Libya-innlegg

Mitt innlegg i stortingsdebatt om Libya etter utenriksministeren sin redegjørelse

FN-resolusjonane 1970 og 1973 slår fast det internasjonale samfunnets ansvar for å verne det libyske folket. Gaddafi-regimet sitt omfattande angrep på sivile og truslar om å utslette den politiske opposisjonen i Benghazi, ga legitim grunn til å benytte FNs sanksjonsmiddel, inkludert militærmakt, mot diktaturet. Utviklinga i Libya har vist at det framleis er behov for eit internasjonalt engasjement for å beskytte sivile i Libya. SV står fast på støtten til at Norge må bidra til det.

Situasjonen i Libya alvorleg. Mange sivile får beskyttelse, men samstundes er situasjonen kritisk i enkelte område. Kampane mellom Gaddafi-diktaturets styrkar og opprørshæren er fastlåste. Dei sivile tapa i konflikten er betydelige og Libya står overfor store humanitære utfordringar. Eg vil understreke viktigheten av at Norge her bidrar, slik regjeringa no legg opp til, både med humanitær assistanse og å ta imot flyktningar.

President, forsvarsministeren avklarer at etter 24.juni ”vil et eventuelt norsk bidrag bli et annet og mindre omfattende enn dagens bidrag”. Det trur eg er klokt, men eg vil samstundes understreke at det er situasjonen og behova i Libya som må styre den endelege vurderinga her, akkurat som det må styre dei politiske og humanitære vurderingane – altså korleis vi skal følge opp FN-resolusjon 1973.

SVs landsmøte vedtok støtte til dei militære sidene av Norges bidrag til Libya under forutsetning av at FN-resolusjonens strenge mandat om å verne sivile vert etterlevd. Den siste tida har både angrepa på medlemmer av Gaddafi-familien og uttalelser frå vestlege statsleiarar gitt grunn til bekymring.

Både forsvarsministeren og utanriksministeren understrekar at mandatet for operasjonen er å beskytte sivile, ikkje bistå militære styrkar med regimeendring, og at Norge forholder seg strengt til det.

Det er viktig for å opprettholde et skille mellom sivile og militære mål. Men det er også viktig for framtidig, internasjonal oppslutning om å beskytte sivile. Kapres mandatet no til eit anna formål, gir vi Russland, Kina og andre kritikere rett og reduserer sjansen for en enighet om tiltak som kan beskytte sivile i framtida.

La meg vere tydelig på det: SV, Norge, det meste av verden ønsker regimeendring i Libya. Det er derfor det har blitt enighet om å opne sak mot Gadaffi frå den internasjonale straffedomstolen. Han er ein brutal leiar som utøver vald mot sitt eige folk og manglar legitimitet.

”Men politiske endringar må komme som et resultata av politiske prosesser i Libya, og det internasjonale samfunnets rolle må være å støtte opp om disse” som utenriksministeren sa.
Det er forskjell på det politiske målet, og hvilket mandat den militære operasjonen følger.

Det kanskje viktigaste budskapet i dag er at berre politiske prosesser kan gi varig fred og beskyttelse av menneskerettane i Libya. Diverre har forhandlingssinitiativ så langt ikkje ført fram. Det er viktig at slike initiativ held fram. Norge må arbeide aktivt for fredsinitiativ, under FN si leiing. der mellom anna Den afrikanske union og Den arabiske liga må spele sentrale rollar.

President, bakgrunnen for det som no skjer i Libya er dei folkelege demokratikreftenes frammars i regionen. Det var ein viktig grunn til min og SVs støtte. Vi må ikkje la folkelige krefter i andre land i stikken i skuggen av Libya. 

I Bahrain, Yemen og Syria har det skjedd dramatiske ting dei siste vekene. Noreg må verda må støtte dei folkelege demokratikreftene, vurderer sanskjonar der det er fornuftig og der det er støtte til dei. Den brutale sannheten er jo at vesten har latt diktatorar og regimer sitte i ro fordi stabilitet har vore viktigare enn demokrati regionen.

Tida er no inne for ei heilt anna vestleg tilnærming til regionen.