Nokre fleire skulebloggar

Eg har blitt gjort merksam på fleire skule- (og barnehage) bloggar i det siste.

Ann-Hege har ein blogg om kunst og estetikk i barnehagen. Ho arbeider ved førskulelærarutdanninga på Høgskulen i Oslo. Geir har tipsa meg om galeogglobale, om eg forstår det rett er det ein slags samleblogg for elevar ved ulike linjer på Solborg Folkehøgskule. I tillegg driv Geir sjølv ein nyoppretta blogg som heiter folkehøgskoleprat.

Eg tek gjerne imot fleire tips!

Skulebloggar 7 – det digitale lærarrommet

Eg avsluttar serien om skulebloggar med ei rekke ulike bloggar (og liknande). Dei fleste av dei har eg diverre ikkje fått sett så mykje på, så dette vert litt prega av oppramsing.

 Ole Frode skriv om utdanning og skuleleiing. Rutti er kontaktlærar ved Tau ungdomsskule. Ungdomsskulelærar er også innehavarar av denne bloggen.

Det verkar å vere mange bloggarar i Rogaland, slik som biolog og lærar i vidaregåande Erik Utne Vie. Mannen bak denne bloggen er utviklingsleiar ved Hønesfoss vgs. Kjell Mørk arbeider i Nordland fylkeskommune, medan Thomas Røst Stenerud vel er den første studenten på lærarutdanninga eg har fått med. Ingrid Svennevig Hagen er den første skulebiblotekaren, ho arbeider på Sandvika vgs.

Ann S Michaelsen, pedagogisk utviklingsleiar ved denne skulen, har tipsa meg om ei rekke bloggar dei bruker i arbeidet sitt. Elevbloggar, fagbloggar etc. Dei har openbart kome særs langt i å bruke sosiale medier fagleg. Her er nokre døme:

http://lk-theroadnottaken.blogspot.com/
http://barn-ungdom-klasseblogg.blogspot.com/
http://sandvika-ft.blogspot.com/
http://sandvikavgsno.blogspot.com/

og denne http://norsk1sta.blogspot.com/

Til sist. Jan-Arve Overland (som sjølv har ein god blogg som eg har nemnd før) har laga denne oversikta over bloggar, som i stor grad er overlappande med min gjennomgang.

Det var det. Det er sikkert nokre eg har gløymd, sånn er livet. Tips meg gjerne, eg vil framleis (men meir sporadisk) sjå etter nye deltakarar på denne arenaen.

Skulebloggar 6

Ein kort tur innom for å legge ut ein del fleire bloggar, knytt til temaet ikt.

IKT i læring handlar om det, og er nokså teknisk orientert. Ein lærebokforfattar og høgskulelektor skriv om same tema på gjemmesiden. Diginalet er skrive av ein entusiastisk lærar med interesse for IKT. Lisa’s lagune 2.0 er også skrive av ein lærar, mellom anna i engelsk.

Eg vil og nytte høvet til å skryte litt av det nyoppretta sosiale nettverket del og bruk (D&B). Det er etter initiativ frå entusiast og innovatør Ingunn Kjøl Wiig. Det er eit forum for læring og nettverksbygging omkring digital kompetanse som allereie har 320 medlemmer.

Skulebloggar 5

Først av alt skuldar eg Frøydis Hamre ei årsaking for å ta så feil av ho!

Så til dagens tekst. Dei fleste skulebloggarar arbeider i vidaregåande eller fylkeskommunen får eg inntrykk av. Her er nokre av unnataka:

Kjetil har Kjetils pedblogg og arbeider på Levre skule i Bærum kommune. Han skriv godt om skule generelt og ikt i læring spesielt.

Teachertalk er skriven av ein adjunkt med bra erfaring frå grunnskulen i Tromsø. Fagleg interessant om m.a ulike pedagogiske emne.

Ole J Rosten arbeider som kontaktlærar på Rud skole i Rælingen og har ein god og morsom blogg om likt og ulikt, med vekt på ikt.

Dalstroka innanfor er bloggen til ein nyutdanna lærar frå dalstroka innanfor (Sirdal?). Han har oppfordra meg til å få fram fleire bloggar frå grunnskulen. Det er no gjort!

Den einaste barnehagebloggen eg har funne så langt er bloggen til Dronning Mauds Minne, førskulelærarutdanninga i Trondheim. Den er skriven av studentar og tilsette og er ei passe blanding av fag og moro.

Hald fram med å tipse; Eg skal poste nokre gonger til i denne serien.

Skulebloggar 4

Tips strøymer inn, hald fram med å tipse. Nokre fleire lektorar i dag – eg skal gå nedover i skulesystemet neste gong.

Liv Marie Schou er lektor i Drammen, mellom anna norsklektor. Ho skriv om fag, andre skulespørsmål og diverse – til dømes katten sin. Og byen sin.

Ny blogg frå enno ein norsklektor. Ho arbeider på Fusa vgs, og skriv mest om fag så langt. Siste oppdatering er eit tankevekkande innlegg om korleis ho opplever arbeidssituasjonen sin.

I nabokommunen min Frogn finn eg Jørn sin blogg. Han underviser mellom anna engelsk, men er også godt inne i IKT. Skriv morosomt om mykje ulikt, med skule og IKT som gjennomgangstema.

Fleire har tipsa meg om Jan-Arve Overland, han har også lagt igjen innlegg sjølv. Han er ein veteran i gamet, og verkar å ha påverka mange til å starte. Det beste med den er at han openbart har eit reflektert tilhøve til korleis delingskultur og sosial web kan fungere i skulen.

Kjemikeren har også halde på ei stund. Han underviser i naturfag (bombe), og skriv om realfag, skule generelt og IKT i læring.

Skulebloggar 3

 Eg har fått ei rekke gode tips om bloggar, og har kø. Eg vil likevel har fleire tips, legg igjen ein kommentar!

Mange av dei som har ein skuleblogg arbeider sjølv med IKT i skule, fylkeskommune, forlag eller innan forsking.

Arne Olav Nygard bloggar i stor grad om tema som ligg i grenselandet mellom faget norsk, lærarjobben og det digitale. Med størst entusiasme om det som bind alle tre emna saman verkar det som. Han har også bloggen ikt og skole.

Kirsti arbeider med IKT i vidaregåande skule i Buskerud fylkeskommune, men verkar å vere interessert i det meste – ikkje minst det meste slags kultur. Det gjer pluss i mi bok.

Bloggen til Albertine Aaberge handlar om web i vidaregåande – og litt til. Ho arbeider ved Sogndal vidaregåande skule, underviser i mediefag og skriv ein nysjerrig og kunnskapsrik blogg.

Einar Berg er openbart naturvitar, det skin igjennom på ein fin måte (mellom linjene) i bloggen. Han arbeider også med ikt i vidaregåande opplæring, dvs i fylkeskommunen.

Skulebloggar 2

Takk for mange gode tips! Nokre eg kjente til frå før, nokre eg allereie har fått sett litt på og mange eg må ta igjen. Eg vil bruke av dei allereie frå i dag, men har samstundes eit lite arkiv å ta av

Dagens tema er norsklærarar – lektorarar – som bloggar. Mange av dei sombloggar og brukar det i læringa har danna nettverk. I dag har ein del lærarar og andre med interesse for IKT i skulen hatt ein «antikonferanse» på Gardermoen. Temaet var IKT i læring med ei viss orientering mot norskfaget, om eg skjønar det rett…

Leif Harboe verkar å vere mannen bak initiativet. Han kallar seg norsklærar med digitalt grensesnitt, og er openbart kunnskapsrik om nettet generelt og web 2.0 spesielt. Den interessante bloggen hans handlar mykje om det.

Margreta arbeider på Knarvik VGS (nord for Bergen). Bloggen er fagleg orientert. Ho formidlar entusiasmen for faget sitt og jobben sin gjennom bloggen på ein framifrå måte. Ho skriv også langt betre enn meg på vårt felles skriftspråk.

Lenger sør langs kysten er Marita Aksnes lektor på Randaberg vidaregåande. Ho har ein inspirerande blogg som både er overordna og praksisnær. Ho har mellom anna skrive om korleis digital mestring kan ha føremoner langt utover IKT-kompetanse.

Ingunn står bak ein veldig god blogg. Eg vart merksam på den i haust, og har vore innom litt. Ho har frå starten av lagt opp blogginga som ei reise, både i å lære og oppdage sjølv og å bruke verktøyet i faget sitt. Ho klarer den vanskelege kombinasjonen fagleg/personleg godt.

Ein som ikkje kan sporast til Gardermoen: Min faste gjest Tor har tipsa meg om norsklæraren sin. Han oppdaterer ikkje så ofte, og skriv om laust og fast. I går skreiv han om GNIST med eit snev av skepsis.