Ein ny narkotikapolitikk

Det er om lag 250 menneske som døyr av overdose kvart år. Det er litt færre enn dei som døyr i trafikken årleg.

Med særs god grunn engasjerer vi oss sterkt i trafikkulukker og dødfall. Det gjer voldsomt inntrykk, ei trafikkulukke har «det kunne vore meg» skrive med store bokstavar over seg. Vi markerer dødsfalla, og debatterer friskt korleis vi kan redusere talet på dødsfall. Med god grunn. Vi har fått til ein nedgong. Det gjer oss ikkje nøgde, berre motivert for å gjere meir.

Men når diskuterte du sist overdosedødsfall? Når vart det markert med lys, og når vart det tv-innslag av det? Sanninga er vel at dei fleste av oss kjenner at eit overdosedødfall har «det kunne ikkje vore meg» skrive med store bokstavar over seg. Det er ein rusmiddelavhengig som døyr, ein narkoman. Rusmiddelavhengige er, slik eg ser det, mellom dei mest stigmatiserte menneska i Noreg. Eg var nyleg til stades på eit foredrag av Thorvald Stoltenberg. «Ubeskrivelig diskriminering» kalte han den oppførselen han observerte overfor to rusmiddelavhengige i ein butikk.

I vår iver etter å arbeide mot narkotika har vi ofra dei narkomane. Det er utgangspunktet mitt når eg i Aftenposten 13.12 tek til orde for endringar i narkotikapolitikken. Vi må slutte å straffe bruk og besittelse av narkotika, men heller bruke rådgjeving, behandling og oppfølging. Vi må etablere stadar der rusmiddelavhengige kan få tverrfagleg hjelp og oppfølging, men også bruke det stoffet dei uansett kjem til å ta. Vi må sjå rus og psykiatri i samanheng. Vi må opne opp for betre og meir fleksibel bruk av legemiddel, og vi må akseptere at mange vil sprekke i behandlinga og treng ein ny sjanse. Vi må bygge ut bustadar, som er grunnlaget for å kome seg vidare frå livet på gata. Rismisbruket vil vere der. Vi må forhalde oss til det.

Det er ikkje mine eigne idear eg presenterer. Snarare tvert imot, eg presenterer nye og gamle meiningar som andre har arbeidd fram men som eg meiner er kloke. Det har berre sete veldig langt inne å få politiske parti og sentrale politikarar til å gå inn for det.

Mitt innspel handlar om dei rusmiddelavhengige sin situasjon. Det vil raskt få mange til å hevde at eg ikkje fokuserer på det som er viktigast, forebygging og behandling. Det er feil.

Forebygging er det viktigaste på nesten alle felt. Det er ein sterk forekomst av traumer, vald og andre vanskar i oppveksten blant dei som er rusmisbrukarar. Mange har vore i kontakt med barnevernet, men ofte for seint. Tidleg innsats gjennom eit styrka barnevern, ein barenhage som kan rapportere fleire bekymringar til barnevernet, ei betre skulehelseteneste og ei dreiing av politiarbeidet mot forebygging er blant dei viktigaste tiltaka for betre forebygging.

At behandlingssituasjonen er for dårleg er vel etablert. Vel 4000 i kø over mange år er uhaldbart. Det er umogeleg å lukkast med mange av dei tiltaka eg tek til orde for utan at ein kan kome raskare til behandling. Når motivasjonen er der må ein kunne få behandling, ikkje eit halv år etterpå.

Men; mange vil vere rusmiddelavhengige også i framtida. Deira situasjon må vi ta på alvor. Viktigheita av forebygging og ein veg ut av rusavhengigheit må ikkje stå i vegen for at vi gjer meir for liv og verdigheit for dei som lever med rusproblem.

Vi må få fleire rusavhengige vekk frå gata. Ikkje ved å rydde plata eller å sende dei rundt i byen, men gjennom å etablere det Stoltenbergutvalet kallar brukarstader i dei største byane. Dette er stadar der den enkelte misbrukar kan ta stoffet sitt (gjennom sprøyte eller ved å røyke heroin – ein viktig grunn til det høge talet på overdoser i Noreg er at så mange bruker sprøyter her), få helsehjelp og anna fagleg oppfølging samt kome i kontakt med behandlingsapparat. Brukarstaden vil vere ein frisone der ein kan få meir verdigheit i misbruksituasjonen, men også reint vatn, ascorbinsyre, medisinsk hjelp og anna som reduserer risikoen for overdose. Det er samstundes ein stad med sosialfagleg kompetanse. I dag har vi eit spøryterom. Det vert stadig foreslått lagt ned av byrådet i Oslo, det er ope frå 9-3 og er pålagt fullt av rigide grenser som ikkje fungerer i praksis. Vi bør i staden få brukarstader.

Vi må få større fleksibilitet i oppfølginga, slik 24/7 er eit døme på. Dette handlar også om ei rekke begrensningar som ligg der i dag og som eg set spørjeteikn ved. Det er tett samanheng mellom rus og psykiatri, men det er ikkje tette nok overgongar mellom dei to fagfelta i behandling og tilbod til den enkelte. Det er særs viktig med medisinsk behandling, det som heiter Legemiddelassistert Rehabilitering LAR. Det verkar likevel som det er stort behov for å sjå på fleksibiliteten i medisineringa for den enkelte, aksepten for sprekkar (som i dag hindrar mange frå t.d metadonbruk) og å basere behandlinga meir på tillit enn i dag. Å forsøke med bruk av heroin i behandling er eit døme på det, sjølv om det har lett for å få alt for stor vekt i debatten i høve tilkor fåpersonar det truleg er aktuelt for.

Vi må tilby folk ein bustad og ei tettare oppfølging rundt den. Ikkje minst etter behandling er det kritisk. I alt for mange tilfelle er behandling bortkasta fordi oppfølginga er for dårleg. Mange som kjem ut av behandling har ikkje eit sosialt nettverk utanom rusmiljøet. Det står ingen bustad, ingen base i livet, og ventar. Og gjer det det står det ikkje menneske rundt ein som kan bidra med ei anna retning enn tilbake på gata. Det må byggast ut eit omfattande oppfølgingsapparat og bustadar som rusavhengige kan bu i. Dagens busituasjon på hospits er dårleg, og fungerer som ei forlening av rusmiljøa.

Til sist bør vi ikkje bruke straff – fengsel eller bøter – for bruk og besittelse av stoff. Det framstår for meg meiningslaust at vi skal straffe dei mest slitne menneska i Oslo som set sprøyter nedanfor togstasjonen. Meiningslaust å bruke politiressursar på det, dei må brukast på forebyggande politiarbeid og å ta bakmenn. Meiningslaust at dei skal samle opp bøter som dei aldri kan betale. Tala varierer litt, men opp mot halvparten av dommane i Noreg har bakgrunn i narkotika. Mange har enkle forseelsar med seg på rullebladet, sterkt sosialt skeivfordelt og med konsekvensar som at dei ikkje kan tre inn i enkelt yrke. Eg har langt meir tru på politikken i Portugal, slik den er presentert både i Stoltenbergutvalet sin rapport og ein rapport frå den liberalistiske tankesmia The Cato Institute. Portugal har avkriminalisert bruk og besittelse, og erstatta straff med ei nemndordning som kan gje informasjon, tildele samfunnsstraff og oppfølging eller anbefale behandling. Det finst forsøk med liknande tiltak i Noreg også. Eg trur det verkar meir forebyggande enn straff.

Debatten om straff og narkotika er omfattande og har mange inngangar. Eit fleirtal i straffelovkommisjonen av 2002 foreslo å avkriminalisere bruk og besittelse, men forslaget vart ikkje lagt fram av departementet. Ingen parti støtta det heller. Ulike personar har teke til orde for ordningar med styrt omsetning. Ein av dei eg synest argumenterer godt er sosiologen Willy Pedersen. Ulike land har så ulike ordningar der ein held på eit forbod, men i praksis ikkje bruker straff særleg mykje. Eg vil ikkje legalisere narkotika. Eg vil erstatte

Dette er ikkje meint å vere starten på eit korstog mot dagens politikk, men starten på ein refleksjon eller debatt. Det er mange synspunkt i debatten, men på langt nær like klåre forskingsfunn som for alkohol. Siden narkotika er forbode er dei to jernlovene frå alkoholpolitikken – at pris og tilgjengelegheit påverkar forbruk – ikkje tilgjengelege for politikarane i direkte form.

Eg fryktar no at vi skal få det motsette av det vi treng. Vi treng ei verdireform, ei endring av måten vi ser på rusmiddelavhengige og vår vilje til å gje dei rettar, respekt og hjelp som andre. Det kan fort ende med at dei vanskelege forslaga – dei som utfordrar dagens verdisett – døyr i moralisering, medan vi står att med nokre strukturendringar. Ei ny flytting av boksar mellom forvaltningsnivåa er neppe det viktigaste i ruspolitikken framover.

Kvifor går eg ut med dette no, tenkjer du kanskje? Det er ein formell grunn. Stoltenbergutvalet sin rapport har høyringsfrist 7.januar. Det skal så lagast ei stortingsmelding, noko som gjer at alle parti må ta stilling til desse spørsmåla. Ulike politikarar har allereie vore på bana. SV må ha vår debatt. Dette er mitt bidrag til å starte den.

Det finst ein annan grunn også. Eg har gradvis blitt meir interessert i og endra syn på desse spørsmåla i løpet av fleire år. Då eg gjekk av som statsråd for eit drøyt år sidan hadde eg samla opp fleire slike tema der eg vera at noko var galt (eit anna tema kan du lese om her). Tema eg ville ta tak i, sette meg inn i og etter beste evne bidra til endring på.

Det siste året har eg difor besøkt plata, sprøyterom, institusjonar og ei avdeling for rusavhengige på ein sjukeheim i Stavanger. Eg har snakka med rusmisbrukarar, pårørande, forskarar, politifolk og tilsette i rusomsorgen. Eg har høyrt på organisasjonar med ulik inngang, som Actis og Foreningen for en human narkotikapolitikk og leiaren Arild Knutsen. Eg har lenge meint det eg no seier, men vegra meg for å gå ut med det og seie det.

Fordi det er kontroversielt? Eigentleg ikkje. Etter at eg gjorde intervjuet med Aftenposten på torsdag tenkte eg over det igjen. Grunnen til at eg har vegra meg (0g gruar meg litt til i morgon) er at eg trur mange vil hevde og tru at eg ikkje er så mot narkotika, at eg ser litt mellom fingrane med det, at eg ikkje tek heilt på alvor den store skrekka til mange av oss som har barn: At dei skal begynne med stoff.

Det er ein innebygd logikk i korleis vi tenkjer som ikkje så lett kan brytast: Nei til narkotika = Forbod = Straff dei som bryt forbodet. Eg fryktar at mange skal tenkje at dersom han seier nei til straff så seier han vel ja til narkotika.

Men det gjer eg ikkje. Eg trur ikkje straff er ein god måte å praktisere forbodet på. Eg trur det er med på å ofre menneske og stå i vegen for at dei kan oppnå ein verdigheit og eit noko betre grunnlag for å kome seg vidare, kanskje mot å bli rusfri. Eg trur hjelp er ein betre å måte å seie nei til narkotika på enn straff.

Det er ikkje ein spesielt liberal politikk, det er først og fremst ein human politikk.