førebuingar – Larvik – fjellet

Førbuingar for politiske forhandlingar om Soria Moria 2 har såvidt starta. Diskusjonane byrjar i dei enkelte partia, og løpet vert lagt av partileiarane og andre sentrale. Det betyr mange ballar i lufta samstundes dei neste vekene.

I morgon tar eg ein litt kort dag. Først drar eg til Larvik der eg skal forta den offisielle opninga av Thor Heyerdahl vdg skule. Så drar eg avgarde på fjellet ein tur. Noko langhelg er det ikkje tid til, men det vert i alle fall eit par dagar. Nede igjen søndag kveld.

Østfold rundt

Har vore Østfold rundt i dag – eller ikkje akkurat, men innom Sarpsborg, Fredrikstad og Moss. I Sarpsborg slapp vi nyhenda om at byen får det åttande regionale vitensenteret i Noreg. På biletet her viser dei meg rundt med Osmund Ueland i spissen. I Moss var det kulturskulebesøk, i Fredrikstad var det intervju om skule og møte i barnehage.

Eg var også på nasjonal opplæringskonferanse, ein stor årleg konferanse om vidaregåande opplæring, der eg hadde foredrag. Det er meir å seie om turen, men det er seint så vi får la det bli med det.

Det er veldig god og positiv stemning der ute. Kjerneveljarane er klare for fire nye år, mykje entusisasme. Men mange sit også på gjerdet, og har nok ikkje heilt teke stilling enno. Trur valet blir jamnt.

Noreg har visst knust Skottland i dag. Moro, men kan ikkje skjule meir fundamentale problem. Skal kome attende til min analyse av landslaget sine problem.

Vurderingsforskrifta

Det kan høyrest grenselaust kjedeleg ut, men er viktig. Vurderingsforskrifta. Eg har framlegg til vurderingsforskrift på bordet mitt no, og vil gjerne ha innspel og synspunkt på eit viktig punkt frå dokke skulefolk.

I det opprinnelege framlegget frå Utdanningsdirektoratet var det lagt opp til at «Læreren så langt råd er…» skal sørge for at eleven får vurdering. Dette kunne tolkast som at læraren må hente elevar i minibuss for å få dei til timen, slik det mellom anna vart formulert i eit godt innlegg frå Lektor Marita Aksnes. Mange andre skreiv om og diskuterte framlegget på nett, mellom anna Ingunn Kjøl WiigJørn Holstad Pettersen, Sol Laastad, Torill Ramberg, Linn Gjerde, Margreta Tveisme og før nemnde Marita Aksnes.

Mange høringsinstansar har reagert på dette. Eg er samd med dei. I det nye utkastet frå direktoratet er dette forsøkt balansert slik: Ny §3-3 tredje ledd:

…»Læreren skal så langt råd er, skaffe tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere kompetansen til eleven, slik at retten eleven har etter §3-1, blir oppfylt. Eleven skal delta aktivt i opplæringa slik at læraren får grunnlag for å vurdere eleven sin kompetanse i faget. Stort fråvær eller særlege grunnar kan føre til at grunnlaget for halvårdvurdering med karakter eller standpunktkarakter manglar.» (eg har utheva det som er nytt)

Kva synst dokke om dette framlegget? Tek det innover seg kritikken som er kome, og er det tydeleg? Har du eit forslag?

Nokre skulefolk som orkar å gje meg råd midt i ferien (årsak, avspaseringa)? Legg igjen ein kommentar her, og sprei ordet!

Look to Øvre Romerike

Har vore travelt oppteken med valkamp i helga. Valkampseminar i Oslo på laurdag formiddag, paneldebatt med alle partia i Nannestad på ettermiddagen og seminar med Agderfylka i Kristiansand i dag.

God og offensiv stemning pregar partiet. Folk er godt med nøgd med det vi får til i regjering, men ikkje minst veldig klare for å stoppe høgresida og sloss for fire nye år. Folk er dessutan veldig klare for å gå ut og presentere SV-politikk, og kvifor vi er naudsynt for å gjere Regjeringa raud og grøn.

I går ettermiddag rakk eg også ein tur innom Nannestad vdg skule. Dei har redusert fråfallet på yrkesfaga kraftig dei siste to åra, og oppskrifta er akkurat det eg trur mest på og som vi presenterte i stortingsmeldinga Utdanningslinja: Meir praksis, og tettare på dei elevane som er i faresonen.

Den same tenkinga vart presentert for meg i forrige veke på Jessheim vdg i Ullensaker kommune. Eg utbrøyt difor ekstatisk at når det gjeld arbeidet mot fråfall i vdg skule må vi «look to Øvre Romerike»! Desse to skulane framstår som drømmeskular, men det er heldigvis mange drømmeskular i Noreg!

På Nannestad vdg hadde medieelevane utsilling av fotografi og bilete dei hadde laga sjølve, og eg fekk velje meg eit. Ei utruleg hyggeleg og flott gåve.

Så galt kan det gå

Det oppstår stadig ganske absurde tolkingar av det ein har sagt i media. Det er vanleg for ein politikar å oppleve det. At ein profilert og dyktig redaktør bommar er meir sjeldant.

Hans Kristian Amundsen, sjefredaktør i Nordlys brukar sterke ord i Nordlys i dag. «Aldri før har de rødgrønne skuffet meg mer»  (!) seier han, og refererer til eit oppslag i Aftenposten der eg sa at vi må gjere meir for å gje fagleg sterke elevar utfordringar. Kvar trår han feil?

1. Han har ikkje fått med seg det som er sagt. «Tiden er inne for satsing på de flinkeste, sa SV-statsråden» siterer han fritt frå sin eigen fantasi. Feil. Tida er (framleis) inne for at at alle skal få brukt sitt talent, var bodskapen min i Aftenposten. Elevar som er særleg sterke treng ekstra utfordringar. Nett som dei som slit treng ekstra hjelp.

2. Han trur ein må velge mellom elevar. «Som amen i kirka fører det til at svakere elever, og elever som er tvunget inn i en skole som ikke passer dem, dyttes brutalt ut av politikkens og samfunnets synsfelt.» Men ein lærar i klasserommet kan ikkje velge mellom nokre av elevane sine, ho må gje alle utfodringar på sitt nivå. Då må ein kunne forvente det same av ein kunnskapsminister.

3. Han har ikkje fått med seg kva som er hovudperspektivet til regjeringa. Vi har gjennomført barnehagerevolusjonen, løyva 1 mrd til fleire lærarar for å styrke innsatsen mot dei som slit i norsk og matte, innført tettare kartlegging og gjennomført ei rekke tiltak mot fråfallet i vidaregåande skule. Vi brukar milliardar på tidleg innsats, men enno er det langt igjen. «Alle skal med» seier dei i AP. «Ulike mennesker, like muligheter» seier  vi i SV. Alt dette er hovudperspektivet i stortingsmeldinga som kjem neste månad. Amundsen bør kome på presentasjonen!

4. Han tar dessutan feil om han trur vi ikkje treng å legge til rette for sterke elevar. Han skriv ikkje det, men han kan forstås slik (eg ber om orsaking om eg misforstår). Det er for mange elevar som kjedar seg og ikkje får nok utfordringar, for mange elevar som ikkje får brukt sitt potensiale og sitt talent. I Troms har fylkesråd Pål Julius Skogholt vore flink til å ta tak i dette, ved å tilby undervisning på nivået over for enkelte elevar. Dette er viktig for at oppslutninga om fellesskulen også i framtida skal vere sterk og brei.

Hovudutfordringa er å sørge for at alle lærer seg å lese, skrive og rekne og får brukt sitt talent. Men ingen kan vel i fullt alvor meine at tilpassa opplæring berre skal vere ein rett for ein del av elevane? Så galt kan det gå.

4000 nye lærarar

I går presenterte Utdanningsdirektoratet tala som viser utviklinga i grunnskulen dei siste åra. Tala måler kva som har skjedd etter 3 av 4 år med raud-grøne budsjett.

 

Siden den raudgrøne regjeringa tok over har det blitt 4000 fleire lærarar og over 2500 fleire lærarårsverk i ordinær grunnskule. Lærartettleiken har også gått i riktig retning sidan SV tok over Kunnskapsdepartementet, sjølv om utslaga er små. Det er no fleire lærarar i skulen som kan gje kvar enkelt elev den oppfølginga dei treng.

 

Under forrige regjeringsperiode var talet på lærarårsverk synkande samstundes som det vart færre lærarar pr elev. Vi har dermed snudd den negative utviklinga som var i skulen i heile forrige periode fordi ein prioriterte skattelette til dei rike framfor å satse på fellesskapet.

 

SV har større ambisjoner enn dette og mange stadar er det framleis mangel på lærarar. Difor vil vi i neste periode gå inn for sterkare nasjonal styring av skulesektoren for å sikre at det blir nok lærarar i skulen. Vi må også vurdere korleis vi kan ivareta alt dette.

Svar på veg til trening

På veg til fotballtrening ein vakker søndag morgon, men kort;

Stein Ove, eg fekk aldri hjel med Tromsø og Residents (sjølv om det kom eit par forslag). Eg vil gjerne ha hjelp!

Henning tek opp problem med gratis lærebøker i vidaregåande. Det vil seie, du tek vel opp problem med den modellen for dette som fylket hans har vald. Det høyres ut som du skildrar ei utlånsordning. For det første meiner eg dette er eit viktig tiltak for at skulen skal vere gratis. Det store fleirtalet har råd til læremiddel for barna sine (ikkje minst i dei faga der det er snakk om eit begrensa antall bøker), men for enkelte kan det bety ein økonomisk forskjell. Og ja, det er eit prinsippspørsmål at skulegong skal vere gratis.

Ein del innkøyringsproblem er det alltid med nye ordningar, dei fleste er i ferd med å finne ut av dei. At enkelte elevar er misnøgde veit eg. Då er det viktig å hugse at det før var mange elevar som var misnøgde. Dei problema du skildrar er jo ikkje skapt av den nye ordninga, dei var der før også. Nokre elevar vil gjerne ha bøkene frå året før. Det var også eit problem før, når dei måtte velge melom å selge dei og ha dei. Nokre endar opp med å kjøpe bøkene. Det kan vere, men det er betre enn at alle må kjøpe dei.

Eg er heilt samd med deg i at dette ikkje er det store tiltaket for å utvikle kvaliteten i vidaregåande skule. Det er eit tiltak for at skulen skal vere gratis, og eit viktig tiltak for det. Det er andre ting (som vidareutdanning, skuleleiing, rådgjeving, realfagssatsing etc som først og fremst er kvalitetsutviklande.