I'll be back

På laurdag trakk eg meg som kandidat til å leie SV etter landsmøtet i vår. Her er innlegget eg haldt i den samanheng:

Kjære landsstyre

Eg har beslutta å trekke meg som kandidat til å lede SV etter landsmøtet i vår.

Det gjer eg fordi eg ikkje har den støtten som er nødvendig for å vinne. Da er eg ikkje rett mann til å lede SV etter landsmøtet.

Eg vil engasjere meg desto sterkere i debatten om veien videre for det partiet eg er så glad i.

Venstresidas historiske oppgave er å bekjempe ulikhet og urettferdighet. Vår generasjons store oppgave er dei globale miljø- og klimautfordringane

Derfor er framtidas venstreside rød og grønn.

Mange ser det. I heile Nord-Europa har nå grønne og rødgrønne partier stor suksess, og spiser velgere og oppslutning fra sosialdemokratiske partier og fra andre. Bortsett fra i Norge. Her taper vi oppslutning til AP, nå også til Venstre og Miljøpartiet De Grønne.

Vi må ta igjen initiativet i miljøpolitikken. Men vi må også gå lenger.

Den moderne rød-grønne venstresida skal stille spørsmål ved om meir økonomisk vekst, meir materiell velstand virkelig kan vere det viktigaste målet for samfunnet i et nytt hundreår. Mitt svar er nei.

–         Den tida vi går inn i må ha slagordet del godene, foran fleire goder

–         Den tida vi går inn må preges av kva som gir meir livskvalitet, ikkje bare meir kvantitet

Vårt samfunns mål, vår tids politiske prosjekt, kan ikkje vere meir gull, og definitivt ikkje meir kull. Det må vere meir solidaritet, færre fossile ressurser (og eg vil legge til: færre fossile politikere).

Den moderne venstresida er rød og grønn, men også

– frihetlig og antiautoritær: i innvandringspolitikk, i kampen for minoriteters rettigheter, i personvernspørsmål, i utenrikspolitikk.

– den treffer andre velgergrupper. Dei som er nederst på rangstigen, men også dei med høg utdanning og akademisk bakgrunn som vil at nye verdier skal prege samfunnet og er opptatt av kunnskap.

Den er ikkje:

– litt meir av det samme som Arbeiderpartiet, heller ikkje mykje meir av det samme som AP

– Ikkje tilbake til det vi var på 70-tallet, ikkje meir likt Rødt. Der er det ingen ting politisk å lære, ingen velgere å hente.

Men en sosialisme som er kvalitativt forskjellig fra den gamle, og meir villig til å tenke nytt

I Norge er SV denne bæreren av denne tradisjonen.

Eg trur ikkje velgerne såg verdiane våre no. Dei såg ikkje at vi slåss, at vi brant. Dei visste ikkje om en stor miljøsak, en stor solidaritetssak, en stor velferds- eller utdanningssak som dei trengte SV til.

–         Vi trenger vi ikkje bytte ut verdiane våre, dei er dei stoltaste i norsk politikk. Men dei må alltid brenne

–         Vi må derimot fornye, og kanskje bytte ut, saker, løsninger, tankebaner.

Det er vårt ansvar. Det er berre vi som kan fikse det sjølv.

Om det her og mykje meir har eg skrive ei bok som kjem i første halvdel av November. Den heiter ”Solidaritet på ny”

Den er skrive etter et motto eg har fra den danske SF-politikeren Sten Gade. ”En politiker må ikke bare søke støtte fra sitt bakland, men også utfordre det”

Til dokke gutta: Lykke til og godt valg. Premien til vinnaren er stor, å gjere den viktigaste jobben i norsk politikk framover. Å gjenreise SV.

La meg slutte med å sitere min ungdoms skuespillerhelt Arnold Schwarzenegger: ”I’ll be back”

Ein dag i Oppland

Har vore ein full dag i Oppland i dag saman med Oppland SV. Først besøk på Sørbyen Omsorgssenter i Gjøvik med sjukeheim og omsorgsbustadar. Oppdatering på kommunen sine planar og omvising.

Så til Lilllehammer; Ein tur til Skogli Helse- og rehabiliteringssenter med omvising i deira lokale. Dei er ein erfaren og fagleg tung institusjon for rehabilitering av ulike pasientgrupper.

Til sist medlemsmøte med folk frå Lillehammer og nabokommunar. Oppmøtet stod litt til målingane om dagen kan ein vel seie, om lag 20 stykker. Men det var positivt og god stemning blant dei som var der og særs konstuktive debattar.

Merkar alle stader at det trengs ei vitamininnsprøyting hos folka våre, både SV-folk og dei andre raudgrøne sine. Det er ikkje dårleg stemning, men litt reservert. Og lett nervøs med kommunevalet i sikte.

11 månaders studiestøtte

Mange spør kor det vart av 11 månadars studiefinansiering i Soria Moria 2. Svaret er at det ikkje vart prioritert. Mange er skuffa, med god grunn.

Ein grunn til det er at vi var varsame med å skrive inn konkrete lovnadar om dyre reformer og satsingar, fordi handlingsrommet i den økonmiske politikken vil vere mindre i åra som kjem. Det er fleire viktige saker som difor ikkje er med i SM2. I høgare utdanning var det brei semje om at ei styrking av basis og fleire studieplassar er prioritert. Det var ikkje semje om å utvide studiefinansieringa til 11 månader.

Så seier nokon; korleis kunne dokke forhandle vekk noko som alle var samde om? Dei som seier det bør nok sjå nærare på kva som står i programma (ordrett):

AP: øke bevilgningene og legge om utbetalingsstrukturen for studielån, slik at studiefinansiering betales ut over 11 måneder.

SV: I denne stortingsperioden vil SV prioritere å utvide studiestøtten til å gjelde for 11 måneder

SP: Innføre 11 månaders studiestønad

Eg var i fleire debattar der dette var tema i valkampen. Der sa eg ein ting: Eg meiner alvor med 11 månaders studiestøtte, og eg skal arbeide for det. Det har eg gjort, og det vil eg halde fram med å gjere. Eg har arbeidd for gratis læremiddel i vdg skule sidan 1989, no har vi fått det til.

For studentorganisasjonar og andre er lærdomen å stille oss politikarar klårare og meir presist til veggs, å gjere enno meir for å reise saka på dagsorden. Og viktigast – å arbeide systematisk vidare med saka.

13.10: Eg har nok formulert meg klønete her. Fleire kommentarar ser ut til å ha oppfatta meg slik at eg legg skulda på studentorganisasjonane og studentane for ikkje å ha kjempa hardt nok eller stilt upresise krav. Ingenting kunne vore fjernare for meg. Det har vore jobnba hardt for dette kravet, og det er overhode ikkje studentorganisasjonane sin feil at det ikkje står i Soria Moria 2. Det ansvaret må vi rødgrøne partia ta heilt sjølv.

Eg meinte å oppfordre alle til å halde fram innstasen for å få det gjennomført, og intensivere den ytterlegare. Det vil trengs i åra som kjem.

Valkampen så langt

Valkampen byrjar i desse dagar med valkampopningar og starten på TV-sendingane. Men valkampen har sjølvsagt starta for lenge sidan også. La oss kalle den fasen vi har vore i dei siste veken for opptakten til innspurten. Kva er biletet så langt?

Det er ingen klår tendens på målingane så langt. For eit år sidan trudde alle det skulle regjeringsskifte. Så kom finanskrisa, og ein kraftig framgong for dei raud-grøne og AP særleg. FrP tok igjen mykje av det tapte etter utspelet om snikislamisering, og sidan det har det vore jamnt og stabilt mellom blokkene. Statsvitar og valanalytikar Svein Tore Marthinsen viser at ikkje er særleg klåre eller sterke tendensar etter sommaren heller. SV ligg til dømes heilt flatt (utan ned- eller oppgong), både på lokale og sentrale målingar. Dei fleste nasjonale målingar den siste veka har hatt eit knapt, borgarleg fleirtal.

Dagsorden i opptakten er sprikande og litt overraskande. Det begynte med ein klassisk skatt/velferd/fordelingsdebatt sett i gong av Stein Erik Hagen. Langesundulukka gjorde brått miljø til ei stor sak, og etter kvart Lofoten til den viktigaste regionen i valkampen. Den siste veka har vore prega av litt av kvart; litt eldreomsorg, litt skule og SFO, litt kriminalitet, litt kultur og litt meir miljø.

Dessuten forlot Jens-Jensen toget stasjonen. Førebels har ikkje AP-FrP aksen dominert så totalt som nokre spådde. Både Erna og Kristin er tungt profilert, dagsorden i valkampen peikar i sprikande retning og folk er som vanleg opptekne av å høyre frå dei partia dei vurderer (AP el SV i år? V el H?), ikkje berre hovudmotstandarane.

Neste veke er det skulestart, starten på TV-valkampen og ulike valkamp for fulle muggar over heile landet. Trendar, både i dagsorden og målingar kan kome når som helst, men førebels er alt overraskande stabilt. Det gjer auka styrke til det ein kvar valkamp eigentleg handlar om:

Resultatet blir ikkje slik det ser ut no. Det skjer alltid endringar den siste månaden, til dels store endringar.

Det har lenge vore lite skifting mellom blokkene. Sjølv om dette skulle auke noko mot valet, vil den viktigaste drivaren for endring vere folk som bestemmer seg, eller dett ned frå gjerdet om du vil. Det er å mobilisere reserver av tidlegare og potensielle veljarar, samt å vinne konkurransen om dei som vaklar mellom 2-3 «naboparti» det eigentleg dreier seg om.

Eit viktig spørsmål er då kven som har litt å gå på. På mange av målingane er FrP fullmobilisert. Dei har nesten ingen tidlegare veljarar på gjerdet. Dersom mange tvilarar fell ned på sine ulike parti, medan FrP ikkje vinn nye, så vil det aleine dra ned FrP sin relative andel av stemmene.

SV er i den andre enden av skalaen, vi har mange tidlegare veljarar som tviler. Men vi er ikkje aleine.

Mobilisering, det er stikkordet.

H/FrP-regjering?

I dag vert det lagt frem ein rapport om kva politikk ei eventuell H-FrP regjering vil føre. Det er SVs stortingsgruppe som har laga den. Rapporten blir nok lagt ut her utover dagen.

Det er ikkje for å sverte partia, men ganske enkelt for å klargjere kva vi kan vente oss. Sidan dei borgarlege ikkje kan bli samde om å bli samde, må vi sjå på kva vi kan vente oss.  Det SV har gjort er enkelt, vi har sett på kva dei har stemt og gjort på Stortinget og kva som står i programma.

Min nestleiarkollega Audun Lysbakken stiller til nettmøte i dagbladet om rapporten i dag

Organdonasjon

VG.no har plukka opp SV sitt forslag om å innføre eit stille samtykke til organdonasjon, kombinert med eit nei-register der ein kan reservere seg. Eg og mange andre har diskutert dette offentleg før, til dømes i Dagbladet, Dagbladet, NRK og i VG. Det er ein viktig debatt.

Mange menneske kan få eit nytt og betre liv ved å få donert organ. Det er mange nyretransplantasjonar kvart år, og det er andre organ som lever, hjarte og lunger som også kan transplanterast. Vi gjennomfører mange transplantasjonar kvart år, og dei siste åra har Noreg hatt suksess med å få fleire organ. Samstundes veit vi at behovet er stort framover. Eg har ikkje tal for siste år, men i åra før det døydde om lag 30 personar årleg medan dei venta. Andre opplever stor fysisk smerte og usikkerheit medan dei ventar. Berre få personar har organ som faktisk kan brukast til ein transplantasjon.

SV foreslår å endre systemet for organdonasjon slik at det vert innført eit stille samtykke, med eit nei-register for dei som reserverer seg. Argumenta for er (les meir i linkane over)

1. Det vil redde liv, ved å gje fleire organ.

2. Eg meiner det er rett å legge til grunn at dei fleste av oss vil hjelpe andre med eit organ etter vår død dersom vi kan, ikkje som i dag då vi legg til grunn det motsette.

3. Eg meiner det er etisk feil å legge avgjerdsla om organdonasjon til pårørande, ofte i ein kritisk sorgsituasjon, etter at ein person er død. Det er i dag tilfelle for alle som ikkje eksplisitt har teke stilling for organdonasjon.

Nokre argumenterer som om vårt forslag skulle innebere at staten tek organa dine. Det er feil. Det er ein annan metode for at den enkelte skal avgjere spørsmålet om å donere organ for å hjelpe ein annan person.

Eg trur det store fleirtalet av oss har i oss ein sterk vilje til å hjelpe andre, også med eit organ etter vår død. Vi treng ein debatt om dette, slik at vi gradvis kan venne oss til at dette er naturleg, ikkje farleg for den enkelte. Kva meiner du?

Lovleg fildeling med Tono-avgift

Rettsaka mot svenskane som står bak nettsida Pirate Bay er i gang. Saka har skapt bølger i Sverige, og vekker oppsikt også internasjonalt. Debatten om fildeling har blussa opp.

Fildeling er å dele (og ta i mot) filer frå andre brukarar, til dømes musikk. Til dette krevst eit program som gjer at ein kan dele. Dei som er tiltalt i Pirate Bay saka gjer noko litt anna. Dei legg til rett for slik deling, ved å opprette kontakt med andre som har filer ein søker etter. Filene vert så utveksla direkte mellom brukarar. Påtalemakta hevdar at dei er meskuldige til fildeling på grunn av det. Forsvaret seier at dei ikkje gjer noko anna enn å opplyse om kvar ein kan finne stoff (s0m til dømes Google gjer) og ikkje kan haldast ansvarleg for innhald på andre sider. I Noreg er plateselskapa ute og raslar med sablane. Dei vil få Telenor til å stenge tilgangen til denne nettsida.

Kunstnarar må få betalt for sine verk. Det er uakseptabelt at vi skal spreie desse utan å betale for det. Men vi må slutt å kjempe mot framtida. Enkelte oppfører seg som om dei vil ha reprise på kampen mot fargefjernsyn, eller kampen mot musikkasetten.

Vi må diskutere korleis vi kan bruke ein demokratisk og framtidsretta teknologi på ein måte som sikrar inntekter til artistane.

Alle tidlegare teknologisprang har ført til frykt for at det gamle formatet skal dø. Men TV tok ikkje livet av radio, nettet tok ikkje livet av boka, og nedlasting kjem ikkje til å ta livet av musikken. Tvert imot. Nettet er jo genialt for å spre musikk og anna kunst.  Kunstnarar kan nå ut med sine verk til langt fleire, eg og du kan få tilgang til all verdas musikk når vi vil. Fantastisk! No må vi sørge for at dette vert organisert slik at kunstnarar får betalt for verka sine .

Her er Tono-systemet ei natuleg inspirasjonskjelde. Radiokanalar betaler for å spele musikk, dei finansierer det gjennom reklame eller offentleg støtte. Slik kan det gjerast også på nett, ja eit slikt konsept finst allereie.  Spotify fungerer slik i dag. Du betaler eller tar imot reklame for å få tilgang til musikk. Leverandøren har avtalar med plateselskap om musikken, som dei streamar over nettet. Dette er avspeling av musikk, ikkje nedlasting, men ideen kan brukast.

Det er ikkje framtid i å kjempe mot at musikk er tilgjengelig på internett. Motstandarane av ny teknologi har få suksessar å vise til. Det er imidlertid viktig å kjempe for at teknologien skal brukast til beste for både forbrukar og kunstnar. Det er bra at musikk vert distribuert digitalt. Det betyr at mindre ressursar vert brukt på trykking, transport og platebutikkar. Det er penger som kan gå til artistene. Då får vi meir kultur til folket og meir penger til artistane. Fram til i dag har platebransjen sin motstand i stor grad åpna markedet for dei som ikkje tar omsyn til artistane.

SV skriv dette i vårt nye programforslag: «SV vil utrede muligheten for å gjøre ikke-kommersiell fildeling av musikk utført av privatpersoner lovlig, i kombinasjon med en lisensavgiftsløsning for betaling til rettighetshaverne. På sikt bør også andre medietyper utredes.»

Det er ein måte å gjere det på, det finst sikert andre også. Kva meiner du?