, alle saman, rundt om kring på ulike stader over heile landet. Det er debattmøte og diskusjonar om dei alle saman. Dei er berre forsvunne frå det nasjonale mediebiletet.

2) Klima er på lista. Dagen etter at ei måling i det same NRK viste at det er den nest viktigaste saka for veljarane, og veker etter at det totalt dominerte dagsorden.

3) Ingen kan vel gjere meir for å reise desse debattane enn NRK og Aftenposten. NRK kunne flytta TV-debatten om arbeid og økonomi til Litteraturhuset i kveld, og sett opp utanrikspolitikk på TV. Jonas og Erik mot Siv og Erna om kva Noreg vil med vårt internasjonale engasjement. Eller eit anna tema som forsvann. Partia hadde heilt sikkert stilt opp. Det kunne blitt ein kanondebatt.

Valkampdag og Nettavisen

Eg har debattert helse, skule og høgare utdanning på Høgskulen i Akershus i dag. No ber det til Telemark.

Eg var gjesteredaktør i Nettavisen på fredag, og har fått spørsmål her om å linke til nokre saker. Temaet mitt for dagen var korleis klinakrisa påverkar Noreg, og denne saka synest eg illustrerer det på ein god måte. Denne saka handlar om at alle piler peikar i retning av at klimaproblema er verre enn FNs klimapanel har trudd – og at vi kollektivt er ein nasjona av klimaverstingar.

I tillegg skreiv eg ein kommentar som vel er grei nok men kanskje vart i overkant politisk korrekt. Det seier vel sitt at eg kom til å tenke på den då eg høyrde Lillebjørn Nilsen synger «Barn av regnbuen» dagen etterpå:-)

Valkamphelg

Dei siste dagane har bestått av ei lang rekke husbesøk, torgmøte, paneldebattar, stands, skulebesøk med meir, samt ein rundtur til togstasjonar på Romerike på fredag. Mellom slaga rakk eg å opne Robert Normann-festivalen i Sarpsborg. Det er kome både festival og museum tileigna denne fantastiske jazzgitaristen i heimbyen hans. I dag var det skattejakt på Piratøya.

Slik held det fram i morgon, då eg mellom anna reiser til Telemark.